Ei bru til arbeidslivet NYTT FRÅ ORIGOD AS
I
AUGUST 2017
Nytt kurstilbod lettar inngangen til arbeidslivet
Her kan du få hagemøblar av tre
FOTO: BB SERVICESYSTEM / PHOTOEVENT
– tilpassa dine ønskjer
ORIGOD BISTÅR FOLK TILBAKE TIL ARBEID Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking? Treng du å få utført ei mekanisk teneste? Ønskjer du ein samarbeidspartnar i rekrutteringa? Då er Origod bedrifta for deg. Vi er lokalisert i Havreneset i Florø og er ei attføringsbedrift med 50 tilsette. Origod leverer attføringstenester til NAV.
15 deltakarar frå Flora og Bremanger får ein solid fagleg kompetanse og ein lettare veg inn i arbeidslivet, gjennom eit 24 vekers kurs i reinhald. Prosjektet er utvikla av Origod og blir gjennomført i tett samarbeid med BB Servicesystem. Kurshaldarane er f.v. ved tavla; Ole Morten Strømmen, Sølvy Janne Ommedal (BB Servicesytem), Alan Rossi og Aleksander Stub.
Nytt kurstilbod lettar inngangen til arbeidslivet Det er alt for mange småkurs, for folk som treng hjelp til å komme ut i arbeidslivet, seier Ole Morten Strømmen. Det er meir verdifullt for både dei som søkjer jobb og arbeidsgjevar at dei får eit kurs med litt tyngde, der ein kombinerer fagleg kunnskap med språktrening og for eksempel søknadsskriving. Difor valde vi å lage eit eige opplegg for reinhald, som varer ei stund og som har fokus på kompetanse. Sølvy Janne Ommedal frå BB Servicesystem og Ole Morten Strømmen samarbeider om kurset som gjev ei grundig innføring i reinhaldsfaget. Det er krevjande å lære både eit nytt fag og eit nytt språk, men vi har veldig engasjerte kursdeltakarar fortel dei to.
Kurset i reinhald, som varer i 24 veker, har vi sydd saman og gjennomfører vi i tett samarbeid med BB Servicesystem. Målet er heilt klart; deltakarane skal stå igjen med eit kompetansebevis og dei skal vere i stand til å jobbe som reinhaldar. Kurstilbodet er laga på oppdrag frå NAV, og KF Innvandrarsenteret har ein del av deltakarplassane.
Språkutfordringar I tillegg til ei praktisk og teoretisk innføring i reinhaldsfaget, skal deltakarane lære å skrive CV og arbeidssøknad, bli meir språksterke og trene på jobbintervju. Det er for det meste framandspråklege elevar vi har på skulebenken, og det er mange språkutfordringar å ta tak i, fortel Strømmen. For oss er det mange norske omgrep som er sjølvsagte, men det er ikkje alltid så enkelt å til dømes sjå skilnaden på plastsekk og avfallssekk. Det blir mykje og viktig repetering og terping på faguttrykk. Grundig fagopplæring Elevene får ei grundig innføring i kjemi, tensidar, vatn og ergometri, smiler Strømmen – og legg til at han sjølv har repetert litt kjemi og fysikk for å kunne undervise i faget. BB Servicesystem stiller med lærar ein dag i veka, der dei jobbar grundig med
Petter Refsnes er dagleg leiar på Origod og styreleiar for foreininga «Arbeid & Inkludering i NHO service» Han er bekymra for at anbodsrundar og tendensen til å bruke innleigde sjølvstendige jobbkonsulentar skal slå beina under bransjen og skape dårlegare tiltak for brukarane.
Anbod og økonomi kan skade gode tiltak Petter Refsnes likar ikkje tendensane han ser i bransjen Arbeid & Inkludering, som Origod er ein del av. NAV åtvarar og mot selskapet «Din Utvikling» sin modell, der ein ikkje tilset folk, men baserer heile drifta på innleigde konsulentar frå enkeltmannsføretak. både teori og meir praktiske sider ved faget. Resten av veka er det vi her på huset som står for repetisjonane. Strømmen underviser i reinhaldsteori på føremiddagen. Treng tyngre kurs Dei 15 deltakarane som er i full gang med reinhaldskurs starta opp i april og skal vere ferdige i oktober. Ein del av tida går med til praksis ute i bedrifter. Vi er veldig glade for det gode samarbeidet med BB Servicesystem, som og spelar ei viktig rolle med å skaffe oss praksisplassar. Ole Morten Strømmen ser at eit slikt kurs lett kan overførast til andre fagområde. Innan både sal og service og transportfaget ville ein ha stort utbytte av ei grundigare innføring enn ein tilbyr i dag. Eg har tru på at eit fagleg tungt kurs der teori og praksis går hand i hand lettar inngangen til arbeidslivet.
Dette vil slå beina under bransjen, seier Petter Refsnes, som i tillegg til å vere dagleg leiar for Origod er styreleiar den nasjonale foreininga «Arbeid & Inkludering i NHO service». Tilbydaren «Din Utvikling» er NAV sin største tiltaksleverandør og sel tenester innan kurs og personleg oppfølging på lik linje med Origod og andre tilsvarande bedrifter. Forskjellen er at vi har folk tilsette hos oss, og sørgjer for fagleg utvikling og kompetansebygging for dei tilsette. «Din Utvikling» forlangar at deira «tilsette» opprettar eit eige enkeltmannsføretak – og har dermed ikkje noko ansvar for deira faglege kompetanse.
kurrere. Til sjuande og sist vil det gå utover tilbodet til dei som treng tiltak for å komme i arbeid. Petter Refsnes er klar i sin tale; Dette er nok eit bevis på at tilbod til folk som treng hjelp for å komme vidare i livet ikkje bør vere styrt av anbodsrundar og økonomi.
Går utover brukarane Petter Refsnes er redd for at dersom denne måten å organisere tiltaksbedriftene på verkeleg er lovleg, så lyt andre følgje etter for å klare å kon-
Rapporten «Milliarder – ikke mennesker» konkluderer med: •
Attføringsmarknaden er ein skattefinansiert milliardmarknad
•
Anbodsutsetting er ei dramatisk kommersialisering
•
Tilbydarane er større og færre
•
Enkelte har eigarskap i skatteparadis
•
Anbod fremjar ikkje frivillige og faglege eldsjeler
Bjørn Storøien som leiar treavdelingen på Origod viser fram den forseggjorte gedigne potteskjuleren, som du lett kan flytte rundt i hagen.
Her kan du få hagemøblar av tre
– tilpassa dine ønskjer Vi har levert alt vi hadde av parkbenkar på lager til Grovastøylen skyte- og aktivitetssenter, smiler arbeidsleiaren fornøgd. Vi har og laga nokre bord med ryggstø på benkane, spesiallaga for ungar. Dei finn ein i barnehagar. Vi kan eigentleg lage det folk vil ha. Hagemøblane lagar vi av trykkimpregnert materiale og så malar vi dei etter ønskje. Gedigen potteskjuler Bjørn Storøien viser fram det siste produktet dei har utvikla på snikkarverkstaden. Dette er som ein stor potteskjuler, der blomsterpotta er ein
eller to baljar berekna for støyping. Det er berre å bore nokre hol i balja, fylle den med jord og flotte plantar og plassere den der du vil ha den. Etterpå trer du den flotte trekassen over balje og blomster, demonstrerer Storøien.
Mobil blomsterkasse Det ideelle er at denne kassen med blomster kan du flytte rundt i hagen om du vil. Potteskjuleren har ikkje botn, og heile installasjonen er dermed lett å flytte rundt etter ønskjer og behov – eller kanskje etter sola? Kassen eller potteskjuleren er forseggjort og bygd av spiler, der til og med skruane er skjulte. På toppen er det laga ein fin kant som skjuler støypebaljen inni – og her kan du sjølvsagt velje om du vil skjule ein eller to baljar. Du kan til og med sitte på kanten og nyte blomstrane og utsikta.
ORIGOD AS
Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 • post@origod.no
www.origod.no
Origod har over 30 års erfaring med levering av attføringstenester til NAV. Vi har vore i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre. I dag er vi ei kompetansebedrift med medarbeidarar som har utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk - med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.
A til Å - www.atilaa.no
Vil du ha bord med benk, eigen benk eller ein gedigen potteskjuler i hagen? Bjørn Storøien som leiar tre-avdelinga på Origod kan få til det meste. Vi har laga mykje av det vi kallar parkbenkar fortel Bjørn, men har nesten berre eit tomt lager å vise fram.