Skip to main content

Les lurt 3 nyn

Page 1


Les lurt

Lesing er fleire forskjellige ting:

• å bli lesen for

• å lære å lese

• å lese for å oppleve

Til dei vaksne

I denne boka går det føre seg veldig viktig arbeid med fagtekstar. Det handlar om hjernefrys, snabelsko, kroppens orkester, tornadoar og mange andre ting som ungar diggar. Les lurt er boka til ungane.

Du som er vaksen, kan også få bli med, men berre dersom du bruker dei lure lesetriksa:

• å lese for å lære I skulen handlar lesing mykje om å lese for å lære. I denne boka får elevane enkle strategiar for å lese lurt.

• Sjå på overskrift og bilete før du les.

Lesing er grunnsteinen i all læring.

• Spør deg sjølv om du kan noko om temaet frå før.

• Finn viktige nøkkelord.

• Bruk orda til å svare på spørsmål til teksten eller skrive tekstar.

• Tenk igjennom kva du synest om teksten, og kva du har lært.

Bruk også lesetriksa når du samanliknar tekstar. Kva er likt, og kva er ulikt? Samle funna i eit venndiagram, og vips så har du full oversikt.

Blei du nysgjerrig på noko? Var det noko du ikkje forstod? Finn ut av det saman med ungane.

Dette er DI bok. Her lærer du å lese lurt.

4 Meg sjølv – før og no 6 Krystallar av snø og is

Hjernefrys

Snabelsko 12 Bursdagar året rundt

Gullauge og husedderkopp 16 Kroppens orkester 18 Sjå mot skyene 20 Det regnar froskar

22 Kvinna som sneik seg inn på OL 24 Skjerpiplerke og lappiplerke 26 Kampen om mandelen

Pinnedyr

Jenta med verdsrekorden

Honningbie og veps

Intervju med Erik

Kliss, pang, popkorn! 38 Solsikkekonkurransen 40 Haukeparet i Gammalskogen

Jack på jernbanen

Livet og døden til stjernene

Pliosauren

Ida

Dukanteikneog

skrive rett i boka.

HjernefrysHjernefrys

Det er sommar, det er sol, det er steikjande varmt. Du kjøper deg ein nydeleg, kald is.

Men AU! Du har fått hjernefrys!

Visste du at hjernefrys også blir kalla iskremhovudpine?

gane:taket i munnen

Den kalde isen treffer ganen og gjer han iskald. Då blir blodårene der først smalare og så plutseleg større igjen. Hjernen trur at det er noko gale, og sender ekstra mykje blod dit for å varme opp. Det går veldig fort, og derfor kjennest det

ut som ei plutseleg, skarp hovudpine.

Det varer heldigvis ikkje lenge, og det finst triks for å få bort smerta endå raskare:

Drikk noko som er lunka, eller varm ganen med tunga di.

Et isen sakte, då er det mindre sjanse for hjernefrys. Prøv det neste gong!

Set ring rundt fire viktige ord i teksten, og skriv dei her.

Skriv om hjernefrys. Bruk nøkkelorda dine.

Kvafornokreiskremsmakar finn du?

sjokoladevanilje

b a nanskogsbærjo rdbær
pistasjsitron c a ppuccino

karamellm a ngolakrisbrin gebær

Kvifor? Forklar med éi setning.

Kor mange iskuler vil du gi teksten?

Les tekstane og set ring rundt nøkkelord.

Gullauge

Gullauge er insekt med seks bein og to auge som skin som gull. Dei kjem ofte inn i hus om hausten for å overvintre.

Gullauge lagar stilker som dei festar egga sine på. Larvane til gullauge er piggete. Dei blir kalla bladlusløver, fordi dei elskar å ete bladlus.

For å ikkje bli oppdaga kamuflerer dei seg ved å dekkje piggane med huda til døde bladlus.

Vaksne gullauge et pollen, nektar og honningdogg. Honningdogg er søt saft som kjem ut av rumpa på bladlus.

kamuflere: gøyme eller skjule

Husedderkopp

Husedderkoppar er store, snille edderkoppar med åtte bein og åtte auge. Dei kjem inn i huset om hausten og trivst best i kjellaren.

Edderkoppnettet er forma som ei trakt. Når småkryp går inn i trakta, set dei seg fast og blir mat.

Når edderkoppane har para seg, blir hannen eten av hoa. Så spinn hoa ein silkekokong til egga ved sida av nettet.

kokongen med støv og passar på egga til dei blir klekte.

Husedderkoppen har to lange spinnevorter som stikk ut bak bakenden.

Skriv det som er likt og ulikt.

LIKT

GULLAUGE HUSEDDERKOPP

Kven kan seie dette? Set kryss.

Eg har seks bein.

Eg har åtte bein.

Eg et saft frå rumpa til bladlus.

Då eg var larve, var eg piggete.

Eg liker å bu med menneske om vinteren.

Eg fangar maten min med spindelvev.

GULLAUGE HUSEDDERKOPP

PINNEDYR

Les teksten om meg.

Insektet som gjemmer seg

PINNEDYRET SOM LEKER MAUR

PINNEDYR

Insektet som gøymer seg

De forskjellige typene pinnedyr har helt ulike måter å gjemme seg på. Et av dem later som det er en maur. Pinnedyr-egget klekkes inni en maurtue. Så kommer et lite mini-pinnedyr ut. Pinnedyret oppfører seg og ser akkurat ut som en maur, før det klatrer opp i et tre og blir til et voksent pinnedyr.

Pinnedyr er insekt som lever vilt i tropiske strøk. Det finst 3000 ulike typar. Pinnedyra er ekspertar på kamuflasje. Det inneber at det er vanskeleg å få auge på dei. Dei ser ut som kvistar! Men sjå nøye etter: Kvisten har små bein! Og plutseleg begynner eit blad å røre på seg. Eit blad med seks bein! Det vitskapelege namnet til pinnedyr tyder «spøkjelsesinsekt».

som gjemmer seg

Friske urter, for eksempel basilikum og sitronmelisse

Det er fort gjort å få over 100 pinnedyr!

Pinnedyret legg små, brune egg. Ut av pinnedyr-egga kjem det bitte små pinnedyr, omtrent på storleik med fingertuppen din. Pinnedyr klonar seg sjølv. Det vil seie at dei får ungar som er 100 prosent like seg sjølv. Viss du ikkje vil ha så mange pinnedyr, kan du plukke opp egga og kaste dei. Då vil dei ikkje vekse opp til å bli pinnedyr.

KAN PINNEDYR SNAKKE?

VERDENSREKORDHOLDEREN!

KOSEFAKTOR 0-10: 0

Pinnedyr er ikkje kosete. La dei krype opp på handa di. Dei kan lett bryte beina, så ver forsiktig!

Pinnedyr lagar ingen lydar, men gjer andre ting! Dei har ein kamuflasje-dans. Då svingar dei kroppen fram og tilbake og lèt som dei vaiar i vinden, akkurat som ein kvist med blad. Dette kallar vi pinnedyr-dans.

Verdens lengste insekt er et rundt 50 centimeter langt pinnedyr. Det er dobbelt så langt som denne boka. Pinnedyret heter Phobaeticus kirbyi og lever i regnskogen på øya Borneo.

I

Ferske blad frå kvistar, til dømes eik, rips eller bringebær

Friske urter, til dømes basilikum og sitronmelisse

PINNEDYRET SOM LEKER MAUR

Dette oppslaget har innhald frå boka Den store boka om kjæledyr.

TRIVST BEST:

Fleip eller fakta? Trekk strek til rett stad.

Pinnedyr kan snakke.

Pinnedyr trivst i norske skogar.

Pinnedyr legg brune egg.

Pinnedyr er glade i urter.

Pinnedyr liker å bli sett.

Pinnedyr har åtte bein.

Pinnedyr kan klone seg sjølv.

Veit du om nokon dyr som har kosefaktor 10?

KORLEIS OVERTALE FORELDRA DINE TIL Å SKAFFE PINNEDYR?

KORLEIS OVERTALE FORELDRA DINE Å SKAFFE PINNEDYR?

Skriv gode og dårlege argument for å få pinnedyr.

Vi burde skaffe oss pinnedyr fordi …

GODT ARGUMENT: «Vi kan nesten ikkje merke pinnedyret. Det bråkar ikkje og sit o e heilt stille.»

DÅRLEG ARGUMENT: «Vi skal få hundre pinnedyr! Eg veit korleis.»

67

67

Les teksten. Set ring rundt spørsmålet du skal svare på.

Solsikkekonkurransen

– eit matteproblem

Kløver og Knopp plantar frø i hagen.

– Eg lurer på kor høg solsikka mi blir før ho visnar, seier Kløver.

– Eg trur mi solsikke blir høgare enn di, svarer Knopp.

Dei bestemmer seg for å konkurrere om kven som får den høgaste solsikka.

10. mai plantar dei kvart sitt frø. Ei veke seinare har berre Knopp sitt frø spirt, men spira er berre 3 cm høg.

– Ja! Eg vinn, roper Knopp.

– Det er ikkje sikkert, svarer Kløver.

1. juni har Knopps solsikke vakse 27 cm sidan dei målte sist.

Kløvers har også begynt å vekse. Den er 31 cm lang.

– No er mi blitt lengre enn di, ler Kløver. Knopp furtar.

Ein månad seinare har begge solsikkene vakse 100 cm til. I august har solsikkene blitt dobbelt så høge som dei var 1. juli.

No blomstrar solsikkene og har slutta å vekse. Kløver og Knopp ser på solsikkene sine og på kvarandre. No veit dei kven som har vunne konkurransen.

Veit du kor høge solsikkene deira er?

Skriv spørsmålet du skal svare på, her.

Marker informasjonen som er viktig for å kunne svare på spørsmålet.

Bruk gjerne ein markeringstusj.

Teikn deg fram til svaret.

Rekn ut svaret.

Skriv svaret på spørsmålet med éi setning.

Les teksten og set ring rundt nøkkelord.

James Edwin Wide jobba på jernbanen i

Sør­Afrika i 1880­åra. Han mista begge beina i ei ulykke, der han skulle hoppe mellom jernbanevognene. Han trong hjelp på jobben. Derfor kjøpte han ein bavian, som fekk namnet Jack.

Jack lærte seg å trekkje i spakar og styre signala når toga kom. Han følgde nøye med og gjorde aldri feil. I lønn fekk han 20 cent og ei halv flaske øl i veka.

Folk trudde først det var farleg å ha ein ape på jobb, men etter testar fekk Jack faktisk lov til å halde fram. I mange år hjelpte han Wide med å sørgje for at toga køyrde trygt.

Ein ganske uvanleg kollega!

Bruk nøkkelorda dine og svar på spørsmåla.

Kva heitte apen?

Kvifor fekk han jobb på jernbanen?

Kva fekk Jack i lønn?

Jack har fått lønning. Kva kjøper han for pengane?

Forklar ordet på din måte.

Fortset mønsteret. Fargelegg togvognene.

Korleis tenkte du? uvanleg

Lesing er fleire forskjellige ting:

• å bli lesen for

• å lære å lese

• å lese for å oppleve

• å lese for å lære

I skulen handlar lesing mykje om å lese for å lære. I denne boka får elevane enkle strategiar for å lese lurt og hugse det dei har lese.

Lesing er grunnsteinen i all læring.

Ha det gøy og Les lurt!

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Les lurt 3 nyn by Aschehoug Utdanning - Issuu