Karrieredag Flora VGS HAVBASERTE NÆRINGAR ONSDAG 25. JANUAR 2017
Westcon Yard Florø Westcon Yard Florø er eit veletablert verft med lang historie. Dei er del av familieeigde Westcon Group, med hovudkontor i Ølen. Verftet utførar reparasjon, vedlikehald og modifisering av skip og rigg. Arbeidsområda inkluderer og bygging av subsea- og offshore stålkonstruksjonar. Dei har nyleg oppretta ei avdeling innan Power & Automation, som blant anna skal fungere som Westcon Yard Florø sitt elektroselskap. Verftet har 115 tilsette, i tillegg til 50-200 som er leigde inn frå underleverandør, avhengig av pågåande prosjekt. Dei aller fleste har fagbrev eller tilsvarande innan maskin, røyr, plate og sveis. På teknisk avdeling og i administrasjonen er dei fleste utdanna med bachelor eller mastergrad i ingeniørfag, leiing eller økonomi. Westcon Yard Florø er flinke til å satse på unge og skal ta inn både lærlingar og en trainee med teknisk bakgrunn hausten 2017.
westcon.no
Steinsvik Mercatus Steinsvik Mercatus utviklar programvare til den globale havbruksnæringa. Livshistoria til ein fisk – frå egg til slakt, kan planleggast og dokumenterast i ein Mercatus applikasjon. Meir enn kvar 3. oppdrettslaks som blir produsert i heile verda har si historie dokumentert i ein Mercatus applikasjon. Frå Chile i vest til Australia i aust nyttast Mercatus dagleg på meir enn 650 oppdrettsanlegg, og ca. halvparten av alle Mercatus brukarar er utanfor Norge. Lokalt i Flora har dei brukarar frå Svanøy Havbruk, Marø Havbruk, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Steinvik Fiskefarm, og frå verdas største oppdrettsselskap - Marine Harvest. I Steinsvik jobbar det 24 kompetente personar med utvikling, drift og oppfølging av Mercatus programvara. Dei har kontor i Florø med 17 tilsette og i Puerto Varas i Chile kor der er 7. I Florø jobbast det i hovudsak med systemutvikling og drift, og dei fleste som jobbar der har enten bachelorgrad eller mastergrad frå høgskule eller universitet innanfor IT. God programvare som mogleggjer effektiv produksjon er viktig for dagens lakseprodusentar, og vil bli enda viktigare når produksjonen skal aukast i åra som kjem. Steinsvik har ambisjonar om å vere innovative og leiande på programvare for havbruksnæringa, og Mercatus skal vere i tet av denne utviklinga.
steinsvik.no
Vestnes Ocean Vestnes Ocean er ei ekte familiebedrift med hovudkontor i Florø. Historia går tilbake til 1987, då Jostein og Eirin Bjørnset tok over ein fabrikk i Vestnesvegen 33 (derav namnet). Den gongen lagde dei elektriske omnar for hushaldningar og verkstadskap, men sidan då har det skjedd mykje. I dag er dei leverandør av interiørløysingar og utrustningar til maritime konstruksjonar, hovudsakeleg skip. Dei leverer komplette løysingar; som design, ingeniørtenester, isolasjon, veggsystem, golvløysingar, tak, bysseutstyr, gardiner og deira eigne møbellinje «Keys» og «Willy». Sistnemnte er utvikla saman med profesjonelle designarar. I ei slik bedrift er naturleg nok kompetansen variert. Dei har leiing, seljarar, designarar, ingeniørar, fagarbeidarar og innleigd arbeidskraft. Vestnes Ocean er ei svært internasjonal bedrift og har hatt fleire prosjekt rundt om i verda. Kina, Korea, India, Bangladesh, Tasmania, for å nemne nokre. Eit av deira store pågåande prosjekt er for Oceanfarming, som skal bygge ei gigantisk laksemerd. Denne er under bygging i Kina. For å vinne kontrakten måtte dei tilsette i Florø reise fleire gonger til Kina for å opprette relasjon og forhandle med kunden.
vestnesnorway.no
Svanøy Havbruk Svanøy Havbruk er eit selskap med lang fartstid i havbruksnæringa. Dei driv med produksjon av stamfisk (foreldrefisk), rogn, yngel, settefisk og matfisk av regnbogeaure på øya Svanøy utanfor Florø. For å arbeide på oppdrettsanlegg bør ein vere kreativ og kunne handtere utfordringar og endringar på ein god måte. Dei treng kompetanse av ulikt slag, men som røktar er det mest nyttig med teknisk, mekanisk og biologisk innsikt eller interesse. Det er mange utdanningsval som er relevante. Ein kan velje yrkesfagleg akvakultur, TAF marin eller allmennfag. Av høgare utdanning er det fleire akvakulturrelaterte studium på høgskule eller universitet. I følgje driftsleiar på Svanøy Havbruk er ein då sikra jobb etter endt utdanning. Driftsleiaren påpeikar også at akvakultur er ei av Norges viktigaste framtidsnæringar og kan garantere ein spennande og utfordrande jobb med mange moglegheiter.
Slakteriet Slakteriet AS er eit moderne slakteri for oppdrettsfisk med anlegg i Flora og Gulen. Dei hentar fisk hos oppdrettarane med brønnbåt og fraktar den levande for slakting og pakking. Det ferdige produktet blir pakka og transportert til mottakar, enten fersk eller fryst. Slakteriet i Florø har store moderne ventemerdar med det nyaste innan pumpesystem, elektrobedøving, effektiv nedkjøling, nytt moderne isanlegg og dyktige operatørar. Det tar mindre enn 2 timer frå fisken svømmer i merdane hos Slakteriet til den ligg ferdig isa – klar til utskiping. Dei kan levere 8-10 vogntog kvar einaste dag frå Florø, fullasta med laks til den Europeiske marknaden. I Florø er det 70 tilsette med ulike bakgrunnar. Mange er ufaglærte med erfaring frå fiskeindustri. Nokre har fagbrev innan næringsmiddel, mens andre har høgare utdanning innan område som næringsmiddel og kjemi. Det er og relevant med kjemiprosess og logistikk.
slakteriet-as.no
Fjord1 Fjord 1 driv med ferjedrift og passasjerbåtdrift. Dei er det største ferjeselskapet i Norge med over 1200 tilsette. Dei er og Norges største maritime opplæringsverksemd med rundt 60 lærlingar. Dei komande åra vil det kome fleire nye fartøy. Ein av grunnane er krav om låg- eller nullutslepp i anboda. Fjord1 har som mål å spele ei leiande rolle i det som blir omtalt som det grøne skiftet. Det krev at spesielt dei som jobbar med utvikling og bygging av sjølve ferjene må ha spesielt god kunnskap om miljøvenlege framdriftssystem og energisparande løysningar. Dette er ei utvikling som berre vil halde fram. På hovudkontoret i Florø jobbar det over 80 menneske, men dei fleste i selskapet jobbar om bord i fartøy, mellom anna passasjer-/kombibåtar som går i Florabassenget. Her finn ein allsidig kompetanse innan: Økonomi og finans • HMS (Helse, miljø og sikkerheit) • Teknisk bakgrunn Nautisk bakgrunn • Ingeniørar • IKT (Informasjons- og kommunikasjonsteknologi) HR (Human resources)/personalleiing • Innkjøp Catering/matfagleg kunnskap Kundebehandling
fjord1.no
Norwell Norwell blei etablert i Florø i 1996 og driv med eksport av norsk fisk. Selskapet opererer mellom oppdrettarane og marknaden og vise versa. Dei sikrar eit effektivt sal av kvalitetsfisk til riktig pris. Kvart år sel dei over 1600 trailerar med laks, som svarar til nesten 200 000 middagar! Norwell har kundar i meir enn 40 land rundt om i verda. Heile 90 % av fisken blir seld til utlandet, så dei kan med rette kalle seg ei internasjonal bedrift. Kundane spenner frå produsentar av fileter og «ready to eat produkt» - røykeri, grossistar og supermarknad til restaurantar. Alle med eigne preferansar når det gjeld kvalitet, feitt, farge og storleik. For å oppnå dette er gode kundeforhold essensielt for denne bedrifta. Norwell treng menneske med ulike bakgrunnar for å få butikken til å gå rundt. Dei treng kompetanse innan internasjonalt sal og marknadsføring, økonomistyring og rekneskap, logistikk, dokumentasjon, biologi, fiskehelse og kvalitet.
norwell.no
INC Gruppen INC Gruppen blei etablert i 1985 som ein leverandør til oljeindustrien. I dag består gruppa av 18 selskap med til saman ca. 600 tilsette. INC tar inn lærlingar kvart år, der dei fleste er fordelt mellom West Industri Service (WIS) og NBN Elektro. Selskapa er fordelt mellom følgande forretningsområde: • Logistikk – Olje & Gass • Tekniske Tenester • Eigendom • Vedlikehald • Havbruk INC Gruppen er kanskje best kjend for basen Fjord Base og deira aktivitet med røyr og forsyning mot offshore industrien. På grunn av denne aktiviteten er over 50 selskap etablert på område til Fjord Base, hovudsakeleg leverandørar til industrien, men også operatørar som Statoil, Shell og Engie.
incgruppen.no
Polarny Maritime Polarny Maritime er eit skipsdesign- og ingeniørfirma med hovudkontor i Florø som leverer engineeringtenester innan skip og maritime konstruksjonar for heile den maritime sektoren. Dei har kundar både i Norge og internasjonalt. Polarny har ni tilsette skipsingeniørar og maskiningeniørar. Dei jobbar på tvers av bransjar, og av lokale prosjekt kan vi nemne både utvikling av bilferjer og utvikling av flytande oppdrettsanlegg. Internasjonalt har dei ei rekke prosjekt mot utanlandske reiarar innan kjemikalie- og juice tankarar.
polarny.no
EWOS
TRACEABILITY: Among other subjects, the sustainability report deals with traceability, meaning where the raw materials used in EWOS feedstørste come from. Ewos er eigd av Cargill, som er eit av verdas privateigde selskap med over 150 000 tilsette. Ewos Norge produserer og sel fôr til oppdrettsfisk, i hovudsak laks og aure. Dei har tre fabrikkar i Norge; Florø i Sogn og Fjordane, Halsa i Nordland og Bergneset i Troms. Ewos Florø er Norges største og verdas mest moderne anlegg In our work, prioritise av sustainability sitt slag. Bedriftsområdet somwe består av rundt 20 bygg og silobatteri er på ca. 60.000 kvadrat, tilsvarande åtte-ni fotballbanar. Her var det sildeoljefabrikk frå supporting our customers in their own 1952. Den blei bygd om, og fôrproduksjonen starta i 1989. EWOS Florø har rundt work600 inskipsanløp this area. i året og ca. 1000 billeveringar. Herifrå leverast fôr til ca. 125 lokalitetar Karl Tore Mælandfrå Rogaland i sør til Hitra og Frøya i nord.
På fabrikken i Florø er det 77 faste tilsette, i tillegg leiger dei mange tenester frå ulike lokale firma. Ewos er ei av dei største lærlingbedriftene i Florø og har per no 15 lærlingar. Framover vil dei ta inn 4–5 kvart år. MAKING PROGRESS
Dei har tilsette stillingar Sustainability is not ijust aboutsom: climate and the Planleggar / logistikk • Fagarbeidar prosess / prosessingeniør environment, but involves social and economic Fagarbeidar logistikk / pakkeri • Mekanikar / elektrikar / automasjon factors as well. Sound finances are a precondition Kvalitet og HMS for dealing effectively with environmental and social questions. Without sound finances, the rest is pointless,'ewos.com says Mæland.
When we compare periodic data as we do in the
Statoil Florø Statoil er eit internasjonalt energiselskap med base i Norge. Selskapet driv forretningsverksemd i 36 land, men den største aktiviteten ligg i Norge. Statoil er den største operatøren på norsk kontinentalsokkel og er rettshavar i ei rekke oljeog gassfelt. Statoil Florø har ansvar for styrande aktivitet mot 20 til 29 installasjonar, avhengig av aktivitetsnivå. Det betyr at dei er ansvarlig for drift- og terminallogistikk, tekniske tenester, subsea, resepsjonsteneste land og luft samt innkjøp og materialstyring. Statoil sitt sentrallager for røyr knytt til norsk sokkel er lokalisert i Florø og er såleis eit av Europas største logistikksenter for røyr. I 2016 blei over 1 000 000 meter med røyr klargjort i Florø, noko som svarar til strekninga FlorøIsland! I Florø er det 47 tilsette med variert bakgrunn og kompetanse innan økonomi, ingeniør, logistikk og maritim. Kvart år tilbyr dei sommarjobb til studentar, og i 2017 skal dei ta inn fire nye. Statoil Florø er ikkje lærlingbedrift, men ein kan søke offshore eller ved Statoils landanlegg.
statoil.com
Havlandet Marin Yngel Havlandet Marin Yngel er eit selskap i INC gruppen. Dei driv eit marint økosystem som er kontrollert for å produsere marin fisk. Det vil sei at dei produserer algar, dyreplankton og fiskeegg, som er det dei treng for å produsere fiskeyngel av artar som berggylt og torsk. Bedrifta har kompetanse innan generell marin biologi og produksjon, ernæring og fiskehelse samt avl og tekniske fag. I framtida ønsker dei å drive oppdrett av fleire artar og å vere i tet med tanke på ny teknologi og miljøvennleg produksjon.
incgruppen.no
Fokus Elektro Fokus Elektro konsernet består i dag av tre selskap; Fokus Elektro AS (morselskap), Fokus Elektro Maritim AS og Fokus Infranett AS. Fokus Elektro Maritim blei starta som eit strategisk samarbeid med Westcon Yard Florø i 2010. Dei gjer alle installasjonar av elektrisk anlegg på nye skip som vert bygd på verftet, samt service og modifikasjon på andre skip, hurtigbåtar og ferjer ved verftet. Fokus Elektro, som akkurat har bygd nye flotte lokale på Evja, er ei bedrift i vekst og tilset mellom anna ingeniørar og montørar. Dei tar også inn elektrikarlærlingar kvart år med søknadsfrist 1 april.
fokuselektro.no
Maritim Forening Sogn og Fjordane Maritim Forening Sogn og Fjordane er ei interesseforeining for verksemder med havbasert aktivitet i Sogn og Fjordane. Vi har 60 medlemsverksemder som er lokalisert i 14 av fylket sine 26 kommunar. Ved å dele kunnskap om behov, moglegheiter og løysingar kan samarbeid føre til nyskaping og vekst. Derfor er vi opptatt av å skape samlingsplassar for leverandørindustrien. Vi synleggjer kompetansen i fylket, både mellom aktørane sjølve og for aktørar utanfor fylket. Vidare koplar vi saman næringsliv, FoU- og utdanningsinstitusjonar og vi hentar inn og distribuerer marknadsinformasjon.
maritimsfj.no
maritimsfj.no
A til Ã… - www.atilaa.no