Skip to main content

Fjordane Friluftsråd

Page 1

Fjordane Friluftsråd KYST- OG FJORDRYDDING I SOGN OG FJORDANE

1 214

Tal frivillige

Ca. meter rydda 40 484 Ca. kg rydda

54 105

Fem-vekers ekspedisjon, med fiskebåten Barstein

Kystfriluftsskulen gir friluftsglede

Marie kapra draumejobben for naturen

side 12

side 9

side 10


ALLE MÅ BIDRA Naturen vår er noko av det aller flottaste med å bu her på kysten. Vi bruker den ofte, men tenker nok ikkje alltid over kor viktig den er for oss. Vi har gjennom generasjonar levd av fisken i havet, og det skal vi halde fram med. I 2017 skjedde det noko, som rokka ved synet vårt på reine fjordar og hav. På Sotra rak det i land ein kval, som hadde magen full av plast. Dette var ein viktig vekkjar, og fokuset på å rydde plast tok bokstaveleg tala av. Det å rydde strender og vikar på kysten vår har mange drive på med lenge. For mange har dette vore ein fast vårtradisjon, når vinterstormane har stilna og strendene er fylte opp med avfall frå fjern og nær. Målet må vere at vi lever slik at vi leverer frå oss naturen i minst like god stand som vi overtok den – og då er det viktig at alle bidreg. Vi i Fjordane Friluftsråd vil vere med og bidra sterkt i den samfunnsdugnaden som trengst. Men, vi vil og vere med å gjere naturen tilgjengelig for alle. Ein treng ikkje gå på dei høgaste toppane for å få ei god naturoppleving. Så tilrettelegging for at flest mogleg skal få glede av naturen er og ei viktig sak for friluftsrådet. Vi fokuserer og på å gje born og unge kunnskap og gode opplevingar i naturen vår. Arlene Vågene Styreleiar, Fjordane Friluftsråd

Fjordane Friluftsråd koordinerer kyst- og fjordrydding i Sogn og Fjordane med midlar frå Miljødirektoratet. Fjordane Friluftsråd fekk positivt tilsegn på 2,7 millionar frå Miljødirektoratet knytt til «Kyst og fjordrydding» i Sogn og Fjordane for perioden 15. mars 2019–1. mars 2020. Dette er vi svært takksame for, og midlane gav oss høve til å tilsetje ein prosjektkoordinator frå 1. juli 2019. Victoria Slaymark har betydd svært mykje for planlegging og gjennomføring av strandryddeoperasjonane. Vi har samarbeidd med Kystlotteriet, Naturvernforbundet, skular og frivillige og vi har organisert, informert og motivert til rydding av marint avfall i Sogn og Fjordane. Primært er dette gjort i medlemskommunane våre Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy, men også Selje. Alle desse kommunane har fått besøk av oss i samband med ekspedisjonen Selje – Solund med den innleigde fiskebåten Barstein. Det vidare arbeidet vil etter nyttår bestå i førebyggande tiltak for å dele kunnskap og erfaringar, motivere og bevisstgjere befolkninga, planlegge nye tiltak og søkje om nye midlar til dette viktige arbeidet. Vi er vorten ein del av nye Vestland og er innlemma i Vestkystparken som strekk seg frå Jæren i syd til no Vågsøy i nord. Vi ser fram til eit vidare samarbeid med kommunane, fylkeskommune og Fylkesmannen, Vestlandsrådet, Hold Norge Rent, Kystverket, SNO, Skjærgårdstjenesten i Vestkystparken, frivillige lag og organisasjonar og profesjonelle bedrifter for å nå målet om å motivere og bevisstgjere befolkninga om utfordringa knytta til det marine avfallet, samt å rydde mest mogleg avfall for midlane Millødirektoratet har løyvd oss. Bjarte Engevik Dagleg leiar, Fjordane Friluftsråd

Utgjevar: Fjordane Friluftsråd i samarbeid med A til Å Grafisk Design og Media Desember 2019 · A til Å · Strandgata 17, 6900 Florø · Tlf. 57 75 29 00 · www.atilaa.no Tekst: Anita Øygard · Prosjektleiar: Malvin Horne · Grafisk utforming: Charlotte Lindén-Nybø


STYRET

i Fjordane Friluftsråd Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt samarbeidsorgan, med Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og Solund som medlemskommunar. Vi skal saman skape gode samarbeidsplattformer. Friluftsrådet skal i samarbeid med medlemskommunane, andre offentlege instansar og organisasjonar fremje allsidig og miljøvennleg friluftsliv – til beste for innbyggarane og tilreisande sin trivsel og helse. Fjordane Friluftsråd arbeider konkret med strandrydding, oppretting av friluftsskular og folkehelsetiltak. Vi arbeider for å få på plass ei skjergardsteneste med eigen båt som er avgjerande i kampen mot plastforureininga og for å fremje friluftslivet langs kysten vår.

