Skip to main content

MÅLØY 2024

Page 1

Måløyraidsenteret

Med seglskøyta Westland arrangerer Explore 62oNorth ski- og seglturar i Sunnmørsalpane. Om sommaren og hausten kan du blir med dei på havfisketurar og havørnsafari ut i frå Måløy. explore62.com

RIB-tur Opplev fart og spenning, ville naturkrefter, slalåm mellom holmar og skjer, eller ein kosetur på fjorden. Storm@Stad tek deg med på RIB-turar i området rundt Måløy. stormstad.no

A til Å · www.atilaa.no

Under Måløyraidet i 2.verdskrig vart store delar av Måløy bomba og byen mista fleire av sine eldre trehus og karakteristiske naust. I etterkant vart det bygd opp store industribygg og betongklossar i 50-tals stil, noko som den dag i dag pregar byen. Eit perfekt utgangspunkt til å gjere gråstein til gull. Då Tone Andal kom attende til heimbyen i 2010 vart ho raskt oppmerksam på Måløy som ein potensiell gatekunstby, med alle sine grå og slitte veggar. I dag finn du heile 21 veggmaleri i Måløy, dei fleste er å sjå i sentrum av byen.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

Havfisketur og havørnsafari

Gatekunst

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

Tidleg morgon, 27. desember 1941; julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig: flybomber, gatekampar og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøyvande bråket; lyden av ei lys sekkepipe. Originale bilete frå raidet og metervis med original film visast i ei levande utstilling som har rørt fleire tusen besøkjande. Utstillinga viser og originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge’s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjonar. I tillegg til utstillinga om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge, og om den vågale Shetlandsfarten og Tysklandsbrigaden. Du kan òg få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat i Måløy under krigen. Måløyraidsenteret har audioguidar på fleire språk. Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik. Ope 17. juni – 4. august kl. 10.00 – 17.00 alle dagar. Sjå nettsida for opningstider utanom høgsesong. maloyraidsenteret.no

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

Cruisekai

2024

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.

Foto: Måløyraidsenteret.

MÅLØY

Kajakk, coasteering og yoga Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever den. Sjøbris Adventure tilbyr aktivitetar som kajakkpadling, coasteering og yoga, og har ein intensjon om å skape eventyrlege og meiningsfylte opplevingar gjennom leik, utfordringar og oppmerksamt nærvær i naturen. Med fokus på friluftsliv, mangfald i naturen, vår kulturarv og sporlaus ferdsel bidreg Sjøbris Adventure til læring, meistring, livsglede og omsorg for menneske og natur. sjobrisadventure.no

Sauna

Flyt Sauna Vågsvåg kombinera varme og avslapping frå ein tradisjonell sauna med skjønnheita av våre kystnære omgjevnadar. Veksle mellom den varme badstua og ein forfriskande dukkert i kaldt sjøvatn. Ope kl. 09.00 – 21.00 alle dagar booking.sjobrisadventure.no

Kannesteinen Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som står i fjæra i bygda Oppedal, om lag 10 km frå Måløy sentrum. Hav og bølger har slipt og forma den omlag 3 meter høge steinen gjennom fleire tusen år. Det er gode parkeringsmoglegheiter og tilrettelagt tilkomst ved Kannesteinen.

fjordkysten.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
MÅLØY 2024 by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu