Skip to main content

Jul i Vågå

Page 1

Ein heil månad med aktivitetar Næringsliv, lag og foreiningar har slått ring rundt «Jul i Vågå» og byr på eit hav av aktivitetar.

Produserer tonnevis med mat

Førjulstida er ekstra travel hjå Moens Kjøttforretning. Vi har fått lov til å vera med inn i produksjonslokalet. side 9,10 og 11

Går i fakkeltog kvart einaste år Kvart år ber Nuggebadarforeininga inn til fakkeltog for å heidra Peder Knudsen. Han skreiv melodien til «Jeg er så glad hver julekveld». side 16 og 17 Foto: Stein Holen


2

jul i vågå

NorddaleN

Velkomen til Jul i Vågå Vågå ynskjer å skape ei triveleg og innhaldsrik førjulstid og julehøgtid både for både våre eigne innbyggjarar og tilreisande. Vågå har gode føresetnader for å lage ekte julestemning gjennom eit triveleg og kompakt sentrum som dannar fine kulissar for vår eiga «skomakargate». Vi har ei rik historie og kultur-

arv, og ikkje minst eit lokalsamfunn som har teke imot satsinga på strak arm. Fleire aktørar har tradisjon for å arrangere ulike aktivitetar og arrangement i samband med jula; det er allereie mykje som skjer. Ved å samordne eksisterande arrangement og tilføre fleire aktivitetar, har vi resultatet her: Eit inn-

haldsrikt juleprogram! Vi har fått mykje positiv respons på initiativet, noko denne juleavisa er eit bevis på, og vi vil takke alle som bidreg inn i vårt felles juleprogram. Jul i Vågå er ei langsiktig satsing. Vi får ikkje til alt på ein gong, men vi ynskjer å bygge kvalitet og merkevara «Jul i Vågå» over tid i sam-

arbeid med næringsliv, friviljugheita, kommunen og enkeltpersonar. Vi håpar og trur at alle- små og store- vil finne noko interessant her. Kjære vagverar, norddølar og tilreisande: Riktig god førjulstid!

samaN skapar vi jul i vågå Det lir mot juletid i fjellbygda Vågå og vi førebur oss på jul. For fyrste gong skal vi arrangere Jul i Vågå og det er gledeleg å sjå den enorme responsen dette har fått. Det har skapt engasjement og aktivitet langt utover det vi kunne håpe på. Saman skapar vi Jul i Vågå! I tillegg til stemningsfull julehandel i butikkar og buer, vil du treffe nissar, det blir

sledeturar, rebusløp, song, korpsmusikk, og mange andre aktivitetar for små og store. Tufta på det ekte og nære håpar vi å gje alle ei stemningsfull førjulstid i Vågå. Gledeleg jul alle saman. iselin vistekleiven Ordførar Vågå kommune

Jul i Vågå gis ut av Norddalen, Storgata 19, 2670 Otta, i samarbeid med Vågå kommune. Ansvarlig redaktør: Helene Hovden.


NorddaleN

jul i vågå

Sølvkupp!

Vi på møllebutikken i Vågå

-20%

håper alle får ei fin førjulstid og ynskjer velkomen innom for ein triveleg julehandel. Vi har mange fine gaver til store og små!

på sølvbestikk

Med forbehold om trykkfeil

Gjeld til 8. desember

Laurdag 8. desember har vi ekstra gode tilbud.

Gavesett Avène Cold Cream 90

119

Verdi 219,80

Gavesett Vichy Neovadiol

39990 Verdi 511,-

Gavesett My Payot

34990 Verdi 610,-

www.norgesfor.no/ottadalen Avd. Lom 61 21 18 20 Avd. Vågå 61 23 70 72

Tilbudene gjelder t.o.m. 26.12.2018, så langt beholdningen rekker.

Apotek 1 Vågå. Vågåvegen 47. Tlf. 61 23 75 30. Åpningstid: mandag-fredag 9-17, lørdag 10-15.

Julematen handler du på Mega Vågå! HEIMLÅGÅ SYLTE

295,pr. kg

Søndagsåpent 16. og 23. desember kl. 14.00 - 18.00

Coop – litt ditt I Coop får du kjøpeutbytte på alt du handler. Mer informasjon om de ulike fordelene finner du på: coop.no

Fra mandag 3. desember får vi nye åpningstider: Mandag - fredag 07.00 - 23.00 Lørdag 08.00 - 21.00

OPPSKRIFTER, TIPS OG INSPIRASJON: mega.no

3


4

jul i vågå

NorddaleN

gler seg som ein unge: Nissemor og nissefar går travle dagar i møte.

Nissen er travel i desember Nissemor og nissefar får ei hektisk førjulstid i år. Ikkje berre skal dei delta under julegateopninga i Vågåmo, dei skal også ha aktivitetar for ungane kvar laurdag i heile desember. – det kan nok tenkjast at nissefar kjem også, vi må prøve å fordele arbeide som best vi kan, seier Nissemor i det ho svingar seg rundt lasaronstolpen. Nissemor og nissefar har sagt ja til å ha opplegg med barna som er i Moom kvar laurdag fram til jul. – Det blir lagt opp til ulike aktivitetar, og vi skal prøve å finne på mykje moro, smiler nissemor og tek seg ein liten svingom rundt torgboda. årets julegateopNiNg blir litt forandra i forhold til korleis opplegget har vore dei siste åra.

Julegateopninga begynner med julegrantenning på Moajordet før julenissen fører an og alle går i samla flokk opp til kommunehuset der den store julegrana skal tennast. Det kan vera lurt å sjå seg godt om undervegs, for det kan tenkjast at nissen har gøymt unna noko langs ruta. For å sleppe brannfaren som faklane medfører har dei i år bestemt at det i staden skal setjast ut fakkelboksar langs ruta som opptoget skal gå. Når alle er komne til kommunehusplenen blir det musikk ved Vågå og Lalm Musikkforeiningar. Det vil også bli ser-

vert graut og gløgg, samt gåver til barna. etter julegateopNiNga blir det teater i kulturhuset. Førestillinga "Snekker Andersen og Julenissen" av Alf Prøysen har lagt turneen sin om Vågå i år. Dei fleste kjenner vel eventyret om familiefaren som på veg til skålen for å ta på seg julenissedrakta, kolliderer med ein annan i julenissedrakt. Han seier han er julenissen, og kanskje dei skal bytte? Julenissen går til snekker Andersens barn og snekker Andersen går til julenissens. Med i førestillinga er «Romjulsdrøm»,

«Musevisa», «Julekveldsvisa» og mange fleire av Prøysens udødelege songar. Nissemor tykkjer at førjulstida er fin. Da er ho og nissefar i sitt rette element, sjølv om det kan vera travelt med alt som skal ordnast før jul. – Det er triveleg at vi kan få til eit opplegg som gjer at vi har tid til å treffe ungane før jul. Nisser gjer noko med ungar, ja vaksne og for den del, smiler nissemor og dansar seg heimover. Neste gongvi ser henne er kanskje på julegateopninga?


NorddaleN

jul i vågå

5

strikkedugnad: Ivar Vistekleiven, Anne- Mari Sandvær, Atle Kjærvik, Live Visdal, Ragnhild Tovsrud og Gry Johanne Myren er klare til å gjera ein innsats på

nisselua.

foto: Privat

Strikkar nisselue Tessand Grendelag ber inn til gamledags juleverkstad. Dei har også tatt mål av seg om å strikke Vågås lengste nisselue. greNdelaget slår på stortromma når dei inviterer til juleverkstad laurdag 8. desember. Her blir det høve til å lage julekurver, fuglekasser og peparkaker med spesiallaga former frå Oppland Stål. Det blir gang rundt juletreet og nissemor vil koke nissegraut. Leiar i grendelaget, Ivar Vistekleiven, håpar på stor oppslutnad. – Vi håper at dette skal fengje mange, ikkje berre dei i Tessandkretsen. Dette arrangementet er ope for alle, seier Vis-

tekleiven. Han tykker det er ekstra moro at ei bedrift som Oppland Stål har sagt ja til å stille med spesiallaga peparkakeformer. da greNdelaget hadde planleggingsmøte i midten av november la dei opp ein bunding som skal gå på rundgang i grenda fram mot juleverkstaden. Grendelaget har tatt mål av seg om å strikke Vågå`s lengste nisselue. – Denne bundingen skal nå gå på om-

gang, og det er Kjersti Reksen som har fyrste etappe, fortel Vistekleiven som er førebudd på å ta sin del av stafetten. – Vi håpar å kunne leggje fram ei lang og fin lue på juleverkstaden som mange har sett sitt preg på. vistekleiveN skryt av grendeånda på Tessand. – Det er altså så stor glød blant folk at det berre er stas å vera leiar. Vi har så mange flinke folk som alle er dyktige på

sine vis. Det brukar vi for alt det er verdt, seier leiaren. helga før, sundag 1. desember, blir det fakkeltog og julegrantenning i den vesle grenda. Vistekleiven fortel at fakkeltoget vil starte ved «gammel- bua» og gå over Sandom. Her blir juletreet ljossett før alle går inn til kaffi og litt musikalsk underhaldning.


6

jul i vågå

Julebukkball på klubben juNiorklubbeN i Vågå har tatt opp att tradisjonen med julebukkball. Kvart år er det godt oppmøte av ukledde bukkar som kjempar om å bli kåra til kveldens beste utkledde. Ungdomskonsulent Jørgen Vole lovar mange fine premiar. I år er datoen for julebukkballet sett til 13. desember, på sjølvaste Luciadagen.

Julerebus i Moom julegateopNiNga er også startskotet på julerebusen. Stein Holen fortel at det vil bli hengt ut 12 postar inne i bedriftene/butikkane i Vågåmo. På den eine sida er emblemet til Jul i Vågå slik at dei skal vera gode og kjenne att. På baksida står det ein bokstav. Desse bokstavane skal saman danne eit ord. Når ein trur ein har løysingsordet kan ein levere svaret sitt til ein av butikkane før jul. Trekninga vil finne stad på nyttårsaftan.

NorddaleN


NorddaleN

jul i vågå

Dei skal spreie julestemning i Vågå

Schjølberg og Gårdens julekonsert

etter Nokre års pause er Rimrose no klare for å spreie julestemning rundt om i Nord-Gudbrandsdal, deriblant i Vågå kyrkje. Torsdag 6. desember er datoen då Rimrose saman med Skjåk Songlag skal synge jula inn i bygda. Det er dei lokale utøvarane Hildegunn Hovde, Aslak O. Brimi, Ole Jonny Bekkemellem og Geir Thorud som utgjer «Rimrose». I 2014 tonesette dei et utval dikt frå norddalen med tekstar av mellom anna Ørjasæter og Bruheim. Noko det blei plate og julekonsert av. Etter nokre års pause, er Rimrose saman med fleire lokale kor nå klar for nye julekonsertar i distriktet. Eit knippe av Rimrose sine songar er arrangert for kora, og dei skal opptre saman og kvar for seg.

for første gang skal Leif Inge Schjølberg og Dag Gården spele julekonsert. Det skjer i Vågåkyrkja 29. desember. – Det er faktisk første gang vi spelar romjulskonsert. Vi gler oss og håper mange kjem på konserten, seier Schjølberg. Han fortel at det blir noko julemusikk, men også andre sjangrar. – Det blir noko tradisjonelt og noko nykomponert, seier han. Dersom romjulskonserten blir ein suksess, ser ikkje Schjølbeg bort frå at dette er eit konsept dei kan gjere opp att seinare.

Vågå songkor skal halde sin 50. julekonsert det blir ei hektisk førjulstid for Vågå songkor. Den 14. desember deltar de på julekonserten med Chris Medina og Erik Næss. Men det stoppar ikkje der. På langt nær. Den 22. desember blir ein heilt spesiell dag for koret. Då skal dei halde sin 50. julekonsert i Vågåkyrkja. – Det blir ein tradisjonell julekonsert, men sjølvsagt blir det litt ekstra og, seier Guro Frydenlund i Vågå song-

kor. Ho fortel at det mellom anna skuleborn skal delta på julekonserten. Nokre solonummer blir det og. – Vi kan ikkje avsløre alt enno, men håpar at mange kjem på konserten. Den startar klokka 19.00, seier Frydenlund. Vågå songkor blei stifta i 1923, og kan dermed markere 100 år i 2023. Koret har slite noko med rekrutteringa dei siste åra, men nå er denne trenden snudd.

7


8

jul i vågå

NorddaleN

VELKOMMEN INNOM for handel og inspirasjon.

Gjenbrukshandel er kreativt og morsomt, miljøvennlig og bra for lommeboka di!

ÅPNINGSTIDER VÅGÅ Torsdag og fredag 10-18 Lørdag 10-16

Brennvegen 3, Vågå. Tlf. 454 72 613

Når du blir lei av julematen! Vågå burger´n m/ost, bacon, løkringer og glaze

Nystekt pizza

Din lokale elektriker i ottaDalen Vi tilbyr blant annet: • Intallasjon i privateog næringsbygg • Landbruksinstallasjoner • Industri • Hytter og fritidsboliger • Brannvarsling • Fiberinstallasjoner

• Belysning • Smarthusløsninger/Knx • Elbilladere • Varmestyring • Feilsøking • Elkontroll og termografering • Enøk rådgiving

Ring oss eller besøk vårt kontor. Vi nås på telefon hele døgnet.

Vi har hamburgere, nystekt pizza og annet. MYE GODT!

Vågå

Tlf. 61 23 85 28

Distriktets forhand forhandler av Kia og Citroën Kia SpoRtagE CitRoën bERlingo pERSonbil Kia niRo HybRiD

• Vi er et moderne Meca-verksted med karosseri- og lakkavdeling. • Reparerer alle bilmerker. Ruteskift. EU-kontroll

CitRoën bERlingo Van


NorddaleN

jul i vågå

Vil du hå ei kjøttkaku På ein travel førjulsdag kan dei gjera 450 kilo kjøttkaker. Likevel blir dei aldri lei den legendariske «Hjalmar-kjøttkaku».

9


10

jul i vågå

NorddaleN

2

3

4

– vil du hå ei «kjøttkaku»? midt i Moom, men likevel godt gøymt i ei sidegate, ligg Moens Kjøttforretning. Dei kvite bokstavane på den svartbeisa veggen viser veg inn i familiebedrifta der tredje generasjon triller kjøttkaker i takt med julestria. Det er ikkje kvardagskost at ein journalist får audiens her. – Eg trur du er den andre. Vi har nok ikkje ordet på oss for å vera veldig glade i PR, skrattar Hildegunn Steinehaugen og viser veg inn i det aller mest heilage. historia om kjøttforretninga går tilbake til spelemannen, komponisten og pølsemakaren Hjalmar Moen. Svein, son til Hjalmar og Hanna, hugsar godt den tida dei budde og dreiv pølsemakeri på Vågå Handelsforeining. Den tida var det stor aktivitet på Vågå Handelsforeining og familien budde i eit hus som stod mellom handelsforeininga og der Bjørn Husehaugen hadde frisørsalong inntil nyleg. – Far begynte fyrst i bakeriet før han vart pølsemakar, fortel Svein som driv verksemda i dag. Som han sjølv seier «han er oppvakse i pølsemakeriet». I 1964 flytta Hjalmar Moens Kjøttforretning inn i dagens lokale. – Da hadde bestefar tatt på seg nok spelejobbar til at han kunne starte her, fortel Hildegunn. Sjølv om lokala er dei same har nok arbeidet endra seg i takt med tida. – Far reiste mykje rundt på gardane og slakta. I dag er ikkje det lov, seier Svein. Dei tek framleis i mot kjøtt frå private, men da må det vera godkjent. Maskinparken er også langt meir moderne og effektivisert enn da Hjalmar og Hanna starta opp. – Dei begynte med ei hakke på 15 liter. Den vi har i dag tek 65 liter, fortel Svein som minnast at det stod spann med farse langt ut i garden.

for sveiN var det ingen tvil. Det var i kjøttforretninga han ville vera. Som talentfull symjar vart han i ung alder oppmoda til å reise på folkehøgskule for å dyrke hobbyen sin, men etter ei veke fekk det vera nok. Lovnaden om å få reise til Lillehammer for å trene vart ikkje innfridd og unge herr Moen pakka sekken sin og reiste heim. I 1982 tok han over familiebedrifta etter foreldra. Dottera Hildegunn dreg ein spøk om at det truleg var hennar skuld at han hadde behov å kome seg bort frå heime da familiens tredjefødde viste seg å vera ei jente. Svein skrattar godt av spøken, men er rask til å avkrefte påstanden. Han kunne ikkje vore ho forutan. – Vi hadde nok ikkje klart det utan den andre, nokon av oss. «Sjølin» står her til langt utover kveldane, lenge etter at eg har reist heim til familien, seier Hildegunn. førjulstida er ekstra travel. Mange vil sikre seg både sylte og anna godt til jul. – I denne perioden kan vi oppleve at rubbel og bit av det vi klarer å produsere på ein dag er borte når kvelden kjem, smiler Hildegunn og rettar på eine kjøttkakepakka i den velfylte disken. Svein nikkar samd. Han har mange seine desembernetter friskt i minnet. – Spesielt i tida før jul kunne vi ha drive døgnet rundt. Eg gjorde det i mange år, men det har eg slutta med. Det går ikkje i lengda. sjølv om dei unner seg litt fritid, blir det lange dagar fram mot jul. Hildegunn og Svein har fått på seg arbeidsuniforma og er klare for ein lang dag med produksjon. I dag er det kjøttkaker som står på programmet. I går gjorde dei eit parti med sylte. Karbonadane er også i rute.

Hildegunn trillar kjøttkaker i ein slik fart at ein knapt greier å følgje med på korleis ho gjer det. Etter åtte år har ho opparbeidd seg ein teknikk som dei fleste berre kan drøyme om å vera i nærleiken av. – På ein god førjulsdag gjer vi om lag 400 kilo kjøttkaker, kanskje litt meir dersom vi heng i, smiler Hildegunn. Rundt rekna betyr det at i løpet av ei veke blir 14.500 trillande runde handlaga kjøttkaker produsert i den vesle fabrikken. – Det finst sjølvsagt maskiner som kan ta over denne jobben, men eg trur ikkje den vil gjere det like fort som to trente hender. dessutan har vi alltid gjort dei for hand, smiler Hildegunn. moeNs kjøttforretNiNg har mange stamkundar, men på desse åtte åra som Hildegunn har vore med ser ho ei auke av ynge kundar. – Vi merker at fleire og fleire blir meir bevisst på mat og vil ha ekte varer. Det er ikkje maten dei ønskjer å spare pengar på. Vi er også heldige av dei mange turistbedriftene som jamleg hentar varer hjå oss. Det er triveleg. Den anonyme plasseringa i ei sidegate nedanfor Vågåkyrkja ser ikkje ut til å ha nokon betydning. – Eg trur vi skulle hatt nok å gjort same kvar dei hadde plassert oss. Det er jungeltelegrafen som arbeider for oss. Vi har aldri kosta ei krone på reklame, seier Svein. Likevel er dei legendariske «Hjalmarkjøttkakene» viden kjent. I fjør før jul hadde dei leveransar både til Tromsø, Bodø og Oslo. – Det er sjølvsagt flott at så mange vil kjøpe produkta våre. Samtidig er det ein balansegang. Vi skal helst klare å levere til alle som vil ha og, seier Hildegunn. eiN laNg dag i fabrikken er på hell.

Utanfor kryp novembermørket innpå glasa. Eimen av nysteikte kjøttkaker spreier seg utover gata. Nok ein dag er over og nok eit parti kjøttkaker er lagt til avkjøling. Ein tanke slår meg; desse et sikkert ikkje kjøttkake på julekvelden. – Åjau da. Sjølvsagt et vi kjøttkaker på julekvelden. Kjøttkaker blir vi aldri lei, skrattar Hildegunn og Svein. I morgon er det på`n igjen.

"

Eg trur vi skulle hatt nok å gjort same kvar dei hadde plassert oss. Det er jungeltelegrafen som arbeider for oss. Vi har aldri kosta ei krone på reklame. sveiN moeN Moens Kjøttforretning

bildetekst: 1: Hildegunn Steinehaugen har gjennom

si karriere steikt fleire tonn med kjøttkaker. Det har gjeve ho ein fenomenal teknikk. 2: Det er travle dagar i butikken før jul. 3: Svein Moen er oppvakse i familiebedrifta. 4: Det blir lange dagar med produksjon.


NorddaleN

1

jul i vågå

11


12

jul i vågå

NorddaleN

Det blir julegrantipping v/Coop Mega kvar dag 8.-16. desember i regi av Lions Vågå «Kor høg er julegrana ved lasaronstolpen i år ?» Juletresal Vågås største bålpanne blir oppfyra på Bokhandeln kafe kvar laurdag Julerebus rundt omkring på bedriften/butikkene i Vågå frå julegateopning og til jul 23.11 17.00: 24.11 11.00-16.00: 24.11 16.00-18.00:

24.11 19.00: 24.11 12.30: 25.11 25.11 29.11 29.11

11.00-16.30: 12.00-15.00: 18.00: 19.30:

30.11 11.00: 1.12 1.12 1.12

12.00-15.00: 17.00: 11.00-13.00:

1.12 1.12 1.12

16.00: 18.00: 18.00:

Ljosvaken, overnatting for 11- og 12-åringar i Vågåkyrkja. Arr. Kyrkjekontoret Julemarknad i Ullinsvin m/hesteskyss, kafe og underhaldning. Juleverkstad for barna. Kjell Midthun har salgsutstilling. Arr. Vågå husflidslag Julegateopning. Julegrantenning på Moajordet, vandring til kommunehuset med julenissen. Vågå og Lalm musikkforening og Vågå sangkor. Servering av graut og gløgg. Gåver til barna. Oppmøte på Moajordet. Teater: «Snekker Andersen og Julenissen» av Alf Prøysen i Vågå kulturhus. Arr. Eventlink Boksignering med Ragnhild Kolden/Vigdis Kroken, Finn Sandum og Kari Storvik på Vågå bok og leker. Julemesse, middag og basar på Lalm samfunnshus. Arr. Lalm samfunnshus Julemarknad som laurdag i Ullinsvin. Arr. Vågå husflidslag Fakkeltog frå J.T-sykkel og julegrantenning på Coop, Lalm Jul i Storstugun. Juletallerken frå kl. 18.00 i Vågå kulturhus. Må bestillast på tlf. 612 93 620. Arr. Vågå kommune. Seniorkino «Ridderspranget - en bygdesaga frå middelalderen» på Vågå kulturhus Arr. Den kulturelle spaserstokken/Vågå kommune Julemarknad på Kalven seter. Konsert med «Julestemmer» Arr. Kalven seter/Kultivator Julegrantenning på Tessand. Arr. Tessand grendalag/Tessand hjelpeforening Aktivitet i sentrum med Julenissen. Oppmøte ved kommunehuset. Arr. Vågå kommune. Konsert «Julestemmer» på Vågåheimen. Arr. Kultivator og Vågå kommune Julebord med velkomstdrink på Vågå hotel. Arr. Vågå hotel Tenning av julegran i Randsverk. Arr. Randsverk grendalag


NorddaleN

1.12 2.12

jul i vågå

19.00: 11.00-14.00:

Lutefiskaften på Lemonsjø fjellstue. Arr. Lemonsjø fjellstue Jul i Jutulheimen for barna. Oppmøte i Ullinsvin kl 11.00 for felles vandring opp til Jutulheimen. Song, graut, forteljing, ljosstøyping m.m. Arr. Gudbrandsdalsmusea 2.12 12.00-15.00: Julemarknad på Kalven seter. Julegaveleiting. Arr. Kalven seter 2.12 13.00-17.00: Familiejulebord på Lemonsjø fjellstue. Arr. Lemunsjø fjellstue 6.12 19.30: Konsert med Rimrose og Skjåk songlag i Vågåkyrkja. Arr. Rimrose 7.12 19.00: Julebord på Lemonsjø fjellstue. Arr. Lemonsjø fjellstue 8.12 11.00-13.00: Aktivitet i sentrum med Julenissen. Oppmøte ved kommunehuset. Arr. Vågå kommune 8.12 14.00: Juleverkstad på Tessand grendahus. Arr. Tessand grendalag. 8.12: Førjulspub med livemusikk på Bokhandel’n kafe. 9.12 12.00-14.00: Jul i Dompen. Akekonkurranse. Servering av kakao og bollar. Arr. Vågå kommune og Dompe aktivitetspark 9.12 13.00-17.00: Familiejulebord på Lemonsjø fjellstue. Arr. Lemonsjø fjellstue 10.12 18.00: Konsert Vågå skulekorps m.fl. på Vågå kulturhus 13.12 17.30-20.00: Julebukkeball på Juniorklubben m/premiar på Aktivitetshuset/ungdomsklubben. Arr. Ungdomskonsulenten 13.12 19.00: Julekonsert med Lalm musikkforening m/gjestar. Gratis inngang. Allsang, lodd- og kaffesal. på Lalm samfunnshus. Arr. Lalm musikkforening 14.12 19.00: Julekonsert m/ Chris Medina og Eirik Næss + Vågå sangkor i Vågåkyrkja. 15.12 11.00-13.00: Aktivitet i sentrum med Julenissen. Oppmøte ved kommunehuset. Arr.Vågå kommune 15.12 12.00: Forfattarbesøk av Kolden & Kroken på Vågå frivilligsentral. Arr. Vågå bibliotek 15.12 10.00-14.00: Nisseklipp/barnas dag på Hårstugu 15.12 14.00: Undercoverteatret frå Vågå kulturskule syner «Juleteater i bøkene» på Vågå bibliotek 15.12 Førjulspub med livemusikk på Bokhandel’n kafe 16.12 Familiesøndag på Bokhandeln Kafe. Livemusikk, minimarked, gaver til barna, loddsal med premiar og kanskje kjem Rudolf på besøk ved bålpanna. 16.12 14.00: Trugetur/gåtur til gapahuk i Nordherad m/kjentmann. Servering av varm drikke. Oppmøte ved Valbjør. Arr. Vågå kommune. 22.12 11.00-13.00: Aktivitet i sentrum med Julenissen. Oppmøte ved kommunehuset. Arr. Vågå kommune 22.12 «Juleverkstad» med Jutullaget på Bokhandel’n kafe 22.12 19.00: Julekonsert med Vågå sangkor i Vågåkyrkja 23.12 18.00: Fakkeltog og julegrantenning i Øygardom. Arr. Nuggebadarforeninge 24.12 11.00: Julemesse på Vågåheimen. Arr. Kyrkjekontoret 24.12 14.00 og 16.00: Julemesse i Vågåkyrkja. Arr. Kyrkjekontoret 25.12 12.00: Julemesse i Vågåkyrkja. Arr. Kyrkjekontoret 25.12 14.00: Julemesse i Vågåheimen. Arr. Kyrkjekontoret 26.12 13.00 + 15.00: Julekino i Vågå kulturhus. Arr. Vågå kommune 26.12: Romjulspub med livemusikk på Bokhandel’n kafe 27.12: Julequiz med skikkelege premiar på Bokhandel’n kafe 28.12: Vågåkøppen fotball i Vågåhallen 28.12: Den store julefesten 2018! Livemusikk etter romjulskøppen m.m på Bokhandel’n kafe. 29.12 18.00: Romjulskonsert med Dag Gården og Leif Inge Schjølberg i Vågåkyrkja. Arr. Vågå kommune 31.12 23.00: Nyttårsmesse i Vågåkyrkja. Arr. Kyrkjekontoret

13


14

jul i vågå

NorddaleN

–Tipp kor høgt treet er kor høg er julegrana ved Lasaronstolpen i år? Vågå Lions Club utfordrar alle til å ta del i konkurransen. Tipping går føre seg på MEGA i perioden 8. – 16. desember, og Lionsklubben lokkar med flotte premiar frå butikkane i Vågåmo. Overskottet går som forsinka bursdagsgåve til Vågå Røde Kors Hjelpekorps. I tillegg vil klubben tradisjon tru selja juletre ved plakattavla i Mo’om. Her blir det tilbod om gratis heimkøyring.

Jul i Storstugun

kvart år går norddølane nærast folk av huse for å få med seg den tradisjonsrike julekonserten «Jul i Storstugun». I år er det dyktige, lokale artistar og utøvarar som skal bringe julestemninga inn i Vågå kulturhus torsdag 29. november. Ole Jonny Bekkemellem, Torunn Kveen, Camilla Granlien, Geir Thorud og konsertmeister Vidar Hoel skal by på eit variert og mangfaldig musikalsk program. Vågå kommune opplyser at det vil bli førehandssal av billettar i servicetorget og på nett.

Jul i Dompe`n suNdag 9. desember mellom klokka 12 og 14 arrangerer Dompa velforeining Jul i Dompe`n . Her er det planlagt akekonkurranse der premien er, ja du gjetta riktig, eit akebrett. Arrangørane håpar vêrgudane slår til med skikkeleg vinterstemning slik at ramma rundt blir perfekt. Det vil bli servering av kakao og bollar. Mona Sveen håper så mange som moglegtek turen til Dompe denne føremiddagen.

Marknad og konsert

Lalmingane trør til

tradisjoN tru blir det også i år julemarknad på Kalven seter. 1. og 2. desember fyller Anne- Mari Sandvær opp dei små og idylliske seterhusa sine med utstillarar og aktivitet. Nytt av året er at Vågå Konsertserie arrangerer julekonsert i låven laurdag ettermiddag. Her vil «Julestemmer» med mellom andre Camilla Granlien setja folk i julestemning. Sundag blir det julegåveleiting for dei yngste på Kalven seter. Naboen Lemonsjø Fjellstue diskar opp med familiejulebord laurdag og lutefiskaften sundag.

det er ikkje berre i Vågåmo at Jul i Vågå skal markerast. Også lalmingane set eit preg på førjulstida. Sundag 25. november er den tradisjonelle julemessa på samfunnshuset. Her vil det bli høve til å gjere ein god handel. Samfunnshuset serverer også middag denne dagen. 29. november inviterer Lalm vel og grendeutvikling til fakkeltog og julegrantenning. Fakkeltoget går frå JT-sykkel til Coop. 13. desember er det Lalm Musikkforeining sin tur. Dei inviterer til julekonsert med gratis inngang.


NorddaleN

jul i vågå

t e k k e r t n a e l Ju finner du hos oss!

15

Ullklær fra Safa og Dovre

Åpningstider for:

VÅGÅ BOK & LEKER LUGUMSTUGU MX-SPORT VÅGAL

Lokkall julleh hand dell Vi har nye tilbud hver lørdag. Legg julehandelen til Vågå!

Søndagsåpent 16. des. og 23. des.

Tlf 61 23 70 44

kl 14-18

Velkommen til en trivelig julehandel!

Julekveld og nyttårskveld

kl 9-12 Romjul

kl 10-13

Julehandelen gjør du hos

Hos oss finner du den perfekte gaven!

Power Vågå Haman Kardon Citation one Hjemmehøyttaler

google Home us Stemmestyrt Smarthøyttaler

Følg oss på facebook

Tlf. 61 23 22 80

Handler du for kr 200,-

Kom innom for en test!

hos oss fra 1. des., er du med i trekningen av denne nye tegningen søndag 16. og 23. desember.

Tlf. 61 23 24 11

lugumstugu@interflora.no

Julestjernens dag 12. desember

Power Vågå Vågå handelshus - tlf. 992 11 690 www.power.no

Åpningstider:

Man.- fre. 9.00-16.30 Lør. 10.00 - 15.00


16

jul i vågå

NorddaleN

1

2

3

4

1.tre av fem:Medlemmar i styret i Nuggebadarforeninga. Frå venstre er Stein Egil Martinussen (president), Arild Løken (kasserar) og Rolf Grev (skribent). 2. kveldsbad i november:Arild Løken og Rolf Grev testar badevatnet i Nugga, ein kveld i november. 3. skreiv melodien: Peder Knudsen skreiv melodien til julesongen «Jeg er så glad hver julekveld». 4. Julegrantenning: Kvart år blir det tent ei julegran på fødestaden til Peder Knudsen. Det skjer samstundes med julegateopning nede i Vågåmo. Fakkeltoget 23. desember samlar seg ved denne julegrana.


NorddaleN

juli vågå

Har årleg markering med fakkeltog Peder Knudsen (1819–1863) frå Vågå skreiv melodien til julesongen «Jeg er så glad hver julekveld». Dette blir heidra 23. desember kvart år. kvart år sender Nuggebadarforeninga, med utspring i Øygardom i Vågå, ut informasjon til alle heimar i Øygardom og omland om fakkeltog 23. desember. Da går folk i tog med faklar frå fleire stader i grenda, og møtest ved ei julegran som står ved fødestaden til Peder Knudsen. – Når følgjene møtest, har vi ein prat og allsong av «Jeg er så glad kvar julekveld», fortel Arild Løken, Stein Egil Martinussen og Rolf Grev i Nuggebadarforeninga. dei tre karane sit ved ein bålplass ved elva Nugga. Dei fortel at markeringa starta etter eit initiativ frå Stein Holen i Vågå kommune. – Han tok initiativ til å få tent eit julegran ved Bakken, der Peder Knudsen var fødd, for å heidre Knudsen. Grana skulle tennast likt med at julegata nede i Vågåmo vart opna. Første året var det fem som møtte opp, mellom anna kona mi og eg, fortel Løken. Nokre dagar etterpå var det møte i Nuggebadarforeninga. Medlemmane snakka om at dei tykte markeringa var for stussleg, og at det skulle vore meir blest om det. – Det balla på seg, og vi fann ut at eit fakkeltog hadde vore ypperlegseier karane. Sidan 1998 har det vore markering ved julegrana i Øygardom. – Det vart bestemt at det skulle vere tilsig av fakkeltog frå heile grenda, og at ein skal møtast ved Bakken. Vi var litt spente det første året, på om folk ville kome. Dei fortel at på det meste har det vore med rundt 70 personar på den årlege markeringa. foreNiNga vart formelt stifta i 1981. – Vi dreiv mykje her ved Nugga som ungar. Bygde flåte, fiska og lærte å symje. Djuphølen og Einahølen i Nugga er fine å symje i, kan karane fortelje. Som namnet på foreninga seier, bading står sentralt. Det gjer også det sosiale. – Det sosiale står i fokus. Det har vorte ein tradisjon at vi treffast her ved Nugga, fyrar bål, kokar kaffi og pratar om laust og fast. Vi er seks-sju på det meste på møta våre. På det meste har foreninga hatt rundt 15 medlemmar. – Det er ein del æresmedlemmar av den eldre garde. Somme av dei har gått bort. Og vi har vore restriktive med rekruttering, seier karane. Eit krav for å vere med i foreninga er at ein har eit nært forhold til elva Nugga, til grenda og Øygardane. Karane snakkar lågmælt seg imellom om andre krav også. Skrattar, og dreier praten over på andre ting. – Det har vore mykje bading opp gjennom åra.

Og det er det framleis. Det er om å gjere å vere den første til å bade i Nugga på vårkanten. Bade om vinteren gjer dei og. Rekorden har Rolf Grev kan dei fortelje. Rundt tusenårsskiftet var han den i foreninga som bada sist i førre tusenår, og den første i foreninga til å bade i dette tusenåret. – Han bada 31. desember i 1999, og 1. januar i 2000, ler dei. peder kNudseN vart fødd på husmannsplassen Øvre Bakken i Øygardom i Vågå i 1819. Far hans, Knut Bakke, var husmann under garden Øvre Øy. Peder var tidleg i skreddarlære, men det var musikken som var den store interessa. Gleda var difor stor da han var med i militærmusikken i Kristiania. Peder var svært musikalsk og det vart sagt at han spelte på alle instrument frå stortromme til pikkolofløyte. Det var fele som var og vart hovudinstrumentet hans. som musikar vart han kjend med ein storsongar den tida, Johan D. Behrents, og han spelte og i orkester under leiing av Ole Bull medan han var i Kristiania. Etter tilråding frå Johan D. Behrents vart Peder tilsett som songinstruktør i Holmestrand. I 1854 kom han til Kragerø. Dei første åra Peder Knudsen levde der, vart eit rikt musikkliv i byen. Det vart sagt at det var to orkester i byen, eitt for dei kondisjonerte og eitt for arbeidarklassa, og Peder var med i båe. Han spelte førstefele og hadde samstundes både eldre og yngre musikkelevar. Han underviste i pianospel, var songlærar ved Borgerskulen, instruktør for mannskoret og instruktør for eit blanda kor i byen. Komponerte musikk gjorde han også. Peder lærte seg å stemme piano og orgel. Han må også ha vore ein god felemakar. Det er sagt at ein gong Ole Bull reiste forbi Kragerø, synte Peder fram ei fele han nettopp hadde laga. Bull skal ha prøvd fela og rosa arbeidet, og det var visst ein kry Peder Knudsen som reiste heim frå det møtet etter ei tid var det mange som motarbeidde Knudsen i Kragerø. Han fekk mykje kritikk, det vart tungt å arbeide i byen og han søkte etter ei tid anna arbeid. I 1859 vart Peder Knudsen tilsett som organist i Ålesund. Ettersom historia fortel var Knudsen godt likt som organist dei åra han fekk virke der. Det var i desse åra han skreiv melodien til «Jeg er så glad kvar julekveld». Peder Knudsen døydde og vart gravlagt i Ålesund før jul i 1863, 44 år gamal. Kjelde: Skriv om Peder Knudsen, forfatta av Stein Holen, Vågå.

17


18

jul i vågå

NorddaleN

teater: Teaterelevane skal i år ha framsyning for barnehageungar.

foto: Privat

Vil nå andre målgrupper Vågå kulturskule har i år teke mål av seg om å treffe målgrupper dei sjeldan eller aldri møter. som oftast ser ein elevane i kulturskulen når dei har sine årlege konsertar. Ofte er det da berre familie og vennar som får eit innblikk i kva dei gjer og lærer. I år hadde dei derfor lyst til å bevege seg litt utanom dei tradisjonelle møteplassane. Elevar i kulturskulen skal mellom anna halde konsert for vaksenopplæringa, dei skal underhalde barnehageungar og SFO, samt besøkje biblioteket i førjulstida.

– Det er fleire av desse målgruppene vi aldri har opptredd for før, så dette er nybrotsarbeid, seier kulturskulerektor Anita Moe. vaNlegvis er det ein stor felles julekonsert eller fleire små huskonsertar. Huskonsertar blir det i år og. Både fløytistane, pianoelevane og strykarane får sine eigne små konsertar. Men det blir også andre møteplassar. 10. desember blir det skulekorpskon-

sert i Vågå kulturhus. Her samarbeider skulekorpset med skulekorpsa i Lom og på Otta. – På konserten deltar også mange kulturskuleelevar på bandinstrument, Ragnill Tessnes på Vokal samt den eldste dansegruppa vår. Dei spelar både saman med korpset og åleine, fortel Moe. 12. desember får Søre Grindstugu barnehage, SFO og Tytingen Gards og naturbarnehage kome på konsert i kulturhuset. Her har ungdomsteateret og an-

dre elevar i kulturskulen førebudd ei framsyning. – Det blir nytt for oss å skulle leggje opp ei førestilling for såpass små ungar, seier Moe. 15. desember avsluttar undercoverteatret med «Juleteater i bøkene» på Vågå Bibliotek. – Vi håper at underhaldninga vår vil glede mange i førjulstida, seier Moe.


NorddaleN

jul i vågå

Nisseklipp/ barnasdag lørdag 15.12. kl. 10.00-14.00. Timebestilling Drop-in Nettbestilling: ledigtime.no Tlf 612 37 837

H

God jul!

eista

Velkommen Til en TriVeliG julehandel! med ullfôr

Beste dressbuksa

Godt utvalg i skinnsko

Tlf. 907 37 040

JUL I BANKEN Vi er i skikkelig julestemning! Kom inn og se hvor fint vi har pynta til jul. Kanskje vi har noen overrakelser også :)

19


20

jul i vågå

NorddaleN

nye motiv: Gunnar Sandbu fortel at Midthun har teikna 25 nye motiv som skal stillast ut for sal i Studeren i Ullinsvin.

Kjem med 25 motiv Kunstnaren Kjell E. Midthun har henta mange av motiva sine i Vågå. Nå kjem han til Ullinsvin med salsutstilling. få, om nokon, har gjennom år fanga nissar og gamle hus på ein slik folkekjær måte som Midthun. Verka han tryllar fram er populære både som originale kunstverk og med motiv på julekort og postkort. Og, kunstnaren har fleire gonger budd i periodar i Vågå og andre stadar i dalen. Ein av dei fremste Midthunkjennarane i landet, Gunnar Gjesling Sandbu, fortel at Midthun mellom anna har budd på Sæta. – Der var det ei tid måleri av Midthun i kvart einaste rom, seier Gjesling Sandbu. Kunstnaren kjem sjølv til utstillinga som skal vera i Ullinsvin 24. og 25. november. Gunnar Gjesling Sandbu fortel

at han meiner godt over 20 av verka til Midthun har henta motiv frå Vågå. ikkje alle motiv han har ført i penselen blir til julekort eller postkort. Gjesling Sandbu har sjølv mange motiv av kunstnaren i si samling. – Eg har mange, men ikkje heile samlinga til kunstnaren. Berre i år er det gjeve ut 50 motiv frå Midthun, men nokre av dei er frå tidlegare produksjonar, seier samlaren frå Vågå. Gjesling Sandbu fortel at han og Johnny Erlandsen driv saman om nettstaden og organisasjonen «Midthunsamlerne». I tillegg til å fortelje om

kunstnaren og kunsten til Midthun, hjelper dei til med å marknadsføre mykje av det Midthun produserer med motiv frå sommaren. – Forlaget som gjev ut kort med Midthun sitt arbeid vil ikkje gje ut motiv med nissar i sommarmiljø. Men, det er jo nissar om sommaren og, så vi hjelper til med å reklamere for slike motiv, seier Gjesling Sandbu. Og på heimesida til Midthunsamlerne kan ein sjå at det er motiv får kunstnaren på mane andre produkt enn berre post- og julekort. i tillegg til ein god del motiv frå Vågå og andre stadar i Gudbrandsdalen, har

Midthun produsert kunst frå fleire andre stader i landet, mellom anna Østerdalen og Telemark. Gjesling Sandbu fortel at kunstnaren er fødd på Hamar og at han starta som reklameteiknar. Han er utdanna ved kunst- og handverksskule på Røros og teikna mykje frå Østerdalen i starten på sin karriere som kunstnar. I dag bur Midthun på Nesodden ved Oslo. Kjell Midthun har illustrert ei lang rekkje banebøker, mellom anna historier av Alf Prøysen. Midthun- nissen ber arven vidare frå tidlegare teiknarar som Th. Kittelsen og Kjell Aukrust. Midthun har og laga fleire humoristiske kortmotiv, ofte frå norsk natur og trollverda.


Onsdag 21. november 2018

NorddaleN

jul i vågå

Handarbeid: Mary Øyen i Vågå husflidslag syner fram døme på handarbeid som blir å finne på julemarknaden

Julemarknad i Ullinsvin 24. og 25. november arrangerer Vågå husflidslag sin årlege julemarknad i Ullinsvin. julemarkNadeN til Vågå husflidslag er ein tradisjon for husflidslaget. – Julemarknaden i år blir slik som den har vore før, seier Mary Øyen i Vågå husflidslag. På julemarknaden blir det mange forskjellige utstillarar. – Her vil folk finne handverk som til dømes strikking og hekling og skinnarbeid, seier Øyen. To utstillarar kjem med heimebakt lefse, Sigrid Blekastad kjem med glaskunst, det blir spekepølse og ein sølvsmed kjem med smyk-

ke. Frå Hjerleid kjem det smedar og treskjerarar.På marknaden kan ein finne både heimelaga julekaker og heimelaga godteri. Husflidslaget har eit eige bord med mange forskjellige produkt. husflidslaget har eigen juleverkstad for ungar. Der får ungane vere med på å lage forskejllige ting til jul. – Det brukar å vere veldig populært. I fjor var det nesten kø og full rulle heile dagen, seier Øyen.

Det blir også kafe i samband med julemarknaden. vågå kommuNe er med og legg til rette, og bidreg mellom anna med hesteskyss mellom Vågå sentrum og Ullinsvin. Barnesanggruppa «Viser og vers» syng i tunet i Ullinsvin klokka 12. 24. november. I Studeren er det salsutstilling med Kjell Midthun. Arrangørane opplyser at ikkje alle utstillarane har betalingsterminal, så det kan vere lurt med kontantar.

21


22

jul i vågå

NorddaleN

CIRCLE KKOPPEN 2019

Vi er kommisjonærer for

Kjøp Premiumkoppen til

Vågå HusfLidsLag

har julemarknad i Ullinsvin laurdag 24. november (11-16) og sundag 25. november (11-15)

• • • •

499,-

og få en poleringsvask til 299,på kjøpet.

Juleverkstad for ungar Husflid og handverk Lefser og anna bakst Kafé med heimbakst

Vågå husflidslag arbeider for å ivareta, formidle og fornye husflidstradisjonane. Vi har aktivitetar og kurs for vaksne og ungar heile året - følg med på husflid.no/vaagaa og facebook.com/vagahusflid.

Vågå | 612 37 214 | 06.00-22.00

Tlf. 61 23 75 40

Tilbud til gutta

2 for 1

Vi har mange lekre julegaVer Kom innom vår butikk for en hyggelig handel!

Trenger du rørlegger? Ta kontakt med oss Vågå 919 14 227 - Dovre 957 72 864 Ønsker gamle og nye kunder velkommen innom til hårstell eller julegavehandel!

GOD JUL fra Karitadamun

Jul på Lemonsjø Julerebus i Vågå

Rundt om på ymse butikkar i Vågåmo heng 12 plakatar av logoen «Jul i Vågå» På baksida er det ein bokstav. Når du har funne alle 12 bokstavane kan du setja dei saman til eit ord som har med jul å gjera. Levèr denne annonsen, med ordet på, inn til ein butikk innan 31.12.2018. Dei med rett svar er med i trekninga av: • Gåvekort på kr 500,-frå Vågå Hotel (mat/trening) • 4 bind av Bygdabok for Vågå/Sel • 5 kinobillettar på Vågå kino • Gåve frå Vågå Bok og leker • Gåve frå Comfort • Gåve frå Ottadalen Mølle • Gåve frå Lugumstugu • Gåve frå Vågal

1. desember: Luftefiskaften kl. 19:00. bordbestilling 2. desember: Vårt Familiejulebord står dekket kl. 13:00 – 17:00 1. og 2. desember: Julemarked på Kalven 7. desember: Kveldsjulebord kl 19.00 bordbestilling (ingen musikk denne kvelden, men mulighet for hygge foran peisen 9. desember: Vårt Familiejulebord står dekket kl. 13:00 – 17:00

........................................... Klipp ut ................................................... Namn: .................................................................................................. Adresse .........................................................Tlf. ................................

For mer info se hjemmeside, facebook eller ring oss. Vi tar på oss catering fra 30.11.18 til 10.12.18 Vi holder åpent i jula fra 26.12.18 til 06.01.2019


NorddaleN

jul i vågå

barneaktivitetar: Eirik Haugen håpar mange ungar finn vegen til Jutulheimen 2. desember.

Julas mystikk Julas mystikk, tradisjonar og forventning er i stadig endring. Korleis var jula i «gamle dagar»? eiN skal ikkje mange tiår attende før juleførebuingane var langt meir omfattande enn i dag. Grisen skulle slaktast og julematen skulle lagast frå botn av. Og huset skulle vaskast og skurast frå loft til kjellar. bakiNg, slaktiNg og ølbrygging måtte skje medan månen var ny, for alt som vart gjort på tverrand hadde ein tendens til å bli mislykka. Og alt måtte vera ferdig til solsnu 22. desember. Eirik Haugen i Gudbrandsdalsmusea er ikkje gamal i så måte, men kjenner munnleg forteljartradisjon attende til fyrst på 1900-talet. – I julehelga skulle ein gjera så lite som mogleg. Ein skulle for eksempel ikkje hogge ved, så i dagane før jula kom var det å stable opp så mykje ved som ein berre fekk plass til bak skorsteinen. Og den skulle stablast pent! Mange av dei gamle tradisjonane som følgde med jula er borte. Enkelte plassar skyt dei framleis inn jula klokka 17.00, men tradisjonen med juleskot til naboane er borte i vår moderne tid.

Bestemora til Haugen var fødd i 1908, ho kom godt i hog denne tradisjonen. – Ein gong dei sat og åt kveldsmat smell det utanfor døra. Alle styrta på dør, for skikken var at dei skulle prøve å fange den som hadde skote juleskot. Ingen skyttar var å sjå så dei gjekk inn att og sette seg til å ete. Plutseleg smell det ein gong til. Medan alle var ute og leita hadde skyttaren lura seg inn, og da bestemor og dei andre om inn att sat skyttaren ved bordet og åt, humrar Haugen.

Jul i Jutulheimen

Sundag 2. desember inviterer Gudbrandsdalsmusea til Jul i Jutulheimen for dei minste. Haugen fortel at dei møtast i Ullinsvin og går i samla tropp oppover. Dei tek ein stopp ved Jutulporten for å sjå om Jutul`n er heime før dei går vidare til Jutulheimen. Her blir det historieforteljing og nissegraut. Oddrun Bronken vil øve på julesongar i lag med ungane og Kristin Akslen Hagen er spelemann. Det vil også bli høve til å lage ljos av bivoks.

juletreet kom til Norge på 1800-talet og fyrst på 1900-talet hadde folk flest tatt denne tradisjonen i bruk. – Gamletanta mi som var fødd heilt fyrst på 1900-talet hugsa at dei hadde juletre da ho var lita, men det fanst nok dei heimane der dette framleis ikkje var vanleg. Det var eit bask veit du i djupsjog og liten tilgang på tre mange plassar. Tradisjonen med at ein skulle gå på besøk til grannane i julehelga held også på å døy ut. – Det var regelbunde at ein skulle gå til alle og dei skulle inviterast attende. Og sjølvsagt skulle ein ha traktering elles gjekk ein att med jula, fortel Haugen. det heiter seg at jula varer heilt til påske. Om ikkje så lenge så vara den nok lengre før. – 6. januar er den gamle juledagen etter den julianske kalenderen. Den var det mange gamle som heldt heilagt, og var delvis redde for. Denne dagen skulle ein halde helgedagsfreden. Derfor heiter det framleis «mellom julom» i Vågå, hevdar Haugen.

23


24

jul i vågå

NorddaleN

Vi ynskjer alle norddølar og andre besøkjande ei riktig god jul!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Jul i Vågå by Amedia Kreativ - Issuu