Styret er samansett av representantar frå medlemskommunane:

Vågsøy Bremanger Flora Askvoll Solund

• Styreleiar Arlene Vågene, Flora • Nestleiar Anne Grethe Lien, Askvoll • Styremedlem Harriett Norstrand, Askvoll • Styremedlem Jan Henrik Nygård, Flora • Styremedlem Kari Einen, Solund • Styremedlem Stig Steinsund, Solund • Styremedlem Elisabeth Hatlenes, Bremanger • Styremedlem Charlotte Skjølberg, Bremanger • Styremedlem Olav Horn, Vågsøy • Styremedlem Terese Gjerde, Vågsøy 3


Har rydda i 22 år I Bulandet og Værlandet har dei lange tradisjonar for å rydde fjærene. Rektor Linda Landøy har vore primus motor for ryddinga sidan 1997.

Det starta då eg flytta heim igjen til Værlandet i 1997. Eg hadde eigentleg ikkje gått så mykje i fjæra sidan eg var unge, men då såg eg kor gale det var blitt. Linda Landøy, som er rektor ved Bulandet skule, og primus motor for strandrydding minnes at ho sjølv var med på eit skuleprosjekt då ho gjekk i tredje klasse. Då fann vi mykje rekved og ein del sardinboksar i fjærene, men det var småtteri mot all plasten som ho og sambygdingane har plukka dei siste 20 åra. Linda Landøy skjønte at her måtte ein ta tak, og ho starta med opprydding av fjærene i skuleregi. Etterkvart har det blitt meir frivillig arbeid gjennom idrettslag og ungdomslag. Folk har heldigvis fått auga opp for kor gale det er blitt, og er lette å engasjere.

fjærene, og det måtte ein betale for å bli kvitt. Det var eit kjempeproblem, for vi kunne sjølvsagt ikkje spore bosset tilbake til opphavet. Vi brukte mykje tid på å søke etter midlar for å fjerna det herrelause bosset. RYDDEKULTUR

«Vi må begynne å tenke annleis – og sjå på alternativ til alt plastforbruket vårt.»

I dag er det enkelt å bli kvitt bosset, og det er lett å få med folk – men elles har det berre auka med plast i fjærene, fortel ei engasjert eldsjel. Det har blitt ein kultur for rydding, smiler Linda Landøy fornøgd. Det er heilt naturleg for folk å ta seg ein tur – på eige initiativ – for å plukke boss. Det er mange både vaksne og ungar her ute som er veldig ivrige.

LINDA LANDØY

SKAL FINNE ALTERNATIV

PROBLEM Å BLI KVITT Vi hadde eit stort problem på slutten av 90-talet, som vi heldigvis ikkje har i dag, fortel ho. Det å få dekka kostnadane med å bli kvitt bosset kravde meir energi enn det å plukke det saman. Det er stort sett næringsavfall ein finn i

4

Landøy fortel at Bulandet skule held på med eit felles prosjekt med Fjordane Friluftsråd. Vi har plukka i lag med dei, og så skal dei vere med oss på skulen og ha ein såkalla «workshop». Då skal vi mellom anna sjå på kva vi kan gjere for å minske forbruket av plast. Vi må begynne å tenke annleis – og sjå på alternativ til alt plastforbruket vårt.

Fjordane Friluftsråd


FORSKINGSPROSJEKTET I KLUBBEVIKA I SOLUND

Plastposefondet

skal redusere plastfjellet Forskingsprosjektet i Klubbevika i Solund skal mellom anna gje svar på kor mykje som rek i land – og kvar det kjem frå.

