Skip to main content

HYLLESTAD

Page 1

KART: ELLEN JEPSON

Buavika

HYLLESTAD

Hyl les tad veg

en

Sæsol

e ge solv n

Hyllestadfjorden

Foto: Espen Mills.

Hyllestad gamle kyrkjegard

607

Kvernsteinsparken Lifjordvegen

650

Lihesten

Geoløype

Hyllestad Kyrkjefjellet

Spar

Prestegarden

Foto: Mal Dickson.

Hyllestad kyrkje

Geoløype (start)

Viking Footprints Myklebustlia

Ein smak av livet i vikingtida i Hyllestad. Her kan du utforske vikinghagen, lære om planter og gardsliv i vikingtida, prøve historiskehandverksteknikkar, og prøve deg på øksekasting og bogeskyting. Du får lære om den ekte vikinghistoria, og ha det moro med viking-aktivitetar.

Kulturvandring

Informasjon og booking: tlf. 939 42 454 • www.vikingfootprints.com

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er tilgjengeleg. På sommaren kan du bli med på spennande aktivitetar i Kvernsteinsparken: • Gå tur på vår nye løype gjennom det imponerande steinbrotlandskapet med spennande og morosame stasjonar. Den første delen av løypa er universelt utforma. • Ta med dei yngste på tur gjennom Trollstien! Klarar du å finne trollet sin skatt? • Mal korn med handkverna, lag din eiga brøddeig og bak flatbrød over bålet. • Prøv deg i bogeskyting. • Lag ditt eige klebersteinssmykke eller figur. • Kos deg rundt bålet og nyt nybakt kvernsteinsbrød eller ei svele. Ope 17. juni – 13. august, kvar dag frå kl. 11.00 – 17.00 misf.no/kvernsteinsparken

Myklebust

Mat og drikke

Kvernsteinsparken

Kvernsteinen Pub, FjordKick Sørbøvåg • Prestegarden sommarkafé

200 m

n

ege

tadv

s Hylle

607

Kleivavatnet

Båtutleige FjordKick: Tlf. 97962230 • www.fjordkick.no

Aktivitetar FjordKick tilbyr båtturar, fisketurar, sightseeing og toppturar til Lifjellet og Alden. Tlf. 979 62 230 • www.fjordkick.no Fisking i ferskvatn – dei fleste stadar treng ein ikkje fiskekort. SUP utleige – Tlf. 57 78 89 20, post@hotelsognefjord.no

Bubilcamp • Sognhostel, ved Salbu, Sørbøvåg • sognhostel.no • Birkeland Camping ved Aksevatnet.

Hjertebladhagen

Hjertebladhagen er ein vakker visnings- og inspirasjonshage kvar du også finn ein hage- og interiørbutikk med eit heilt unikt vareutvalg. Vil du ha ein timeout frå kvardagen kan du kombinere besøket med overnatting i det sjarmerande lille bestemorshuset, Vesterheim, som ligg naturskjønt til ved Åfjorden. Hjertebladhagen er ope heile sommaren: Torsdag: 15.00 – 19.00, Fredag: 12.00 – 16.00, Lørdag: 12.00 – 16.00, Søndag: 12.00 – 16.00. Ellers etter avtale.

Kvernhusfossen i Skor

I Hyllestad kan vi sjå spor etter kollisjonen mellom to jordplater (kontinent). Ein formidabel, men langsam kollisjon som resulterte i ei stor og høg fjellkjede: Den kaledonske fjellkjeda. På geopunkta i Hyllestad finn du små fortellingar som kan sporast attende til denne dramatiske historia. Hefte med oversikt over geopunkt finn du i ein eigen postkasse på parkeringsplassen ved SPAR i Hyllestad.

I Skor i Hyllestad finst eit av dei finaste vassbruksmiljøa i landet; ein konsentrasjon av fem lafta kvernhus og ei grindbygd vassag. Det fine med vassbruksmiljøet i Skor er at Den Trondhjemske postvei går rett ved kvernhusa. Her er mellom anna ei framifrå steinbru. Vassbruksmiljøet er ein del av eit verna naturmiljø i det såkalla Botnavassdraget som har ein allsidig funksjon for fleire artar av vassfugl i regionen. Det er særleg viktig som hekke- og trekk lokalitet for ande- og vadefugl. Songsvane har hekka fleire gongar. Andre sjeldsynte artar i regionen som er funne hekkande i Skor er m.a. sørleg gulerle og sivsongar.

Kajakk

Nesje fort

Geo løyper

Ta deg ein tur mellom holmar og skjer langs kyst og fjord, eller på flotte vatn i kommunen. Padling passar for dei fleste, og du kjem tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplever. Utleige av kajakk: FjordKick, Sørbøvåg • tlf. 979 62 230 • www.fjordkick.no

A til Å · www.atilaa.no

Vassenden

Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Det var viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Sognefjorden. Difor starta marinen bygginga av Nesje fort. Formålet med fortet var kanoner som kunne nå utover Sognesjøen. Fortet ligg fint til ved sjøen og ein har full oversikt over innseglinga til Sognefjorden.

Foto: FjordKick.

Nygård

Foto: FjordKick.

Geoløype

Hotel Sognefjord har blitt kjend for heimelaga middager, saftige burgarar, pizza og is. Du kan nyte eit avslappande måltid og i restauranten og puben med utsikt over Bøfjorden. Om sommaren, kan du kose deg på terrassen ved båthamna.

Fiske Viss du likar å fiske har du kome til rett stad. Her kan du fiske frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar, og eit mangfald i geologi og plantedekke. Hyllestad er eit eldorado for fiskeentusiastar frå heile verda. Du kan velje om du ønskjer å vere med på ein guida fisketur, eller leige båt og reise på eiga hand.

fjordkysten.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
HYLLESTAD by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu