Stø kurs ut av Robek-lista Av Tore Johan Øvstebø, ordførarkandidat for Ålesund KrF
Det finst sjølvsagt ei økonomisk side ved det meste av det vi gjerne vil ha gjort i Ålesund. Anten vi snakkar om vegar eller eldreomsorg, så kostar det pengar. Utfordringa er alltid å ikkje bruke meir pengar enn det du har. Slik er det også i politikken. Det er ei kjent sak at Ålesund kommune er mellom dei største kommunane på Robek-lista. Totalt er 47 norske kommunar på denne lista - som eigentleg heiter "Register om betinget godkjenning og kontroll". Grovt sett kan ein seie at kommunar som havnar på denne lista ikkje har hatt god nok økonomistyring, og at dei derfor må ha godkjenning frå Fylkesmannen for å ta opp lån og gjere investeringar. Robekkommunane må dessutan ha ein plan for å få økonomien på rett kjøl. Ålesund si karriere på Robek må bli kortvarig - og det er alt lagt ein plan for vere ute av lista seinast innan 2018. KrF meiner dette er noko av det aller viktigaste i neste valgperiode, at vi held oss til denne planen. Vi har også sagt at eigedomsskatt var nødvendig, men at denne skatten ikkje skal aukast dei neste fire åra. Det betyr i praksis at vi også må vere villige til å sjå på andre sider ved drifta vår for å halde budsjettrammene. Sjølv om vi kjem til å ha stram økonomi dei neste åra, er målet å levere minst like gode tenester innanfor skule, helse og velferd som vi har gjort. Og sjølv om investeringane må dempast vil KrF prioritere rehabilitering av Kolvikbakken ungdomsskule snarast råd. Det er svært dårlig økonomi å utsette dette prosjektet ytterligare.
Etter Kolvikbakken er det Emblem skule og Hessa skule som må rehabiliterast/utvidast. Når kommuenen er ute av Robek, meiner vi Osane Idrettshall og Hatlehol kirke må inn igjen på investeringsbudsjettet. Rådmannen i Ålesund vart for eit års tid sidan beden om å legge fram ei oversikt over kva offentlige eigedomar som kan selgast for å nedbetale lån i kommunen eller for å sikre naudsynte investeringar. Så snart det nye kommunestyret er på plass er dette ein oversikt dei bør studere nøye. Så er det grunn til å minne kvarandre på at ikkje all politikk kostar pengar. Verdiar er meir enn kroner og øre. Det kostar ingen ting å fastholde almenn tilgang til strandsona, og legge tilrette for ferdsel i naturen. Det er ikkje først og fremst pengar som skal til for å skape ein mobbefri skule, eller for å skape gode møte mellom pleiar og pasient. Kvalitet kjem aldri av seg sølv. Det fordrar initiativ, vilje og handling. Og nokon gonger pengar.