Issuu on Google+

Maritim klynge på Sunnmøre: Den maritime klynga på Sunnmøre er blant dei verdsleiande i sin sektor. Klynga består av ei rekkje bedrifter innan verft, utstyrsleverandørar, rederi og design. Suksessen til den maritime klynga er tufta på høg kompetanse kombinert med samarbeid og konkurranse.

Fiskeri: Måløy har tradisjonelt vore eitt av dei store fiskerisentra i Noreg, og er ei av dei største fiskerihamnene i landet. Industrien i Vågsøy og Bremanger er i stor grad bygd opp rundt fiskeri, med hovudkontor for fleire av dei største fiskeriverksemdene i landet. Store produksjonsanlegg er etablert, og det er også stor aktivitet innanfor trading i Måløy.

Olje/gass: Nær 1/3 av den samla produksjonen av olje på norsk sokkel skjer i området utanfor Sogn og Fjordane. Fjord Base i Florø er ein velutvikla forsyningsbase og med nysatsinga på oljeretta utdanning på fleire nivå i kommunen, ligg mykje til rette for ei positiv utvikling. Helikopterbasen med gode kommunikasjonar til fly er også viktig for petroleumssatsinga. Gulen industrihamn og Mongstad er mellom dei største petroleumsklyngene i landet. Her finn ein store industriareal, mange kaier og viktige hamnetenester.

Verft: Skipsverft og skipsbygging har lange tradisjonar langs kysten. Sjølv om dette har gått i bølgedalar har vi mange sterke aktørar, heile vegen frå Ålesund til Bergen. Her er stor vilje til innovasjon og skipsverfta klarer å tenke nytt og tilpasse seg marknaden.

© A til Å - www.atilaa.no Kartutvikling: Nordwest 3D

Kystvegen Ålesund – Bergen skal primært gje internt samband i ein særdeles ressursrik og produktiv kystregion, skape større bu- og arbeidsområde, effektivisere transport og samferdsle og gi god tilknyting til hamner og sjøtransport. Næringslivet i kystregionen produserer store verdiar og har gode føresetnader for å utvikle seg vidare. For at verksemdene skal kunne investere og ungdom satse på ei framtid her, må det leggast til rette med infrastruktur. Kystvegen Ålesund – Bergen består av enkeltprosjekt på ulike stadium. Det handlar om å utbetre eksisterande vegar, korte inn omvegar og supplere der veg manglar. Målet er gul stripe langs kysten frå Ålesund til Bergen!


Kystvegen Ålesund-Bergen