Handelens Miljøfond, populært kalla Plastposefondet – som jobbar for å redusere plastforsøpling, auka plastgjenvinning og redusert bruk av plastbæreposar – har gitt eit tilskot på kr 150 000 til Fjordane Friluftsråd. Desse pengane går til eit forskingsprosjekt i Klubbevika på Tungodden i Solund. Her skal vi systematisk kartlegge kva som rek i land, fortel Bjarte Engevik. Ved hjelp av plastposefondet får vi i gang eit arbeid som kan fortelle oss meir om kva slag og kor mykje plastavfall som kjem i løpet av ein avgrensa periode. SYSTEMATISERE AVFALLET Fjordane Friluftsråd hyrte inn Norsk Kystkulturakademi (NKA) til å drifte prosjektet med å kategorisere og registrere avfallet. NKA involverte elever frå Solund Ungdomsskule til dette arbeidet der m.a. matematikkunnskapar kom til nytte. Elevar med friluftsliv som valfag har fått verdifulle erfaringar frå prosjektet. Vi skal gjere denne strandsona – på ca. 20 meter – rein for søppel, og så vente i 6 månader og registrere kva som kjem inn i denne perioden. Alt søppelet skal vegast og sorterast i kategoriar og vi vil prøve å finne ut kvar det kjem frå. På mykje av emballasjen som rek i land kan vi lese opphavsland, slik som til dømes matvareemballasje. FRÅ ALLE KANTAR Klubbevika ligg sørvendt, mot Sognesjøen ved utløpet av Sognefjorden. Samtidig er det kryssingspunktet mellom Norskestraumen som renn nordaustover langs Norskekysten og fjordstraumen ut frå Sogn. Dette gjer at søppelet her kjem frå fleire kantar og gjer forskingsprosjektet ekstra interessant. SKAL GI RAPPORT Ungdomskuleelevane og Fjordkysten Friluftsråd gjennomførte første rydding i april 2019. Det gav eit resultat på 1820 kg herrelaust avfall. Dette er sortert og registrert i mange ulike kategoriar, og saman med fagmiljø ved Uni-

versitetet i Bergen skal dei utarbeide ein rapport – som kan gje meir svar på kvar bosset kjem frå og kor mykje som kjem inn i løpet av ein gitt tidsperiode med meir. BEVISSTGJERE DEN ENKELTE Ved å involvere utdanningsinstitusjonar frå grunnskulen til høgskular og universitet i tillegg til ulike lag og organisasjonar og media, vil ein bevisstgjere folk om ureininga og kva det betyr for oss. Kva skader påfører det naturen, og kva betyr det for den enkelte at områder som vi vil bruke til rekreasjon og friluftsaktivitetar er forsøpla med plast. Ei slik involvering og bevisstgjering trur vi vil påverke folk sine vanar – og bruk av plast i kvardagen. Bjarte Engevik trur at folk etterkvart vil redusere bruken av handlenett – og kanskje bruke dei om igjen. Det vil spare både miljøet og lommeboka. MÅLET ER MINDRE PLAST Vi meiner at kunnskapen frå ei lita vik i Solund vil skape eit bilde av det plastfjellet vi ser konturane av. Ei systematisk kartlegging vil gje ei rekke svar, som kan få nasjonal og internasjonal betydning. Prosjektet vil mellom anna kartlegge både kva som kjem opp på land, kva som ligg i tangbeltet – og ikkje minst kva som fell til botnen i sjøen utanfor. Kartleggingsrapporten vil seie noko om mengde og kvar plastavfallet kjem frå. Når vi ser dette i samanheng med vêrrapportar og havstraumar vil vi kunne seie noko om kvifor dette avfallet hamnar akkurat her. Målet med dette prosjektet er auka kunnskap, engasjement og forståing av konsekvensar av plastforbruket vårt. Det håpar vi igjen vil gjere at folk brukar mindre plast og at dei får ei bevisst haldning til at plasten ikkje må komme på avvegar i naturen.

Fjordane Friluftsråd

5


Korleis organisere strandrydding: Fjordane Friluftsråd er opptatt av at alle skal vere med på den store ryddedugnaden langs kysten. Vår oppgåve er ikkje å rydde alle strender, men å hjelpe og legge til rette for dei som vil gjere ein innsats i lag med oss. Saman med privatpersonar, lag og organisasjonar vil vi rydde strendene for herrelaust boss, som har reke i land.

Vil du gjere ein innsats? Her får du tips om korleis dette kan organiserast:

FØR RYDDING: 1. KONTAKT Fjordane Friluftsråd (www.fjordanefr.no) Prosjektkoordinator strandrydding Victoria Slaymark E-post: victoria@friluftsrad.no Tlf.: 482 22 238

Dagleg leiar Bjarte Engevik E-post: bjarte@friluftsrad.no Tlf.: 994 87 500

2. Gå til RYDDEPORTALEN – Hold Norge rent www.holdnorgerent.no/ryddeportalen/ Her registrerar du inn din ryddeaksjon og registrerar funn. Du vil finne tips om strender som treng ein ryddeaksjon. Det er viktig at alle ryddeaksjonar blir registert inn her, slik at vi kan kart legge omfanget. Om de vil søke motivasjonsmidlar er det viktig at ryddeaksjonen er registrert her.

3. SAMARBEID med lokale organisasjonar. Spør folk i ditt område om dei vil vere med. 4. KONTAKT grunneigar eller kommune, slik at du veit at alt er OK.

Om du vil kan Fjordane Friluftsråd gjere det for deg.

5. DU FÅR UTSTYRET du treng for å rydde. Kvar kommune har depot med sekkar og hanskar. 6

Fjordane Friluftsråd


SLIK BRUKAR DU RYDDEPORTALEN 1. Logg deg inn / registrer deg på www.holdnorgerent.no/ryddeportalen/ 2. Klikk på RYDDEPORTALEN på toppen av sida. 3. Klikk OPPRETT RYDDEAKSJON eller REGISTRER FORSØPLET OMRÅDE. 4. Zoom inn på kartet til der du vil rydde eller har rydda. Vel OPPRETT AKSJON eller REGISTRER OMRÅDE. · · · ·

Vel FJORDKYSTEN FRILUFTSRÅD under «knytt til organisasjon». Skriv FJORDANE FRILUFTSRÅD og ORGANISASJONEN DIN under «ryddelagets navn». Ta bilde før og etter ryddeaksjon. Noter kva de finn av plast.

UNDER RYDDING: 1. BRUK BERRE GJENNOMSIKTIGE SEKKAR – og unngå skarpe gjenstandar i sekken. 2. TA FØR OG ETTER BILDE: #fjordanefriluftsråd #StrandryddingFjordane 3. NOTER kva type plast de finn – i ryddeportalen skal ein registrere mengde og type 4. PLASSER sekkane slik at ikkje sjøen eller vinden tar dei.

ETTER RYDDING: 1. REGISTRER ryddeaksjonen.

Du eller vi registrerar stad og mengde m.m. på ryddeportalen: www.holdnorgerent.no/ryddeportalen/

2. LEVER avfallet, eller be oss om å hente det. 3. VARSL avfallstasjonen på førehand. Vi kan dekke bruk av eigen bil og hengar. 4. SEND OSS bilde frå stranda og ryddeaksjonen. Avklar om vi kan bruke bilda på sosiale medium.

Fjordane Friluftsråd

7


Strandrydding

– ein trivselsfaktor på Kvalheim Kvalheim grendalag har drive med organisert vår-rydding på Kvalheimsanden i 8 – 10 år, fortel Ørjan Kvalheim som har vore ein av pådrivarane i grendalaget. Vi likar at det er reint og triveleg rundt oss, og så er det eit felles løft for bygda. I år vann vi i tillegg 5000 kroner i Kystlotteriet, og det er ein god motivasjonsfaktor. Grendalaget i Kvalheim i Vågsøy, har gjort ryddeaksjonane til noko meir enn berre plukking av plast og anna herrelaust avfall. Vi legg vekt på at det skal vere ein kjekk og sosial happening, til glede for store og små. Den årlege ryddeaksjonen er ein av mange aktivitetar vi driv med som er viktig for samhaldet i bygda. SOSIALT OG SAMLANDE Kvalheim fortel at dei ofte har kalla inn til denne dugnaden på kort varsel, men at bygdefolk har stilt opp mannsterke. Eg meiner vi har vore rundt 40 personar samla, og folk stiller med både traktorar og ATV. Grendalaget stiller med grillpølser, kaffi og kakao – slik at det har blitt ein kjekk kosedag i fjæra. At folk møtest og jobbar i lag gjer noko viktig med samhaldet her på Kvalheim. Her jobbar alle generasjonar i lag, og det har aldri vore problem med å engasjere folk. BYGDA KLAR TIL 17. MAI Dei siste par åra har det vore stort fokus på plast i fjæra, men vi har i grunnen drive med dette lenge. Eg hugsar til og med at dette var ein del av vårreingjeringa vi dreiv med på skulen. Det har alltid vore vanleg å ta eit felles løft for å rydde opp og pynte bygda før 17. mai. Ørjan presiserer at ikkje berre er Kvalheimsanden som får seg eit ansiktsløft. Vi ryddar og langs vegane og ved grendehuset. LETTARE Å BLI KVITT Når det gjeld plasten som rek i land i fjæresteinane meiner Ørjan at mengda er omtrent den same som tidlegare. Vi har fått vekk alt det gamle som har lege her, men kvart år

8

Vi ser at det nyttar, og spesielt er det mindre av det ”store” avfallet, som gjerne blir liggande i årevis, fortel Ørjan Kvalheim.

kjem det omtrent like mykje inn i den sørvest-vendte Kvalheimsanden. Ein vesentleg ting som er endra er at det er lettare å bli kvitt det herrelause bosset. Tidlegare måtte vi ta oss av avfallet sjølve, og ein god del gjekk opp i røyk. Sidan 2017 har kommunen tatt i mot alt skrotet på Vedvik gjenbruksstasjon. MOTIVERANDE Å PLUKKE I 2018 samla vi 150 -160 sekkar i tillegg til dei store tinga som ikkje gjekk i sekk. Då fekk vi vite om Friluftsrådet sitt engasjement og meldte alt inn til portalen «Hold Norge rent». I år samla vi inn 6-700 kg med plastavfall, i tillegg til store ting som kanner, rør og dekk. Alle sekkane merka vi med Naturvernforbundet sitt Kystlotteri, og vi var så heldige å vinne 5000 kroner. Sjølv om vi uansett ville gjort jobben, er det ein god motivasjonsfaktor og fin takk for innsatsen vår.

Fjordane Friluftsråd


Friluftsskulen gir friluftsglede Friluftsskulen er eit lågterskel ferietilbod for 10 – 13 åringar, som er blitt svært populært rundt i heile landet. Dette er ikkje ein leirskule, men aktivitetstilbod på dagtid – som varer i 3 til 5 dagar, med minst ei overnatting i telt, lavo eller gapahuk. Etter ei slik veke har ungane fått nye vener og nye positive opplevingar ute i naturen. Tilbodet er eit samarbeid mellom Friluftsrådet og Den Norske Turistforening (DNT). I 2019 vart det arrangert kystfriluftskular i Bremanger, Flora og Solund. Totalt har 61 born i alderen 9 til 13 år delteke på friluftskular i regi av Fjordane Friluftsråd og samarbeidspartar. 3 HOVUDTEMA Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og plikter som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass. Ei slik veke er likevel mykje meir enn tørr teori. Her får ein gode friluftsopplevingar tilpassa den plassen ein er på. GLEDE OG MEISTRING Målet vårt er at det skal arrangerast friluftskular i alle kommunane som er med i Fjordane Friluftsråd, fortel Bjarte Engevik. Barn og unge skal oppleve glede og meistring ved aktivitetar i friluft, og dei skal lære å verdsette den flotte naturen vår. I tillegg til typiske aktivitetar som padling, klatring, bading og fjellturar legg vi også inn økter med strandrydding. Barn og unge er blitt svært bevisste på dette arbeidet, og vil gjerne vere med og gjere ein forskjell.

FOR ALLE Vi legg vekt på at dette skal vere eit lågterskeltilbod, der alle har råd til å vere med. Deltakaravgifta for 3 dagars friluftsskule var i 2019 kr 950. Dette inkluderer frukost, formiddagsmat, middag og kvelds, eventuelle reisekostnadar med skyssbåt og felles frukt og godteri.

OBLIGATORISKE TEMA på friluftskule: • • • •

Allemannsrett og ferdselkultur Kartforståing Raste- og leirplass Tur eller ekspedisjon

KJEKKE AKTIVITETAR – tilpassa årstid og lokale forhold: • Bruk av kniv, øks og sag • Padling, roing og segling • Bading og aktivitetar i vatn • Fiske eller plukke bær, sopp og urter • Mat ute • Ski, skøyter og aking • Snøforming

Fjordane Friluftsråd

9


Sommarjobb for naturen Marie Hatteberg Leivestad (24) meiner at ho hadde draumejobben sommaren 2019. Som strandryddekontakt fekk eg vere på sjøen, jobbe fysisk og gjere ein god innsats for fellesskapet og naturen. Samtidig var det litt skremmande, for du fekk verkeleg dokumentert kor ille det er med plastavfall rundt i den fine skjergarden vår. Marie har vokse opp i Florø, og kallar seg sjølv fiskeentusiast. Ho har brukt mykje av fritida si på sjøen, både i Florø og ikkje minst på sommarhytta i Risør. Eg har sjølv merka at det har skjedd store endringar, og er blitt meir og meir bevisst på problemet med plast i havet. REGISTRERTE OG PLUKKA Sommarjobben som strandryddekontakt i Fjordane Friluftsråd, som ho delte med Mats Hovland frå Eikefjord, gjekk i hovudsak ut på å lokalisere kva for øyar og stader ein fann store mengder plastavfall. Deretter var vi med og organiserte storaksjonar. Samtidig hadde vi og i oppdrag å plukke avfall på øyar og rundt fastlandet – der det var mogleg for oss å klare det. DOKUMENTERTE AKSJONANE Marie og Mats disponerte ein mindre båt, slik at dei kom seg rundt i skjergarden for å dokumentere. Vi gjekk i land og skaffa oss oversikt over kva som låg strødd rundt om i fjæresteinane. Det var viktig å dokumentere kva som låg av plast og anna avfall, for å organisere aksjonar. Under aksjonane dokumenterte vi mellom anna ca. kor mange kilo som vart plukka, kor mange timar ein brukte på aksjonane og kor mange som var med. Det var ein fantastisk jobb å få vere med på, og eg tar gjerne ein ny slik sommar.

10

«Framtida for havet og skjergarden er avhengig av oss forbrukarar og korleis ein oppfører seg i naturen.» MARIE HATTEBERG LEIVESTAD

GÅR INN I NÆRINGSKJEDA Marie fortel at ho har følgt eit anna selskap «In the same boat» frå starten av, og har tidlegare vore med på ryddedagar. Eg har sett korleis plasten endrar naturen og tar del i næringskjeda, men og i det naturlege friluftslivet som kvar enkelt kan ta del i. Plasten høyrer ikkje heime i naturen, og det er alltid fint å sjå folk som tar med seg søppelet sitt. Noko av det som stadig overraska oss som reiste rundt i vikar og strender var dei store mengdene som låg gøymt i graset langt oppe på land, i tillegg til alt i strandkanten.

Fjordane Friluftsråd


ER BLITT FLINKARE Marie hadde sommarjobben i 2 månader og fortel at det har gjort noko med ho. Eg er blitt meir merksam på kva eg handlar, og eg prøver å få andre til å tenke over kva dei handlar. Eg er blitt mykje flinkare på å bruke drikkeflaske som eg kan fylle på og prøver å unngå eingongs koppar og liknande. Eg legg sjølvsagt meir merke til søppel i naturen, så engasjementet er framleis på plass. NYTTIG LÆRDOM Det var veldig kjekt å ha ein jobb der ein gjorde nytte for seg og samtidig bli meir kjend i Floraskjergarden. Samtidig var det nedslåande og sjå kor mykje plast som låg igjen etter at vi hadde plukka. Ting går i oppløysing og det er umogleg å klare å få med seg alt. Spesielt når plasten smuldrar opp i små bitar, blir det ei håplaus oppgåve. Denne hausten har Marie vore på utveksling i Australia. Her vektlegg dei ei berekraftig planlegging, som er spennande og lærerikt for meg å ta med vidare. No gjer ho seg klar for å skrive masteroppgave i «By og regional utvikling» i 2020. ALLE KAN GJERE LITT Framtida for havet og skjergarden er avhengig av oss forbrukarar og korleis ein oppfører seg i naturen, er Marie si klare tale. Det er mykje plast frå flere tiår tilbake, frå andre land, frå eit uhell, frå ein gåtur på fjellet med Kvikk Lunch for eksempel. Det er mange uhell, men også plast som er lagt i havet eller i naturen med vitande vilje. Ryddeoppdrag bør skje kontinuerlig, presiserar Marie. Om vi ser alvoret og kor mykje plast påverkar dyrelivet i sjøen og dyrelivet på jorda generelt, kan alle vere med og ta del i ryddeprosjektet. Dersom alle som befinner seg i naturen, på byen, på fjellet, på

Vi kan alle gjere litt, seier Marie som rydda mange viker og strender i Floraskjergarden sist sommar.

havet, på veg til jobb tar med seg avfallet sitt – så kan det hjelpe veldig på kor store mengder plast som endar i havet. Det er viktig å spreie informasjon og vise kor mykje plastikk som fins der ute.

RESULTATA FOR 2019 Målet vårt er 100 tonn med marint avfall i 2019 – 2020, og så langt ligg vi godt an med 54 tonn i 2019. Det er ikkje vi som jobbar eller sit i styret i Fjordane Friluftsråd, men dei fantastiske frivillige som skal ha takk for den store innsatsen med strandrydding. Vi er utruleg takknemlige for dei frivillige sin innsats og engasjement for å ta vare på fjordane og kysten av Sogn og Fjordane. Takk også til alle lokale organisasjonar og oppdrettselskap som har vore ei kjempestor hjelp til å hente og levere alt avfallet!

Tal frivillige

1 214

Ca. meter rydda 40 484 Ca. kg rydda

54 105

Vi har ikkje berre rydda strendene i 2019 – vi har helde mange foredrag, presentasjonar, workshops, kunstutstillingar med lokale skular og organisasjonar som førebyggjande tiltak mot marin plast. På eit av dei verste strendene vi har vore bort i fekk vi god hjelp frå Nordhordland Folkehøgskule. Skular og ungdommar er viktige ressursar i arbeidet med strandrydding. Vi vil og takke Miljødirektoratet og Plastposefondet for finansiering, og håper vi kan fortsette å støtte lokale lag og organisasjonar med den framtidige ryddinga på kysten og i fjordane våre.

Fjordane Friluftsråd

11


Strandrydde-ekspedisjon frå Selje til Solund - med fiskebåten Barstein

Ekspedisjonen frå Selje til Solund var ei viktig reise for mange umgdommar. Dei blei bevisste på plastproblemet og gjorde ein forskjell for naturen i Sogn og Fjordane.

Fjordane Friluftsråd inviterte folk til å vere med på ein fem-vekers ekspedisjon, med fiskebåten Barstein som base, buplass og arbeidsplass. Resultatet var overveldande. Prosjektleiar Victoria Slaymark er svært takknemlig for alle dei frivillige frå heile verda og alle dei lokale, som var med på ekspedisjonen og som hjelpte til undervegs. Deltakarane har vore engasjerte og nysgjerrige – og svært motiverte til å både lære om havet og plastforureininga – og ikkje minst til å gjere noko med det. Fjordane Friluftsråd vil spesielt Oppsmuldra plast er ei nesten takke Barstein AS og skipperen håplaus oppgåve å løyse. Erik Gåsvær. Han er glødande opptatt av å ta vare på havet og ressursane i havet – og gjorde denne ekspedisjonen mogleg for oss. Fiskebåten Barstein og den lokalkjende fiskeskipperen gjorde denne ekspedisjonen til ein stor suksess. Ikkje berre fekk vi plukka mykje boss, men alle fekk lære om havet og fekk servert nydeleg kortreis mat om bord.

EKSPEDISJONSTID 16. SEPTEMBER – 25. OKTOBER • 38 strender fekk besøk • 29 dagar ute på aksjon • 127 timar med strandrydding • 133 frivillige deltakarar • 35 nasjonalitetar involvert • 10 km strender vart rydda • 20 – 25 tonn avfall vart plukka • 6 kommunar var involverte

Miljødirektoratet stod for finansieringa av ekspedisjonen, som vi meiner har vore til stor samfunnsnytte – både som læringsarena og praktisk opprydding av strendene frå Selje til Solund.

FJORDANE FRILUFTSRÅD

Kommunehuset, pb.73, 6924 Hardbakke Telefon: 994 87 500 · E-post: bjarte@friluftsrad.no

www.fjordanefr.no

/fjordanefriluftsrad

Trykt på miljøpapir. A til Å - www.atilaa.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Fjordane Friluftsråd by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu