Skip to main content

ORIGOD

Page 1

Ei bru til arbeidslivet NYTT FRÅ ORIGOD AS

I

FEBRUAR 2016

Widar Salte, Florø Bakeri:

– Eg har fått eit nytt perspektiv på menneske frå andre land, etter at eg opna dørene for Origod og Abdishakur. Les meir på side 4

Migranorsk:

Allmennkunnskap er like viktig som sjølve språket om ein skal fungere i samfunnet og gå på skule eller jobb. Les meir på side 2

Ronny Kjerpeseth, K. Jansen:

– Skal eg ta inn nokon i praksis på K. Jansen må dei ha eit bra utvikla språk, vere motiverte og vise initiativ i arbeidet. Les meir på side 3

ORIGOD BISTÅR FOLK TILBAKE TIL ARBEID Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking? Treng du å få utført ei mekanisk teneste? Ønskjer du ein samarbeidspartnar i rekrutteringa? Då er Origod bedrifta for deg. Vi er lokalisert i Havreneset i Florø og er ei attføringsbedrift med 50 tilsette. Origod leverer attføringstenester til NAV.


NYTT FRÅ ORIGOD AS

I

FEBRUAR 2016

- Det er ikkje nok å lære seg norske ord og uttrykk. Camilla Øvstetun og Ole Strømmen legg vekt på at norskopplæringa hos Origod skal vere så praktisk og motiverande at elevane skal komme seg ut i arbeidslivet og bli sjølvstendige menneske.

MÅLET ER AT DEI SKAL KLARE SEG SJØLVE, TENE EIGNE PENGAR OG BLI HERRE OVER EIGEN KVARDAG

MIGRANORSK – meir enn språkopplæring

CAMILLA ØVSTETUN

Migranorsk er meir enn språkopplæring, seier Camilla Øvstetun som har ansvaret for norskopplæringa hos Origod. Allmennkunnskap er like viktig som sjølve språket om ein skal fungere i samfunnet og gå på skule eller jobb. Parallelt med den grunnleggande lese- og skriveopplæringa har vi ein temadag for veka. Der jobbar vi mellom anna med: •

Førstehjelp; alle har eit ansvar for kvarandre.

Jobbsøknad; kva blir forventa av deg i forhold til frammøte, arbeidstider, gje beskjed ved sjukdom osv.

Forsikring; grunnleggande kunnskap om eit ukjent omgrep.

Banksystem; opplæring i lån, sparing, rente, bruk av kredittkort m.m.

Kvardagsøkonomi; disponering av inntekt, om å handle smart, langsiktig tenking osv.

– Det er ikkje eit krav om språkopplæring, men likevel er det eit samfunnskrav, seier Camilla. – Vi jobbar heile tida målrette fram mot ei språkprøve. På bakgrunn av denne får elevane eit prøvebevis som viser kva nivå dei er på. Noko som er heilt avgjerande for arbeidsgje-

varane. Norskprøvene som går av stabelen to gongar for året, er avgjerande for å kvalitetssikre elevane og opplæringa. Camilla legg vekt på at elevane må vere klare for ein praksisplass, og dei må kjenne på meistring. – Difor har vi fokus

på motivasjonsarbeid, og spissar opplæringa mot aktuelle fag for den enkelte. Ein kombinasjon av god motivasjon, praktisk arbeid og språkopplæring er den beste nøkkelen til suksess. Målet er at dei skal klare seg sjølve, tene eigne pengar og bli herre over eigen kvardag.

MIGRANORSK: Godkjent tilbydar av norskopplæring, basert på eit interaktivt og nettbasert program som blir brukt ved 160 opplæringssenter og bedrifter i Norge og utlandet. Kursa er tilpassa vaksne og passar for nybegynnarar og vidarekomne.


NYTT FRÅ ORIGOD AS

I

FEBRUAR 2016

Motivasjon og initiativ Det viktigaste i norsk arbeidsliv utanom kompetanse og motivasjon er å møte presis på jobb og gje beskjed om ein ikkje kan komme, seier Ronny Kjerpeseth som er dagleg leiar av spedisjonsfirmaet K. Jan-

sen. Desse siste punkta har vi opplevd at kan vere utfordrande for framandspråklege. Arbeidet som blir gjort med å lære dei språket, og ikkje minst om reglar og forventningar i det norske samfunnet er særs viktig.

– Skal eg ta inn nokon i praksis på K. Jansen må dei ha eit bra utvikla språk, vere motiverte og vise initiativ i arbeidet. Vi er ei bedrift som ønskjer å ta samfunnsansvar ved å tilby praksisplassar for å folk ut i

Origod har god erfaring med å invitere inn det lokale næringslivet slik at dei får formidle sitt syn på tilsetting og integrering direkte til dei framandspråklege norskelevane. Ronny Kjerpeseth hos K. Jansen fortel at han legg vekt på at folk er motiverte for å jobbe, og at dei viser initiativ.

arbeidslivet. Samtidig forventar vi noko tilbake. Praksiskandidatane må vise at dei vil og kan, så skal vi gjere vårt for at dei skal lukkast.

SPRÅKET er viktig for å bli sjølvstendig – Språket er det viktigaste for å kunne klare seg sjølv og ha eit godt liv i Norge, seier Mohammed Abdullahi Mohammed. Ein må kunne norsk for å starte på skule, få arbeidspraksis og arbeid. Han har jobba iherdig med det klare målet for auge å bli sjølvstendig og gjere ein innsats for andre menneske. – No går eg første året på Flora VGS, og etter nokre år med skule og arbeid får eg fagbrev som helsefagarbeidar, smiler ein fornøgd ung mann frå Somalia. Praksisplass viktig samfunnslæring At han er noko så uvanleg som ein ung mann i startgropa for å bli helsefagarbeidar, skuldast praksisplassen gjennom Origod. – Det første eg fekk via Origod var ein fast kontaktperson. Det gjorde meg trygg, og eg fekk gode råd. Kontaktpersonen min såg at eg trengte meir språkopplæring for å fungere i arbeidslivet. Derfor fekk eg tilbod om ein intern praksisplass hos

Origod samtidig som eg gjekk på klassebasert norskundervisning kvar dag. Seinare fekk eg praksisplass og sommarjobb som heimehjelp. Eg lærte mykje om det norske samfunnet gjennom den jobben. Det er den viktigaste grunnen til at eg no utdannar meg til eit givande og spennande yrke – der eg kan hjelpe andre. Praktisk norskopplæring Mohammed har gått på Migranorskkurs hos Origod og trek-

ker fram variasjonen som ein viktig suksessfaktor. – Vi lærer å lytte, lese og skrive – men det viktigaste er kanskje at vi går gjennom ulike praktiske tema. Han nemner mellom anna førstehjelp, kvardagsøkonomi og norsk arbeidsliv. – Å lære seg å skrive arbeidssøknad og CV, i tillegg til trening på jobbintervju, er kjempeviktig for oss som vil ut i arbeidslivet. For meg var det viktig å få dokumentasjon på at eg var god nok i norsk.

Ein god startplass – Origod har vore ein god startplass for meg, slik at eg kan komme vidare i livet mitt, seier Mohammed. – Råda og kursa eg har fått her gjer at eg kan få meg eit arbeid, bli økonomisk sjølvstendig og spare pengar til hus og bil. Eg likar meg her i Florø og ønskjer å arbeide og stifte familie her.


I

FEBRUAR 2016

Med lidenskap for Florøbakst Abdishakur kom til Florø i 2010. Med seg i bagasjen hadde han mykje trist, men ikkje minst ein sterk lidenskap for baking. Den blide bakelærlingen har vakse opp i eit familieeigd bakeri heime i Somalia. Målet hans er å få sveinebrev for å kunne leve av – det han no lever for – i sitt nye land. På Florø Bakeri har Widar Salte og staben gitt han ein ny sjanse i livet. Origod tok kontakt med oss, fortel Salte, og lurte på om vi hadde bruk for folk. – Eg skal ærleg innrømme at eg var skeptisk. Innehavaren av byens einaste bakeri fortel at han har fått eit nytt perspektiv på menneske frå andre land, etter at han opna dørene for Origod og Abdishakur. – Vi har våre utfor-

dringar når det gjeld språket, men det kjem seg sakte men sikkert etterkvart som han jobbar her i lag med oss. Eit lyspunkt i kvardagen – Denne karen her, seier bakerisjefen og gir bakelærlingen sin ein klapp på skuldra – er eit lyspunkt i kvardagen vår. Han er lidenskapeleg interessert i baking, og konditorfaget

spesielt. Han er ein lojal, roleg og omgjengeleg kar, som stort sett berre går rundt og smiler – og klarer jobben sin med glans. Dette må vere den beste måten å integrere folk på, meiner Widar Salte. Håpar på ein fast jobb Abdishakur fortel at bakerifaget er ganske forskjellig frå det han er vandt med heimanfrå.

DETTE MÅ VERE DEN BESTE MÅTEN Å INTEGRERE FOLK PÅ WIDAR SALTE

– Eg er berre vandt til å bake med kvitt mjøl, og har aldri bakt grovbrød før eg kom hit. Å bruke maskiner i bakeprosessen har den Somaliske lærlingen heller aldri vore bort i. – No gler eg meg til å få sveinebrevet, og håpar på ein fast jobb i faget mitt.

ORIGOD AS

Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 • post@origod.no

www.origod.no

Origod har over 30 års erfaring med levering av attføringstenester til NAV. Vi har vore i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre. I dag er vi ei kompetansebedrift med medarbeidarar som har utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk - med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.

A til Å - www.atilaa.no

NYTT FRÅ ORIGOD AS


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
ORIGOD by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu