Skip to main content

Origod

Page 1

Ei bru til arbeidslivet NYTT FRÅ ORIGOD AS

I

NOVEMBER 2017

Slik har Farhad fått seg jobb Les meir på side 2

Derfor lukkast kommunen 3 som praksisvert

4 Framtidsretta

satsing i eige hus

ORIGOD BISTÅR FOLK TILBAKE TIL ARBEID Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking? Treng du å få utført ei mekanisk teneste? Ønskjer du ein samarbeidspartnar i rekrutteringa? Då er Origod bedrifta for deg. Vi er lokalisert i Havreneset i Florø og er ei attføringsbedrift med 50 tilsette. Origod leverer attføringstenester til NAV.


Slik har Farhad fått seg jobb

Kjem du inn på «Den gamle nabo» i Førde er sjansen stor for at du møter på ein smilande og imøtekommande mann frå Iran. Farhad Kivi (42) fortel at sjølv om det har tatt lang tid, har han aldri har gitt opp tanken om å få seg jobb. Eg har reist rundt og besøkt bedrifter i Florø og Førde og levert ut bortimot 50 opne søknader. No har han lukkast, og er eit bevis på at ein aldri må gje opp. Farhad Kivi kom til Origod i november 2014, med store språkutfordringar. Han er ein allsidig og svært omgjengeleg kar, men språket var ei stor barriere. Frå heimlandet har han bakgrunn frå mekanisk arbeid, som sveising og rørarbeid. I tillegg jobba han 5 år som skreddar, der han sydde og reparerte dame- og herrekle.

Farhad Kivi slo seg ikkje til ro med at han ikkje hadde jobb då han var ferdig hos Origod. Pågangsmot og positiv innstilling har gitt resultat, for Iranaren som har bakgrunn som mekanikar og skreddar.

Reinhald, sveising og sying Tida på Origod har vore veldig nyttig, fortel Farhad. Parallelt med språkkurs har eg hatt kurs og praksis i reinhaldsfaget, jobba med sveising og hatt praksis både hos Coop Extra og Nortekstil. På sistnemnde plass fekk han praktisere skreddarbakgrunnen sin, med å reparere arbeidskle. Jobbsøkarkursa har vore veldig viktige for den blide mannen frå Iran, som til slutt klarte å skaffe seg jobb sjølv. Positiv innstilling Då Farhad var ferdig på Origod våren 2017, var planen at han skulle gå ut døra med ein jobb i lomma. Slik vart det ikkje, han gjekk i staden ut døra med ein god CV, ein haug med jobbsøknader og ei positiv innstilling. Det viktigaste var å få ein jobb, og ikkje kva slags jobb. På grunn av ein felles venn kom han i kontakt med Mustafa Tümer, som driv «Den gamle nabo» i Førde – og endeleg fekk han vise fram at han duger.

Ikkje kresen Tümer fortel at Farhad framleis er på prøvetid, og at dei personlege eigenskapane saman med bakgrunnen er avgjerande. For oss er det viktig at han har reinhaldskurs og gode norskkunnskapar. Restaurantdrift handlar først og fremst om god service og god mat, smiler mannen som saman med familien

driv restaurant i Florø, Florø, Sogndal og Leikanger. Han legg vekt på at den nye restaurantmedarbeidaren har mange av dei eigenskapane som trengs. Han er blid og omgjengeleg og veldig fleksibel. Vi treng folk som kan gjere «alt» frå reinhald til servering og ordensvakt på kveldstid - og ikkje minst må dei behandle kundane på ein god måte. Farhad nikkar samtykkande, han er veldig glad for å ha fått seg jobb, og vil stå på for å lære nye ting.

... jobbsøkarkursa har vore veldig viktige for den blide mannen frå Iran, som til slutt klarte å skaffe seg jobb sjølv ... Mustafa Tümer som driv «Den gamle nabo» legg vekt på at den nye restaurantmedarbeidaren Farhad Kivi kan faget og språket, og ikkje minst at han er fleksibel og flink med kundane.


TROND RAMSTAD OLSEN – PERSONALSJEF I FLORA KOMMUNE

Derfor lukkast kommunen som praksisvert Det har vore ekstra givande å samarbeide med Origod om lære- og praksisplassar, fortel personalsjef Trond Ramstad Olsen. Han har koordinert alle lærlinginntaka i kommunen gjennom mange år. Han legg vekt på at dei har eit overordna lokalt samfunnsansvar for å hjelpe folk tilbake eller inn i arbeidslivet. Saman med Origod har vi vore med å bidrege til at folk som treng litt ekstra drahjelp klarer å finne sin plass og sitt yrke. Dette har vi lukkast med gong etter gong, og det er utruleg kjekt.

... å sjå og oppleve at ungdommane opplever meistring og veks med oppgåvene er veldig givande ... Vi har hatt inn mange – og spesielt unge folk - som treng litt ekstra tid for å meistre arbeidslivet. Ein del er svært utrygge og treng ekstra oppfølging, slik at vi nesten trur at dette ikkje kan fungere. Med profesjonell hjelp frå Origod og tilrettelegging frå vår side, så opplever vi at det går veldig bra. Å sjå og oppleve at ungdommane opplever meistring og veks med oppgåvene er veldig givande. At fleire av desse ungdommane som treng litt ekstra drahjelp endar opp med fagbrev og jobb i andre enden er bevis på at god oppfølging og samarbeid nyttar. Lokalt samfunnsansvar Det er vårt samfunnsansvar som kommune å stille med praksisplassar for denne gruppa, presiserer Ramstad Olsen, og vi ser at det har stor betyding for korleis det går med dei vidare i livet. Vi må sjølvsagt sette av ekstra ressursar til dette arbeidet, men vi prøver alltid å ha plass til så mange som mogleg. I tillegg har vi ordinære lærlingplassar og praksisplassar i samarbeid med innvandrarsenteret, vidaregåande skule og NAV. Vi har eit godt omdømme som praksisvert, og det er ekstra trygt for oss når vi har ein samarbeidspartnar som Origod i ryggen.

Personalsjef i Flora kommune Trond Ramstad Olsen blir nesten rørt når han fortel om praksiskandidatar som har opplevd meistring gjennom samarbeidet mellom kommunen og Origod. Frå å komme inn døra som usikre og nesten usynlege ungdommar til å stå med fagbrev og jobb i handa er ei flott reise å vere med på.

Givande arbeid Det blir gjort ein veldig god jobb ute i dei ulike avdelingane i kommunen, fortel Ramstad Olsen, og peikar på at dei fleste praksisplassane er innanfor barne- og ungdomsarbeid og helsefag. Årleg har vi i snitt inne 3–4 kandidatar, utan at vi har forplikta oss til at dei får jobbe der seinare. Dei får ein god sjanse til å vise seg fram, og om dei viser seg dugande til jobben skjer det rett som det er at dei endar opp med både fagbrev og jobb. Det er utruleg kjekt.

Profesjonell samarbeidspart Det er utan tvil lettare å ta dette lokale samfunnsansvaret når vi har Origod i ryggen. Dei fungerer nesten som eit opplæringskontor. Dei har lang erfaring, vi kjenner dei og dei er svært profesjonelle på oppfølging. Origod gjer arbeidet trygt både for oss og brukarane. Ekstra tid og godt samarbeid gir resultat, slår Trond Ramstad Olsen fast.


ORIGOD RIGGAR SEG FOR FRAMTIDA

Framtidsretta satsing i eige hus

Origod riggar seg for framtida med ei omfattande på- og ombygging av eige hus. Til ein pris på 5 millionar skal det bli betre plass til klasse- og undervisningsrom, og flunkande ny kantine. Illustrasjon: Salt Arkitektar

Origod satsar og vi har bestemt at vi skal ha all aktiviteten vår samla i eige hus i Havreneset, slår dagleg leiar Petter Refsnes fast. Etter planen skal det til våren 2018 stå ferdig ei ny andre etasje, på rundt 200 kvadrat. I realiteten blir det ei blanding av nybygg og ei omfattande ombygging av 2. etasje, slik at vi står igjen med til saman 300 m2 nye rom.

Har råd til å satse Gjennom året har vi oppunder 140 brukarar som sirkulerer her frå NAV systemet, og i tillegg har vi mange inne her for kortare kurs og praksisperiodar. Det er ein stor kabal som

skal gå opp. Refsnes fortel at dei aldri kan vere trygge for kva framtida vil bringe, men vi er gjeldfrie, er herre i eige hus og har anledning til ei slik investering. Då kan vi ikkje gå rundt å lure på om vi skal satse no eller om 5 år. Det er berre å stå på og rigge seg for den framtida som måtte komme. På- og ombygginga er kostnadsrekna til 5 millionar kroner. Lokale leverandørar Vi gler oss til å få betre plass og ein betre logistikk i arbeidsdagen. Aktiviteten vår er meir og meir retta mot gruppeundervisning og kursing i til dømes jobbsøking, så dette er eit viktig løft for oss. Påbygget og ombygginga skal etter planen stå ferdig til somma-

ren 2018. Det er Fanevik Bygg som har totalentreprisen, og dei er i gang med prefabrikkeringa. Det er mykje som kan gjerast klart før dei startar med sjølve bygginga og ombygginga her på huset, smiler ein fornøgd byggherre.

... vi gler oss til å få betre plass og ein betre logistikk i arbeidsdagen ...

ORIGOD AS

Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 • post@origod.no

www.origod.no

Origod har over 30 års erfaring med levering av attføringstenester til NAV. Vi har vore i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre. I dag er vi ei kompetansebedrift med medarbeidarar som har utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk - med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.

A til Å - www.atilaa.no

Vi har erfart at vi treng meir plass, og rom som er meir tilpassa aktiviteten vi driv med. Det blir heilt ny kantine, men det er ikkje fordi vi treng det. Dagens kantine skal byggast om og gje plass til nye klasserom og rom til ulike aktivitetar knytt til gruppemetodikk, jobbsøknad og liknande. Lokalitetar kan etterkvart bli ein viktig faktor i anbodsrundar for jobbar vi tek på oss, så det er ingen grunn til å nøle, presiserer Refsnes.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Origod by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu