Fjordkystparken er Noreg sin første og einaste kombinerte regional- og geopark. Den omfattar kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll og utgjere eit areal på om lag 2500 km2. Parken fungerar som ei samarbeidsplattform på tvers av ideelle og kommersielle interesser, og har som mål å utvikle og å ta vare på regionen sine natur- og kulturressursar, basert på lokalsamfunna sine eigne premissar. Den særeigne geologien som finns her gjev oss eit unikt tidsvindauge til det som skjedde for om lag 400 millionar år sidan, då ei fjellkjede like stor som Himalaya prega landskapet. Dette skapte grunnlaget for korleis menneska her har livnært seg og sjølv påverka landskapet dei siste 10 000 åra. Saman med våre medlem og partnarar ynskjer vi å setje regionen vår på kartet og skape positive ringverknader innanfor reiseliv, annan næring, kunnskapsformidling, undervisning og lokal identitet.