Skogen
Nes
Viking Footprints
Eide
Gjerde
en eg sv Ne
Kalveneset
HYLLESTAD
Buavika
Foto: Espen Mills.
Hyl les
en lveg Sso
tad veg en
2024
Hyllestadfjorden
Hyllestad gamle kyrkjegard
Foto: Mal Dickson.
Kvernsteinsparken
Hyllestad kyrkje Lihesten
Lifjordvegen
Hyllestad Kyrkjefjellet
Spar
Ei oppleving hos Viking Footprints er ei mogelegheit til å gå til attende i tid. Du vil lære om korleis livet var i vikingtida, og om fortspora som framleis finnast att etter den. Her kan du lære om korleis folk levde på denne tida, kva dei kledde seg i, kva mat dei hadde, og kor viktig båtane var for dei. Uansett vêr, sol eller regn, vil det vere aktivitetar å prøve seg på.
Prestegarden
Myklebustlia
Kulturvandring
Viking Footprints
Informasjon og booking: tlf. 939 42 454 • vikingfootprints.com
Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er tilgjengeleg. På sommaren kan du bli med på spennande aktivitetar i Kvernsteinsparken: • Gå tur på vår nye løype gjennom det imponerande steinbrotlandskapet med spennande og morosame stasjonar. Den første delen av løypa er universelt utforma. • Ta med dei yngste på tur gjennom Trollstien! Klarar du å finne trollet sin skatt? • Mal korn med handkverna, lag din eiga brøddeig og bak flatbrød over bålet. • Prøv deg i bogeskyting. • Lag ditt eige klebersteinssmykke eller figur. • Kos deg rundt bålet og nyt nybakt kvernsteinsbrød eller ei svele. Ope 15. juni – 18. august, kvar dag frå kl. 11.00 – 17.00 misf.no/kvernsteinsparken
Mat og drikke
Myklebust
Hotel Sognefjord har blitt kjend for heimelaga middager, saftige burgarar, pizza og is. Du kan nyte eit avslappande måltid og i restauranten og puben med utsikt over Bøfjorden. Om sommaren, kan du kose deg på terrassen ved båthamna.
Kvernsteinsparken
en
Hylle
veg stad
Kleivavatnet
Båtutleige FjordKick: Tlf. 97962230 • fjordkick.no
Aktivitetar FjordKick tilbyr båtturar, fisketurar, sightseeing og toppturar til Lifjellet og Alden. Tlf. 979 62 230 • fjordkick.no Fisking i ferskvatn – dei fleste stadar treng ein ikkje fiskekort. SUP utleige – Tlf. 57 78 89 20, post@hotelsognefjord.no
Bubilcamp • Sognhostel, ved Salbu, Sørbøvåg • sognhostel.no • Birkeland Camping ved Aksevatnet.
Kvernhusfossen i Skor I Skor i Hyllestad finst eit av dei finaste vassbruksmiljøa i landet; ein konsentrasjon av fem lafta kvernhus og ei grindbygd vassag. Det fine med vassbruksmiljøet i Skor er at Den Trondhjemske postvei går rett ved kvernhusa. Her er mellom anna ei framifrå steinbru. Vassbruksmiljøet er ein del av eit verna naturmiljø i det såkalla Botnavassdraget som har ein allsidig funksjon for fleire artar av vassfugl i regionen. Det er særleg viktig som hekke- og trekk lokalitet for ande- og vadefugl.
Geoløyper
Hjertebladhagen
I Hyllestad kan vi sjå spor etter kollisjonen mellom to jordplater (kontinent). Ein formidabel, men langsam kollisjon som resulterte i ei stor og høg fjellkjede: Den kaledonske fjellkjeda. På geopunkta i Hyllestad finn du små fortellingar som kan sporast attende til denne dramatiske historia. Hefte med oversikt over geopunkt finn du i ein eigen postkasse på parkeringsplassen ved SPAR i Hyllestad.
Hjertebladhagen er ein vakker visnings- og inspirasjonshage som ligg idyllisk til i naturskjønne omgjevnader ved Skifjorden. Her er det fokus på økologisk hagebruk. Bli med på hagevandring med lunsj kvar torsdag frå 12.00 – 15.00 frå 27. juni – 15. august. Påmelding seinast kl. 12 dagen før. Hjertebladhagen byr også på ei unik hage- og interiørbutikk. Ope 30. mai – 8. september kvar torsdag frå 16.00 – 19.00, fredagar 12.00 – 17.00, og laurdagar og søndagar 12.00 – 16.00. Hagekaféen er ope alle butikkens opningsdagar i juli, og ellers sporadisk / etter avtale. Tlf. 934 48 983 • hjerteblad.no
Kajakk
Nesje fort
Ta deg ein tur mellom holmar og skjer langs kyst og fjord, eller på flotte vatn i kommunen. Padling passar for dei fleste, og du kjem tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplever. Utleige av kajakk: FjordKick, Sørbøvåg • tlf. 979 62 230 • fjordkick.no
A til Å · www.atilaa.no
Nygrd
Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Det var viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Sognefjorden. Difor starta marinen bygginga av Nesje fort. Formålet med fortet var kanoner som kunne nå utover Sognesjøen. Fortet ligg fint til ved sjøen og ein har full oversikt over innseglinga til Sognefjorden.
Foto: FjordKick.
Vassenden
Foto: FjordKysten og Sunnfjord.
Kvernsteinen Pub, FjordKick • Prestegarden sommarkafé • Hjertebladhagen
Fiske Viss du likar å fiske har du kome til rett stad. Her kan du fiske frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar, og eit mangfald i geologi og plantedekke. Hyllestad er eit eldorado for fiskeentusiastar frå heile verda. Du kan velje om du ønskjer å vere med på ein guida fisketur, eller leige båt og reise på eiga hand.
fjordkysten.no