Skip to main content

Sakspapirer 4hlm14 endelig lr

Page 1

Praktisk informasjon og reiseinformasjon for landsmøtet i 4H Norge 2014 på Rica Hell Hotel , Værnes, 15.-17. juli 2014. 1. Reise og opphald 1.1. Reise til landsmøtet 15. juli 2014 Den enkelte utsending på landsmøtet kjøper billett sjølv, eller kontaktar fylkeskontoret for hjelp til dette. Husk å bestille billettar i god tid, då 4H Norge dekkjer reiseutgiftene etter billigaste reisemåte. Hotellet ligg på Hell, rett ved Trondheim lufthavn Værnes. Adressa er Sandfærhus 22, 7517 Hell. Det vert ikkje sett opp fellestransport, då det er greitt å kome seg til hotellet med fly, tog, buss og bil. Sjå hotellets nettside for meir informasjon: www.rica.no/hell 1.2. Avreise frå landsmøtet

For dei som skal vidare på landsleir vert det organisert transport frå Værnes til Tautra. 1.3. Kostnadar ved reise 1.3.1.Representantar for klubbane

Etter 4H Norges lover § 5 pkt 15 skal reise- og opphaldsutgifter for landsmøterepresentantane vert dekt av den dei representerer. I § 7.7.j er det likevel tillagt landsstyret å vedta reglar for reiseutjamning for klubbane sine representantar valde av fylkesårsmøta. Landsstyret vedtok i sak 11/14 ei reiseutjamning på kr 1 200 for kvar av klubbanes representantar til 4H Norges landsmøte valde av fylkesårsmøtet. Klubbanes representantar sender difor reiserekninga til 4H Norge, som så fakturerar fylket for eigendelen på kr 1 200. 1.3.2.Fylkesstyrets leiar

Fylkesstyreleiar si reise og opphald dekkast heilt ut av 4H i fylket sitt budsjett, og reiserekninga skal sendast 4H i fylket. Fylket vert fakturert for opphaldet av 4H Norge i etterkant av landsmøtet. 1.3.3.Representantar for 4H-gard Norge, N4HA og tilsettes representantar

Reise og opphald skal dekkjast av den dei representerar, jf § 5 pkt 15. Representantane vert fakturert for opphaldet av 4H Norge i etterkant av landsmøtet. 1.3.4.Æresmedlemmer, valkomiteen, kandidatar til styreverv og landsstyret 4H Norge dekkjer kostnadane for opphald og reise. Reiserekning skal sendast 4H Norge i etterkant. 1.3.5.Gjestar og medlemsorganisasjonar Desse betaler sjølve for opphald og reise, og gjer opp direkte med hotellet. Postadresse: Postboks 113, 2026 Skjetten • Besøksadresse: Bråteveien 200, 2013 Skjetten • Telefon: 64 83 21 00 • Telefaks: 64 83 21 19 E-post: 4hnorge@4h.no • Internett: www.4h.no • Bankgiro: 9365 11 70352 • Organisasjonsnummer: 943 838 240


Utgifter ut over ordinært opphald dekkast av den einskilde og vert betalte direkte.

2. Utstyr og antrekk til landsmøtet Vi reknar med at mange av landsmøtedeltakarane skal vidare på landsleir etter landsmøtet. Vi vil difor ikkje oppfordre til å ta med bunad til landsmøtemiddagen, men ta med pent antrekk. Skal du vidare på landsleir, må du ta med alt utstyret til landsleiren når du reisar på landsmøtet. Eit alternativ er å få andre leirdeltakarar til å ta med utstyret ditt, men dei har som regel nok med sitt eiget utstyr. Det vert sett opp buss frå landsmøtet til leirområdet etter at landsmøtet er avslutta, turen tek om lag 45 minutt.

3. Sosiale media Vi oppmodar delegatane til å bruke sosiale media for å promotere 4H og landsmøtet vårt. Den offisielle emneknaggen for landsmøtet er #4hlm14

4. Førebuande landsmøtesamling Tysdag 15. juli kl. 13 vert det halde ei førebuande landsmøtesamling, eller eit mini-landsmøtekurs. Her vil ein gå gjennom kva som skal skje på landsmøtet og korleis. Det vil og verte høve til å freiste talarstolen før landsmøtet tek til om du gruar deg litt for det. Den førebuande landsmøtesamlinga er open for alle, men vi oppmodar spesielt dei som er nye på landsmøtet om å møte opp.


Landsmøte i 4H Norge 15.-17. juli 2014 Rica Hell Hotel, Værnes

Program Tirsdag 15. juli 10.00-12.00 12.00-13.00 13.00-14.00 14.00 14.30 18.30 19.30

Frammøte Rica Hell Hotel, registrering, innsjekking Lunsj Førebuande samling før landsmøtet Offisiell åpning av landsmøtet Landsmøtet tek til Programmet vert avslutta for dagen Middag

Onsdag 16. juli 07.30-9.00 09.00 12.30-13.30 13.30 17.00 18.00 19.30

Frukost Landsmøtet fortsett Lunsj Landsmøtet fortsett Landsmøtet vert avslutta for dagen Avreise til festmiddag Festmiddag på Valberg slektsgard

Torsdag 17. juli 07.30-9.00 09.00 13.00 13.00 14.00

Frokost Landmøtet fortsett Landsmøtet sluttar Lunsj Avreise til landsleiren eller heimreise

Postadresse: Postboks 113, 2026 Skjetten • Besøksadresse: Bråteveien 200, 2013 Skjetten • Telefon: 64 83 21 00 • Telefaks: 64 83 21 19 E-post: 4hnorge@4h.no • Internett: www.4h.no • Bankgiro: 9365 11 70352 • Organisasjonsnummer: 943 838 240


_____________________________________________ Sakliste _____________________________________________ 1. 1.1. 1.2. 1.3. 1.4. 1.5. 1.6. 1.7. 1.8.

Konstituering Opprop Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Godkjenning av forretningsorden Val av to referentar Val av to personar til å skrive under protokollen Val av tellekorps Val av redaksjonskomitear

2. 2.1. 2.2.

Styret si årsmelding Årsmelding for 4H Norge 2012 Årsmelding for 4H Norge 2013

3. 3.1. 3.2.

Revidert rekneskap Revidert rekneskap for 4H Norge 2012, inkludert fondsrekneskap Revidert rekneskap for 4H Norge 2013, inkludert fondsrekneskap

4.

Endringar i lover for 4H Norge

5.

Strategisk plan for 4H Norge 2015-2016

6.

Medlemskontingent for 2015 og 2016

7.

Langtidsbudsjett for 2015 og 2016

8.

Fråsegner frå Landsmøtet 2014

9. 9.1. 9.2. 9.3.

Innkomne saker Frå 4H Hordaland: Endring av kriteria for æresdiplom Frå 4H Akershus og Oslo: Kløvermedlemmer Frå 4H Akershus og Oslo: Livstidsmedlemsskap

10.

Tilsetjing av revisor

11. 11.1. 11.2. 11.3. 11.4. 11.5. 11.6.

Val Val av ordførar og varaordførar Val av leiar i landsstyret Val av 4 medlemmar i landsstyret Val av 3 varamedlemmar til landsstyret i rekkjefølgje Val av 5 medlemmar til valkomiteen Val av 3 varamedlemmar til valkomiteen i rekkjefølgje

12.

Godtgjersle til sentralt tillitsvalde

13.

Avslutning

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Konstituering

Foto: Katrine Sægrov

Sak 1

Karina Sinnes og Hege Vigre i Vigre 4H i Rogaland kosa seg på fylkesleir til tross for regn.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Saksnr: 1/14 Konstituering _____________________________________________ Konstituering 1.1 Opprop

1.2 Godkjenning av innkalling Frister for kunngjering og innkalling til landsmøtet i 4H Norge er skildra i 4H Norges lover § 5. Landsmøtet vart kunngjort på 4H si heimeside 13. januar 2014. Innkallinga med sakspapir til landsmøterepresentantane vart sendt 3. juni 2014. Dette er innafor fristane for kunngjering og utsending av sakspapir til 4H sitt landsmøte. Landsstyret sitt framlegg til vedtak i landsmøtet: Landsmøtet 2014 godkjenner innkallinga til landsmøtet. 1.3

Godkjenning av saksliste Saksliste vart sendt ut 3. juni 2014, saman med innkalling til landsmøtet. Landsstyret sitt framlegg til vedtak i landsmøtet: Landsmøtet 2014 godkjenner sakslista til landsmøtet.

1.4

Godkjenning av forretningsorden Framlegg til forretningsorden vart sendt ut saman med innkallinga til landsmøtet 3. juni. Landsstyret sitt framlegg til vedtak i årsmøtet: Landsmøtet 2014 godkjenner forretningsorden for landsmøtet.

1.5-1.8

Val av referentar, val av to personar til å signere protokollen, val av tellekorps og val av redaksjonskomitéar. Styret legg fram si innstilling på landsmøtet.

_________________________________________________________________________________

Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Til delegatane på landsmøtet i 4H Norge 2014 • Representantar for 4H-klubbane valde på fylkesårsmøta • Representantar for Norske 4H-alumner • Representantar for 4H-gård Norge • Tilsetterepresentantar • Leiarar i fylkesstyra • Representantar for medlemsorganisasjonane i 4H Norge • Æresmedlemmar i 4H Norge • Landsstyret

Hellerud, 1. juni 2014

Innkalling til landsmøte i 4H Norge 15. - 17. juli 2014 Delegatane til landsmøtet i 4H Norge vert med dette, i samsvar med 4H Norge sine lover, kalla inn til ordinært landsmøte i 4H Norge på Rica Hell Hotel, Værnes i Nord-Trøndelag, 15. – 17. juli 2014. Sakliste og sakspapir i samsvar med 4H Norge sine lover §5 er lagt ved. Vi viser til eiget skriv i heftet med praktiske opplysingar når det gjeld påmelding, program, reise, innkvartering, økonomi o.l. Vær venleg å gå inn på 4H Norges nettsider og registrer deg som deltakar om du ikkje allereie har gjort det. Vi ønsker vel møtt til landsmøtet i Nord-Trøndelag! Med venleg helsing 4H Norge

Sigurd Vestrheim /s/ Landsmøtets ordførar

Sølvi Egner-Kaupang Generalsekretær

Postadresse: Postboks 113, 2026 Skjetten • Besøksadresse: Bråteveien 200, 2013 Skjetten • Telefon: 64 83 21 00 • Telefaks: 64 83 21 19 E-post: 4hnorge@4h.no • Internett: www.4h.no • Bankgiro: 9365 11 70352 • Organisasjonsnummer: 943 838 240


Framlegg til forretningsorden for landsmøtet i 4H Norge 2014 1.

Samansetjing, tale-, framleggs- og røysterett

1.1. Tale-, framleggs- og røysterett har: 1.1.1. Representantar for dei lokale 4H-klubbane, valde av fylkesårsmøta (fylke med 1-24 4H-klubbar har 1 representant, fylke med 25-49 4H-klubbar har 2 representantar, fylke med 50-74 4H-klubbar har 3 representantar, og fylke med meir enn 75 4Hklubbar har 4 representantar). 1.1.2. Leiarane i fylkesstyra. 1.1.3. 2 representantar for 4H-alumnane. 1.1.4. 2 representantar for 4H-gard Norge. 1.1.5. 2 representantar for dei tilsette. Desse har ikkje røysterett under posten val. 1.2. Tale- og framleggsrett, men ikkje røysterett, har: 1.2.1. Landsstyret sine medlemmar. 1.2.2. 1 representant for kvar av 4H Norge sine medlemsorganisasjonar. 1.2.3. Æresmedlemmane i 4H Norge. 1.2.4. Ordførar og varaordførar i landsmøtet. Dersom desse er valde landsmøterepresentantar skal dei også ha røysterett. 1.2.5. Generalsekretæren. Andre tilsette kan gjevast talerett ved handsaming av saker dei er saksansvarlege for. 1.2.6. Ordførar kan, i samråd med landsmøtet, også gje talerett til andre.

2.

Taletid, replikkar m.m.

2.1.

Avgrensingar i taletid kan innførast av landsmøtet etter framlegg frå ordførar eller årsmøterepresentantar.

2.2.

Ordførar kan gjere unntak frå avgrensa taletid for framleggsstillar e.l.

2.3.

Til kvart innlegg kan det maksimalt gjevast 2 replikkar og 1 svarreplikk. Ordførar kan om naudsynt avgrense replikkordskiftet enda meir.

2.4.

Den som ønskjer ordet, melder seg ved å vise røysteteikn.

2.5.

Innlegg til dagsorden, forretningsorden og voteringsorden skal sleppast til utanom talarlista.

2.6.

Kvar representant kan få ordet til forretningsorden berre ein gong under kvar sak.

2.7.

Ordførar eller årsmøterepresentantar kan gjere framlegg om strek når dei meiner at ei sak er ferdig drøfta. Etter at strek er sett, kan det ikkje fremjast nye framlegg i saka.

3.

Om handsaming av saker

Postadresse: Postboks 113, 2026 Skjetten • Besøksadresse: Bråteveien 200, 2013 Skjetten • Telefon: 64 83 21 00 • Telefaks: 64 83 21 19 E-post: 4hnorge@4h.no • Internett: www.4h.no • Bankgiro: 9365 11 70352 • Organisasjonsnummer: 943 838 240


3.1.

Prinsippielle spørsmål som landsstyret, landsmøterepresentantar, fylkesårsmøte eller fylkesstyre ønskjer å drøfte, skal i følgje lovene vere innsende til landsstyret minst 2 månader før landsmøtet

3.2.

Framlegg til endring av lover for 4H Norge må vere framsett av eit fylkesårsmøte, av landsstyret eller av minst 5 landsmøterepresentantar og lagt fram for landsstyret minst 4 månader før landsmøtet.

3.3.

Landsmøtet kan, med kvalifisert fleirtal, vedta at saker som er innkomne seinare eller eventuelt tekne opp på møtet, likevel kan takast opp til handsaming.

3.4.

Alle framlegg skal leverast skriftleg.

4.

Redaksjonsnemnder

4.1.

Redaksjonsnemndene skal: Redigere og samordne innkomne framlegg slik landsmøtet og ordførar avgjer.

4.2.

Gå gjennom alle skriftlege framlegg til endring og sortere framlegga.

4.3.

Redigere saman framlegg som går på same sak.

4.4.

Redigere og arbeide med framlegga slik at dei har rett målform m.m. i høve til det dokument dei skal inn i.

4.5.

Kontakte den som har gjort framlegget for å få godkjenning for det redigerte framlegget.

4.6.

Gjere framlegg om korleis landsmøtet skal handsame kvart einskild framlegg, til dømes vedta eller forkaste det, plassering av framlegget dersom det skal vedtakast eller oversende det til landsstyret for vidare handsaming.

4.7.

Ved avrøysting i landsmøtet vert redaksjonsnemndene sine framlegg satt opp mot dei andre framlegga som framleis er haldne oppe.

5.

Reglar for avrøysting

5.1.

Landsmøtet kan gjere vedtak når minst halvparten av dei valde representantane med røysterett er til stades.

5.2.

Dersom ikkje anna er sagt, vert saker avgjort med absolutt fleirtal. Avrøysting skjer normalt ved å vise røystteikn.

5.3.

Lovendring krev at minst 2/3 av dei gjevne røystene røystar for endringa.

5.4.

Ordførar eller landsmøterepresentantar kan krevje skriftleg avrøysting. Skriftleg avrøysting skal gjennomførast dersom ein representant krev det.

5.5.

Det skal vere skriftleg val på leiar og styremedlemmar. Ved personval utanom leiar og styremedlemmar skal det vere skriftleg val dersom det er framlegg om meir enn ein kandidat. Blanke røyster vert rekna som gyldige røyster.


5.6.

Dersom ingen får absolutt fleirtal i første runde, vert den kandidaten som fekk det lågaste røystetalet stroken, og det vert omval mellom dei andre inntil absolutt fleirtal ligg føre.

5.7.

Får to framlegg eller to kandidatar likt røystetal, skal det gjennomførast ny avrøysting. Er røystetalet framleis likt, skal avrøystinga avgjerast ved loddtrekking.

5.8.

Alle med røysterett som forlèt møtesalen under møtet, skal levere røysteteiknet til ordførar, slik at han alltid har full oversikt over kor mange med røysterett som er til stades.

6.

Fleirtal

6.1.

Ved 4H Norge sitt landsmøte er absolutt fleirtal definert slik: Meir enn halvparten av dei med røysterett som er til stades, må røyste for framlegget. Dei som ikkje røyster, tel i praksis som røyster mot framlegget.

6.2.

Kvalifisert fleirtal er her definert slik: Minst 2/3 av dei med røysterett som er til stades, må røyste for framlegget. Dei som ikkje røyster, tel i praksis som røyster mot framlegget.

7.

Unntak frå forretningsorden/dagsorden

7.1.

Ordførar kan gjere framlegg om at det vert gjort unntak frå dagsorden eller forretningsorden. Landsmøtet må gje si tilslutning ved absolutt fleirtal.


N

otater


Styret si årsmelding

Foto: Beate Johansen

Sak 2

Madelen Weel Johannessen i Råde 4H i Østfold stråla på fylkesleir, sjølv om regnet pøsa ned.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

02/14

Styret si årsmelding _____________________________________________ 2.1

Årsmelding for 4H Norge 2012

Landsstyret si årsmelding for 2012 vert lagt fram til handsaming.

Vedlegg: 1.

Årsmelding 2012

Landsstyret sitt forslag til vedtak i årsmøtet: Årsmøtet i 4H Norge godkjenner landsstyret si årsmelding 2012.

2.2

Årsmelding for 4H Norge 2013

Landsstyret si årsmelding for 2013 vert lagt fram til handsaming.

Vedlegg: 2.

Årsmelding 2013

Landsstyret sitt framlegg til vedtak i landsmøtet: Landsmøtet i 4H Norge godkjenner landsstyret si årsmelding 2013.

_________________________________________________________________________________

Årsmøte i 4H Norge 15.-71. juli 2014


N

otater


Årsmelding 2012

4H Norge

g! r første gan fo rt e g n a rr immel a ess! nder åpen h på 4-natta - ein suks U le b 2 1 0 I2 ute 4H-arar sov 100Un r 1ble IO ve2 201 der åpen himmel arrangert for førs ng! gagang! Over 1100 4H-arar sov ute på 4-n gert for første te atta n a ein suk rr ses a l e ss! s! pen himm 4-natta - ein sukse o r e d n U I 2012 ble H-arar sov ute på 4 Over 1100

Klårt hovud • Varmt hjarte • Flinke hender • God helse

4H Norge


Årsmelding 2012 I 4H er det stor aktivitet! Det er med stolthet vi ønsker å synliggjøre hva vi som barne- og ungdomsorganisasjon klarer å gjennomføre. Denne årsmeldingen viser at vi har nesten 10 000 barn og unge som deltar på kurs i løpet av ett år. Vi har høy deltagelse på våre leire. I tillegg gjennomfører våre medlemmer et valgfritt prosjekt i løpet av ett år. Bak tallene og statistikken som blir lagt frem her, ligger mengder av aktivitet. Denne aktiviteten er med på å utvikle distriktene og bygge lokalsamfunn med allsidige aktiviteter for barn og unge. Det mest imponerende er at det er barna og de unge selv som tar ansvar for å skape disse aktivitetene, og med dette tar ansvar for egen fritid og sine lokalsamfunn. Det synes jeg det står respekt av. Våre tall viser at bl.a. dyrestell, fotografering, friluftsliv og kokkelering er populære aktiviteter. Våre medlemmers interesser er like forskjellig som medlemmene selv, og i 4H skal ha rom for alle.

alle våre støttespillere. Klubbrådgivere, tillitsvalgte, foreldre, alumner, ansatte og alle andre som stiller opp til alle døgnets tider for 4H, og som gir av deres tid. Vi setter stor pris på dere. Jeg vil også rette en takk til Trond Enger som gikk av som generalsekretær i 2012, og samtidig ønske vår nye generalsekretær, Sølvi Egner-Kaupang, velkommen i sin nye stilling. Årsmøtet ga oss en klar agenda på hva vi skal satse på videre, og hvilken vei vi skal gå. Det er utfordringer, men det er aller mest av engasjement og vilje til å lykkes. For vi skal fortsatt jobbe for at barn og unge skal ha et klart hode, varmt hjerte, flinke hender og en god helse.

Med vennlig hilsen Kari Heggelund styrelder i 4H Norge

Jeg vil benytte anledningen til å rette en stor takk til alle medlemmene, som skaper aktiviteten, og til

Landsstyremedlemmer (til august): Kari Heggelund (leiar), Kari Camilla Bjørndal (nestleiar), Marius Aardal, Mariann Hegg, Martin Strand, Tore Bjørkli (oppnemnt av Landbruks- og matdep), Kari Tjentland/Hilde Sværen (tilsette repr.). Anne Irene Myhr (vara), Gaute Gjein (vara), Gunn Jorunn Sørum (vara). Siri Heggebø, observatør for Norske 4H-alumner. Ordførar i årsmøtet: Sigurd Vestrheim, Varaordførar: Ingebjørg Øveraasen.

(frå august):Kari Heggelund (leiar), Gustav Ramstad Gunnerud (nestleiar), Sigrid Sløgedal Løvland, Mariann Hegg, Martin Strand, Tore Bjørkli (oppnemnt av Landbruks- og matdep), Kristine Rise (tilsette repr.). Ragnhild Bach (vara), Gaute Gjein (vara), Kim Nessa (vara). Frode Byttingsmyr, observatør for Norske 4H-alumner. Ordførar i årsmøtet: Sigurd Vestrheim, Varaordførar: Anne Irene Myhr.

Leirstatistikk Type leir Landsleir Fylkes- og regionleir Aspirantleir Andre Sum 2012 Sum 2011 Sum 2010

2

Antall leire Deltakarar Overnattinger 1 966 6 762 20 3 094 8 567 6 588 1 176 2 204 816 29 4 852 17 321 23 5 434 19 781 31 6 222 19 316


Årsmelding 2012

Natur

4H er leiande innan naturbruk, friluftsliv og miljøvern, og gir medlemmane kunnskap om praktiske ferdigheitar og rette haldningar til bruk av naturen 4H-gardane 4H-gardane er organiserte i Forum for norske 4H-gårder (FNG) som er eit nettverk for norske 4H-gardar. Ingen nye 4H-gardar vart godkjende i 2012, men fleire gardar har søkt om å bli 4H-gard, og desse vil bli godkjende i 2013. Pr 31.12.12 var det 28 4H-gardar og 3 4H- setrar.

Enkelt friluftsliv Enkelt friluftsliv har i år gjennomført opplegg på fire klubbrådgjevarsamlingar (5 fylke) og presentert ”Rett rundt hjørnetaktivitetar”. Det er friluftsaktivitetar som krev lite utstyr, ikkje tek lang tid og som kan gjennomførast ”over alt”.

Fri i fjæra ”Barn og unge bær kystkulturen vidare” Noreg er ein nasjon med mange og lange kysttradisjonar. 4H brukar kystkulturprosjektet Fri i Fjæra til å setje fokus på ressursane til kysten og moglegheitene som ligg i den blå næringa.

Dessverre ser vi at mykje kunnskap er i ferd med å forsvinne, men med Fri i Fjæra ynskjer 4H å gjere sitt for at den verdifulle historia og kulturarven går vidare til neste generasjon. I løpet året vart det laga og sendt

Christopher Guddal, Freidig 4H, med storfangsten.

Prosjektet var også initiativtakar til Under open himmel 2012, der alle 4H-klubbar over heile landet vart oppfordra til å markere 4H-dagen, 4. mai, med å sove ute. Klubbane sjølve bestemte kvar og korleis med hensyn til medlemmane og lokale forhold. Markeringa vart ein suksess! Heile 204 klubbar og i alt 1 112 medlemmar tok del i arrangementet. Det vart sove i lavoar, telt, på verandaer og sjølvsagt under open himmel. Det var ulikt ver rundt om i Norge denne natta, men det var inga hindring. Mange gode 4H-minner vart skapt.

Klårt hovud • Varmt hjarte • Flinke hender • God helse

3


Årsmelding 2012 ut 6 idehefter til klubbane med tips og idear til kystrelaterte aktivitetar. Det er gjennomført kurs i garnbinding for vel 250 personar og det er arrangert matskular. 4H har delteke på ulike ”kystdagar”, stemner og arrangement, og vi har mellom anna samarbeidd med lokale lag av Forbundet KYSTEN slik at fleire barn og unge har fått høve til å ta Roknappen. Prosjektet går no inn i sitt siste år, og vi seier oss godt nøgde med måloppnåinga. Kystkulturprosjektet er i stor grad gjort kjent og implementert i dei fleste fylka, og mange medlemmar, klubbrådgjevarar og tilsette gir tilbakemelding om at dei brukar ideane frå Fri i Fjæra aktivt.

4

I året som kjem er den viktigaste oppgåva å sikre at kunnskapen lever vidare etter at prosjektet er avslutta.

Miljøløftet

Miljøløftet vart finansiert av Sparebankstiftelsen gjennom Årets Gåve i 2008. 4H fekk 10 millionar kroner i gåve, med ei målsetting om å etablere 150 naturmøteplassar rundt omkring i landet. Prosjektet vart avslutta i 2012 og totalt har det vorte innvilga stønad til 174 naturmøteplassar og i tillegg 230 natur- og miljøarrangement.

” 4H er venner du enda ikkje kjenner!”


Årsmelding 2012

Kultur 4H har ein inkluderande organisasjonskultur som er open for alle. Medlemmane er stolte av 4H og er gode ambassadørar for organisasjonen. 4H er prega av humor, godt humør og moro. 4H brukar ulike kulturelle utrykk i arbeidet sitt. Tek ansvar for si eiga fritid I 4H tek medlemmane ansvar for si eiga fritid, ved at dei sjølve styrer klubbane sine. Til ei kvar tid er om lag 3 500 born og unge med i styret i ein 4H-klubb. Mange 4H-klubbar tek ansvar for nærmiljø og lokalsamfunn gjennom gode aktivitetar og ved samarbeid med andre organisasjonar lokalt.

4H tek godt imot alle 4H er ein inkluderande organisasjon som tek godt i mot alle. Kvart år tilbyr 4H økonomisk stønad gjennom tilretteleggingsordninga.

Stønaden dekkjer ekstrautgifter for medlemmer med funkjsonsnedsetjingar som deltek på kurs og leir. 4H har eit eige idéhefte med inkluderande aktivitetar, og har utarbeidd eigne rettleiarar for inkludering og tilrettelegging på leir.

Leir og kurs Leir i 4H er sosialt, morosamt og lærerikt. Leir er óg ein viktig del av organisasjonskulturen og ein møteplass for 4H-arar på tvers av klubbar og fylke. I 2012 vart det arrangert aspirant- og fylkesleirar over heile landet. I slutten av juli

4H-arar på storkosar seg og er aktive på fylkesleir i Østfold.

” Å læra ved å gjere”

vart landsleiren Busketroll 2012 avvikla i Rollag i Buskerud. Med i underkant av 1000 leirdeltakarar, og i tillegg 400 frivillige som arbeidde på dugnad for å gjennomføre leiren, blei Busketroll 2012 det største arrangementet i året. I tillegg til leirar har det vorte halde ei rekkje større og mindre kurs for medlemmar, tillitsvalde og tilsette både lokalt, i fylka og på nasjonalt plan. Frå sentralt hald vart det utdanna 32 nye DAF-instruktørar.

4H er sosialt og morosamt 4H er eit aktivt, sosialt og morosamt fellesskap. Dette kjem godt til uttrykk i leik og sosialt engasjement på kurs, leir og andre aktivitetar i 4H. Trivselsagentane har ein viktig rolle i denne samanhengen, og gjer ein stor innsats for miljøet i 4H. I 2012 vart det utdanna meir enn 70 nye trivselsagentar. Song, teater og anna underholdning er ein viktig del av dei sosiale aktivitetane på kurs og leir, og på haustfestane i 4H-klubbane.

4H er moro I 4H er det moro å lære noko nytt, dyrke sine eigne interesser gjennom 4H-prosjekt, drive ei 4H-bedrift eller finne på artige aktivitetar saman med andre.

Klårt hovud • Varmt hjarte • Flinke hender • God helse

5


Årsmelding 2012

Antall medlemmer og klubber pr 31.12.11 101 103 104 105 106 107 108 113 Sum Klubber Østfold 121 774 259 46 0 3 0 9 1212 31 Akershus og Oslo 72 401 131 56 0 0 5 46 711 25 Hedmark 95 476 180 33 0 0 0 6 790 34 Oppland 90 511 202 39 0 0 0 10 852 36 Buskerud 108 606 182 42 0 0 18 11 967 39 Vestfold 102 493 150 101 0 4 0 3 853 26 Telemark 41 253 92 25 0 0 0 1 412 25 Aust-Agder 44 289 108 34 0 0 0 135 610 20 Vest-Agder 41 222 75 36 0 0 0 21 395 19 Rogaland 176 978 395 36 0 0 0 8 1593 41 Hordaland 128 767 318 45 0 0 0 15 1273 39 Sogn og Fjordane 242 1131 457 108 0 0 0 21 1959 77 Møre og Romsdal 111 445 199 36 0 0 0 7 798 39 Sør-Trøndelag 124 609 183 59 0 0 0 12 987 48 Nord-Trøndelag 175 1089 449 92 0 1 0 7 1813 64 Nordland 65 280 100 36 0 0 46 46 573 28 Troms 69 185 61 16 2 1 4 10 348 26 Finnmark 26 59 14 6 0 0 0 4 109 8 4H Norge 0 0 0 1 30 2 0 0 33 0 Sum 2012 1830 9568 3555 847 32 11 73 372 16288 625 Sum 2011 1841 9902 3746 866 44 13 94 116 16622 626 Sum 2010 1747 10076 3734 935 41 11 119 0 16663 635 101 = klubbrådgiver, 103 = hovedmedlem, 104 = søskenmedlem, 105 = alumn, 106 = IFYE-alumn, 107 = direkte medlem, 108 = arrangementsmedlem, 113 = kløvermedlem.

Kjønnsfordeling klubbstyra År Leiar 2012 2011 2010 Kasserar 2012 2011 2010 Sekretær 2012 2011 2010

6

15 mest populære 4H-prosjekt

Gutar

Jenter

37 % 35 % 39 %

63 % 65 % 61 %

44 % 41 % 47 %

56 % 59 % 53 %

21 % 17 % 20 %

79 % 83 % 80 %

4H Fotografen 1361 Vi baker 704 Friluftsliv 600 Baker’n 599 Form og fantasi 451 Hund 344 Bli med ut! 328 4H-kokken 325 Aspirantmat 259 Hest 257 Mekking 224 Matstell 212 Aspirantlederen 180 Vi lagar leir 172 Husdyra 161 Fritt valg N og B 3028 Aspirant N og B 2761

Kurs Ant.kurs Ant.delt. Styreverv 66 1 506 Aspirantleiar 2 29 Klubbrådgjevar 11 318 Volleyball 25 512 Drama og teater 6 88 Årsmøteseminar og medl.konf. 4 45 Trivselsagent 5 121 4H- Matskular 12 137 Anna 402 6 913 Nasjonale kurs 5 136 Sum 2012 538 9 805 Sum 2011 560 9 405 Sum 2010 487 8 392


Årsmelding 2012

Representasjon fra 4H

Samarb.organisasjonar

Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid (NSU): Kari C. Bjørndal, styremedlem, Sølvi Egner-Kaupang, varamedlem.

A.L. Gartnerhallen Geno Gjensidige Forsikring Hoff Norske Potetindustrier Honningcentralen Landkreditt Bank Norsk Kjøttfeavslag Norsk Sau og Geit Norske Felleskjøp Norges Pelsdyralslag Norges Skogeierforbund Norsvin Nortura BA Tine BA

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU): Elin Marie Haga Stabbetorp, styremedlem og arbeidsutvalgsmedlem (f.o.m. april), Marius Aardal, kontrollkomitéleiar (t.o.m. april), Marie Stenstadvold, arbeidsgruppa for Nord/Sør-spørsmål, André Skeie, tildelingsutvalget Nord/ Sør (f.o.m. oktober). Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO): Marius Aardal, varamedlem (t.o.m. mai) og styremedlem (f.o.m. mai). Den sentrale styringsgruppa for Forum for Natur og Friluftsliv (FNF): Trond Enger/Kristin Madsen (t.o.m. oktober), Sølvi Egner-Kaupang (f.o.m. oktober). Voksenopplæringsforbundet (VOFO): Trond Enger, styreleiar. Studieforbundet natur og miljø: Simen Saxebøl, nestleiar (t.o.m. mai), Sølvi Egner-Kaupang, styremedlem (f.o.m. mai) Norsk teaterråd: Ann-Helen Bakkelund, varamedlem til styret (t.o.m. juni), valkomitémedlem (f.o.m. juni)

Medlemsorganisasjonar

Æresmedlemmar

Det Kgl. Selskap for Norges Vel Det Norske Hageselskap Det Norske Skogselskap Norges Bondelag Norges Bygdekvinnelag Norges Bygdeungdomslag Norges Fiskarlag Norges Jeger- og Fiskeforbund

Olav Vebjørn Tandberg, Martin Stavrum, Kristen Bartnes, Lars Aamodt, Godtfred Skuterud, Leiv Sølvberg, Eivind Mjærum og Solveig Skogs.

Tildelte æresdiplomar Siv Ljones, 4H Hordaland. Landsstyret tildeler æresdiplom etter tilråding frå fylka.

Volleyball Tal volleyballtreningar Tal 4H-arar som deltok på trening Tal turneringar o.l. klubben deltok på TalAntall 4H-arar som deltok på turneringane

1 142 3 971 370 2 870

Klårt hovud • Varmt hjarte • Flinke hender • God helse

Kurs godkjent av Studieforbundet natur og miljø År 2012 2011 2010

Kurs 268 289 221

Delt. Tilskot 2474 383 895 2551 365 437 2043 208 565

Tal plakettmottakarar Østfold 53 Akershus og Oslo 13 Hedmark 39 Oppland 30 Buskerud 37 Vestfold 33 Telemark 12 Aust-Agder 16 Vest-Agder 31 Rogaland 65 Hordaland 51 Sogn og Fjordane 103 Møre og Romsdal 27 Sør-Trøndelag 33 Nord-Trøndelag 61 Nordland 15 Troms 7 Finnmark 1 Sum 2012 627 Sum 2011 619 Sum 2010 644

7


Årsmelding 2012

Samfunn 4H har aktive og engasjerte medlemmer og tillitsvalde. Medlemsbladet AKTIViTET kom ut med 4 nummer med eit opplag på 13 500 pr nr. Bladet er ein viktig kanal for informasjon til medlemmane. Bladet tek opp aktuelle hendingar og tema som er interessante for 4H som organisasjon og medlemmane våre, og samtidig viser det breide spekteret av aktivitetar i 4H. 4H Norge har vidareført arbeidet med å byggje opp aktiviteten på Facebook. Fylka har også vidareført dette arbeidet. Målet er å vere synlege og til stades på dei same arenaene som medlemmene, og skape ein tett dialog og dele hendingar knytt til 4H. Landsleiren i Rollag i Buskerud (Busketroll 2012) var det største nasjonale arrangementet i 2012. 1 100 4H- arar var samla til ei veke fylt av spennande opplevingar og aktivitetar. I tillegg til 1 100

leirdeltakarar stilte over 400 frivillige opp. Dermed ble målet om å doble innbyggjartalet i Rollag desse dagane nådd. Fylka har som vanleg arrangert fylkes- og aspirantleirar. Og på denne måten synliggjort seg i lokalsamfunnet. Medlemsbladet og nettsidene, har i tillegg til Facebook, vært 4H Norge sine hovudkanalar for informasjon til medlemmene. På 4H-dagen 4.mai ble alle 4H-arar oppmoda til å sove ute under parolen Under open himmel. Arrangementet vart ein suksess og fekk mykje merksemd i lokale aviser.

4H gir medlemmer organisasjonsopplæring og demokratiforståing 4H utdanna 32 nye DAFinstruktørar i 2012. Desse instruktørane held DAF-kurs i fylka kvart år. Kursa gir nye og gamle tillitsvalde i 4H-klubbane lokal opplæring i styrearbeid. Studieaktiviteten i 4H er god, men dessverre har talet på kurs, timar og deltakarar som er rapportert til Studieforbundet natur og miljø gått litt ned det siste året.

4H er engasjert i internasjonalt samarbeid og gir kulturforståing

NSU og Rural Youth Europe 4H Norge er medlem både i Nordisk samarbeidsorganisasjon for ungdomsarbeid (NSU) og Rural Youth Europe (ein europeisk bygdeungdomsorganisasjon). Utveksling I IFYE-utvekslinga – International 4H Youth Exchange – 2012, tok 4H Norge i mot seks innreisande frå følgjande land: Sveits, England, Nord-Irland, USA og Taiwan. Fem IFYE- ar frå Noreg reiste ut på besøk til Costa Rica, Tyskland og USA. Vi tok også i mot sju amerikanske ungdommar gjennom eit utvekslingsprogram mellom 4H Norge og 4H i USA. Vi takkar vertsfamiliane og andre som stilte opp og gjorde utvekslingane mogleg, og som bidrog til at alle fekk eit flott opphald.

8


Årsmelding 2012 Gambia 4H Norge har sidan 1986 hatt eit samarbeid med 4H i Gambia. I september 2012 feira vi jubileet med ei markering på Litteraturhuset i Oslo. Som vanleg annakvart år, fekk vi besøk av 5 4H-arar frå Gambia to veker i september. Saman med 4H-klubbar i Oppland hadde dei mange fine opplevingar og dei fekk også verte kjende i Oslo.

4H samarbeider med andre organisasjonar 4H samarbeidar med Norsk Landbrukssamvirke, Barneog likestillingsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Norsk teaterråd og Friluftslivets Fellesorganisasjon om eit stort mangfald og engasjement kring dei samfunnsnyttige verdiane vi er opptekne av i 4H. Frifond medverka til stor aktivitet i 4H-klubbar rundt om i landet. 4H takkar difor spesielt

for all økonomisk støtte som gjer oss i stand til å utvikle barn og unge med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse. 4H har samarbeidsavtale med Landkreditt Bank, som mellom anna omfattar Landkreditt Bank volleyballcup. 4H har óg samarbeidsavtale med Gjensidige forsikring. 4H er medlem i Landsrådet for Norske Barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Studieforbundet natur og miljø, Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO), Frivillighet Norge, Norsk teaterråd og Av-og-til. I LNU, Studieforbundet natur og miljø og FRIFO er vi også representert med styremedlemmar. 4H takkar støttespelarane sine for godt samarbeid i 2012.

Kløvermedlemmer Prøveperioden for kløvermedlemskapet for barn i aldersgruppa 4 til 10 år, vart evaluert på årsmøtet i 2012. Årsmøtet vedtok då at kløvermedlemskap skal gå inn som ei permanent medlemskapsform i 4H. Pr 31.12.2012 var det 372 kløvermedlemmer mot 116 året før.

”4H er sosialt,aktivt og morosamt

Martin Holmen og Sina Sørum var to av Hedmarks delegater til 4H Norges årsmøte i 2012.

Klårt hovud • Varmt hjarte • Flinke hender • God helse

9


Årsmelding 2012

Helse 4H er inkluderende, gir trivsel og skapar sunn ungdom. 4H er ein trygg og tilrettelagt organisasjon

4H Matskule er eit populært tilbod for barn i aldersgruppa 8-12 år.

4H er ein organisasjon for alle. Tilretteleggingsordninga for funksjonshemma gir fleire høve til å vere med på leir og anna aktivitet i 4H.

Matskulane vert arrangert både som sommar - og haustferieaktivitet, og som tilbod på kveldar og i helgar.

Det vart løyvd kr 17 090 frå ordninga fordelt på 8 mottakarar for deltaking på arrangement i 2012. Det er halde fleire kurs og samlingar for Trivselsagentar i løpet av året. Trivselsagentane gjer ein flott innsats for å skape samhald og godt miljø i 4H.

4H har sunn mat og fysisk aktivitet I 4H er det fokus på sunn mat, frukt og grønt. Det vert gjennomført ei rekkje matkurs, og det er stor interesse for friluftsliv og matlaging ute. Matlaging og baking er blant dei mest populære emnevalga for 4H-prosjekta. Mange 4H-klubbar har utemøte og andre friluftsaktivitetar, der det å laga sunn mat er ein del av aktiviteten.

På 4H Matskule lærar barna å laga sunn mat frå botnen av, samstundes som dei lærar om råvarer, økologisk mat, sunn kost og fysisk aktivitet. Gjennom besøk på føretak og gardar får dei sjå kor maten kjem frå.

Omsetjinga har vore på 32,5 mill., og resultatet viser eit overskot på kr 93 952. Eigenkapitalen er på 9,4 mill. Likviditeten vert vurdert til å vere god.

Medarbeidarar Trond Enger var generalsekretær i 4H Norge t.o.m. 31.10.12. Sølvi

10

4H skal utvikle kunnskap om å ta vare på eiga helse 4H driv eit stort informasjonsog opplæringsarbeid om sunt kosthald, fysisk aktivitet, trivsel og andre helsefremjande aktivitetar gjennom 4H-prosjekt, nasjonale prosjekt, kurs og anna opplysningsverksemd.

I løpet av året vart det arrangert om lag 20 4H Matskoler i åtte fylke, med til saman rundt 200 deltakarar.

Rusfrie medlemsarrangement Alle 4H sine medlemsarrangement er rusfrie, og 4H har ein klar og tydeleg haldning til dette gjennom vedtekne retningslinjer for bruk av alkohol og tobakk.

4H-idretten er volleyball 4H arrangerar volleyballcup på leir og kurs. Landkreditt Cup 2012 vart

Administrasjon Økonomi

gjennomført med om lag 120 lag og snaut 1000 deltakarar fordelt på 10 fylke.

Egner-Kaupang er generalsekretær i 4H Norge f.o.m. 01.10.12. 4H Norge hadde i alt 46,4 årsverk i 2012. Av desse er 9 årsverk knytt til sekretariatet på Hellerud og 15,4 fordelt på 4H- konsulentane i fylka, medan dei siste 22 årsverka er fordelte på instruktørar, kontormedarbeidarar og prosjektstillingar

finansiert av fylka. I tillegg har nokre få fylkeskontor tilsette som kvar for seg tenar under kr 45.000 i året, og som er stipulert til å tilsvare under eitt årsverk til saman. Nokre tillitsverv i 4H er også tilkjent ein viss økonomisk kompensasjon.


Årsmelding 2012

Dette er 4H Medlemmane i ein 4H-klubb er mellom 10 og 25 år, og det blir ikkje stilt spesielle krav for å bli med. I 4H kan du meine og interessere deg for det meste. Lære ved å gjere I 4H treng du ikkje vere ekspert, men ved arbeidsmåten «å lære ved å gjere», blir mange 4H-arar etter kvart ganske flinke til både det eine og det andre. I tillegg til arbeidet med 4H-prosjektet får 4H-arane lære mykje om møteleiing og organisasjonsarbeid. 4H-arar er med på turar i skog og mark, tevlingsdagar, volleyballkampar, hyggekveldar, teaterarbeid og mykje meir.

4H i Noreg 4H Norge er ein stor og aktiv organisasjon med 4H-klubbar i alle fylke. 4H-kontoret i fylket finn du på alle Fylkesmannens landbruksavdelingar.

4H-prosjekt Som 4H-medlem veljer du eit praktisk 4H-prosjekt som du arbeider med gjennom heile året. 4H-prosjektet har en skrivedel og en gjeredel. Gjennom arbeidet med 4H-prosjektet lærer du mykje nytt. Det er mange ulike praktiske 4H-prosjekt å velje mellom, slik at alle skal kunen finne eit emne som passar.

Medlemmene styrer I 4H er det medlemmene som styrer. Styret i klubben er satt saman av 4H-arar, og 4H-arane lagar sjølve årsplan for klubben sin der dei avgjerd klubbens aktivitetar. Medlemmene velgjer og ein eller fleire vaksne klubbrådgjevarar som gjev råd og hjelp til styret og dei andre i klubben. 4H tilbyr kurs i leiartrening og organisasjonsarbeid.

Mål Målsettinga til 4H blir målbore i 4H-løftet: Vi lover å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse.

Leir er topp Kvart år får du som 4H-medlem tilbod om å vere med på leir: Aspirantleir for dei yngste, og fylkesleir og lands- eller nordisk leir for dei eldste. Dei som har vore på leir ein gong og oppdagar leirlivet i 4H, reiser på leir år etter år.

Klårt hovud • Varmt hjarte • Flinke hender • God helse

11


Årsmelding 2012

Klårt hovud • Varmt hjarte • Flinke hender • God helse


Ă…rsmelding 2013

4H Norge


2

Foto: Katrine SĂŚgrov/4H Rogaland


4H Norge

Leiar Eg vert stolt når eg les årsmeldinga til 4H. Det eine er all aktiviteten som er gjort siste året, og det andre er breidda av aktivitet. Det er kurs som gjev medlemene opplæring i alt frå styreverv, leiarkompetanse og til korleis lage mat frå lokalprodusert mat. Medlemene har gjort prosjekt med ulike tema som seterliv, fotografering, klatring og friluftsliv. Eg vert både imponert og stolt av å sjå alt 4H-medlemene får til, og korleis dei veks og vert trygge på seg sjølve gjennom erfaringane dei får i 4H. I 2013 har satsningsområdet vore Ingen grenser, ingen terskel, og vi ser at mange har fått augene opp for at gode friluftsopplevingar ikkje berre er masse utstyr og dei høgaste toppane, men at det er gode opplevingar å finne i friluft i nærmiljøet også, der dei gode opplevingane er tilgjengeleg for alle. Det er dette som gjer 4H så unik og umisteleg som organisasjon. 4H er – og skal fortsatt vere i framtida – ein organisasjon som er inkluderande og som alle kan føle det er meiningsfullt å vere ein del av. Eg vil takke alle frivillige som bruker av tida si til å jobbe med oss. De gjer ein fantastisk jobb, og er direkte med på å gi medlemene våre verdfulle opplevingar og nyttig erfaring. Ein takk går òg til alle de som driv 4H-gardar. De er ein viktig møtestad i nærmiljøet og gjev gode tilbod til barn og unge som elles aldri ville opplevd gardsaktivitet. Tilslutt vil eg rette ein stor takk til alle tilsette. De syner eit personleg engasjement for jobben dykkar som eg verkeleg sett pris på, og som syner igjen i heile 4H. Kari Heggelund Styreleiar

3


Årsmelding 2013

Ordførar i årsmøtet:

Medlemsorganisasjonar

Ordførar: Sigurd Vestrheim (Akershus og Oslo)

Det Kgl. Selskap for Norges Vel, Det Norske Hageselskap, Det Norske Skogselskap, Norges Bondelag,

Varaordførar: Anne Irene Myhr (Nord-Trøndelag)

Norges Bygdekvinnelag, Norges Bygdeungdomslag,

Landsstyremedlemmer

Norges Fiskarlag og Norges Jeger- og Fiskeforbund.

Leiar i landsstyret: Kari Heggelund (Hedmark)

Samarbeidsorganisasjonar

Styremedlem:

Landbruk- og matdepartementet, Norsk Landbruks-

Gustav Ramstad Gunnerød,

samvirke, A.L. Gartnerhallen, Geno, Gjensidige

nestleiar (Akershus og Oslo)

Forsikring, Hoff Norske Potetindustrier, Honning-

Mariann Hegg (Vestfold)

centralen, Landkreditt Bank, TYR, Norsk Sau og

Martin Strand (Nordland)

Geit, Norske Felleskjøp, Norges Pelsdyralslag,

Sigrid Løvland (Vest-Agder)

Norges Skogeierforbund, Norsvin, Nortura BA,

1. varamedlem: Ragnhild Bach (Nord-Trøndelag)

Tine BA, Norsk teaterråd, Friluftslivets fellesorganisa-

2. varamedlem: Gaute Gjein (Akershus og Oslo)

sjon, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Nordisk

3. varamedlem: Kim Nessa (Rogaland) ny

sam-organisasjon for Ungdomsarbeid, Rural Youth Europe, 4H the Gambia, Landsrådet for norske

Observatør frå Norske 4H-alumnar:

barne- og ungdomsorganisasjoner, Frivillighet Norge,

Frode Byttingsmyr

Av-og-til og Fylkesmennenes landbruksavdelinger

Oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet:

Fylkeskommunene.

Tore Bjørkli Tilsetterepresentant: Kristine Rise Tilsetterepresentant, vara: Kari Tjentland

Æresmedlemer Olav Vebjørn Tandberg, Martin Stavrum,

Representasjon Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid (NSU): Gustav Ramstad Gunnerød, styremedlem, Sølvi Egner-Kaupang, varamedlem.

Kristen Bartnes, Lars Aamodt, Godtfred Skuterud, Leiv Sølvberg, Eivind Mjærum og Solveig Skogs.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU):

Tildelte æresdiplomar

Elin Marie Haga Stabbetorp, styremedlem og

Gunn Lisbeth Svendsen Kismul, 4H Aust-Agder, Bjørn Rambøl, 4H Hedmark, Marius Eikås Aardal,

arbeidsutvalmedlem, Marta Valdes, tildelingsutvalet Mangfold og inkludering (f.o.m. mars).

4H Sogn og Fjordane, Heidi Fjellvang, 4H Sogn og

Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO):

Fjordane, Gerd Bjørkedal, 4H Sogn og Fjordane,

Marius Aardal, styremedlem

Else Steig, 4H Sogn og Fjordane, Oddfrid Vereide,

Simen Saxebøl, valnemnda

4H Sogn og Fjordane og Helge Sårheim, 4H Sogn og Fjordane.

Den sentrale styringsgruppa for Forum for Natur og Friluftsliv (FNF):

Landsstyret tildeler æresdiplom etter tilrådng frå fylka.

Sølvi Egner-Kaupang (t.o.m. februar), Marta Valdes (f.o.m. mars).

4


4H Norge

Studieforbundet natur og miljø:

Strandryddedagen som er kvart år i mai. Medlemene

Sølvi Egner-Kaupang, styremedlem (t.o.m. medio

vart også oppmoda til å tenke korleis dei bruker

mai) og leiar (f.o.m. medio mai)

naturen på ein måte som ikkje skadar han.

Norsk teaterråd:

4H er synleg og aukar medlemsmassen.

Ann-Helen Bakkelund, valnemndmedlem

4H er synleg på digitale media som nettsider,

(t.o.m. mai), Marte Gustad Iversen, valnemnd-

facebook og instagram. Årsmøtet i 2012 vedtok at

medlem (f.o.m. juni) og Sølvi Egner-Kaupang,

4H skulle lage ein app. Ei fyrsteutgåve vart laga

varamedlem (f.o.m. juni)

til nordisk leir. Appen vart brukt til å gje meldingar

Overordna strategiske mål for perioden 2013-2015 4H gjev medlemene kompetanse til å drive eigen organisasjon. Kvart år held 4H DAF-kurs (styrevervkurs) i alle fylka. Kursa gjev nye og gamle tillitsvalde i 4H-klubbane opplæring i styrearbeid. I 2013 utdanna 4H Norge

til leirdeltakerane, i tillegg til at ein kunne finne programmet og info om leiren. I tillegg til dei digitale media var 4H synleg i ulike lokalaviser. Målet om å auke medlemsmassen gjennom å vere synleg er diverre ikkje nådd. 31.12.2013 var det 344 færre medlemer enn ved starten av året.

32 nye DAF-instruktørar (styreverv-instruktørar).

4H-klubbane får tett og god oppfølging.

Det er desse instruktørane som heldt styrevervkursa

Det er fylkeskontora som er ansvarleg for oppfølging

i fylka. I 2013 vart det halde DAF-kurs i alle fylka,

av klubbane. I tillegg til styrevervkursa, gjev dei fleste

med til saman 1280 deltakarar.

fylka tilbod i form av klubbrådgjevaropplæring, enten

4H-klubbane er pådrivarar for positive og gode lokalsamfunn. 4H-klubbane i heile landet gjev tilbod om trygge og

aleine eller i samarbeid med andre fylke. I 2013 deltok 300 klubbrådgjevarar på 10 slike samlingar rundt i landet.

sunne aktivitetar for barn og unge i lokalsamfunnet.

I 2013 vart det laga ein strategi for oppfølging av

4H Norge hadde to nasjonale prosjekt som vart

klubbrådgjevarar. Strategien skal sikre at alle klubb-

avslutta i 2013: Óbyggðalíf – friluftsliv sånn det

rådgjevarane får den oppfølginga dei treng, og gjere

enkli’ var! (Enkelt Friluftsliv) og Fri i fjæra. Begge

dei tryggare i rolla som rådgjevar.

prosjekta gav tips og idear til aktivitetar klubbane kunne gjennomføre for barn og unge i lokalsamfunna. Begge prosjekta vert omtala meir under avsnittet Satsingsområdet: Ingen grenser – ingen terskel.

4H brukar dei økonomiske og menneskelege ressursane i organisasjonsapparatet på ein best mogleg måte. Regionsamarbeidet som vart innført i 2012 som eit samarbeidsorgan for tilsette i 4H, heldt fram i 2013.

4H gjev medlemmane kunnskap om naturbruk og stimulerer til å ta aktivt miljøansvar.

Året har vorte brukt til å utvikle samarbeidet meir,

Óbyggðalíf – friluftsliv sånn det enkli’ var! (Enkelt

i større grad.

og det har vorte utvida til å involvere dei tillitsvalde

Friluftsliv) og Fri i fjæra gav medlemene kunnskap om å bruke naturen på ein enkel og god måte. Gjennom prosjekta oppmoda 4H medlemene til å delta på

5


Årsmelding 2013

Satsingsområdet:

Ingen grenser – ingen terskel Årsmøtet 2012 vedtok to satsingsområder for 2013 og 2014: Ingen grenser, ingen terskel og Fra jord til bord. Landsstyret vedtok i sak 66/12 å ha hovudfokus på Ingen grenser, ingen terskel i 2013.

Logo

Aktivitetane og profilane var:

Det vart laga eigen logo for satsingsområdet.

Februar: Snø og is Profil: Cato Zahl Pedersen

Månadens aktivitet og månadens profil

Mars: Mat på bål. Profil: Wenche Andersen og Arne Brimi

Det vart lagt ut forslag til aktivitet for satsingsområdet på nettsida vår kvar månad. Det vart òg lagt ut eit lite intervju med ulike kjente personar som har gjort mykje ulikt innan friluftsliv.

April: Vårtegn Profil: Bård Løken, naturfotograf Mai: Under åpen himmel 2013 Profil: Arne Hjeltnes Juni: Land Art September: Matsanking Oktober: Mørket November: Friluftsutstyr

6


4H Norge

Óbyggðalíf – friluftsliv sånn det enkli’ var! (Enkelt Friluftsliv) Dette var eit nasjonalt prosjekt som vart avslutta i 2013. Målet med prosjektet var å gi barn og unge i alle fylke høve til å oppleve gleda ved det enkle friluftslivet, og å auke forståinga for kvifor det er viktig å drive bærekraftig og miljøvenleg friluftsliv. Målgruppa for prosjektet var barn og unge frå 10-19 år. Hege Kvande Henriksen var prosjektleiar. Eit av tiltaka i prosjektet var å lage eit oppskriftshefte for å få fleire i 4H ut på tur. Heftet heiter Ut på tur, og blei sendt ut til alle klubbane. Heftet er ein rettleiar for planlegging og gjennomføring av tur. Eit anna tiltak var å lage forslag til årsplan for friluftsaktivitetar i klubbane. Det vart fokusert på å lage rett-rundt-hjørnet-aktivitetar.

Under åpen himmel 2013 For andre gong vart alle 4H-klubbane i landet oppmoda om å sove ute på 4H-dagen, 4. mai. Det vart laga eit tipshefte som vart sendt ut til alle klubbane. Her var det tips til gjennomføring, med vekt på det enkle friluftslivet. Det vart utarbeida pressemeldingsmalar som klubbane kunne bruke. Dette førte til mange presseoppslag rundt i heile landet. Det var eit ynskje frå 4H Norge at alle som deltok skulle melde seg på i medlemsregisteret. 959 frå 164 klubbar registrerte seg, men det reelle talet var nok høgare, for det kom tilbakemeldingar på at fleire var med utan å registrere seg. Klubbar frå alle fylka sov ute.

Fri i Fjæra Dette var også eit nasjonalt prosjekt som ble avslutta i 2013. Hovudmålet for prosjektet var å gje barn og unge kjennskap til, og kunnskap om friluftsliv, tradisjonar, natur og kultur langs kysten. Målgruppa for prosjektet var barn og unge i alderen 10 – 19 år. Under prosjektet er det blitt oppretta eiga nettside for 4H sin kystkultursatsing. Det vart laga eigen logo. Monica Eriksen Melbakk var prosjektleiar.

om aktivitetar for barn og ungdom på landsstemna til Forbundet KYSTEN, og i 2013 deltok 4H på landstemnet i Sandnessjøen. Prosjektleiaren har initiert og vore med på aktivitetar både lokalt og på fylkesplan. 4H-medlemer vart oppmoda om å ta roknappen.

Naturmøteplassar I Miljøløftet (2008-2011) vart det laga mange naturmøteplassar rundt i klubbane. Plassane vert brukt aktivt av både 4H-klubbane og andre i nærmiljøet. I samarbeid med FRIFO og fylkeskommunen har 4H Sogn og Fjordane utvikla eit prosjekt for å lage aktivitetsopplegg med tema naturmangfald og miljø. Det er tenkt at heile organisasjonen skal gjere seg nytte av dette arbeidet.

Friluftsliv i fylka 4H i fylka har vore med på å legge til rette for og arrangert friluftsaktivitetar for medlemer og nærmiljøa deira. Det vart gjennomført 21 kurs innan friluftsliv med omlag 294 deltakarar. 3 av kursa handla om sjøbruk. I tillegg har 4H i fleire fylke vore med på ulike eksterne friluftslivsarrangement i samarbeid med andre organisasjonar.

Det vart sendt ut 12 idéhefter med ulike tips og idear til klubbaktivitetar, mat, leikar med kyst som tema, til alle klubbrådgjevarane i 4H.

Heftet «Ut på tur».

Det er underteikna ei samarbeidsavtale med Forbundet KYSTEN

7


Årsmelding 2013

Natur 4H er leiande innan naturbruk, friluftsliv og miljøvern, og gir medlemene kunnskap om praktiske ferdigheiter og riktige haldningar til bruk av naturen.

Landbruksaktivitetar I 2013 har 4H i fylka arrangert aktivitetar som t.d. Beitedyras dag, dyrekurs, diverse landbruksutstillingar og –messer og ulike rekrutteringsprosjekt.

4H-gardane er sentrale i 4H si verksemd 31.12.2013 var 33 gardar og 3 setre sertifisert som 4H-garder/setre. I 2013 ble 7 gardar og 1 seter godkjend. På slutten av 2013 var fleire fylke i gong prosessen med å godkjenne fleire 4H-gardar. Det er godt samarbeid med både faglaga og Fylkesmennene for å rekruttere fleire gardar til å bli 4H-gard. 4H-gardane har eit særs godt omdøme i lokalmiljøet. Dei er gode utstillingsvindauge for landbruket, matproduksjon og som pedagogiske arenaer. I tillegg til eigne opplegg for 4H-klub-

8

bane, har fleire av 4H-gardane tilbod om rehabiliterings- og arbeidstreningsplassar med aktivitetar for ungdom og vaksne med rusproblem, psykiske lidingar, skulevanskar osb. Mange har også tilbod for demente og grupper med nedsett funksjonsevne. Gardane hadde i 2013 om lag 188 196 besøkande.

I 2013 har fleire fylke arbeida med å rekruttere fleire medlemmer i byane. Fleire har hatt stand der dei har synt fram 4H og aktivitetane til klubbane. Fleire fylker arbeidar med å opprette nye klubbar med fokus på integrering. LNU-prosjektet 4H Norge hadde saman med 4H Gambia, hadde skog og skogplanting som tema.

I 2013 vart fem 4H-gardar spurt om å bli med i besøksgardordninga til TINE. På sikt vil fleire 4H-gardar bli med i denne ordninga.

4H-bedrifter og entreprenørskap

Skogbruksaktivitetar •

4H Norge var med å markere skogdagen og Norges skogeierforbund sitt 100års ubileum i 2013.

•

4H-bedrifter og entreprenørskap.

•

4H-prosjekta gjev kunnskap og høve til entreprenørskap.

•

4H i byen.

4H-prosjekta gjev kunnskap og høve til entreprenørskap.

4H i byen I 2013 har fleire fylke arbeida med å rekruttere fleire medlemer i byane. Fleire har hatt stand der dei har synt fram 4H og aktivitetane til klubbane. Fleire fylker arbeidar med å opprette nye klubbar med fokus på integrering.


4H Norge

Kultur 4H har ein open og inkluderande organisasjonskultur der alle kan være med. Medlemene er stolte av 4H og er gode ambassadørar for organisasjonen. 4H er prega av humor, godt humør og moro! 4H bruker ulike kulturelle utrykksformer i sitt arbeid. Tek ansvar for si eiga fritid I 4H tek medlemene ansvar for si eiga fritid, ved at dei sjølve styrer klubbane sine. I 2013 var 3 654 barn og unge med i styret i ein 4H-klubb. 4H-klubbane tek ansvar for nærmiljø og lokalsamfunn gjennom gode aktivitetar og ved å samarbeide med andre organisasjonar lokalt.

4H tek godt imot alle 4H er ein inkluderande organisasjon som tek godt i mot alle. Kvart år tilbyr 4H økonomisk stønad gjennom Tilretteleggingsordninga. Stønaden dekkjer ekstrautgifter for medlemer med nedsett funksjonsevne som deltek på kurs og leir. Heftet Friluftsliv for alle. Ei eksempelsamling vart oppdatert og sendt ut til alle klubbane i klubbservice våren 2013. 4H har utarbeidd eigne rettleiarar for inkludering og tilrettelegging på leir.

Leir og kurs Leir er ein viktig del av organisasjonskulturen i 4H, og det er møteplass for 4H-arar på tvers av klubbar og fylke. I 2013 vart det laga 22 aspirant- og fylkesleirar over heile landet. I månadsskiftet juli/august var 4H Norge vertskap for Think-love-do-move, Nordisk 4H-leir, i Stokke i Vestfold. Det

var vel 1100 deltakarar på leiren, og det vart lagt ned 10 000 dugnadstimar blant frivillige som arbeidde for å gjennomføra årets største arrangement. Fylka har arrangert 506 kurs av ymse slag i 2013.

4H er sosialt og morosamt 4H er eit aktivt, sosialt og morosamt fellesskap. Dette kjem godt til uttrykk i leik og sosialt engasjement på kurs, leir og andre aktivitetar i 4H. Song, teater og anna underhaldning er ein viktig del av dei sosiale aktivitetane på kurs og leir, og på haustfestane i 4H-klubbane. Trivselsagentane har ei viktig rolle for å skape ein inkluderande organisasjon, og gjer ein stor innsats for miljøet i 4H.

Friluftsliv for alle En eksempelsamling

4H Norge

Heftet «Friluftsliv for alle».

4H er moro I 4H er det moro å lære noko nytt, dyrke eigne interesser gjennom 4H-prosjekt, drive ein 4H-bedrift eller finne på artige aktivitetar saman med andre. I 2013 kom det to nye prosjekthefte innan kulturfeltet: Trivselsagent og Kreativ saum.

9


Årsmelding 2013

Samfunn – 4H har aktive og engasjerte medlemer og tillitsvalde

– 4H gir medlemer organisasjonsopplæring og demokratiforståing 4H er medlem i Studieforbundet natur og miljø og kursaktivitet vert registrert der. I 2013 vart det innrapportert 256 kurs, 2272 deltakarar og 3479 timar til Studieforbundet. Dette er god aktivitet, men litt dårlegare enn 2012, ein trend 4H ynskjer å snu. Den siste helga i november inviterte landsstyret til fylkesstyresamling. Programmet inneheldt noko kursing kring satsingsområdet, men var fyrst og fremst ein arena for erfaringsutveksling og utforming av strategiske planar.

Nettsidene Nettsidene er ein informasjonskanal for å nå medlemer, tillitsvalde og føresette. Målet er å ha oppdatert og relevant informasjon

10

på nettsidene. Nettsidene vart aktivt brukt i satsningsområdet Ingen grenser, ingen terskel, der både månadens profil og månadens aktivitet vart publisert. I 2013 var det 178 586 besøkande på 4H Norge si nettside. Gjennomsnitt tal sider som er besøkt pr. besøk er 4,61 og gjennomsnittleg besøkstid er 4 minutt og 10 sekund.

Sosiale media 4H Norge er aktiv på sosiale media. Målet er å være synleg og tilstades på dei same arenaene som medlemene våre, og å skape ein tett dialog og dele hendingar knytte til 4H. Både Facebook og Instagram vert nytta som kommunikasjonskanalar overfor medlemmer, tillitsvalde og tilsette. Facebook blir brukt aktivt både i samband med å formidle nyhende og gje informasjon om arrangement,

kurs, fristar mv. 4H Norge hadde pr. 1.1.2013 3990 likerklikk på facebooksida si. I løpet av året var det ei auke på 261 nye, dvs. pr 31.12.2013 hadde 4H Norge 4251 likerklikk. Bildedelingstenesta Instagram er så vidt tatt i bruk. I 2013 vart den brukt meir aktivt og konkret i samband med arrangement, for å vise kva som skjer på dei konkrete arrangementa. I samband med Nordisk leir Think Love Do Move vart det lagt ut 1332 innlegg på Instagram med #thinklovedomove.

Medlemsblad Medlemsbladet AKTIViTET hadde fire nummer i 2013. Bladet er ein viktig informasjonskanal, og omtaler aktuelle hendingar og tema som er interessante for 4H som organisasjon og medlemene våre. Bladet viser òg det breidde


4H Norge spekteret av aktivitetar i 4H. Bladet har eit omfang på 32 sider og eit opplag på omlag 13 500. Kløverbladet er eit medlemsblad for medlemer i alderen 4-9 år og hadde 2 nummer i 2013. Bladet skal gje eit innblikk i kva 4H er, men er i all hovudsak eit aktivitetshefte for å sette dei aller yngste i aktivitet. Bladet har eit omfang på 16 sider.

Info til 4H-klubbane Klubbservice er ei informasjonssending som går til alle 4H-klubbane. I 2013 vart det sendt Klubbservice i mars og desember. I tillegg sender dei fleste fylka ut eigne nyhendebrev og infosendingar.

Presseoppslag Nordisk 4H-leir Think Love Do Move hadde 36 presseoppslag i heile landet. Fylka har gjort fylkesog aspirantleirane sine godt synleg i lokalsamfunna. På 4H-dagen 4.mai vart alle 4H-arar oppmoda om å sove ute under parolen Under åpen himmel. Arrangementet var ein suksess, og fekk mykje merksemd i lokalaviser over heile landet. Det var 23 presseoppslag om Under åpen himmel. Andre store hendingar i løpet av 4H-året er haustfestane og plakettfestane. Det var 72 presseoppslag om haustfestar, og 24 oppslag om plakettfestar. (kjelde: Opoint).

Internasjonalt Landsstyret vedtok i 2013 å sette ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med det internasjonale engasjementet til 4H Norge.

4H Norge har hatt eit samarbeid med 4H the Gambia sidan 1987. Det er ei egna styringsgruppe for dette samarbeidsprosjektet, og i 2013 var Kristine Rise, Tor Brekke, Tor Martin Stenseng, Martin Strand, Marius Årdal, Sølvi Egner-Kaupang og Marie Omland Stenstadvold med i denne gruppa. 4H Norge er medlem i Rural Youth Europe (RYE), ein paraplyorganisasjon for europeiske bygdeungdomsorganisasjonar. I 2013 deltok internasjonal konsulent, Marie Omland Stenstadvold, på RYE sitt årsmøte i Irland. På RYE sitt årlige arrangement deltok ein norsk 4H-ar på vårseminar i Strasbourg, fem på Rally i Irland og to på haustseminaret i England. I Norden er 4H Norge medlem av Nordisk samorganisasjon for Ungdomsarbeid (NSU). Gustav Ramstad Gunnerud er med i styret, og Sølvi Egner-Kaupang er vara. I 2013 deltok seks norske 4H-arar på Nordisk ungdomsveke på Island, ein på leiarskole i Danmark, og to på temaseminar i Syd-Slesvig (Tyskland). Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) gjev tilbod om studieturar til mange land, og i 2013 reiste ein 4H-ar på studietur til Albania, og styreleiar Kari Heggelund var med på studietur til Tyrkia.

med Musa Chaw og Fatou S. Bah, frå 4H the Gambia, budde dei på Mære landbruksskole i Nord-Trøndelag frå september til desember. Dei var med på ulike aktivitetar i klubbar og fylka i region Midt (Hedmark, Oppland, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag). Som vanleg i oddetallsår reiste ei gruppe frå 4H Norge til Gambia på studietur i januar. Nyttårskvelden reiste 14 deltakarar og reiseleiarane Tor Brekke og Marie Omland Stenstadvold til Gambia i to veker. Sommaren 2013 var 18 4H-arar mellom 15 og 20 år i USA ein månad på utveksling. I tillegg hadde dei med Gustav Gunnerud og Eva Hodnefjell som reiseleiarar. Deltakarane var spreidd over fleire statar i Midt-Vesten, og budde aleine hos ein familie heile perioden. IFYE, International 4H Youth Exchange, tok seg opp i 2013. Noreg sendte ut ni personar og tok i mot sju. Det var europeisk IFYEkonferanse i Wales med 10 norske deltakarar, og internasjonal IFYEkonferanse i Thailand med to utsendingar frå Noreg.

I 2013/2014 har 4H Norge i samarbeid med 4H the Gambia gjennomført ei utveksling med tittelen 4H og klimaendringer. Utvekslinga er finansiert av LNU og Fredskorpset Ung. Frå Noreg har Robert Lampinen Eriksrud, Oppland, og Solveig Karlsen Bjørlo, Østfold, deltatt. Saman

11


Årsmelding 2013

Helse 4H er inkluderande, gjev trivsel og skapar sunn ungdom 4H er ein trygg og tilrettelagt organisasjon 4H er ein organisasjon for alle Tilretteleggingsordninga for medlemer med nedsett funksjonsevne gjev fleire høve til å vere med på leir og anna aktivitet i 4H. I 2013 vart det løyvd kr 22 786 kr frå ordninga fordelt på 8 mottakarar.

4H har sunn mat og fysisk aktivitet I 4H er det fokus på sunn mat, frukt og grønt. Det vert gjennomført ei rekke matkurs, og det er stor interesse for friluftsliv og matlaging ute. Matlaging og baking er blant dei mest populære emnevalga for 4H-prosjekta. Mange 4H-klubbar har utemøte og andre friluftsaktivitetar, der det å lage sunn mat er ein del av aktiviteten.

4H Matskole 4H Matskole er eit ferie- og fritidstilbod for barn i alderen 8-19 år. Målet med matskolane er at deltakarane skal lære å lage

12

sunn mat frå botnen, korleis maten vert produsert og kvar den kjem i frå. 4H Norge har i 2013 hatt eit nasjonalt prosjekt for å vidareutvikle 4H Matskole. Det har vorte laga ny nettside for 4H Matskole, og det har vorte utvikla kurs til 4H Matskole-instruktørar slik at eldre 4H-arar kan ha dette som prosjekt, eller som 4H-bedrift.


4H Norge

Aase Jakobsen er prosjektleiar, og ho har kontorplass saman med 4H Hordaland. Det vart arrangert 12 Matskolar i 2013.

4H sine medlemsarrangement er rusfrie Alle 4H sine medlemsarrangement er rusfrie, og 4H har ein klar og tydeleg haldning til dette gjennom vedtekne retningslinjer for bruk av alkohol og tobakk.

4H-idretten er volleyball 4H arrangerer volleyballcup på leir og kurs, og mange klubbar har volleyballaktivitetar på medlemsmøta sine. Også i 2013 var Landkreditt sponsor for volleyballcupane som vart gjennomført i samband med fylkes- og nordisk leir.

4H skal utvikle kunnskap om å ta vare på eiga helse 4H driv eit stort informasjonsog opplæringsarbeid om sunt kosthald, fysisk aktivitet, trivsel og andre helsefremjande aktivitetar gjennom 4H-prosjekt, nasjonale prosjekt, kurs og anna

opplysingsverksemd. 4H Norge deltok på samrådsmøte med helseministeren og lanseringa av Folkehelsemeldinga, der 4H Matskole vart spesifikt trekt fram som eit eksempel på eit viktig tilbod for å auke kunnskap om matlaging, kosthald og helse.

Administrasjon Økonomi

Medarbeidarar

Omsetjinga har vore på 33,1 mill., og resultatet syner eit underskot på kr 117 005. Eigenkapitalen er på 9,3 mill. Likviditeten vert vurdert til å vere god.

Sølvi Egner-Kaupang er generalsekretær i 4H Norge. 4H Norge hadde i alt 49,1 årsverk i 2013. Av desse er 29,1 årsverk fordelt på sekretariatet på Hellerud og 4H-konsulentene i fylka, medan dei siste 20 årsverka er fordelt på instruktørar,

kontormedarbeidarar og prosjektstillingar finansiert av fylka. I tillegg har nokre få fylkeskontor tilsette som kvar for seg tener under kr 45 000 i året, og som er stipulert til å tilsvare under eitt årsverk til saman. Nokre tillitsverv i 4H får noko økonomisk kompensasjon.

13


Årsmelding 2013

Tal medlemmer og klubbar Klubbråd Hovud Søsken Alumn

Direkte

Arr.

Kløver

2013

2012

Endring 2012-

101

103

104

105

106

107

108

113

Sum

Sum

Østfold

108

695

235

38

0

3

0

10

1089

1212

-10,15 %

-123

Akershus og Oslo

57

406

140

49

0

1

3

47

703

711

-1,13 %

-8

Hedmark

94

491

186

31

0

1

0

8

811

790

2,66 %

21

Oppland

95

510

211

36

0

0

0

9

861

852

1,06 %

9

Buskerud

99

560

170

49

0

0

0

7

885

967

-8,48 %

-82

Vestfold

91

450

151

77

0

6

0

5

780

853

-8,56 %

-73

Telemark

40

229

87

20

0

0

0

3

379

412

-8,01 %

-33

2013

Aust-Agder

42

260

90

27

0

0

0

139

558

610

-8,52 %

-52

Vest-Agder

36

193

66

42

0

0

0

36

373

395

-5,57 %

-22

Rogaland

165

912

388

40

0

0

9

15

1529

1593

-4,02 %

-64

Hordaland

133

766

331

42

0

0

0

31

1303

1273

2,36 %

30

Sogn og Fjordane

215

1070

454

114

0

0

0

30

1883

1959

-3,88 %

-76

Møre og Romsdal

102

450

185

46

0

0

0

3

786

798

-1,50 %

-12

Sør-Trøndelag

122

549

187

57

0

0

0

20

935

987

-5,27 %

-52

Nord-Trøndelag

156

1018

402

104

0

1

0

6

1687

1813

-6,95 %

-126

Nordland

65

274

87

42

0

0

66

87

621

573

8,38 %

48

Troms

56

174

62

17

0

1

0

13

323

348

-7,18 %

-25

Finnmark

24

40

13

4

0

0

0

4

85

109

-22,02 %

-24

4H Norge

0

1

2

1

31

1

0

0

36

33

9,09 %

3

Sum 2013

1700

9048

3447

836

31

14

78

473

15627 Totalt

-4,06 %

-661

Sum 2012

1830

9568

3555

847

32

11

73

372

16288

Sum 2011

1841

9902

3746

866

44

13

94

116

16622

Endring 2012-2013

-7,1 %

-5,4 %

-3,0 %

-1,3 %

-3,1 %

27,3 %

Studieringar godkjende av Studieforbundet natur og miljø

2013

14

IFYE

6,8 % 27,2 % -4,1 %

Leir Leir

Tal

Deltakarar

Kurs

Deltakarar

Tilskot

256

2272

339 450

Nordisk leir

1

1021

17

3016

4

460

2012

268

2474

383 895

Fylkes- og regionleir

2011

289

2551

208 565

Aspirantleir

Annan leir

1

37

Annan leir

1

37

Totalt 2013

23

4534

Totalt 2013

23

4534

Totalt 2012

29

4852

Totalt 2012

29

4852

Totalt 2011

23

5434

Totalt 2011

23

5434


4H Norge Tal plakettmottakarar

Kurs

Østfold

64

Kurs

Tal

Deltakarar

Akershus og Oslo

23

Demokratiopplæring

90

2672

Hedmark

27

Natur- og landbruk

65

869

Oppland

31

Friluftsliv

55

536

Buskerud

22

Drama og teater

8

66

Vestfold

24

Trivselsagent

10

110

Telemark

15

48

411

Aust-Agder

24

4H-Matskoler og andre matkurs

Vest-Agder

17

Volleyball

20

265

Rogaland

74

Annan

210

4048

Hordaland

56

Totalt 2013

506

8977

Sogn og Fjordane

85

Totalt 2012

538

9805

Møre og Romsdal

26

Totalt 2011

560

9405

Sør-Trøndelag

28

Nord-Trøndelag

66

Nordland

14

Troms

8

Finnmark

2

Totalt

606

Totalt 2012

627

Totalt 2011

619

Dei 15 mest populære 4H-prosjekta

Volleyball Tal volleyballtreningar

1084

Tal 4H-arar som deltok på trening

4034

Tal turneringer o.l. klubben deltok på

369

Tal 4H-arar som deltok på turneringane

2982

Fordeling av 4H-prosjekt på emne

Kjønnsfordeling klubbstyra

Prosjekt

Tal

Emne

Tal

Kjønnsfordeling

4H-fotografen

892

Emne

Tal

Leiar

Vi baker

564

Landbruk

1188

2013

36 %

64 %

Baker'n

516

Mat

1559

2012

37 %

63 %

Friluftsliv

409

Friluftsliv

882

2011

35 %

65 %

Form og Fantasi

341

Kultur

1803

Kasserar

Hund

257

Samfunn

553

2013

41 %

59 %

4H-kokken

250

Fritt val N og B

2733

2012

44 %

56 %

Bli med ut

211

2062

2011

41 %

59 %

Hest

188

Matstell

159

2013

26 %

74 %

Vi lagar leir

158

2012

21 %

79 %

Mekking

154

2011

17 %

83 %

Aspirantlederen

145

Fritt val N og B

2828

Aspirant N og B

2139

Aspirant N og B

gutar

jenter

Sekretær

15


4H Norge


Revidert rekneskap

Foto: Beate Patay

Sak 3

4H er lære ved å gjere! Strikking er for alle aldre og båe kjønn. Desse gutane frå Rogaland lærte seg å strikke.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

03/14

Revidert rekneskap _____________________________________________ 3.1 Revidert rekneskap for 4H Norge 2012, inkludert fondsrekneskap Revidert rekneskap for 4H Norge 2012, inkludert rekneskap for 4H Norge sine fond for 2012,

ligg føre til handsaming. Vedlegg: 1.

Revidert rekneskap 2012

2.

Revisjonsberetning for 4H Norge sitt rekneskap 2012

3.

Revisjonsberetning for 4H Norge sitt fondsrekneskap 2012

Styrets framlegg til vedtak i landsmøtet: Landsmøtet i 4H Norge godkjenner rekneskapen for 4H Norge og rekneskapen for 4H Norge sine fond for 2012.

3.2 Revidert rekneskap for 4H Norge 2013, inkludert fondsrekneskap Revidert rekneskap for 4H Norge 2013, inkludert rekneskap for 4H Norge sine fond for 2013,

ligg føre til handsaming. Vedlegg: 4.

Revidert rekneskap 2013

5.

Revisjonsberetning for 4H Norge sitt rekneskap 2013

6.

Revisjonsberetning for 4H Norge sitt fondsrekneskap 2013

Styrets framlegg til vedtak i landsmøtet: Landsmøtet i 4H Norge godkjenner rekneskapen for 4H Norge og rekneskapen for 4H Norge sine fond for 2013. _________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


4H Norge balanseregnskap pr. 31. desember 2012 Note

2012

2011

0 9 124 393 9 124 393

439 317 10 709 271 11 148 588

847 629 271 277 210 127 2 722 270 -100 000 2 706 827 5 842 344 12 500 474

642 108 0 160 000 2 088 187 -75 000 1 656 772 5 518 667 9 990 734

21 624 867

21 139 321

9 397 832 9 397 832

9 303 880 9 303 880

224 886 43 372 1 852 006 1 556 237 2 200 401 420 763 5 929 371 12 227 035,73

233 988 1 405 159 1 887 672 1 701 644 2 095 073 401 342 4 110 563 11 835 442

Sum gjeld

12 227 036

11 835 442

Sum egenkapital og gjeld

21 624 867

21 139 321

Eiendeler Anleggsmidler Varige driftsmidler Finansielle anleggsmidler Sum anleggsmidler Omløpsmidler Varelager Utbetalte forskudd Mellomregnskap med 4H Norge sine fond Krav på kunder Avsetning til tap på kundefordringer Andre kortsiktige fordringer Kasse, bank Sum omløpsmidler

4 4

5

Sum eiendeler

Egenkapital og gjeld Egenkapital Egenkapital pr 31.12. Sum egenkapital

Kortsiktig gjeld Mellomregnskap med 4H Norge sine fond Hand of Hope-midler Leverandørgjeld Skyldig offentlige avgifter Påløpte lønnskostnader OU-avsetning Annen kortsiktig gjeld Sum kortsiktig gjeld

4H Norge Balanseregnskap pr 31. desember 2012

6

8

1 av 1


Note 1 Regnskapsprinsipp, vesentlige regnskapsposter Årsregnskapet inneholder resultatregnskap, balanseregnskap og noter pr. 31. desember 2012. Regnskapet som er lagt fram i samsvar med norsk regnskapslov og god regnskapsskikk, er bygd på grunnleggende regnskapsprinsipper. Klassifisering av eiendeler og gjeld følger definisjonene i regnskapsloven. Ved bruk av regnskapsprinsipp og presentasjon av transaksjoner og andre tilfeller, er det lagt vekt på økonomiske realiteter, ikke bare juridisk form. Vilkårlige tap som er sannsynlige og kvantifiserbare, er kostnadsførte. Tidspunkt for inntekt- og kostnadsføring - sammenstilling Inntekt blir som hovedregel resultatført når den er opptjent. Inntektsføringen skjer følgelig normalt på leveringstidspunktet ved salg av varer og tjenester, og i takt med framdrift for prosjekter i forhold til tilskudd. Utgifter blir sammenstilte med, og kostnadsførte samtidig med de inntektene de kan knyttes til. Utgifter som ikke kan knyttes direkte til inntektene, blir kostnadsførte når de påløper. Varelager Varelageret blir vurdert til kostpris. Ukurante varer er nedskrevet. Prosjekthefter blir kostnadsført ved anskaffelse. Fordringer Krav er oppført til pålydende med fradrag for forventet tap. Pensjonsforpliktelse 4H Norge har en pensjonsordning for de ansatte som er dekket gjennom Statens pensjonskasse og 4H Norge følger NRS nr 8 God regnskapskikk for små foretak og derfor benytter seg av unntaket fra regelen om å balanseføre fremtidige pensjonsforpliktelser samt at pensjonskostnader regnskapsføres som lønnskostnader når de forfaller. Fondsregnskap Fondenes eiendeler er bokført i 4H Norge da disse er registrert i 4H Norges sitt navn hos finansforetakene. Se tilsvarende balanseføring av gjeld til fondene.

Noter Årsregnskap 4H Norge 2012

1 av 4


Note 2 Andre inntekter Offentlige tilskudd

Tilskudd LD sentralt Driftstilskudd BLD Norad støtte Gambiaprosjekt Norsk Teaterråd Prosjektmidler offentlige

Budsjett 2012 6 800 000 3 370 000 0 200 000 0 10 370 000

Regnskap 2012 6 800 000 3 878 352 0 400 000 0 11 078 352

Regnskap 2011 6 800 000 3 353 204 0 204 039 0 10 357 243

Budsjett 2012 225 000 242 000 0 223 000 2 920 000 1 415 000 1 956 800 0 6 981 800

Regnskap 2012 269 178 134 054 0 159 930 2 886 351 850 219 2 823 610 0 7 123 343

Regnskap 2011 237 760 176 258 0 160 000 2 877 262 1 105 964 2 351 250 0 6 908 494

Fond, private tilskudd

Frifondmidler Bidrag til internasj. arb. Sponsororg.fond Bidrag fra Solidaritetsfond Bidrag fra landbr. øk. org. Friluftslivets fellesorg. Bidrag andre inst./org. Prosjektmidler private

Frifondmidler, som deles ut til lokale klubber fratrukket et administrasjonsgebyr på 5 %, nettoføres på inntektssiden, slik at det som er synlig som inntekt nå kun er administrasjonstilskuddet. Tilsvarende er det ingen Frifond-midler innlemmet i kostnaden avgitte tilskudd.

Note 3 Personalkostnader Personalkostnader

Lønn Pensjonskostnader Arbeidsgiveravgift Refusjon personalkostnader fra fylkene Andre ytelser Personalkostnader

Budsjett 2012 19 604 822 143 095 2 862 615 -7 730 079 275 591 15 156 044

Regnskap 2012 18 949 849 427 016 2 562 036 -8 108 917 335 098 14 165 081

Regnskap 2011 19 088 114 418 528 2 562 261 -8 239 426 293 081 14 122 558

46,4* 47,0 Antall årsverk *22,0 årsverk gjelder instruktører, kontormedarbeidere og prosjektstillinger finansiert av fylkene

Noter Årsregnskap 4H Norge 2012

2 av 4


Godtgjøring generalsekretær

Lønn Trond Enger Lønn Sølvi Egner-Kaupang Totalt

T.o.m. 31.10.2012: Trond Enger F.o.m. 01.10.2012: Sølvi Egner-Kaupang Lønn Andre ytelser 489 582 11 244 Ihht opplysninger i Lønns og trekkoppgave 135 000 3 456 Ihht opplysninger i Lønns og trekkoppgave 624 582 14 700

Det foreligger ingen spesiell pensjonsordning for generalsekretær, pensjonskostnader til generalsekretær inngår i de samlede pensjonskostnadene vist ovenfor. Generalsekretæren er tilsatt på åremål med 5 års varighet. Landsstyret kan beslutte å avslutte arbeidsforholdet under åremålet. Ved en slik beslutning har generalsekretæren rett til en kompensasjon lik 6 måneders lønn. Utbetalinger styret Styreleders honorar Tapt arbeidsfortjeneste/resten av styret Totalt

118 824 35 432 154 256

Kostnadsført revisjonshonorar: Honorar revisjon Særattestasjoner Totalt

120 155 35 800 155 955

I det oppgitte revisjonshonoraret er det benyttet forholdsmessig fradrag på merverdiavgift.

Note 4 Anleggsmidler Varige driftsmidler (driftsløsøre og inventar)

Anskaffelseskost 01.01 Tilgang Avgang Anskaffelseskost 31.12 Akkumulerte avskrivninger 01.01 Årets avskrivninger Akkumulerte avskrivninger 31.12

MedlemsNy nettside register Totalt 2012 Totalt 2011 1 250 203 773 834 2 024 037 2 024 037 0 0 0 0 0 0 0 1 250 203 773 834 2 024 037 2 024 037 810 886 439 317 1 250 203

773 834 0 773 834

1 584 720 439 317 2 024 037

982 842 601 877 1 584 719

0

0

0

439 318

Bokført verdi 31.12 Avskrivning:

Noter Årsregnskap 4H Norge 2012

lineær 3 år

3 av 4


Finansielle anleggsmidler: Innkjøpskost Markedsverdi 9 124 393 9 209 901 9 124 393 9 209 901

Pengemarkedsfond, Landkreditt Høyrente Sum investeringer

Bokført verdi 9 124 393 9 124 393

Pengemarkedsfondet Landkreditt Høyrente har en markedsverdi som pr. 31.12.2012 lå høyere enn innkjøpskost. Dette bokføres derfor tilsvarende innkjøpskost og tidligere nedskrivning er reversert i årets regnsnkap.

Note 5 Kontanter m.m. Av likvide midler er kr 734 040 bundet til skyldig skattetrekk og kr 645 471 bundet til landslotteriet 2012. Begge beløp er avsatt på separate, sperrede bankkonti. I tillegg er kr 2 892 758 tilhørende FNG og legatene. Note 6 Egenkapital Egenkapital 31.12.2011 Overskudd 2012 Egenkapital 31.12.2012

9 303 880 93 952 9 397 832

Note 7 Andre inntekter Landslotteriet Samlet omsetning Kostnader Samlet overskudd

3 748 100 1 016 365 2 731 735

Overskuddet i landslotteriet er fordelt som følger: Andel overskudd klubber 776 455 Andel overskudd fylker 877 640 Andel overskudd sentralt 1 077 640 Sum anvendelse av overskudd 2 731 735 Momskompensasjon Momskompensasjon er i budsjettet for 2012 ført som en inntekt i sin helhet, med videreføring av fylkenes og klubbenes andel ført som kostnad under avgitte tilskudd. Momskompensasjonen nettoføres imidlertid på inntektssiden i regnskapet, slik at det som er synlig som inntekt nå kun er 4H Norges andel. Tilsvarende er ingen momskompensasjonsmidler innlemmet i kostnaden avgitte tilskudd.

Note 8 Hand of Hope-midler Innsamlede midler i jubileumsaksjonen Hand of Hope vil bli overført Solidaritetsfondet.

Noter Årsregnskap 4H Norge 2012

4 av 4


N

otater


Sak 4

Endringar i lover for 4H Norge

F.v.: Fatou Bah, Robert Eriksrud, Solveig Bjørlo og Musa Chaw tok del i LNUutvekslinga for å lære om skog og klima.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

04/14

Endringar i lover for 4H Norge _____________________________________________ 1. Medlemmer Dei siste åra har klubbrådgjevarane vore eigen medlemskategori i lovene til 4H Norge. Det er eit ynskje at dei vaksne som ynskjer å vere klubbrådgjevarar ikkje skal betale for den jobben dei gjer, men likevel vere omfatta av forsikringane til 4H Norge. Det gjer at 4H Norge oppmodar klubbane til å betale for klubbrådgjevarane. Landsstyret vil med denne lovendringa gjere klubbane til medlemskategori og klubbrådgjevarane til verv. Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Lovene for 4H Norge endrast slik: § 4.1 ”b. klubbrådgjevarar” blir erstatta med ”b. 4H-klubbar”. § 4.6 Fyrste setning endrast til: ”Berre medlemmer av kategoriane definert i pkt. 1 bokstav a, c, f, g og h kan veljast til styrande organ i 4H Norge.

2. Kløvermedlemmer på 4H-fylkesårsmøte Bakgrunn: For at 4H Norge kan rekne kløvermedlemmene som teljande medlemmer må organisasjonen ivareta dei demokratiske rettane til medlemmene. Landsstyret gjer framlegg om at det vert gjort på same måte som med arrangementsmedlemmene. Kløvermedlemmene skal verte invitert til fylkesårsmøtet, og skal der velje ein representant av dei frammøtte for å representere dei i møtet. Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Lover for 4H Norge endrast slik: § 8.3 _________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Sett inn nytt punkt: ”c. Ein (1) representant for de frammøte kløvermedlemmer” Punkta under blir forskyve nedover.

3. 4H-nemnd Bakgrunn: For at 4H-nemnder skal ha høve til å melde seg inn i Frivilligregisteret, må dei vere eigne juridiske einingar. Organisasjonar må være innmeldt i Frivilligregisteret for mellom anna å få organisasjonsnummer, og dei treng organisasjonsnummer for mellom anna å opprette bankkonto. Landsstyret gjer derfor framlegg om å gjere 4H-nemndene til sjølvstendige juridiske einingar. Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Lover for 4H Norge endrast slik: § 11.1 Teksten endrast til: ”Det kan opprettast 4H-nemnder som er ein sjølvstendig juridisk eining. Nemnda fungerer som eit fellesorgan for 4H-klubbane i kommunen eller i ein større region.”

4. Endring av namn på Forum for norske 4H-gårder Bakgrunn: Forum for norske 4H-gårder vedtok på sitt årsmøte i februar 2014 å endre namn på forumet til 4H-gård Norge. Dette gjer at lovene til 4H Norge må endrast. Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Lover for 4H Norge endrast slik: Namnet ”Forum for norske 4H-gårder” endrast til ”4H-gård Norge”. Gjeld: §5.1.d, §6.1, §7.7.b, §13, §13.1 og §13.2

5. Landsmøte Bakgrunn: §5.5 og §15 er ikkje i samsvar og kan tolkast mot kvarandre. Landsstyret gjer derfor framlegg om ei presisering av desse paragrafane slik at det ikkje oppstår misforståingar.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Lover for 4H Norge endrast slik: §5.5 Teksten endrast til:

”Rett til å fremje saker til landsmøtet i 4H Norge har alle landsmøterepresentantar, landsstyret, fylkesårsmøta og fylkesstyra. Fristar for innsending av saker som skal handsamast i landsmøtet må vere sendt til landsstyret seinast to (2) månader før landsmøtet. For framlegg til lovendringar gjeld § 15.”

6. Lovendringar Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Lover for 4H Norge endrast slik: § 15 Teksten endrast til: 1. Framlegg til endring av desse lovene må vere framsett av eit fylkesstyre, eit fylkesårsmøte, landsstyret eller minst fem (5) representantar i landsmøtet. 2. Framlegg frå andre enn landsstyret må leggjast fram for landsstyret seinast fire (4) månader før landsmøtet. Framlegget med landsstyret si innstilling skal sendast til landsmøterepresentantane innan seks (6) veker før landsmøtet. 3. Vedtak om lovendring krev minst to tredelar (2/3) av dei gjevne røystene i landsmøtet. 4. Lovendringar trer i kraft straks."

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Lover for 4H Norge Vedtatt pü landsmøtet 19.-21. juli 2012


Lover for 4H Norge § 1. Organisasjon 1. Organisasjonen 4H Norge er bygd opp av 4H-klubbane, 4H i fylka (kalla 4H ”fylkesnamn”) og sentralleddet 4H Norge. 2. 4H Norge har sete og verneting i Skedsmo. 3. Administrasjonen i 4H Norge er organisert gjennom eit sekretariat og vert leia av ein generalsekretær. § 2. Føremål 1. 4H Norge er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig. 2. Føremålet til organisasjonen er å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. 3. Grunnlaget for arbeidet i organisasjonen finst i naturbruksnæringane og lokalmiljøet. 4. Målsetjinga for 4H Norge er uttrykt gjennom 4H-lovnaden: Vi lovar å arbeide mot det mål å verte ein ungdom med klårt Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse. § 3. Arbeid i organisasjonen 1. Arbeidsoppgåvene for organisasjonen er gjennom 4H-klubbane å a. leggje til rette for og oppmode til allsidig 4H-arbeid for barn og ungdom slik at dei utviklar seg til aktive unge med fagleg innsikt, praktisk kunnskap og sosialt engasjement. b. medverke til samhøyr, aktivitet og trivsel i lokalsamfunnet ved gjennomføring av 4H-aktivitetar blant barn og ungdom. c. drive opplæring gjennom 4H-prosjekt, klubbaktivitetar, kurs, leirar og andre arbeidsformer etter prinsippet Å lære ved å gjere. d. leggje til rette for at flest mogleg gjennomfører 4H-programmet, oppnår 4Hvitnemålet og plaketten samt held fram vidare i 4H som alumnar og/eller klubbrådgjevarar. 2. Organisasjonen kan også drive 4H-arbeid organisert gjennom 4H-gardar, korttidsgrupper og skoleverket. 3. 4H Norge har eit internasjonalt engasjement og samarbeider med 4H-liknande organisasjonar i andre land. § 4. Medlemmer 1. 4H Norge har desse hovudformene for medlemskap:


a) b) c) d) e) f) g) h) i)

barn og ungdom i alderen 10-25 år organisert gjennom lokale 4H-klubbar klubbrådgjevarar 4H-alumnar 4H-gardar kløvermedlemmer arrangementsmedlemmer einskildpersonar som ønskjer å vere direkte medlemmer i 4H Norge æresmedlemmer som er votert inn av landsmøtet i 4H Norge organisasjonar som vil støtte 4H-arbeidet og som er votert inn av landsmøtet i 4H Norge.

2. Andre former for medlemskap enn dei som er nemnde under pkt. 1 kan godkjennast ved ordinært landsmøtevedtak. 3. Medlemskap (for andre enn æresmedlemmer) er berre gyldig etter betalt kontingent. Medlemmer som ikkje har betalt kontingent for arbeidsåret vert strokne. 4. Landsstyret kan suspendere eller stengje ute medlemmer som har motarbeidd 4H Norge eller skadd omdømmet til organisasjonen. Slikt vedtak kan ankast inn for overprøving i landsmøtet i 4H Norge. Medlemmen vert rekna som suspendert/utestengd medan handsaminga av anken går føre seg. Medlemmen skal gjevast rett til å gjere greie for saka si i dei fora som handsamar saka. 5. Berre medlemmer av kategoriane definert i pkt. 1 bokstav a, b, c, f, g og h kan veljast til styrande organ i 4H Norge. Tilsette på lands- og fylkesplan kan ikkje veljast inn i lands- eller fylkesstyre anna enn som representant for dei tilsette. § 5. Landsmøte 1. Landsmøtet i 4H Norge har det overordna ansvaret for arbeidet i organisasjonen. 2. Landsmøtet i 4H Norge er samansett av: a. Representantar valde av fylkesårsmøta blant medlemmene i dei lokale 4Hklubbane og arrangementsmedlemmene.  Fylke med 1-24 klubbar har ein (1) representant.  Fylke med 25-49 klubbar har to (2) representantar.  Fylke med 50-74 klubbar har tre (3) representantar.  Fylke med 75 eller fleire klubbar har fire (4) representantar. Talet på representantar vert fastlagt ut frå klubbtala slik dei ligg føre per 1.1. i landsmøteåret. Arrangementsmedlemmene utgjer i denne samanhengen ein (1) klubb. b. Leiarane i fylkesstyra eller annan representant frå fylket. c. To (2) representantar for Norske 4H-alumner. d. To (2) representantar for Forum for norske 4H-gårder. e. To (2) representantar for dei tilsette. f. Medlemmene i landsstyret. g. Æresmedlemmene i 4H Norge. h. Ein (1) representant for kvar av medlemsorganisasjonane i 4H Norge.


3. Ordinært landsmøte i 4H Norge vert halde annakvart år. Nærare tid og stad vert fastsett av landsstyret i samråd med ordførar i landsmøtet og gjort kjent i organisasjonen seks (6) månader før landsmøtet skal haldast. Kunngjeringa skal også opplyse om fristane for innsending av saker til landsmøtet, jfr. pkt. 5. 4. Landsmøtet vert kalla saman og leia av ordføraren. Innkalling med sakliste skal sendast landsmøterepresentantane minst seks (6) veker før landsmøtet. 5. Rett til å fremje saker til landsmøtet i 4H Norge har alle landsmøterepresentantar, landsstyret, fylkesårsmøta og fylkesstyra. Fristar for innsending av saker som skal handsamast i landsmøtet er: a. For framlegg til lovendringar: Fire (4) månader før landsmøtet, jfr. § 15. b. For andre saker: To (2) månader før landsmøtet. 6. Saksdokument som strategiske planar, framlegg til handlingsprogram, endring av vedtekter og andre prinsipielle saker, skal sendast ut saman med landsstyret si innstilling samtidig med innkallinga. Andre saksdokument skal sendast ut minst to (2) veker før landsmøtet. 7. Landsmøtet i 4H Norge kan gjere vedtak når minst halvparten av dei som i følgje lovene er røysteføre landsmøterepresentantar, er til stades. Blanke røyster vert rekna som gyldige røyster. Vedtak vert gjort med absolutt fleirtal (meir enn 50 % av dei gjevne røystene) når ikkje anna er nemnt i lovene. 8. Det skal førast protokoll frå landsmøtet i 4H Norge. 9. Landsmøtet skal opnast med 4H-lovnaden, jfr. § 2.4. 10. Ordinært landsmøte i 4H Norge skal handsame: a. Val av to (2) representantar til å skrive under protokollen saman med ordføraren. b. Forretningsorden for landsmøtet. c. Årsmelding frå landsstyret for dei siste to (2) åra. d. Revidert rekneskap for dei siste to (2) åra. e. Innkomne saker, jfr. pkt. 5. f. Strategiske planar g. Budsjett for to (2) år med fastsetjing av kontingentar og godtgjering til styremedlemmene. h. Tilsetjing av revisor. i. Val for to (2) år av:  Ordførar og varaordførar i landsmøtet.  Landsstyre som skal ha fem (5) medlemmer med tre (3) varamedlemmer i rekkjefølgje. Leiar i landsstyret skal veljast av landsmøtet. Leiarvalet skal gjerast før valet av andre styremedlemmer.  Valkomité for neste landsmøte på fem (5) medlemmer med tre (3) varamedlemmer i rekkjefølgje. 11. Landsstyret, æresmedlemmene i 4H Norge og valde representantar for


medlemsorganisasjonar har talerett, men ikkje røysterett i landsmøtet. Andre kan ved landsmøtevedtak også gjevast talerett, men ikkje røysterett i landsmøtet. 12. Dei tilsette sine representantar i landsmøtet har ikkje røysterett under posten val. 13. Det skal vere skriftleg val på leiar og styremedlemmer i landsstyret. Ved personval utanom dette, skal det vere skriftleg val dersom det er framlegg om meir enn ein kandidat. Blanke røyster vert rekna som gyldige røyster. 14. Ekstraordinært landsmøte i 4H Norge vert halde når landsstyret eller minst 25 av landsmøterepresentantane frå siste landsmøte krev det. Berre dei sakene som er nemnde i innkallinga, kan handsamast. Tidsfristar for innkalling og for utsending av saker er som for ordinært landsmøte. 15. Reise- og opphaldsutgifter for landsmøterepresentantane vert dekt av den dei representerer. § 6. Rådsmøte 1. Rådsmøtet i 4H Norge er samansett av landsstyret og leiar eller annan representant frå høvesvis fylkesstyra, Norske 4H-alumner og Forum for norske 4H-gårder. 2. Rådsmøtet i 4H Norge skal vere rådgjevande organ for landsstyret, og vert kalla inn av landsstyret når det er behov for det. Rådsmøtet kan også kalle seg inn sjølv dersom minst ein tredel (1/3) av rådsmedlemmene krev det. 3. Landsstyret har ansvar for å utarbeide program for rådsmøtet og sende ut saksdokument. Frist for innkalling er fire (4) veker før møtedato. Desse tidsfristane kan fråvikast dersom minst ein tredel (1/3) av rådsmedlemmene godkjenner det. 4. Generalsekretæren har tale- og framleggsrett i rådsmøtet dersom rådsmøtet ikkje vedtek noko anna. 5. Det skal førast protokoll frå alle møta i rådet. § 7. Landsstyret 1. Landsstyret i 4H Norge har sju (7) medlemmer: a. fem (5) medlemmer valde av landsmøtet i 4H Norge b. ein (1) medlem oppnemnd av Landbruksdepartementet, for to (2) år av gongen c. ein (1) representant for dei tilsette, for to (2) år av gongen. 2. Landsstyret vel sjølv sin nestleiar. 3. Generalsekretæren har tale- og framleggsrett i landsstyret dersom landsstyret ikkje vedtek noko anna. 4. Ordførar i landsmøtet kan delta i landsstyremøta utan røysterett.


5. Styret i Norske 4H-alumner skal få tilbod om å møte i landsstyret med ein (1) representant med tale- og framleggsrett. 6. For gyldig vedtak i landsstyret vert det kravd at minst fire (4) medlemmer har røysta for framlegget. 7. Landsstyret skal: a. vere styringsorgan for 4H Norge i samsvar med lovene for 4H Norge og vedtak gjort i landsmøtet for 4H Norge. b. vedta normalvedtekter for 4H-klubbar, 4H-nemnder og fylkesledd, samt godkjenne vedtekter for fylkesledd, Norske 4H-alumner og Forum for norske 4H-gårder. c. ha ansvar i organisatoriske og økonomiske saker, under dette også tilsetje og avsetje generalsekretær og vedta rutinar for internkontroll. d. leggje hovudvekt på handsaming av prinsipielt viktige saker som gjeld utvikling av 4H-arbeidet og utnytting av organisasjonen sine ressursar. e. forvalte organisasjonen sine midlar med låg risiko og i samsvar med føremålet til organisasjonen. f. gjere avtalar med departement, organisasjonar og andre. g. kalle inn til rådsmøte i samsvar med § 6 og leie møtet. h. vurdere medlemskap for 4H Norge i andre organisasjonar, jfr. § 14. i. vere ankeinstans for saker avgjort av fylkesstyra. j. vedta reglar for reiseutjamning for klubbane sine representantar til landsmøtet for 4H Norge. 8. Landsstyret kan oppnemne utgreiingsutval for spesielle saker. 9. Leiar i landsstyret og generalsekretæren i fellesskap forpliktar organisasjonen med sine underskrifter. 10. Det skal førast protokoll frå alle landsstyremøte. § 8. 4H-fylkesårsmøte 1. Fylkesårsmøtet er organisasjonen sitt høgaste organ på fylkesplan. 2. Fylkesårsmøtet har det overordna ansvaret i organisatoriske og økonomiske spørsmål. 3. Fylkesårsmøtet er samansett av: a) To (2) representantar frå kvar 4H-klubb valde på årsmøta i klubbane. b) Ein (1) representant for dei frammøtte arrangementsmedlemmene. c) To (2) representantar oppnemnde av landbruksavdelinga i fylket. d) To (2) representantar for 4H-alumnane i fylke der dei har eige fylkesledd. e) Ein (1) representant frå kvar av medlemsorganisasjonane. Desse møter utan røysterett. f) Medlemmene i fylkesstyret. 4. Det skal førast protokoll frå fylkesårsmøta.


5. Fylkesårsmøtet vedtek sjølv sine vedtekter etter mønster av 4H Norge sine normalvedtekter for fylkesledd. Desse vedtektene skal godkjennast av landsstyret. § 9. 4H-fylkesstyre 1. 4H-fylkesstyret har fem (5) medlemmer: Leiar, nestleiar og tre (3) styremedlemmer. a. Fire (4) av desse vert valde av fylkesårsmøtet mellom medlemmene i 4H b. Ein (1) av desse vert oppnemnd av landbruksavdelinga i fylket. Fylke som ønskjer to (2) oppnemnde medlemmer, får høve til det. 2. I fylke som har eige fylkesledd av Norske 4H-alumner, skal fylkesalumnklubben få tilbod om å møte i fylkesstyret med ein (1) representant med tale- og framleggsrett. 3. Fylkesstyret vel sjølv sin nestleiar. 4. For gyldig vedtak i fylkesstyret vert det kravd at minst tre (3) medlemmer har røysta for framlegget. 5. Fylkesstyret skal m.a.: a. vere styringsorgan for 4H-arbeidet i fylket i samsvar med lovene for 4H Norge og vedtak gjort i landsmøtet for 4H Norge og i fylkesårsmøtet b. ha ansvar i organisatoriske og økonomiske saker for 4H i fylket c. leggje hovudvekt på handsaming av prinsipielt viktige saker som gjeld utvikling av 4H-arbeidet og utnytting av organisasjonen sine ressursar i fylket d. sørgje for at 4H-klubbane får best mogleg støtte og rådgjeving. 6. Det skal førast protokoll frå alle fylkesstyremøte. § 10. 4H-klubbane 1. Ein 4H-klubb er open for medlemskap for alle barn og ungdomar mellom 10 og 25 år som vil følgje 4H sine vedtekter og retningsliner. Klubben skal ha eit sjølvstendig namn og eigne vedtekter. 2. 4H-klubbane er det primære leddet i organisasjonen. 3. Ein 4H-klubb skal ha sitt eige valde styre samansett av klubbmedlemmer mellom 10 og 25 år på veg mot plaketten. Klubbstyret har ansvar for drifta av 4H-klubben i samråd med klubbrådgjevarane. 4. 4H-klubben skal ha vaksne klubbrådgjevarar med rådgjevarfunksjon overfor styret og medlemmene. 5. Klubbrådgjevarar og 4H-alumnar har ikkje røysterett ved avrøystingar i 4H-klubben. Dei kan heller ikkje veljast til styrefunksjonar i 4H-klubben. 6. Årsmøtet i 4H-klubben vedtek sine eigne vedtekter innafor ramma av 4H Norge sine normalvedtekter for 4H-klubbar. Vedtektene må godkjennast av fylkestyret før dei er gyldige. Dersom dette ikkje er gjort, er 4H-klubben automatisk underlagt normalvedtektene for 4H-klubbar.


§ 11. 4H-nemnd 1. På kommuneplan kan det opprettast ei 4H-nemnd. 4H-nemnda er eit fellesorgan for 4H-klubbane i kommunen eller i ein større region. 2. 4H-nemnda vedtek sine eigne vedtekter innafor ramma av 4H Norge sine normalvedtekter for 4H-nemnder. Vedtektene må godkjennast av fylkesstyret før dei er gyldige. Dersom dette ikkje er gjort, er 4H-nemnda automatisk underlagt normalvedtektene for 4H-nemnder. § 12. Norske 4H-alumner 1. 4H-alumnane er organiserte i Norske 4H-alumner. 2. Norske 4H-alumner er underlagt lovene for 4H Norge, men vedtek sine eigne vedtekter. Desse skal godkjennast av landsstyret i 4H Norge. § 13. Forum for norske 4H-gårder 1. 4H-gardane er organiserte i Forum for norske 4H-gårder. 2. Forum for norske 4H-gårder er underlagt lovene for 4H Norge, men vedtek sine eigne vedtekter. Desse skal godkjennast av landsstyret i 4H Norge. § 14. Medlemskap i andre organisasjonar 1. 4H Norge kan søkje medlemskap i andre ideelle organisasjonar/institusjonar som er partipolitisk uavhengige. 2. Slik søknad vert vedteken av landsstyret. § 15. Lovendringar 1. Framlegg til endring av desse lovene må vere framsett av eit fylkesstyre, av eit fylkesårsmøte, av landsstyret eller av minst fem (5) representantar i landsmøtet for 4H Norge. 2. Slikt framlegg må leggjast fram for landsstyret minst fire (4) månader før det landsmøtet som skal handsame framlegget. Framlegget vedlagt landsstyret si innstilling, skal sendast til landsmøterepresentantane minst seks (6) veker før landsmøtet. 3. Lovendring krev at minst to tredelar (2/3) av dei gjevne røystene er for framlegget. Det kan berre gjerast redaksjonelle endringar i det innsendte framlegget. § 16. Oppløysing 1. Framlegg om å oppløyse 4H Norge må vere framsett på eit landsmøte for 4H Norge for realitetshandsaming på landsmøtet to (2) år etter. Framlegget vedlagt utsegn frå landsstyret, skal sendast landsmøterepresentantane minst seks (6) veker før det landsmøtet som skal realitetshandsame framlegget. 2. Vedtak om å oppløyse 4H Norge krev minst tre firedels (3/4) fleirtal av dei frammøtte


landsmøterepresentantane. Etter eventuell oppløysing skal pengar og andre verdiar som organisasjonen eig, overlatast til Det Kongelige Selskap for Norges Vel som opprettar eit fond av desse. Rentene av dette fondet skal heilt eller delvis brukast til å fremje dei same eller liknande føremål som det 4H Norge arbeider for. 3. Vert det seinare oppretta ein ny, landsomfattande organisasjon med same eller liknande føremål som 4H Norge, kan Det Kongelige Selskap for Norges Vel heilt eller delvis overlate til denne å bruke restane av fondet for å fremje måla til den nye organisasjonen.


Strategisk plan for 4H Norge 2015 - 2016

Foto: Ragnhild A. Tangeraas

Sak 5

I 2014 er Frå jord til bord 4H Norge sitt satsningsområde. Kva skal vi jobbe med dei neste to åra?

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

5/14

Strategisk plan for 4H Norge 2015 - 2016 _____________________________________________ Strategisk plan er landsmøtet i 4H sitt overordna dokument for styring i 4H. Strategisk plan for 2015 - 2016 blir lagt frem for årsmøtet til vedtak.

I år legg landsstyret opp til å vedta eit strategisk målbilete om korleis organisasjonen skal sjå ut i 2018. Dette målbiletet vil leggje føringar for kva område som vert prioritert å arbeide med i den neste perioden. I tillegg ynskjer landstyret å invitere landsmøtet til å velja to strategiske satsingsområde for organisasjonen, eit som skal gjelde for 2016 og eit 2017. Grunnen til at ein ynskjer å vedta satsingsområde som ligg 2-3 år fram i tid er at ein skal kunne ha gode prosessar for planlegging og gjennomføring i heile organisasjonen. Etter ei høyring i organisasjonen har landsstyret vedteke at satsingsområdet for 2015 er ”Frå jord til bord” med vekt på rekruttering til naturbruksnæringane. Satsingsområde for 2015 vil difor ikkje bli handsama på landsmøtet.

Satsingsområda må ha et tema som kan skape aktivitet i klubbane, fylka og på nasjonalt plan. Eit godt tema kan og ha ein politisk bodskap slik at 4H kan skapa ei endring i samfunnet gjennom å gjere aktivitetane.

I denne saka presenterar landstyret fire satsingsområde, to for 2016 og to for 2017. Landsmøtet skal velje eit satsingsområde for kvart år. På landsmøtet vert det gruppearbeid om satsingsområda og ein presentasjon i plenum. Det vil seie at det er høve til å kome med framlegg til endring og nye idear til satsingsområda. Til slutt skal vi ha ein debatt om kva for eit satsingsområde som passar best for 4H og om heilskapen i den strategiske planen. Det heile vert avslutta med votering. Dei to satsingsområda som får flest røyster vert 4H sine satsingsområde 2016-2017.

Satsingsområda vil saman med det strategiske målbiletet utgjere den strategiske planen og danne grunnlaget for heile organisasjonens prioriteringar og tiltaksplanar for den kommande perioden. __________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.-17. juli 2014


Delegatene står fritt til å levere framlegg til endring til den strategiske planen.

Vedlegg: 1.

Landstyret sitt framlegg til strategisk målbilete for 2015 – 2016 og fire framlegg til satsingsområde for 4H Norge.

Landsstyrets framlegg til vedtak: Landsmøtet vedtek framlegget til strategisk målbilete og to av dei fire framlegga til satsingsområde. Til saman utgjer dette strategisk plan for 4H Norge.

__________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.-17. juli 2014


1

Vedlegg 1: Strategisk målbilete 2015 - 2016

2

4H Norge er ein del av ein verdsomspennande organisasjon med medlemmar i over 40 land.

3

4H Norge har 16 000 medlemmar fordelt på 635 klubbar i alle landets fylker.

4

Føremål:

5

4H er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og

6

partipolitisk uavhengig.

7

4H skal utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for

8

natur og menneske.

9

Grunnlaget for arbeidet i organisasjonen finst i naturbruksnæringane og lokalmiljøet.

10

4H Norge si målsetjing er uttrykt gjennom 4H-lovnaden: Vi lovar å arbeide mot det mål å

11

verte ein ungdom med klårt hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.

12

Strategisk målbilete:

13

I 2018 har vi ein sterkare organisasjon med større gjennomslagskraft fordi vi:

14 15 16 17 18 19 20 21 22 23

• •

• • •

Gjev kunnskap og kjennskap til mat og naturbruk, gjev opplæring i entreprenørskap og er med på å skapa liv i nærmiljøet i by og bygd. Har fleire aktive medlemmer som styrkar klubbane med høg aktivitet og stort engasjement. Klubbane er styrt av medlemmene og medlemmene opplever at organisasjonsdemokratiet fungerer. Har gjort 4H-prosjekt meir tilgjengelege, meir dynamiske og lagt til rette for at medlemmene kan ta større ansvar for eiga læring. Utviklar og engasjerer medlemmer mellom 15 – 18 år og har med det vorte meir attraktive for denne gruppa. Er tydelege, og enkle å snakke med.

24 25 __________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.-17. juli 2014


1

Framlegg 1 til strategisk satsingsområde 2016: Nærkultur

2

Kultursprell

3

4H-klubbane er viktige kulturberarar i lokalsamfunn over heile landet. Dette kjem til uttrykk til

4

dømes i haustfestunderhaldninga, på matskoler og 4H-gardane. Kulturaktivitetar er viktige,

5

dei bidreg til å spreie positivitet, samhald og glede både i 4H-klubben og i lokalsamfunnet.

6

Nærkulturen inneheld eit mangfald gode aktivitetar, og det er alltid stort potensial for

7

nyskaping!

8

Ved å kombinere velkjente kulturtradisjonar og nyare idear kan det skapast aktivitetar der

9

fleire grupper kan verte inkludert. Det er til dømes store kontrastar mellom folkedans og

10

moderne dans, tradisjonell norsk matlaging og nyare rettar, jungeltelegrafen og digitale

11

media. I nærmiljøet finst det kanskje eit asylmottak, ein mediehøgskole eller ein gamleheim

12

man kan gjeste kultursprell med. Slike kulturarrangement kan fungere som grunnlag for felles

13

4H-prosjekt, og det kan vere ein god måte å inkludere andre i nærmiljøet i aktivitetane til

14

4H-klubben.

15

Mål:

16

4H skal:

17 18 19 20 21 22 23 24

•

25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35

• • • • •

skape aktive og attraktive lokalsamfunn som fremjar kultur, glede, fellesskap og bulyst. jobbe for å skape 4H-verksemder som er kulturleverandørar gje medlemmene arrangementskompetanse og entreprenørskapskompetanse. stå for ein positivitetskultur som er open og inkluderande og spreiar glede i lokalmiljøet ha fleire opne arrangement fremje matkultur (tradisjonell, ny, lokal, internasjonal)

Moglege tiltak: • • • • • • • •

lage ein revy som 4H-klubbane kan setje opp i nærmiljøet styrke opplæringsaktiviteten innafor kultur- og synliggjeringsarbeid entreprenørskapskurs på nasjonalt nivå der seniorar/alumnar kan søke om å delta med ein ide som tek utgangspunkt i lokal kultur filmkonkurranse der klubbane kan sende inn promofilm som viser fram kulturen i nærmiljøet sitt fremje 4H sin leike- og leirkultur geocaching ta i bruk lokale kulturminne lage eigne 4H-knutar i 4H-appen

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


1

Framlegg 2 til strategisk satsingsområde 2016: Nærkultur

2

Fiksar alt!

3

Mottoet til 4H er å læra ved å gjere. Gjennom dette er vi opptatt av å fremje praktiske

4

dugleikar og heve statusen til praktiske utdanningar og yrke. Vi ynskjer både å børste støv av

5

tradisjonsrike handverk og samtidig utvide og modernisere kva vi lærer ved å gjere i 4H.

6

Anten det handlar om strikking, redesign av klede, møbelsnekring, eller å byggje og

7

programmere di eiga datamaskin, er ein 4H-ar ein allsidig person som gjennom praktisk

8

prøving har kunnskap om mykje forskjellig, og ikkje minst om korleis ein skal gå fram for å

9

kunne fikse alt!

10

Alle har godt av å kunne slå inn ein spiker eller kunne strikke ei maske. Forbruket vårt vert

11

stadig høgare og vi ser at det skortar på enkelte ressursar. Det er ein styrke å ha praktiske

12

evner til å fikse eigne eigedelar som skrantar. I ei stadig meir digitalisert verd er det

13

samstundes naudsynt å forstå korleis dei elektroniske dingsane fungerer – både heime-PC-

14

en og sensorane i traktoren.

15

Mål:

16

4H skal:

17

•

ha auka fokus på praktisk opplæring på leir og kurs

18

•

alle 4H-klubbar skal ha minst eit arrangement i løpet av året kor dei skal tilegne seg

19

ein eller fleire praktiske dugleikar (som fleirtalet ikkje kan frå før)

20

•

auke delen prosjekt knytta til entreprenørskap (fleire som vel dette som tema)

21

•

arrangere 4H-matskule i alle fylka i landet

22

•

tilby opplæring innan programmering/webdesign/videoredigering i alle fylka

23

•

jobbe for at dei praktiske faga ikkje blir nedprioritert i skulen

24

Moglege tiltak:

25

•

#4Hretro – bilete/filmkonkurranse i gjenbruk

26

•

#4Hherborjeg - bilete/filmkonkurranse i lokale kulturtradisjonar

27

•

Opprette entreprenørskapsprisen "Årets 4H-bedrift"

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


28

•

29

Handyman/handywoman: Opplæring i praktisk handverk gjennom aktivitetar lokalt og i fylket

30

•

Skap sjøl! Oppfinnarverkstad, designlab, klubbprosjekt

31

•

Berekraftig – handlekraftig: Nasjonal kampanje for synleggjering og politisk

32

påverknad knytt til berekraftig ressursutnytting

33

•

Utvikle tidsriktige praktiske 4H-prosjekt

34

•

Kildesortering på alle 4H-arrangement og –kontor

35

•

Byttekveld

36

•

Mythbusters/MacGyver-kurs: Prøve ut ting og forklare kvifor/kvifor ikkje det funker

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


1

Framlegg 1 til strategisk satsingsområde 2017: Samfunnsengasjement

2

Alt henger saman med alt!

3

- mat og miljø

4

Landbruk, klima og miljø heng tett saman. Med fleire menneske på jorda, treng vi meir mat.

5

Skog er ei viktig kjelde til mat, samtidig som etterspurnaden etter areal til matproduksjon

6

bidreg til avskoging. Større gardsbruk er meir effektive enn små, men små bruk kan utnytta

7

dyrkbart areal og bidra positivt til nærmiljø og kulturlandskap i heile Norge. Kortreist mat har

8

og lågare klimagassutslepp frå transport enn mat som har reist langt.

9

Nokre av utfordringane vi står overfor kan løysast ved å utnytta jord- og skogressursane på

10

ein klimasmart måte. 4H vil arbeide for auka forståing for samanhengen mellom klima og

11

matproduksjon i Norge og i eit globalt perspektiv.

12

Mål:

13

4H skal:

14 15 16 17 18 19 20 21

• • • • • • • •

22 23 24 25 26 27 28 29

gje barn og unge auka kunnskap om biologisk mangfald bidra til å skape klimasmarte lokalsamfunn tydeleggjere samanhengen mellom klima og matproduksjon synleggjere korleis norsk landbruk kan vere ein del av løysinga på klimaproblemet synleggjere forholdet mellom nærmiljø og landbruksproduksjon arbeide for berekraftig ressursbruk og utvikling i primærnæringane arbeide for at miljø og mat blir sentrale saker i Stortingsvalet 2017 arbeide for å fremje entreprenørskap innafor matproduksjon og energiforsyning

Moglege tiltak: • • • • • •

utvikle aktivitetar som fremjar energisparing kampanje som skapar merksemd rundt kasting av mat gjennomføre nullutslippsarrangement (t.d. på naturmøteplass, gå til 4H-møte i staden for å køyre bil) kretsløpsaktivitetar lobbykurs for seniorar kurs i entreprenørskap

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


1

Framlegg 2 til strategisk satsingsområde 2017: Samfunnsengasjement

2

Løft blikket – ta tak!

3

4H sitt føremål er å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og

4

respekt for natur og menneske. Organisasjonen har eit verdisett som vert uttrykt gjennom det

5

klare hovudet, det varme hjartet, dei flinke hendene og den gode helsa. Desse verdiane er

6

naudsynte for å lage det samfunnet vi vil bo i, både lokalt, nasjonalt og globalt.

7

Ein klubb i eit lokalsamfunn, uavhengig av om det er ei bygd eller ein bydel, skal vere noko

8

som gjer at nærmiljøet blir litt betre å bo i. Gjennom 4H dyrkar vi skapargleda og

9

kreativiteten. Barn og unge lærer å forme si eiga fritid, og erfaringane frå 4H kan brukast til å

10

skapa sin eigen arbeidsplass, utvikle nærmiljøprosjekt og trivselstiltak for lokalmiljøet.

11

I 4H er det medlemmene sjølve som avgjer og vi driv klubbane våre på eigehand. I 4H får

12

medlemmene opplæring i å drive eigen organisasjon og vi får lære demokrati i praksis. På

13

denne måten bidreg 4H med å gje barn og unge tryggleik og sjølvtillit til å bli aktive og

14

medvitne borgarar i eit demokrati.

15

Mål:

16

4H skal:

17 18 19 20 21 22 23 24 25

•

26 27 28 29 30 31 32 33

• • • •

bidra til attraktive og inkluderande lokalsamfunn gjennom å skape gode aktivitetar for heile nærmiljøet leggje til rette for at ungdom kan vere entreprenørar i nærmiljøet og spele andre lokale ressursar gode bidra til det demokratiske samfunnet ved å byggje trygge og dyktige tillitsvalde med leiaropplæring på alle nivå skape eit samfunn som er så trygt på sitt eige verdigrunnlag at det kan møte nye impulsar med ein inkluderande nysgjerrigheit jobbe for røysterett for 16-åringar

Moglege tiltak: • • • • • •

auke talet på opne arrangement lokalt, og stimulere klubbane til å ta initiativ for sitt nærmiljø styrke opplæringsaktivitetane i 4H utvikle kurs i demokrati, leiing, nettverksbygging og politisk påverknad satse på entreprenørskap vidareutvikle ordninga med trivselsagentar gjere 4H sitt internasjonale arbeid enda meir synleg for klubbane og medlemmane

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Medlemskontingent for 2015 - 2016

Foto: Martin Strand

Sak 6

4H gir barn og unge auka kunnskap om friluftsliv, tradisjonar, natur og kultur langs kysten.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

06/14

Medlemskontingent _____________________________________________ 1. Medlemskategoriar Landsstyret sitt framlegg er å endre nokre av medlemskategoriane. Klubbrådgjevar erstattast av Klubbkontingent Landsstyret sitt framlegg er at den personlege klubbrådgjevarmedlemskapen går ut og erstattast av ein klubbkontingent. Framlegget er at det vert ein fast kontingent for klubben, uavhengig av tal på klubbrådgjevar og medlem i klubben. Kontingenten skal og innehalde Kassabok, Møtebok og Året rundt. IFYE-alumnmedlem vert alumnmedlemskap Landsstyret sitt framlegg er at IFYE-alumnmedlemskapen vert lagt inn under alumnmedlemskapskategorien. Det vil likevel vere mogeleg å vere alumnmedlem både i NIFYEA og i ein annan alumnklubb. Direktemedlemskap erstattast av Støttemedlemskap Landsstyret sitt framlegg er å endre direktemedlemskapen til ein støttemedlemskap. Målgruppa for denne medlemskapen er dei som ynskjer å ha ein personleg medlemskap til 4H, anten klubbrådgjevar eller andre vaksne. Arrangementsmedlemskap Landsstyret sitt framlegg er at arrangementsmedlemskap berre er mogeleg ved fyrstegongsinnmelding. Det er ikkje mogeleg med fornying av ein arrangementsmedlemskap.

2. Kontingentsatsar Landsstyret vil peike på at det er viktig at 4H som organisasjon skaffar ein vesentleg del av inntektene sine sjølv, og at bidraget til drifta frå medlemskontingenten dermed må haldast på same nivå som i dag. Styret legg difor opp til ei justering av kontingentsatsane i tråd med Statistisk Sentralbyrå si prognose for prisauke i 2015 og 2016, som er 2 % årleg. Andre føresetnader er at medlemstalet ligg på 15.700 og at fordelinga mellom dei ulike kategoriane av medlemmer er som i dag. Landsstyret legg og til grunn at kontingentsatsen bør vere den same i toårsperioden. Landsstyret sitt framlegg er dermed at kontingenten for hovudmedlemskap aukar til kr 600 og søskenmedlemskap aukar til kr 350 for 2015 og 2016. For alumnar og arrangementsmedlemmer er det landsstyret sitt framlegg at kontingenten aukar til kr 250. Landsstyret sitt framlegg for klubbkontingent er kr 600. Landsstyret foreslår ingen auke for kløvermedlemmer, 4H-gardar og medlemsorganisasjonar. _________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


3. Fordelinga av medlemskontingenten Landsstyret gjer framlegg om at kontingenten vert fordelt med 40 % til fylkesleddet og 60 % til sentralleddet for kategoriane 103, 104, 107 og 108. Fordelinga er gjort slik for at kostnadene for prosjektheftar og prosjektrettleiingsverktøy no vert inkludert i kontingenten, og at kostnadene ved dette vil vere på sentralleddet. For alumnklubben har medlemskontingenten vore fordelt med 40 % til 4H-alumnklubben i fylket, 30 % til Norske 4H-alumner og 30 % til 4H sentralt. Landsstyret legg ikkje fram endringar i fordelinga av alumnkontingenten. Kontingenten for nye kløvermedlemmer vert att i organisasjonsleddet der medlemskapen er seld. Eksisterande kløvermedlemmer sin kontingent vert fordelt med 50 % til 4H i fylket og 50 % til organisasjonsleddet kløvermedlemmet er knytt til. For denne kategorien har 4H Akershus og Oslo framsett eit forslag om ei fordeling på 50 % til 4H Norge og 50 % til den delen av organisasjonen som vervar medlemmen (sjå vedlegg sak 10 Innkomne forslag). For medlemmer av 4H-gård Norge framsett landsstyret ingen endringar i fordelinga. For klubbkontingent framsett landsstyret at kontingenten vert fordelt med 40 % til 4H i fylket og 60 % til 4H sentralt. Fordelinga er gjort slik for at kostnadene for Kassabok, Møtebok og Året rundt no vert inkludert i kontingenten, og at kostnadene ved dette vil vere på sentralleddet.

Vedlegg: Rekneark med berekningar

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Styret sitt framlegg til vedtak i landsmøtet:

1. Kontingentstorleikar: A. Kontingent for personlege medlemmer: Medlemskategori Hovudmedlemmer (103) Søskenmedlemmer (104) Alumnar (105) Støttemedlemmer (107) Arrangementsmedlemmer (108) Kløvermedlemmer (113)

Kontingent 2015-16 600 350 250 250 250 100

B. Kontingent for medlemmer av 4H-gård Norge: Kontingent Kategoriar 2015-16 4H-gard (109) kr 2000 4H-seter (110) kr 1000 Støttemedlem 4H-gård Norge (111) kr 300

C. Kontingent for medlemsorganisasjonar: Kategoriar Medlemsorganisasjon (112)

Kontingent 2015-16 kr 2000

D. Kontingent for 4H-klubber: Kategoriar Klubbkontingent (120)

Kontingent 2015-16 kr 600

2. Fordeling av medlemskontingenten A. Kontingent for personlige medlemmer For kategoriane 101-104 og 107-108 vert kontingenten fordelt med 40 % til 4H i fylket og 60 % til 4H sentralt. For kategoriane 105 vert kontingenten fordelt med 40 % til 4H-alumnklubben i fylket, 30 % til Norske 4H-alumner og 30 % til 4H sentralt. For kategorien 113 går 100 % av kontingenten til fylket dersom medlemskapen er seld der, og til 4H sentralt dersom det er innmelding på nettsida. Eksisterande kløvermedlemmer sin kontingent vert fordelt med 50 % til 4H i fylket og 50 % til organisasjonsleddet kløvermedlemmet er knytt til. B. Kontingent for medlemmer av 4H-gård Norge For 4H-gardar, 4H-setre og støttemedlemmer (109, 110, 111) vert kontingenten fordelt med 50 % til 4H i fylket og 50 % til 4H-gård Norge. _________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


C. Kontingent for medlemsorganisasjonar Kontingenten (112) gĂĽr til 4H sentralt. D. Kontingent for 4H-klubbar For klubbkontingent (120) vert kontingenten fordelt med 40 % til 4H i fylket og 60 % til 4H sentralt.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Langtidsbudsjett for 2015 og 2016

Foto: Ørnen 4H i Rogaland

Sak 7

Marianne Lund i Ørnen 4H i Rogaland lærte mykje om fotografering gjennom 4H-prosjektet 4H-fotografen.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

07/14

Langtidsbudsjett for 2015 og 2016 _____________________________________________ Rekneskap 2013

Budsjett 2014

Budsjett 2015

Budsjett 2016

11 743 231 6 067 257 5 598 820 2 461 002 3 873 600 2 904 234

11 910 180 4 750 920 6 076 800 1 777 007 4 200 000 3 300 000

12 265 000 4 890 000 6 260 000 1 830 000 4 330 000 3 400 000

12 640 000 5 040 000 6 450 000 1 880 000 4 460 000 3 500 000

32 648 144

32 014 907

32 975 000

33 970 000

-1 804 950 -15 412 111 -2 460 254 -7 653 361 -5 817 973

-2 258 000 -15 822 855 -2 062 260 -7 956 610 -4 371 663

-2 305 000 -16 425 000 -2 105 000 -8 125 000 -4 465 000

-2 350 000 -17 080 000 -2 150 000 -8 300 000 -4 550 000

-33 148 648

-32 471 388

-33 425 000

-34 430 000

-500 504 383 499

-463 417 480 000

-450 000 450 000

-460 000 460 000

-117 005

16 583

0

0

INNTEKTER Offentlege tilskot Fond / private tilskot Kontingentar Deltakaravg. / andre inntekter Loddsal Varesal Sum driftsinntekter KOSTNADER Vareforbruk Personalkostnader Reiser og møte Avgjevne tilskot Andre driftskostnader Sum driftskostnader Driftsresultat Netto finansielle postar Årsresultat

Forklaring til postane: 1. Årsresultat Landsstyret ynskjer å oppretthalde eigenkapitalen på same nivå som i 2013 og 2014 og føreslår difor at ein budsjetterer slik at årsresultatet går mot null. 2. Inntekter a. Offentlege tilskot Me budsjetterer med ein indeksregulering av offentlege tilskot i 2015 og 2016. Posten inkluderer stønad frå Barne-, Likestillings- og inkluderingsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Norsk teaterråd. _________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


b. Fond/private tilskot/annonser Stønaden frå Norsk Landbrukssamvirke er oppjustert tilsvarande prisauka. c. Kontingentar Her har me budsjettert med at det vil vere rundt 16.500 betalande medlemmar i 2015 og noko meir i 2016, samt at forslaget om auka kontingentsatsar for 2015 og 2016 blir vedtekne. d. Deltakaravgifter / andre inntekter Dei tre største postane her er annonseinntekter, eigenandel ved kurs o.a. og momskompensasjon. e. Loddsal Me har budsjettert med eit loddsal ut i frå 16.500 betalende medlemmer, noko som skulle tilseie større omsetning i 2015 og 2016 enn kva som var resultatet i 2013. f.

Varesal Her er det budsjettert med ein auke i sal pga forsiktig auke i medlemsmasse, samt prisjustering.

3. Kostnader a. Varekostnader Her er det budsjettert med ein liten auke frå budsjettet for 2014 pga prisvekst. b. Personalkostnader Her er det budsjettert med ein auke på 3, 8 % og 4 % per år. Talet på tilsette er ikkje endra. c. Reiser og møte Her er det lagt inn at det skal arrangerast ei årleg fylkesstyresamling. Det vil verte ei delbetaling av samlingane mellom 4H sentralt og 4H i fylka. d. Avgjevne tilskot Posten gjeld i hovudsak overføringar til fylka og klubbane for deira del av medlemskontingent, overskot frå lotteri og stønad frå Norsk landbrukssamvirke. e. Andre driftskostnader Posten gjeld i hovudsak informasjon, drift og internasjonalt arbeid. Her er det budsjettert med ein liten auke frå budsjettet for 2014 pga prisvekst.

Landsstyret sitt framlegg til vedtak i landsmøtet: Landsmøtet i 4H Norge godkjenner landsstyret sitt framlegg til langtidsbudsjett for 4H Norge for 2015 og 2016.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Foto: Yvonne Holth

Sak 8

Fråsegner frå Landsmøtet 2014

I 2014 blei det arrangert eit nasjonalt kurs i Media- og synliggjøring. Målet var å gje 4H-arar solid og brei kunnskap i korleis synleggjere 4H.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

8/14

Fråsegner frå Landsmøtet 2014 _____________________________________________ Ei fråsegn frå landsmøtet er ein måte å skapa ny politikk for 4H på, eller ein måte å ta opp tema som vi bør meine noko om, men som ikkje passar inn i dei strategiske dokumenta våre. Fråsegnene landsmøtet vedtek seier kva 4H meiner om ulike tema. Dei kan gjerne ta opp aktuelle tema og brukast for å synleggjere 4H i media, anten slik som dei er eller som grunnlag for kronikkar og lesarbrev. Fråsegnene kan vise kva for sakar 4H vil prioritera og dei kan vere viktige styringsdokument for landsstyret og andre som skal uttala seg på vegne av 4H. Dei kan og seie noko om kva 4H ikkje meiner eller ikkje kan eller bør uttala seg om. Landsstyret legg fram fire fråsegner til landsmøtet. Det vert halde ei fråsegnsmie fyrste kvelden på landsmøtet der delegatane får høve til å jobbe med nye framlegg til fråsegner eller endringsframlegg til dei fråsegnene som føreligg i sakspapira. Fråsegnene vil og bli handsama i plenum. Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Landsmøtet vedtek framlegga til fråsegn 1, 2, 3 og 4 frå landsstyret.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


1

1. Matproduksjon – i heile landet!

2

4H vart stifta med tanke på å kunne gjere ting annleis i landbruket, og vi er framleis

3

tilhengjarar av nye og gode idear – men: Berre fordi ein idé er ny, tydar ikkje det at han er

4

god.

5

Både i landbruket og fiskeria ser vi ein tendens til at det skal løna seg å driva størst mogleg.

6

Norge er utforma slik at effektiviseringa kan gå for langt. 4H meiner at det bør vere mogleg å

7

bu og arbeide over heile landet. Då må vi ha plass og til dei små bruka. Det er det fleire gode

8

grunnar til.

9

Bonden og fiskaren er vår tid sine supermenneske. Landbruket og fiskeria er livsgrunnlaget

10

for lokalsamfunna over heile landet. Næringane skapar titusenvis av arbeidsplassar i service-

11

og foredlingsindustrien, og sørgjer for at det er jobb til grunnskolelærarar, kundegrunnlag for

12

butikkar og unike oppvekstmiljø for barn og ungdom. Menneska bak yrka er uvurderlege

13

bidragsytarar i nærmiljøet.

14

I Norge er berre 3 % av arealet dyrkbart, og det einaste som ser ut til å vere klart om

15

framtidas globale matproduksjon er at han vil vere under press. Vi har eit solidarisk ansvar

16

for å utnytte den matjorda vi har, og passe på ho til framtidige generasjonar. Vi må bruke

17

grasareala vi har tilgjengeleg i staden for å stadig importere meir kraftfôr frå areal som

18

tidlegare var regnskog. Det er klimasmart.

19

Anten ein kjøpar ein kartong med mjølk på butikken eller ein unik ost på Bondens marked, er

20

det same omtanken som ligg bak. Mange ser diverre ikkje det. 4H krev at bønda og

21

kystfiskarane vert møtt med respekt og takksemd for jobben dei gjer. Som eit anstendig

22

samfunn skal takksemda ikkje berre vise seg i festtalane og på dei fine restaurantane, men i

23

form av pengar og anstendige prisar på den daglegdagse mjølka, kornet og fisken.

24

Utfordringane går til både politikarane og forbrukarane.

25

Primærnæringane er av Norges mest innovative, omstillingsdyktige og teknologitunge

26

bransjar. Investeringane i landbruket – skogen, beitemarka og matjorda – betalar seg ikkje

27

tilbake før mange år seinare, men fortsett å gjere det i generasjonar. I landbruket er det

28

tradisjon å overlate garden til neste generasjon i betre stand enn ein fekk den sjølv. Som

29

representantar for neste generasjon vil 4H at vi òg i dag legg til rette for at våre

30

etterkommarar kan nyta det same som oss. _________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


1

2. Kast mindre mat!

2

I Norge vert det årlig kasta over 300 000 tonn mat som vi kunne. Delar vert kasta i industrien

3

og handelen, men det er anslått at kvar og ein av oss kastar over 50 kilo mat i året. Dette

4

tilsvarar kvar fjerde vare ein kjem heim med frå butikken. Frisk frukt, grønsaker og ferske

5

bakevarer ligg på kasttoppen. I tillegg kastar vi ferskt kjøtt, fersk kjøttfarse og ferdigmat.

6

Mykje av dette vert kasta som eit resultat av dårlig planlegging av innkjøp. 60 prosent av

7

forbrukarane seier den viktigaste grunn til at mat vert kasta, er at han har gått ut på dato.

8

Dersom folkeauka blir slik ein trur, med ei auke på 9 millionar, vil vi trenge 70 prosent meir

9

mat i 2050.

10

Unge kastar mest

11

Det er størst del unge som kastar mat. I følgje undersøkingar er dei meir opphengde i om

12

produktet har gått ut på dato enn dei eldre. 4H Norge jobbar for å utvikle ein aktiv og

13

samfunnsengasjert ungdom med respekt for natur og menneske. I dette arbeidet jobbar vi

14

blant anna med råvarekunnskap. Om lag 12,5 prosent av dei sjølvvalde prosjekta

15

medlemmane jobba med i 2013 omhandla mat og matlaging. Kvart år vert det arrangert

16

4H Matskole i fleire fylke. 4H Matskole gjev barn sunne haldningar gjennom opplæring i

17

kosthald og ernæring samstundes som matskolene aukar interessa og kunnskapen om

18

matlaging, matproduksjon, kortreist mat og god helse. I 2014 og 2015 har 4H

19

satsingsområdet ”Frå jord til bord” der mellom anna “Det store potetløpet” vert gjennomført.

20

Potetløpet skal setje fokus på norsk mat og landbruk, fysisk aktivitet og eit sunt kosthald.

21

Handtering av råvarer og ferdige produkt er ein del av denne kunnskapen, riktig oppbevaring

22

og foredlingsteknikkar reduserer mengda mat som vert kasta.

23

4H Norge vil oppmode næringsmiddelindustrien, grossistleddet, butikkjedene og forbrukaren

24

til å kaste mindre mat.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


1

3. Fjern “best før”- merkinga!

2

"Best før" tyder ikkje "dårleg etter". Landbruksministrane i fleire EU-land har ytra ønske om å

3

fjerne datomerkinga på matvarer med lang haldbarheit. Dette gjeld matvarar som kaffe, ris

4

og pasta, matvarer som kan lagrast i lengre tid utan at det er helsefarleg å ete eller drikke

5

dei. Datomerkinga på desse varene har ingenting med tryggleik å gjere, men kvaliteten.

6

Kaffien kan ha mindre smak etter lang oppbevaring.

7

Det vert i dag kasta mykje mat som ikkje er heleskadeleg å ete. Det meste av dette vert

8

kasta på grunn av misvisande datomerking. 4H Norge stør framlegget om fjerning av “best

9

før”- merkinga på matvarar med lang haldbarheit.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


1

4. Vi må ha rom for frivilligheit!

2

Mange nærmiljø i Norge er halde oppe og drive vidare av lag, foreiningar og andre frivillige

3

organisasjonar, som 4H. Barn og unge møtast, integrerast og lærer nye dugleikar. Dette

4

gjeld òg foreldre, når dei står saman i kiosken, eller kanskje er det dei som lagar mat på

5

skolekjøkkenet. På denne måten vert det skapt nye band og opplevingar for særs mange

6

kvar einaste veke, kvar einaste dag!

7

Aktivitetar som samlar hundrevis av barn og unge krev ganske store lokale. Det er naturleg

8

nok ikkje mogleg for alle dei frivillige organisasjonane å eige kvart sitt lokale av ein slik

9

storleik. Heldigvis har vi, og andre, fått høve til å låne eller leie skoler og andre offentlege

10

bygg av same art, til gunstige vilkår. Dette er i stor grad kommunale og fylkeskommunale

11

bygg.

12

I dei seinare år har vi sett ei innstramming i dette tilbodet, og ein tilsvarande reduksjon i

13

tilbodet til medlemmane våre. Skoler vil ikkje låne ut areal, og andre vel å krevja leigeprisar

14

som vert oppfatta å langt overgå sjølvkostprisen på lokala. Det er vanskeleg å få til eit godt

15

og økonomisk berekraftig arrangement om ein må betale ein pris som er høgare enn det som

16

er skolen sine faktiske kostnader til reinhald og tilsyn.

17

4H Norge ynskjer at eigarar av slike lokale gjer desse tilgjengeleg for oss og andre

18

organisasjonar, at ein verdsett den viktige rolla vi har i nærmiljøet. Og at om ein skal krevje

19

leige, må ho ikkje overgå sjølvkostprisen til lokala. Kort sagt, at ein gjev rom for frivilligheit!

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


N

otater


Innkomne saker

Foto: Kampen økologiske barnebondegård/4H-gård Norge

Sak 9

Supersvarten drar superpallen lasta med glade barn på 4H-garden Kampen Økologiske Barnebondegård i Oslo.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

09/14

Innkomne saker _____________________________________________ I følgje §5.5 i lovene til 4H Norge har fylkeslaga høve til å fremje saker til landsmøtet. Det har kome inn to saker innan fristen som var 15. mai. 1. 4H Hordaland: Endring av kriteria for utdeling av æresdiplom 2. 4H Akershus og Oslo: Kløvermedlemskap 3. 4H Akershus og Oslo: Innføring av livstidsmedlemsskap

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Endring av kriteria for utdeling av æresdiplom 4H Hordaland ynskjer å endre kriteria for utdeling av æresdiplom fordi dei meiner at kriteria vi har i dag ikkje er strenge nok. Framlegget er vedlagt. Framlegget til 4H Hordaland lyder: 1. Kandidaten skal ha nedlagt minst 10 år med innsats på klubb- og/eller fylkesnivå. 2. Kandidaten skal ha utmerka seg spesielt både ovafor medlemmer og vaksne i 4H, og har bidrege til positiv vekst og utvikling av 4H lokalt. 3. Økonomiske bidrag til organisasjonen kan ikkje aleine kvalifisere til tildeling av æresdiplom Kriteria som gjeld i dag lyder: 1. Kandidaten har nedlagt minimum 7 års innsats på klubb- eller fylkesnivå. 2. Innsatsen har bidrege til positiv vekst og utvikling av 4H lokalt. 3. Økonomiske bidrag til organisasjonen kan ikkje aleine kvalifisere til tildeling av æresdiplom. Landsstyret si vurdering Landsstyret deler 4H Hordaland sitt syn om at æresdiplomet skal vere ei utmerking som vert gitt til personar som har utmerka seg i sitt arbeid i 4H. Landsstyret meiner at kriteria i dag er gode nok, og ynskjer å halde på dei. Landsstyret er av den oppfatning at innsats i 7 år er lang nok tid til å kvalifisere til å få æresdiplom, i tillegg til at det harmonerer godt med 4H-løpet som også er 7 år. Når det gjeld tillegget frå 4H Hordaland i punkt to om at ”kandidaten skal ha utmerka seg spesielt både ovafor medlemmer og vaksne i 4H” meiner landsstyret dette allereie er dekka i det som allereie står. Det er fylkesstyra som søker landsstyret om å dele ut diplomet til ein person, og i ein slik søknad vil det alltid vere rom for skjønn. Dette skjønnet må fylkesstyra og landsstyret utøve. Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Kriteria for å motta æresdiplom blir ikkje endra. Framlegget frå 4H Hordaland vert avvist.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Kløvermedlemskap 4H Akershus og Oslo har fremma eit forslag i to delar: a. Kløvermedlemskapen er eit reint bladabonnement og inneber at medlemmet berre mottek to blad per år. Ev. aktivitetstilbod utover dette er frivillig for klubbar/gardar/fylke eller andre deler av organisasjonen. b. Kontingenten for kløvermedlemmene vert fordelt med 50% til 4H Norge og 50% til den delen av organisasjonen som vervar medlemmen. Den delen av framlegget som handlar om kontingentfordeling vert tatt opp under sak 6 Medlemskontingent. Framlegget ligg vedlagt. Landsstyret si vurdering Sidan kløvermedlemskapen vart innført i 2012 har det vore ein del usikkerheit rundt kva 4H skal tilby kløvermedlemmane. Landsstyret deler oppfatninga til 4H Akershus og Oslo om at det er ynskjeleg å presisere innhaldet i medlemskapen nærare. Landsstyret er også einig med framleggsstillaren om at innhaldet i kløvermedlemskapen er to blad per år, og at ev. aktivitetstilbod er opp til kvart einskilt organisasjonsledd (klubb/gard/fylke) å vurdere. Velkomstgåva kløvermedlemmene mottek ynskjer landsstyret å halde fram med. Landsstyret meiner at kløvermedlemskapen gjev eit stort potensiale for rekruttering av nye 4H-arar, men meiner det må være opp til klubbane sjølve om dei ynskjer å inkludere kløvermedlemmene i aktivitetane sine. For å ta vare på dei demokratiske rettane til kløvermedlemmene fremmer landsstyret eit eige framlegg til lovendring som gjev kløvermedlemmene ein representant på fylkesårsmøtet. Landsstyret sitt framlegg til vedtak: Kløvermedlemskapen er eit introduksjonsmedlemskap i 4H for barn under 10 år. Kløvermedlemmene mottek ei velkomstgåve ved innmelding og mottek medlemsbladet to gonger per år. Fylket skal invitere kløvermedlemmene til fylkesårsmøtet der kløvermedlemmene har ein representant. Klubbane og gardane kan tilby aktivitetar til kløvermedlemmene, men har ingen plikt til å gjøre det.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Innføring av livstidsmedlemskap Bakgrunn: 4H Akershus og Oslo kome med framlegg til årsmøtet i 2012 om å innføre livstidsmedlemskap i 4H Norge i samsvar med vedtektene § 4 - 2. Til Landsmøtet 2014 har 4H Akershus og Oslo kome med framlegg om å innføre livstidsmedlemskap som eigen medlemskategori (sjå vedlegg). Årsmøtet 2012 gjorde dette vedtaket: Landsstyret er for et livsvarig 4H-medlemsskap for de over 26 år hvor hovedhensikten med medlemskapet er å knytte til seg ressurspersoner, samt skape en livslang tilknytning for alumnene. Landsstyret utreder frem til neste årsmøte. Landsstyret si utgreiing Landsstyret drøfta saken i 10/14, og ynskjer ikkje å innføre livstidsmedlemskap i 4H Norge. Hovudmålet til framleggsstillaren med å innføre ein slik medlemskap er å gjere det lettare å halde på ressurspersonar når dei har avslutta 4H-løpet. Landsstyret støttar målet med å halde på engasjerte ressurspersonar, men er ikkje einig i at livstidsmedlemskap er middelet for å nå dette målet. Høve for personar som ynskjer å fortsette å være medlem etter avslutta 4H-løp er allereie tilstade ved at ein kan bli alumnmedlem eller støttemedlem. Hovudgrunnen til at 4H mister kontakta med medlemmer i alle kategoriar er at dei ikkje oppdaterer personopplysningane sine i medlemsregisteret. Denne utfordringa vil på ingen måte bli borte ved å innføre ein ny medlemskategori, kanskje til og med snarare tvert om fordi kontakta til 4H vert svakare ved at ein ikkje får ei påminning om at ein er medlem ein gong i året. Økonomisk er det vanskeleg å sjå kva konsekvensar framlegget får på lenger sikt. Intensjonen i framlegget er at livstidsmedlemmene ikkje skal krevje oppfølging, men landsstyret åtvarar likevel mot å inngå det som i praksis vil vere livsvarande kontraktar der det framtidige omfanget er usikkert. Etter dei fem fyrste åra av eit livstidsmedlemsskap vil medlemmen i praksis ta i mot stønad frå 4H fordi dei mottek tenestene som andre medlemmer. _________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


Landsstyret trur heller ikkje at inntektspotensialet er særleg stort for 4H, og at vi over tid vil ha større inntekter ved å ha støttemedlemmer med årlege kontingentar, sjølv om dei er små. For å halde kontakta med medlemmene kan vi bruke AvtaleGiro eller eFaktura, som når medlemmen sjølv om han bytter adresse, og medlemmen får ei årleg påminning om tilknytinga si til 4H, utan at han må gjere mykje for å betale. Kvart år får 4H Norge støtte frå Barne- og likestillingsdepartementet gjennom Fordelingsutvalet. Denne støtta er delt opp i ulike kategoriar, og for å få støtte i den kategorien 4H er no, må minst 50 % av medlemmene vere under 26 år. Det seier seg sjølv at livstidsmedlemmene vil vere medlemmer i fleire år enn medlemmene under 26 år. Det er kanskje ikkje truleg, men 4H kan kome ein situasjon der teljande medlemmer blir færre enn 50 %. I ein diskusjon om evigvarande ordningar, må landsmøtet sjå på alle moglege framtidsskildringar. Ei slik ordning vil også gjere at 4H mister høve til omstilling dersom det vert naudsynt på grunn av eit kritisk lågt medlemstal. Landsstyret støttar tanken om å knytte til seg engasjerte medlemmer over lang tid, men ynskjer å gjere det på ein måte som ikkje bind organisasjonen i mange tiår. Vi meiner det er mogleg å oppfylle intensjonen gjennom dei medlemskategoriane som er per i dag, og dei det elles er gjort framlegg om til landsmøtet. Oppfølging av ressurspersonar må til uavhengig om dei er livstidsmedlemmer eller ikkje dersom intensjonen skal fungere slik det er tenkt. Landsstyrets sitt framlegg til vedtak: 4H Norge innfører ikkje livstidsmedlemskap. Landsmøtet ber landsstyret om legge til rette for langvarig tilknyting for ressurspersonar og støttespelarar.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


N

otater


Tilsetjing av revisor

Foto: Hilde Arild

Sak 10

Høgt henger dei og aktive er dei! 4H er sosialt, aktivt og morosamt!

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

10/14

Tilsetjing av revisor _____________________________________________ I følgje 4H Norge sine lover , §5.10, skal landsmøtet tilsetje revisor. 4H har avtale med KPMG AS. Styret gjer framlegg om å fortsetje samarbeidet med KPMG AS

Styret sitt framlegg til vedtak i landsmøtet: KPMG AS blir tilsett som 4H Norge sin revisor.

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.- 17. juli 2014


N

otater


Val

Foto: A.H. Kløvrud

Sak 11

110 gjester deltok då Skautrollet 4H og Eina ungdomsklubb i Oppland arrangerte karneval for tredje år på rad. Ein god tradisjon med trylleshow, sang, disco, leker, konkurransar og mykje godt å bite i.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

11/14

Val _____________________________________________ Valnemnda har hatt to fysiske møte på Hellerud. Resten av kommunikasjonen har vore på telefon og e-post der dei har førebudd framlegg til val på landsmøtet i 4H Norge 2014, slik det er vedteke i Lover for 4H Norge. Valnemnda sitt framlegg til kandidatar på val: Verv

Valgt 2012

Framlegg 2014

Ordførar:

Sigurd Vestrheim (A & O) attv

Gunn Jorunn Sørum (He) ny

Varaordførar:

Anne Irene Myhr (N-T) ny

Simen Saxebøl (Ø) ny

Leiar:

Kari Heggelund (He) attv

Kari Heggelund (He) attv

Styremedlem:

Mariann Hegg (V) attv

Sigrid Løvland (V-A) attv

Styremedlem:

Martin Strand (N) attv

Gustav Gunnerød (A & O) attv

Styremedlem:

Sigrid Løvland (V-A) ny

Kari Fuglem (S-T) ny

Styremedlem:

Gustav Gunnerød (A & O) ny

Håvard Uhre Halvorsen (T) ny

1.varamedlem:

Ragnhild Bach (N-T) ny

Martin Strand (N) ny

2.varamedlem:

Gaute Gjein (A & O) attv

Ingunn L.Heggebø (S & F) ny

3.varamedlem:

Kim Nessa (R) ny

Gaute Gjein (A & O) ny

Leiar:

Julie Tøllefsen (T) ny

Jens Arne Sollien (A & O) ny

Nestleiar:

Anstein Lyngstad (N-T) attv

Mariann Hegg (V) ny

Medlem:

Raymond Kirknes (V-A) attv

Raymond Kirknes (V-A) attv

Medlem:

Anette Paulsen (V) attv

Brit Melting (S-T) ny

Landsstyret

Valnemnd:

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.-17. juli 2014


Medlem:

Jens Arne Sollien (A & O) ny

Benedicte Wærstad( N) ny

1.varamedlem:

Andrea Hjelt (He) ny

Kim Nessa, (R) ny

2.varamedlem:

Nils E Geitrheim (S & F) attv

Nils Arne Torpe, (O) ny

3.varamedlem:

Maren Herigstad (N) ny

Gunhild Sandal (S & F) ny

I tillegg har landsstyret ein representant oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet. Denne er ikkje oppnemnt når sakspapira vert sendt ut.

Naturviterne og Stafo sine foreiningar i 4H Norge vil velje tilsette sin representant for to (2) år. Vedlegg: Presentasjon av kandidatar

_________________________________________________________________________________ Landsmøte i 4H Norge 15.-17. juli 2014


Simen Saxebøl

Varaordførar

Gunn Jorunn Sørum

Ordførar

Namn

Østfold

Hedmark

Fylke

20.03.78

08.01.91

Født

jurist

* bachleor i statsvitenskap * studerer på UIO

* sjef for tillitsmannsordningen i Forsvaret. * ass. generalsekr. i 4H Norge 209-2013 * advokatfullmektig i Finansklagenemnda

leiar i Norges Bygdeungdomslag

Yrke (no eller ev. tidlegare)

* plakett 1996 * verv i klubbstyret i GlimtHagen 4H. * styremedlem i landsstyret 4H Norge 2004-08 * ordførar i landsårsmøtet 4H Norge 2008-2009

* plakett 2009 * medlem fylkesstyret Hedmark 2006 og -08 * nestleiar fylkesstyret 2007 * leiar fylkesstyret 2009 og 2010 * varamedlem i landsstyret 2010 * varaordfører i Hedmark 201415 * mottok Norges Vels ungdoms sølvmedalje for sitt engasjement i 4H i 2010

4H-bakgrunn

Sak 11 Val, vedlegg: presentasjon av kandidatar Utdanning

Lang 4H-erfaring frå alle ledd i organisajonen.

* aktiv i Veldre BU og Hedmark BU siden hun var 16 år * har hatt sommerjobb på Stortinget

Annan organisasjonserfaring


Styremedlem Kari Fuglem

Sigrid Løvland

SørTrøndelag

Vest-Agder

Hedmark

Leiar Kari Heggelund

Styremedlem

Fylke

Namn

Grunnskole og videregående studiespesialisering realfag *Bachelor i Kjemi, NTNU

* grunnfag og mellomfag sosialantropologi UiO, Sørøstasiatiske studium UiSingapore: feltarbeid * bachelor, master, BI (markedsføringsleiing) * PRO-skolen * Etablererskolen * FRAM

Utdanning

21.02.91 * 3-årig landbruksutdanning, Mære vgs. * studerer bachelor i Økonomi og adm. 3.året v/HIST (TØH)

25.05.93

31.12.77

Født

*Har hatt sommerjobb som guide ved Vest-Agder museet i Flekkefjord

* partner i Klubben AS, kundebehandling og sal * management og booking Kulturservice.no * daglig leder i Spire Web & Design AS

Yrke (no eller ev. tidlegare)

* styreleder Tag design frå 2013 * styremedlem i Klubben AS frå 2013 * leksehjelp Røde Kors * russepresident for Flisarussen 1997 * nestleder i ANSA Singapore * styremedlem i Miljøfrakt AS * styremedlem Aktuell Eiendom * styremedlem Spire Web & Design * styremedlem Kommunikasjonsforeningen i Hedmark/Oppland.

Annan organisasjonserfaring

* plaketten i 2009 * styreverv i 8 år i Selbustrand 4H * medlem av arrangementskomiteen for fylkesleir i 2007 * 2013 - leiar i 4H SørTrøndelag

Lang erfaring frå 4H på klubbnivå. Er systematisk. Er engasjert og interessert i å utvikle 4H vidare som organisasjon.

*Medlem i 9 år i Spiren 4H. Har *Har tidligare vore medlem av vært leiar og har fortsett som Gyland Røde Kors. klubbrådgjevar. Er kursinstruktør i 4H.

* leiar av landsstyret 4H Norge frå 2010 * plakettmottaker frå Miggen 4H, Hedmark * div. styreverv i eigen klubb * IFYE til USA i 1997 * internasjonal kontakt for 4H på fylkesplan 1 år

4H-bakgrunn


Håvard Uhre Halvorsen

Troms

Akershus og Oslo

Styremedlem Gustav Ramstad Gunnerød

Styremedlem

Fylke

Namn

* sivilingeniørstudium i Marin teknikk v/ NTNU 2011-dd. * Eidsvoll VGS 2007-2010

Utdanning

24.11.1990 Studerer Bachelor i psykologi

26.05.91

Født

Student

* student * rekrutteringsgruppa ved institutt for Marin Teknikk v/NTNU * guide og rollefigur ved Eidsvoll 1814 rikspolitisk senter

Yrke (no eller ev. tidlegare)

* plaketten i 2010 * styreverv i 4H klubben * fylkesstyreleiar i Troms * sete i fylkesstyret i Troms i mange år.

* mangeårig medlem og styremedlem i Svanen 4H * nå styremedlem i GVAASDH? * varamedlem i STÆA

4H-bakgrunn

* nestleiar i Studentparlamentet i Tromsø * leiar for studentutvalet på det helsevitenskaplege fakultet i Tromsø

* aktiv i elevrådsarbeid og seinast som elevpresident v/ Eidsoll VGS * medlem av Samarbeidsutvalet * medlem av SORR (samarbeidsorganet for Romeriksrussen) * fylkesstyremedlem i Elevorganisasjonen i Akerhus 2008-2009 * infoleiar i Eidsvoll BU 20082010 * medlem av infonemnda i Akerhus BU 2009-2010 * klassetillitsrepresentant for kullet 2011-2016 ved studieprogrammet Marin teknikk v/NTNU

Annan organisasjonserfaring


Gaute Gjein

3. varamedlem

Ingunn Heggebø

2. varamedlem

Martin Strand

1. varamedlem

Namn

Akershus og Oslo

Sogn og Fjordane

Nordland

Fylke

Utdanning

* student * øvingslærar på NTNU * systemutvikling i eige enkeltmannsforetak.

Yrke (no eller ev. tidlegare)

10.05.84

* Cand. Med. (med forskerlina) * studerer helseleiing og helseøkonomi ved UiO

* lege i forsvaret * turnuslege ved Sykehuset Innlandet Hamar- Elverum * konsulent ved EDB-avdelingen IMB-Med. Fak.- UiO * statsautorisert vekstkontrollør

19.09.1994 * generell studiekompetanse frå * medarbeidar hos Spar Førde vgs. med fordjuping i musikk. * støttekontakt i Gloppen * folkehøgskole med musikk kommune

29.03.88 * allmennfag, Bodin vgs 07 * bachelor i Matematikk * mastergrad i matematikk og kryptografi *doktorgradsstudent ved NTNU

Født

* mangeårig fylkesstyremedlem og no leiar i 4H Akershus og Oslo * tidlegare leiar og styremedlem i Norske 4H-alumner * observatør i landsstyret * plakettmottakar og styremedlem i GVAA- SDH? * leiar for 4H- utvekslinga til USA to gonger * mangeårig leiar på lands- og nordisk leir * DAF-instruktørkurs og kurinstruktør i mange år

* varamedlem i Fylkesstyret Sogn og Fjordane * leiar i klubben

* styremedlem i landsstyret frå 2010 * varamedlem landsstyret 08-10 * Beiarn 4H - div styreverv, 9906 *Plaketten 06 * DAF-instruktørutd. 04-05 * kursinstruktør 4H Nordland 05dd * Instruktørkursutvalet i 4H 0709 * varamedl fylkesstyret i Nordland 2003 * nestleiar fylkesstyret i Nordland 2004-05 * leiar fylkesstyret Nordland 2006-2012

4H-bakgrunn

* to år i studentparlamentet ved UiO * styremedlem i Akerhus barneog ungdomsråd * styreerfaring fra sameiet Mariebo 2

* elevrådsrepresentant på Folkehøgskolen * kursinstruktør i 4H

* forbundsstyremedl Juvente 2007-11 (inkludert ei rekke ulike utval) * valkomiteen i Juvente 2011-dd *Juventes observatør i styret til DNT (Det Norske Totalavholdsselskap) 20092011 * styremedlem i IOGT region midt 2011-dd * sommerleirgeneral for 2011 * vara og styremedlem i Nordland Barne- og ungdomsråd 2005-2008

Annan organisasjonserfaring


Godtgjersle til sentralt tillitsvalde

Foto: Isabell Haug

Sak 12

Mykje spenning og morosamt på same tid, då Reinrosa 4H var med Reisa River Husky på hundekjøring i Reisadalen i Vinnelys i Troms.

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


_____________________________________________ Sak nr:

12/14

Godtgjersle til sentralt tillitsvalde ____________________________________________

Valnemnda har handsama godtgjersle til sentralt tillitsvalde etter gjeldande instruks. Valgkomiteen sitt framlegg til vedtak: 1. Leiar: Fast årleg godtgjersle på 1,5 * grunnbeløpet (G) i folketrygda. Dekking av diett etter statens satsar ved eksterne arrangement (gjeld ikkje arrangement i 4H-regi). Reise blir dekka etter staten sine satsar etter billigaste reisemåte. 2. Styremedlemmer elles: Vert godtgjort med kr 1000,- pr møtedag, og kr 500,- for halvdagsmøte/telefonmøte, alternativt blir dokumentert tapt arbeidsforteneste dekka. Dekking av diett etter statens satsar ved eksterne arrangement (gjeld ikkje arrangement i 4Hregi). Reise blir dekka etter staten sine satsar etter billigaste reisemåte.

_________________________________________________________________________________ Årsmøte i 4H Norge 15. – 17. juli 2014


N

otater


Avslutning

Foto: Beate Patay

Sak 13

Velkomen til Landsleir OHHHHO 2014 på Tautra!

Landsmøte i 4H Norge

#4HLM14

15. - 17. juli 2014


N

otater


N

otater


N

otater


N

otater


N

otater


N

otater


N

otater


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Sakspapirer 4hlm14 endelig lr by 4H Norge - Issuu