Måløyraidsenteret Gatekunst
Med seglskøyta Westland arrangerer Explore 62oNorth ski- og seglturar i Sunnmørsalpane. Om sommaren og hausten kan du blir med dei på havfisketurar og havørnsafari ut i frå Måløy. explore62.com
RIB-tur Opplev fart og spenning, ville naturkrefter, slalåm mellom holmar og skjer, eller ein kosetur på fjorden. Storm@Stad tek deg med på RIB-turar i området rundt Måløy. stormstad.no
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Havfisketur og havørnsafari
A til Å · www.atilaa.no
Under Måløyraidet i 2.verdskrig vart store delar av Måløy bomba og byen mista fleire av sine eldre trehus og karakteristiske naust. I etterkant vart det bygd opp store industribygg og betongklossar i 50-tals stil, noko som den dag i dag pregar byen. Eit perfekt utgangspunkt til å gjere gråstein til gull. Då Tone Andal kom attende til heimbyen i 2010 vart ho raskt oppmerksam på Måløy som ein potensiell gatekunstby, med alle sine grå og slitte veggar. I dag finn du heile 21 veggmaleri i Måløy, dei fleste er å sjå i sentrum av byen.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Tidleg morgon, 27. desember 1941; julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig: flybomber, gatekampar og skyting frå krigsskip. Gjennom det øyredøyvande bråket; lyden av ei lys sekkepipe. Originale bilete frå raidet og metervis med original film visast i ei levande utstilling som har rørt fleire tusen besøkjande. Utstillinga viser og originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge’s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjonar. I tillegg til utstillinga om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge, og om den vågale Shetlandsfarten og Tysklandsbrigaden. Du kan òg få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat i Måløy under krigen. Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kaféar i umiddelbar nærleik. Ope 10. mai – 18. juni kl.10.00 – 16.00 onsdag – sundag. 19. juni – 13. august kl. 10.00 – 17.00 alle dagar. Sjå nettsida for opningstider ved cruiseanløp. maloyraidsenteret.no
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Cruisekai
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord.
Foto: Måløyraidsenteret.
MÅLØY
Kajakk, coasteering og yoga Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever den. Sjøbris Adventure tilbyr aktivitetar som kajakkpadling, coasteering og yoga, og har ein intensjon om å skape eventyrlege og meiningsfylte opplevingar gjennom leik, utfordringar og oppmerksamt nærver nærvær i naturen. Med fokus på friluftsliv, mangfald i naturen, vår kulturarv og sporlaus ferdsel bidreg Sjøbris Adventure til læring, meistring, livsglede og omsorg for menneske og natur. sjobrisadventure.no Sjøbris Adventure deltek i den nasjonale dugnaden #likefinsomfør gjennom å tilby padleturar med strandrydding i samhandling med Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd. holdnorgerent.no • likefinsomfor.no
Kannesteinen Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som står i fjæra i bygda Oppedal, om lag 10 km frå Måløy sentrum. Hav og bølger har slipt og forma den omlag 3 meter høge steinen gjennom fleire tusen år. Det er gode parkeringsmoglegheiter og tilrettelagt tilkomst ved Kannesteinen.
fjordkysten.no