Det handlar om 250 nye arbeidsplassar
Vi treng areal NO! Skal oljetoget suse forbi Florø og Sogn og Fjordane?
ROTA
Nytt forslag
bergar Rota Vi ønskjer - fleire arbeidsplassar i Florø - å gje oljeselskapa sjansen å etablere seg i Florø - å utvikle oljebasen i Florø
a Bl
Skal vi få folketalsutvikling og fleire arbeidsplassar må vi ta tak for industriutvikling i kommunen. Meiningane om korleis dette skal løysast kan vere ulike, men vi må ta diskusjonen no. Vi har ikkje råd til å vente.
om
Vi har - nær 600 arbeidsplassar på basen - oljeselskap som ønskjer utvikling
Oljebasen må
VEKSE
Utviklinga har gått raskt, og skal den fortsette må vi utvide arealet, og det hastar. Vi kan ikkje risikere at dei store oljeselskapa flyttar frå eller byggjer ned i Florø, på grunn av plassmangel. Med ei rask forlenging av basen mot vest, kan vi få på plass 250 arbeidsplassar no. Skal vi vente på utgreiing og finansiering av areal austover går toget frå oss no. For å sikre nye arbeidsplassar og utvikling av basen må det ei rask avgjerd til. Dette har og stor betyding for å få på plass tilfredstillande læreplassar for Subsea-utdanninga. Avgjerd om utbygging må hen-
ge saman med ein finansieringsplan. For oss er ei storstilt utbygging mot aust for dyrt og tek for lang tid. Utbygging mot aust er ein langsiktig plan, som krev store investeringar, men som på sikt kan skape store ringverknader for industrien og vere eit avlastningsområde for basen. Vi har akutt behov for meir areal no. Vi kan finansiere ei utbygging av Fjord Base Vest mot vest i dag. Dette inneber ca 250 dekar, som direkte vil gje ca 250 arbeidsplassar, som igjen vil generere enno fleire arbeidsplassar og positiv folketalsutvikling for kommunen.
Kva og kvifor
Fjord Base Vest Arealet som vi kallar Fjord Base Vest ligg rett vest for oljebasen, på Galdholmen og Perholmen, og er dermed ei direkte forlenging av basen. Dette krev forholdsvis små investeringar, og gir oss gode logistikkløysingar. Heile aktiviteten blir samla rundt der vi er i dag, utan å øydelegge bybildet og Rota. Det er vi som har plassproblem og ikkje oljeselskapa. Difor hastar dette, slik at ikkje oljeselskapa flyttar aktiviteten sin til andre kommunar og fylke - der dei har betre plass.
Kvifor bygge
MOt VESt? ROTA
Skal vi vere konkurransedyktige ovanfor dei andre basane i Norge, må vi ha like rammevilkår og ikkje prise oss ut av marknaden. i dag er utvikling vestover det einaste økonomiske alternativet. Vi vil utvikle oss vestover, fordi det er mest rasjonelt med tanke på basetenester, gir best logistikk og raskast utbygging.
Kvifor ønskjer vi å bygge mot vest? Vi vil bygge ut Fjord Base Vest – eit område som vi kan finansiere. Dermed kan vi raskt få på plass 250 sårt tiltrengte dekar. Som alle ser er ikkje dette på Rota, men i området som er mot området til Fjordbase. Rota bør etter vårt syn nyttast til friområde, bustadområde eller andre samfunnsnyttige formål, men det er det opp til andre
enn oss å avgjere. For oss som kjenner bransjen, moglegheitene og økonomien er utbygging av Fjord Base Vest det einaste rette. Vi beklagar med ein gong viss nokon trudde at vi skulle «legge Rota flat». Grunnen til at planforslaget kom fram slik var at ein skulle tenke på moglege bustadområde. Vi ser
at dette var feil og forvirrande både ovanfor politikarane og folk i Florø. Dessutan kom fleire med innspel til oss, at vi måtte sjå heile Rota i samanheng når ein bygde bru til området. no ønskjer vi å fokusere på Fjord Base Vest som det einaste rette alternativet, altså området mot basen. Idéen å gå mot aust er ikkje realistisk for oss.
«Rota blir spart – vi bygger ut Fjord Base Vest»
Bl
a
om
Ein ny arbeidar på oljebasen gjer ringverknadar i lokalsamfunnet. Oppdragsmengda aukar og lokale leverandørar kan tilsetje fleire folk. Dette fører igjen til at Florø får eit auka folketal. I dag er det nesten stagnasjon når det gjeld folketalet i kommunen. Vi trur at ei rask utviding vil vere ubetinga positivt for denne utviklinga.
Fagforeiningane kjempar
for basen – og utvikling!
- No skjer det som vi har jobba for og venta på i 10 år. Det har nesten eksplodert her på basen, med stadig nye selskap som vil etablere seg, og dermed stadig nye arbeidsplassar, seier Alfred Bjarte Bruvik. Han er nestleiar i fagforbundet IndustriEnergi, og saman med dei andre 3 foreiningane NEGOTIA, LEDERNE og NITO representerar han så og sei alle tilsette i Saga Fjordbase. - Det er utruleg kjekt og inspire-
rande å oppleve ein slik spinn-off effekt av mange års innsats. - Vi som jobbar her er opptatt av å trygge eksisterande arbeidsplassar og å skape nye. Fylket har sagt at basen i Florø er oljebasen for Sogn og Fjordane, og då må ein tore å satse når ein har ein sjanse. Det er utruleg stort press på arealet vårt. Selskapa som kjem no får for lite areal både inne og ute. Då må vi rett og slett ta an-
svar for å skaffe areal, for det er nok av andre nord og sør for oss som vil ta imot dei. - Vi som jobbar her ser at det hastar, og ser at løysinga med utbygging av Fjord Base Vest er ei utbygging som kan komme raskt på plass, er representantane for dei tilsette einige om. - Vi må finne ei vinn-vinn løysing, som kan bevare Rota og samtidig skape vekst og utvikling.
Vi må finne ei vinn-vinn løysing som kan bevare Rota og samtidig skape vekst og utvikling. Det er no det gjeld, seier representantar for dei tilsette i Saga Fjordbase, f.v. Per Arne Solheim vara til styret i Saga Fjordbase, Alfred Bjarte Bruvik nestleiar i IndustriEnergi, Margrethe Nordal Sunde leiar i NEGOTIA, Rune Bortne nestleiar i NITO, Jens-Petter Weckhorst vara til styret i Saga Fjordbase, Martin Inge Kjerpeseth styremedlem i Saga Fjordbase, Martine Øren 2. klasse elev frå Flora VGS med faste arbeidsdagar på basen og Frode Book leiar for LEDERNE.
Oljeaktiviteten gir store og viktige ringverknader
om
a
Lufthamna i Florø ligg geografisk svært gunstig til for transport til og frå installasjonane offshore. Både Statoil og GDF Suez har helikopter på lufthamna. Utvikling av oljeaktiviteten i Florø har stor innverknad på flyplassen, både når det gjeld helikopter, fly og rutetilbodet - som igjen har stor betydning for Sunnfjord
Quality Hotel Florø - Vi har fullt belegg året rundt, fortel Erna på Quality Hotel i Florø. Hovudgrunnen til dette er utan tvil oljeaktivitet. Når det er stor aktivitet på basen er det full aktivitet her, smiler hovmeistar Erna Helland Hauge. Det er som kjent mange som reiser til og frå installasjonane i Nordsjøen frå Florø, og då krevst det også overnattingsplassar og ein plass for å ete.
Bl
Flora lufthamn Avinor kan vise til stadig nye rekordar i Florø, fortel lufthamnsjef Siv Merete Stadheim. Auka aktivitet på flyplassen genererer auka flytrafikk i alle himmelretningar. Frå Flora lufthamn kan ein no ta direktefly til Oslo, Bergen og Stavanger, i tillegg til helikopter til oljeinstallasjonane i vest.
Det handlar om 250 nye arbeidsplassar
Vi treng areal NO! Skal oljetoget suse forbi Florø og Sogn og Fjordane?
ROTA
Fjord Base må vekse Vi ønskjer å utvide mot vest som vi meiner er det rimlegaste alternativet og som gjer basen konkurransedyktig. Dette gjer at vi kan komme raskare i gang med utvidinga og ikkje hamne i tidsnaud. Då kan vi risikere å miste oppdrag og arbeidsplassar til andre konkurrentar i norge.
Vi ønskjer - fleire arbeidsplassar i Florø - å gje oljeselskapa sjansen å etablere seg i Florø - å utvikle Fjord Base Vest vestover - støtte opp om SUBSEA-utdanninga Vi har - nær 600 arbeidsplassar på basen - oljeselskap som ønskjer utvikling - areal som raskt kan byggast ut
www.fjordbasevest.no A til Å - www.atilaa.no • Foto: Harald M. Valderhaug, iselin Valvik, Anita øygard, Oskar Andersen, Jan Otto Hovden, trond Sagen.
> Fjord Base Vest