Sandøy kommune Eining for helse- og omsorgstenester Folkehelsekoordinator
Notat Saksbehandler Vår referanse Dato
Lene Breivik 15/602 / FA - F03 / 16/1009 24.02.2016
Samandrag oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar 2015 Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar er basert på statistikk som var tilgjengeleg hausten 2015. På mange område kan vi sjå at statistikken viser eit positivt bilete av helsetilstanden i Sandøy kommune, men der er også områder som kan verke negativt inn på folkehelsa til innbyggarane.
Folketalet i kommunen er på veg ned. Vi har ein lav andel i yrkesaktiv alder, og vi kan sjå at andelen eldre over 80 år vil stige i åra som kjem. Arbeidsløysa i kommunen er låg, men hushaldningar med låg inntekt (under 60 % av landets medianinntekt) var på 9,7 %.
Vi hadde få skader og ulykker i kommunen samanlikna med landet og fylket, også når det gjeld lårbeinsbrot. Vegane i kommunen er smale og mykje av strekningane har relativ høg fartsgrense. Desse partia har heller ikkje gateljos og kan difor vere skumle for mjuke trafikantar. Det er også lite gang og sykkelvegar i kommunen. Sandøy kommune har vatn frå Brattvåg vassverk som er av god kvalitet. Vassforsyningnettet har enkelte parti som er av særleg dårleg forfatning, «eternittrøyr». Innbyggarane i kommunen har god tilgang til turstiar, både opparbeidde og tråkk.
Når det gjeld helserelatert åtferd er det svært positivt at ingen på ungdomstrinnet oppga at dei røykar og berre to prosent seier dei snusar. Tal på kvinner som røyker ved start av svangerskap er høgare, 18 %, men vi ser at denne trenden er i positiv utvikling. 15 % av ungdommen har drukket seg beruset minst ein gong dei siste 12 månadane, dette er likt med landet. Når det gjeld fysisk aktivitet er det heile 20 % av ungdomstrinnet som vert andpusen og sveitt sjeldnare enn ein gong i veka, i landet 13 %. Ser vi dette i samanheng med nye tal som er kome på overvekt, kan vi sjå at heile 36,2 % av gutar og jenter på nettbasert 1. sesjon har KMI over 25. Blant kvinner på første svangerskapskontroll var det 44 % med KMI over 25.