Skip to main content

Årsrapport Hjort

Page 1

Årsrapport hjort for Vågsøy kommune 2015 Fellingstal, Sett hjort og slaktevekter

www.hjorteviltregisteret.no er ein nasjonal database for lagring av data frå jakt på hjortevilt og fallviltregistreringar frå dei artane det vert gjort slik rapportering for. Det inneheld og forvaltningsverktyet som kommunane skal bruke i hjorteviltforvaltninga. Dette gjeld både tildeling av fellingsløyver og rapportering av fellingstal. Det er og her data frå Sett elg og Sett hjort vert registrert og lagra. Informasjonen i hjorteviltregisteret er tilgjengelig for alle. Data i denne rapporten er henta derifrå. Det er både kommunen og rettshavarane si interesse i å søke å styre bestandsutvikling hos hjort. Hjort representerer ei stor økonomisk ressurs, men kan og påføre samfunnet og einskilde store kostandar. •

Kommunen skal setje rammene for forvaltninga gjennom å vedta mål for utviklinga av hjortebestandane. Dette bør samordnast med nabokommunar om dei har felles hjortebestandar.

•

Jaktrettshavarane skal drive forvaltninga av hjortebestandane gjennom bestandsplanar.

•

Jegeren er viktigaste reiskapen både for å gjennomføre planane ved å ta ut det tal dyr som er fastsett av riktig kategori (alder og kjønn) og for å kunne evaluere måloppnåinga gjennom innsamling av Sett hjort data.


Fellingsstal Fellingstala vil over tid kunne sei noko om bestandsutviklinga. Dette i lag med tildelte fellingsløyve og fellingsprosenten vil og på kortare sikt kunne sei noko om bestandsutviklinga. Fellingsprosenten vert rekna ut på bakgrunn av kor mange av tildelte fellingsløyve som vert felt.

Figur 1 Fellingstala frå 1990 og til i dag syner at hjortebestanden i Vågsøy som for resten av vestlandet har auka jamt sidan 1980 talet. Frå 86 felte dyr i 1990 har det med nokre få unntak vore årleg auke til den førebelse fellingsrekorden som var i 2008 med 246 felte dyr. Etter dette har fellingstala gått noko ned, men nedgangen ser no kanskje ut til å vere snudd. Fellingsprosenten som viser til høgre akse var og høgst i 2008.

Hjortejakta i Vågsøy 2015

Felt Felt Felt Felt hanndyr hodyr hanndyr hodyr Tildelt Felt Felt totalt hannkalv hokalv 1 ½ år 1 ½ år eldre eldre

Felt totalt

278

216

32

27

61

29

32

35

Fellings Hanndyr Hodyr % totalt totalt 125 91 78

Tabell 1:

For jakta i 2015 vart det tildelt til saman 278 fellingsløyver og felt totalt 216 dyr med ei fordeling som vist i tabellen over. Det er i alt 35 godkjende vald med eit samla godkjent areael på 154.573 daa. Av desse er det eit vald med bestandsplan.

Fordeling av avsky0ng 2015 80,0 70,0 60,0 50,0 40,0 30,0 20,0 10,0 0,0

Hannkalv Hokalv Spissbukk Fjorkolle 2015

Eldre hanndyr

Eldre hodyr

Hanndyr

Hodyr

Kalv og ungdyr

Tilrådd avskyEng

Figur 2 syner fordelinga av avskytinga for 2015 grafisk. Dei raude søylene viser kor stor del (%) av det totale jaktuttaket dei ulike kategoriane utgjorde medan dei grøne syner kor stor del dei ulike kategoriane er tilrådd å vere. For kalv og ungdyr er dette minimumsverdiar medan det for vaksne dyr er maksimumsverdiar. Ein hadde i 2015 til liks med året før eit særskilt høgt uttak av spissbukk noko som påverkar tilhøvet mellom kjønna vesentleg. Ei so skeiv kjønnsfordeling over tid er uheldig. Den høge andelen spissbukk er og med og dreg opp andelen kalv og ungdyr. Desse utgjer no 69 % av det samla jaktuttaket noko som er positivt i høve å auke gjennomsnittsalderen i bestanden.


Avskyting siste 5 år Det er avskytinga og fordelinga av denne over tid som er avgjerande for utviklinga av bestandane. Tabellen nedanfor syner korleis avskytinga har vore dei siste 5 åra.

År 2011 2012 2013

Tildelt 288 248 290

Hann kalv 23 33 26

Ho kalv 32 26 23

Spiss bukk 29 29 57

2014

278

15

26

52

2015

277

32

27

61

Fjor Eldre Eldre Fellings Hann kolle hanndyr hodyr Totalt % dyr 39 37 52 212 74 89 36 37 53 214 86 99 37 37 33 213 73 120 201 72 104 28 37 43 29 32 35 216 78 125

Samla sett har det lenge (sidan 2008) vore overvekt av hodyr i jaktuttaket. Eldre hodyr utgjorde desse åra ein stor del av det samla jaktuttaket. Dette har nok vore med å redusere reproduksjonsemna til hjorten i kommunen. For dei siste 3 åra er dette tilhøvet snudd og det er no ei overvekt av hanndyr i uttaket. Det er særskilt den høge andelen spissbukk desse åra som påverkar dette tilhøvet.

Ho dyr 123 115 93 97 91

Fordeling av avsky0ng siste 5 år 70 60 Gj.sn siste 5 år

Tilrådd avskyFng

50 40 30 20 10 0

Hannkalv

Hokalv Spissbukk Fjorkolle

Eldre hanndyr

Eldre hodyr

Hanndyr

Hodyr

Kalv og ungdyr

Figur 3. Diagrammet her viser den gjennomsnittleg fordelinga av avskytinga siste 5 år (2011-2015) fordelt på alder og kjønn i prosent. Dei raude søylene viser kor stor del (%) av det totale jaktuttaket dei ulike kategoriane utgjorde medan dei grøne syner tilrådd del av avskyting for dei ulike kategoriane. For kalv og ungdyr minimumsverdiar og for eldre dyr maksimumsverdiar. Det samla jaktuttaket er og tilrådd å vere likt fordelt mellom kjønna.

Dei 3 siste åra har det vore ei lita overvekt av hanndyr i jaktuttaket. Og for 5 års perioden samla er det no ei lita overvekt av hanndyr. Dette tilhøvet var motsett for førre 5 års periode grunna ein stor del eldre hodyr i uttaket ein periode. Dette er snudd dei 3 siste åra og andelen eldre hodyr og hodyr samla sett er redusert.


Sett Hjort Sett hjort er eit statistisk basert styringsverkty som er basert på at jegerar registrerar tal observerte hjort under jakta. Dette i saman med opplysingar om jaktinnsats samt felte dyr dannar grunnlaget for å rekne ut ei rekkje indeksar. Endringar av desse indeksane over tid gjev det signal om endringar i bestandsmessige tilhøve. Grunna årlege variasjonar, tilfeldige avvik og at hjorten har store leveområde kan ikkje resultatet herifrå nyttast på små einingar som mindre vald og jaktfelt. Data vert registrert særskilt for innmark og utmark. Sett hjort data frå innmarksjakt syner seg å variere mykje einskilde år utan at det kan forklarast utifrå bestandsmessige tilhøve. Ein reknar difor at tala frå utmarksjakt gjev dei sikraste indikasjonane på bestandsvariasjonar.

Sett Hjort: bestandsutvikling i utmark:

År

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Sett hjort pr. jegerdag

1,43

1,47

1,56

1,51

1,55

1,3

1,19

1,25

1,44

Sett hjort pr jegertime

0,33

0,36

0,34

0,18

0,36

0,31

0,3

0,31

0,38

Sett kolle pr. bukk

2,16

2,18

1,77

2,27

2,34

2,12

2,19

1,79

1,85

Sett kalv pr. kolle

0,48

0,58

0,64

0,56

0,56

0,59

0,62

0,47

0,63

Sett spissbukk pr. bukk

0,58

0,51

0,89

0,73

0,77

0,89

0,96

0,75

0,66

% bukker felt av sette

15,13

16,26

13,26

15,35

17,14

20,14

24,36

19,53

18,7

% koller felt av sett

9,6

11,83

10,76

9,92

10,7

11,54

8,64

7,65

7,16

% kalver felt av sett

10,06

10,17

9,81

10,08

13,11

13,01

10,13

11,18

10,54

Antall jegerdager

1083

1222

1079

1321

998

1089

1210

1288

1296

35

38

34

40

37

36

37

40

37

Antal skjema

Figur 4 viser tala frå Sett Hjort registreringane for utmarksjakt i perioden 2007 - 2015.

Figur 5. Indeksen for Sett hjort pr jegerdagsverk og time gjev utrykk for endringar i bestandstettleiken. For Vågsøy kommune var høgste indeksen i 2009. Etter det kan det sjå ut som ein etter det har hatt ein mindre bestandsreduksjon sjølv om ein og i 2011 hadde ein høg indeks. Indeksen dei 2 siste åra er og aukande, men trenden for perioden samla sett er fallande.

Figur 6 . Dette diagrammet viser indeksen for Sett hjort pr jegerdagsverk for kommunen samla og dei 3 delområda: Fastlandet, Bryggja og Vågsøya. Som ein ser så varierer dei ein god del. det er og ulik datamengd(tal jegerdagsverk) som ligg til grunn i dei ulike områda. Ein skal vere varsam med å bruke Sett hjort data på for små einingar og med lita datamengd. Tilfeldige avvik/feil vil då lett kunne gjere store utslag.


Figur 7 Sett kolle pr bukk gjev uttrykk for kjønnsfordelinga blant dei vaksne dyra i bestandane. Sjølv om denne indeksen og har litt årlege variasjonar tyder trenden at det vert meir vaksne hanndyr i bestanden. Det har dei seinare åra vorte meir fokus på viktigheita av å ha nok hanndyr i bestandane. Utan nokon vitskapleg dokumentasjon så reknar ein utifrå erfaringstal at ein har tilstrekkelig hanndyr når indeksen her er 1,5 kolle pr bukk eller lågare.

Figur 8. Indeksen for Sett kalv pr kolle gjev uttrykk for reproduksjonsevna i bestandane. Dette avheng av kondisjonen og aldersfordelinga blant dei vaksne hodyra i bestanden. I dei fleste tilfelle vil det vere ynskjeleg med ein høg og stabil produksjon av kalvar i bestanden. Viktigaste kriteriet i så måte er høg gjennomsnittsalder hjå dei vaksne dyra i bestanden. Beste måten å sikre det på er at kalv og ungdyr utgjer ein stor del av jaktuttaket og vaksne dyr då tilsvarande liten del. Indeksen varierar noko frå år til år, men trenden er rimelig stabil.

Figur 9. Indeksane her gjev uttrykk for kor stor andel av dyr som vert sett under jakta som vert felt. Dette kallar ein jakttrykk og som ein ser så er det langt større sjanse for ein bukk å bli felt enn for ei kolle. Om indeksane endrar seg vesentlig over tid kan det vere med å underbyggje t.d. auke eller reduksjon i indeksane for bestandstettleik (Sett hjort pr jdv/time). Indeksane her har vore aukande for bukk (spissbukk ink) og litt minkande for koller noko som samsvarar med endringa ein har gjort i avskytinga der ein tidlegare hadde ei overvekt av hodyr medan det no vert skote flest hanndyr.


www.settogskutt.no Det er no høve for at jegerar/jaktleiarar sjølv kan leggje inn Sett hjort data i hjorteviltregisteret. Ein loggar seg inn her ved hjelp av jegernummer. Før data vert overført herifrå til Hjorteviltregisteret må dei godkjennast av valdansvarleg eller annan ansvarleg som via kommunen får tilgang til dette. Registreringane bør her som elles gjerast etter kvart under heile jaktperioden. Ein unngår då ein del feil manglar som elles lett oppstår når det vert ført på papir. Dette kan vere «slurv» t.d. at det er felt dyr som ein ikkje har sett noko som då medfører at registerringar ikkje kan nyttast. Ved at jeger/jaktleiar registrerar sjølv vil ein då langt lettare kunne rette opp slike ting undervegs.

Slaktevekter for kalvar og ungdyr Slaktevektene kan sei noko om vekt og kondisjonsutviklinga i hjorteviltbestandane. Kvaliteten på utmarksbeita som påverkar vektutviklinga til særskilt kalvar kan variere ein del frå år til år. Dette gjer det vanskeleg å kunne samanlikne vektene frå eit år til neste, men over fleire år vil ein kunne sjå om det er tendensar i vektutviklinga. Vågsøy har registrert slaktevekter for kalv og ungdyr for åra 2012–2015. Dette er ein for kort tidsperiode til å kunne sei noko om vektutviklinga som årleg vil variere noko grunna variasjon i beitekvalitet.

Figur 10. For 2014 er slaktevektene for hokalv høgre enn for hannkalv noko som er uvanleg. Dette kan skuldast tilfeldige feil i data, men for 2014 var det nær dobbelt så mange hokalvar som hannkalvar i datagrunnlaget noko som kan gjere utslag på resultatet. For 2015 er det overvekt av hannkalvar og hannkalvane er no tyngst. Det er til saman registrert slaktevekter frå 32 hannkalvar og 23 hokalvar i 2015.

Figur 11. Også for ungdyr varierar slaktevektene noko i frå år til år utifrå beitekvalitet det einskilde år og. Skilnaden mellom fjorkoller og spissbukk er dei siste åra om lag 2 kg. Dette er ein litt liten skilnad i høve det som er vanleg, men skuldast mest truleg at det er slaktevekta frå langt fleire hanndyr enn hodyr som ligg til grunn.. For 2015 er det registrert slaktevekt for 55 spissbukkar og 29 fjorkoller.


Fallvilt Kommunane skal registrere såkalla fallvilt d.v.s.vilt som vert funne daudt der det er andre dødsårsaker enn lovleg jakt. Dette skal gjerast for hjortevilt og ein del andre utvalde artar og registrerast i Hjorteviltregisteret. Fallvilt skal skal så langt råd er spesifiserast på alder og kjønn samt dødsårsak. I hjorteviltregisteret kan ein både sjå fallviltregisteringane i kart og ta ut tabellar. Påkøyringar av hjortevilt er mange stader eit problem som det vert freista ulike tiltak for å få redusert. Talet påkøyringar speglar og ofte om ikkje alltid bestandsstorleiken i området. Klimatiske tilhøve og kanskje særskilt snømengde kan og vere med å påvirke talet påkøyringar. For hjortevilt som ofte medfører materielle skader ved påkøyringar vert påkøyringane ofte om ikkje alltid meldt og då registrert sjølv om dyret faktisk ikkje vert drepe eller funne daudt. Om dette vert godt fylgt opp vil ein kunne få gode statistikkar og kartfestingar over påkøyringar som kan vere viktig verkty for å sjå og dokumentere kvar påkøyringane skjer. Dette kan igjen vere viktig informasjon for å prioritere evt. tiltak for å redusere påkøyringane.

Figur 12 Talet registrerte påkøyringar i kommunen hadde ein markert topp i 2010. Etter dette har talet påkøyringar gått nedover.


Viltforvaltninga i Vågsøy kommune Vågsøy kommune, teknisk etat, har det administrative ansvaret for viltforvaltninga i kommunen. Det politiske organet Viltnemda behandler saker som vedrører viltforvaltninga. Medlemane i viltnemda har og ansvaret for ettersøk ved fallviltmeldingar. Viltansvarleg i Vågsøy kommune: Sigmund Larsen, mob. 95223529 E-post: sigmund.larsen@vagsoy.kommune.no Viltnemd:

Magne Husevåg Britt Anne Solibakke Atle Kråkenes Eli Merete Hagen Odd Rune Heggelund

mob. 90630850 mob. 91819828 mob. 90865891 mob. 95252200 mob. 94178540

www.hjortesenteret.no Norsk Hjortesenter er et nasjonalt kompetansesenter for å utvikle hjort som ressurs. Senteret er organisert som en ideell stiftelse med oppbygging og formidling av kunnskap om viltlevende hjort og hjort i oppdrett som sin primære oppgåve. Norsk Hjortesenter er et viktig bindeledd mellom sentrale offentlige myndigheter, forskning, lokale forvaltnings- og fagmiljøer, rettighetshavere og allmennheten.

STIFTELSEN NORSK HJORTESENTER Postadresse: N-6914 Svanøybukt - Telefon: + 47 57 75 21 80 • E-post: hjort@svanoy.com • www.hjortesenteret.no A til Å - www.atilaa.no - Foto: J.T. Solheim


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Årsrapport Hjort by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu