Årsmelding 2024

2024 var eit år fylt av engasjement, opplevingar og fellesskap. Gjennom heile året har vi opplevd korleis frivilligheit og samarbeid skaper uforgløymelege augeblikk for alle som deltek i 4H. Saman har vi opplevd meistring og kjensla av å høyre til.
Årets høgdepunkt var den ekstremt gode landsleiren på Voss. Over 800 deltakarar samla seg til ei veke fylt av ekstreme aktivitetar, læring og fellesskap.
Eit anna høgdepunkt var «Spektakulær tur». Ungdommar frå 4H og WildX lærte meir om livet på sjøen og friluftsliv generelt då dei reiste med seglskipet Christian Radich langs Helgelandskysten.
Gjennom mine reiser i Noreg har eg møtt mange flotte 4H-arar. Eg har padla kajakk, grilla pølser på bål og besøkt fleire 4H-gardar. Desse opplevingane viser breidda i aktivitetane våre og gleda over å delta. Den enorme innsatsen frå frivillige er heilt uvurderleg! Og det er nettopp den innsatsen, stor eller liten, som gjer slike opplevingar mogleg. Eg vil takke alle frivillige for det arbeidet dei gjer.
I sommar var vi samla til landsmøte. Landsmøtet er ein viktig arena for demokratisk deltaking og det høgaste demokratiske organet vårt. Den yngste delegaten var berre 14 år, men deltok likevel aktivt i landsmøtedebatten. Det vitnar om eit godt medlemsdemokrati i 4H, som vi er stolte av. Landmøtet vedtok vegen vidare. Mellom anna at fleire skal få oppleve 4H! Vi skal bli større, synlegare og smartare, og vi skal jobbe saman. Dei fire S-ane er leiestjernene våre dei kommande åra.
Eg gler meg til vegen vidare. I 2025 skal vi fortsetje arbeidet med å utvikle samfunnsengasjert ungdom på ein arena der barn og unge opplever meistring og tilhøyrsle, og vi skal arbeide for at fleire får ta del i 4H-fellesskapet vårt.
Med vennleg helsing
Martin Holmen Styreleiar i 4H Norge
4H sin visjon: 4H jobbar for eit samfunn der alle barn og unge opplever meistring og tilhøyrsle.
4H Norge er ein aktiv organisasjon med 10 170 medlemmar som er fordelte på 426 4H-klubbar over heile landet. Medlemmane i klubbane er primært mellom 10 og 18 år. I 4H får medlemmane høve til å utvikle seg sjølve og vere del av eit sosialt fellesskap. 4H Norge er del av eit globalt nettverk av 4H-organisasjonar.
VISJON
4H jobbar for eit samfunn der alle barn og unge opplever meistring og tilhøyrsle.
4H skal utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske.
4H-LØFTET
Vi lover å arbeide for å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.
I 2024 blei det innført eit nytt, meir fleksibelt og poengbasert 4H-løp. 4H-arane samlar poeng ved å gjennomføre 4H-oppdrag, bidra i 4H ved å ta på seg verv eller delta på arrangement.
• Klart hovud
• Varmt hjarte
• Flinke hender
• God helse
MOTTO
Å lære ved å gjere
Æresmedlemmar
Lars Aamodt, Leiv Sølvberg, Eivind Mjærum, Jorit Bratteng Aanes, Kari Heggelund, Ola Cato Lie,
Kristian Haave, Siri Myhre Otterlei, Tor Brekke og
Tor Martin Stenseng
Tildelte æresdiplom
Desse fekk tildelt æresdiplom i 2024:
Mariann Hegg (4H Vestfold)
Miriam Ottesen (4H Nordland)
Ingonn Søyland Bø (4H Rogaland)
Nils Reimers (4H Rogaland)
Mona Aksdal (4H Rogaland)
Sjur Malmedal (4H Møre og Romsdal)
Grete Malmedal (4H Møre og Romsdal)
Knut Thujord (4H Opplan)d
Guri Årnes (4H Oppland)
Janne Berget (4H Oppland)
Simen Saxebøl (4H Akershus og Oslo)
Thor Christian Grosås (4H Akershus og Oslo)
Siri Lunde Heggebø (4H Akershus og Oslo)
Arne Ingvar Dobloug (4H Hedmark)
Æresmedlemmar: Tor Martin Stenseng, Siri Myhre Otterlei og Tor Brekke og blei utnemnd til æresmedlemmar i 4H Norge på landsmøtet på Voss. Alle tre var tydeleg overraska og rørt over den høgthengande utmerkinga. De blei heidra for sin mangeårige innsats og engasjement for 4H.
Sentralstyret 2024–26
Leiar: Martin Holmen (4H Hedmak)
Nestleiar: Andreas Ølvestveit (4H Hordaland)
Styremedlem: Synne R. Sandal (4H Hordaland)
Styremedlem: Iris Merete Natten Frydenlund (4H Rogaland)
Styremedlem: Eirik Førde (4H Sogn og Fjordane)
Styremedlem: Are Noreng (4H Buskerud)
1. varamedlem: Jens Håkon Birkeland, (4H Hordaland)
2. varamedlem: Kjetil Pedersen (4H Finnmark)
3. varamedlem: Even Medhus (4H Buskerud)
Representant frå Norske 4H-alumner: Stina Sofie Moen
Representant frå 4H-gård Norge: Heidi Tønnesen, Kampen Økologiske Barnebondegård
Tilsetterepresentant: Ingeborg Tangeraas
Tilsetterepresentant, vara: Hanne Kalliainen
Styret blei valt på landsmøtet 6. juli 2024.
Landsstyret
Landsstyret er sett saman av sentralstyret, fylkesstyreleiarane, representantar frå 4H-gård Norge og Norske 4H-alumner. 4H Norge sin styreleiar er også leiar i landsstyret. Landsstyret hadde eit møte i 2024.
Landsmøtet
Landsmøtet er 4H Norge sitt høgaste organ og blir avvikla annakvart år. Landsmøtet blei halde 5.–6. juli 2024 på Voss.
Medlemsorganisasjonar i 4H
Norges Vel, Det norske Skogselskap, Norges Bondelag, Norges Skogeierforbund, Norges Bygdekvinnelag, Norsk Bonde- og Små-brukarlag, Norges Jeger- og Fiskerforbund
Samarbeidsorganisasjonar
Organisasjonar som 4H er medlem i, samarbeider med og/eller fekk tilskot frå:
Norsk Landbrukssamvirke:
Felleskjøpet Agri, Felleskjøpet Rogaland og Agder, Gartnerhallen, Geno, Gjensidige, Hoff, Honningcentralen, Inn på tunet Norge SA, Landkreditt, Norges Birøkterlag, Norges Skogeierforbund, Norske Landbrukstenester, Norsk Landbruksrådgiving, Norsk Sau og Geit, Norsvin, Nortura, TINE, Tyr
Andre organisasjonar:
4H Global Network, 4H the Gambia, Av-og-til, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Det Norske Hageselskap, European Federation of City Farms, Fordelingsutvalet, Frivillighet Norge, Kulturalliansen, Kulturdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, Miljødirektoratet, Norges Bygdekvinnelag, Norges Bygdeungdomslag, Norges Vel, Norsk friluftsliv, Rural Youth Europe, SpeiderSport, Statsforvaltarens landbruksavdelingar og fylkeskommunane, Studieforbundet natur og miljø, WildX.
I tillegg kjem lokale samarbeids- og tilskotsgjevarar.
Styret i Norske 4H-alumner (N4HA)
Leiar: Stina Sofie Evjen Moen (BASE, 4H Akershus og Oslo)
Nestleiar: Caroline Berlin (A3, 4H Agder)
Sekretær: –
Kasserar: Mathilde Tjønneland (Framsyn 4H, 4H Sogn og Fjordane)
PR-ansvarleg: Nathalie Marie Skarpodde (FHALIØST, 4H Østfold)
Styremedlem: John Inge Olsen (A3, 4H Agder)
Styremedlem: Grete Cecilie Hansen (A3, 4H Agder)
1. vara: Hege Einset (MORAL, 4H Møre og Romsdal)
Styret blei valt på N4HA sitt årsmøte 7. juli og på ekstraordinært årsmøte 24. september 2024.
Styret i 4H-gård Norge
Leiar: Heidi Tønnesen, Kampen Økologiske
Barnebondegård
Nestleiar: Olaug Olsen, Givær 4H-gård
Styremedlem: Eirin Bjune, Medtigården 4H-gård
Styremedlem: Sigurd Årskaug, Flatheim 4H-gard
Styremedlem (oppnemnd av sentralstyret): Andreas Ølvestveit
1. vara: Gerd Helgeland, Nordgardsetra 4H-seter
2. vara: Helene Kvivesen Jacobsen, Sneskavla 4H-gård
Styret blei valt på 4H-gård Norge sitt årsmøte 13. februar 2024.
Bli kjent med dyra: Alle besøka på 4H-gardane tyder på at svært mange barn og unge får kunnskap om dyrestell og dyrking.
4H skal bli større med fleire medlemmar
4H for alle – inkludering
Arbeidet med inkludering i 4H skjer hovudsakleg på grasrota. Sentralt var vi med i arbeidet med regjeringa sin handlingsplan for auka deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar. Vi jobba med kompetanseutvikling for tilsette og tillitsvalde, og med deltaking i nettverk. Vi sørgde for ein fleksibel og tilrettelagd nominasjonsprosess til sentralstyret og laga ein rettleiar for inkluderande valkomitéarbeid. Vidare har vi gjennom tilsetjingsprosessar arbeidd for å auke mangfaldet i sekretariatet.
Prosjekt «Grøn inkludering på 4H-gard» blei igangsett. Vi deltok mellom anna på Oslo Pride saman med Bygdeungdomslaget, Bondelaget og Bygdekvinnelaget – under fana «Bygda er for alle».
Vi delte ut omtrent 40 000 kroner i tilretteleggingstilskot, og 60 000 kroner i deltakarstøtte, slik at medlemmar som trong økonomisk støtte, fekk det.
Utvikle aktivitetskonsept som gjer 4H-arane stolt
4H-løpet
Ved årsskiftet hadde 84 % av medlemmane i alderen 10–25 år samla poeng i 4H-løpet. Til samanlikning hadde 82 % av medlemmane i same alder 4H-prosjekt i 2023.
87 % av poenga samla i 4H-løpet var poeng frå gjennomførte oppdrag, medan 67 % var poeng samla frå styreverv eller deltaking på arrangement. Det blei gjennomført flest oppdrag i kategorien Natur og Helse.
4H sin vekststrategi
Ein ny vekststrategi for 2024–2030 blei vedteken. Strategien beskriv kva ambisjonar og mål 4H Norge har for vekst, og kva retning vi skal gå for å nå måla våre. Det er fokus både på å tiltrekkje oss nye medlemmar og på å behalde eksisterande medlemmar gjennom målretta tiltak og initiativ – mellom anna ved å forsterke aktivitetstilbodet på alle nivå i organisasjonen. Vekststrategien med tilhøyrande handlingsplan er førande for alle organisasjonsledd i 4H Norge.
Medlemsvekst
Vi har eit overordna mål om å auke medlemstalet til 15 000 innan 2030. I 2024 hadde vi ein nedgang på 333 medlemmar, som utgjer 3 % reduksjon samanlikna med året før. Medlemstalet for 2024 var 10 170.
Ansikt-til-ansikt-rekruttering er ein nøkkelkomponent i vekstarbeidet vårt. Det blei gjennomført eit målretta og strategisk arbeid for at fleire barn og unge skal få ei sosial, aktiv, lærerik og morosam fritid i 4H. I 2024 blei det lagt til rette for verving både i klubbar og fylkeslag gjennom utvikling av verve- og informasjonsmateriell, nasjonale vervekampanjar med premiering, utdeling av vervepoeng til dei som fekk med seg fleire, auka nærvær på sosiale medium og oppmoding om lokale standar. For å byggje ein sterkare vervekultur blei det delt vervetips med klubbane. I tillegg blei det sendt ut 4H-relaterte velkomstgåver til alle nye medlemmar.
I samanheng med utsending av kontingentfaktura i starten av året blei det jobba med gjenverving av fjorårets medlemmar. I august og september blei klubbane oppmoda om å verve gjennom ein skulestartskampanje. I november og desember kunne klubbane vinne premiar dersom dei inviterte barn og unge med på opne julearrangement for å vise fram kva 4H er. Individuelle
vervarar fekk også vervepoeng for innsatsen sin i løpet av året, som dei kunne bruke i 4H-butikken.
Aktivitetar
Vi gjennomførte mange arrangement, også i 2024. Dei største nasjonale arrangementa var landsmøtet og landsleiren på Voss. Men også på Insporama – ei kurshelg for lokale frivillige, fylkesstyra og sentralstyret –som blei gjennomført i april, hadde vi over 100 deltakarar. Andre nasjonale arrangement var vaksenleiarkurs og kurs for nye instruktørar innanfor styreverv og friluftsliv.
Fylka har hatt storkurs, regionale samlingar, styrevervog friluftslivskurs, klubbrådgjevarsamlingar, leir, plakettfestar og volleyballcupar. 4H-klubbane har hatt mange flotte arrangement som til dømes haustfestar, «Under open himmel» (sove ute), årsmøte og grautfestar.
Kløvermedlem
4H Norge vidareførte satsinga på medlemskap for barn under 10 år. Kløvermedlemskapet fungerer som ein inngang til 4H for dei yngste barna. Målet er at dei skal bli med i ein 4H-klubb når dei fyller 10 år. Kløvermedlemmane fekk invitasjonar til opne arrangement, og dei fekk tilsendt medlemsbladet Aktivitet og eit aktivitetshefte med temaet «Bli kjend med plantane». Fleire 4H-klubbar driv også eigne kløvergrupper med tilpassa aktivitetar for denne aldersgruppa.
Demokratiopplæring:
I
Oversikten over viser kva oppdrag som oftast blei valt. Baking og matlaging er del av fagområdet Helse, mens turar, fisking og bålaktivetar er del av fagområdet Natur.
NYE OG GODE VERKTØY SKAL SIKRE AT TILSETTE, TILLITSVALDE OG FRIVILLIGE JOBBAR SMARTARE OG FÅR EIN
KVARDAG I 4H.
NYE OG GODE VERKTØY SKAL SIKRE AT TILSETTE, TILLITSVALDE OG FRIVILLIGE JOBBAR SMARTARE OG FÅR EIN
ENKLARE OG MEIR EFFEKTIV
KVARDAG I 4H.
Smartare: Nye og gode verktøy skal sikre at tilsette, tillitsvalde og frivillige jobbar smartare og får ein enklare og meir effektiv kvardag i 4H.
918
Dei tre meist populære oppdraga i 2024 var:
● kakebaking
● gjærbakst
● fisketur
Samla utgjorde dei 918 oppdrag*.
*Sjå oversikt over dei 15 mest populære oppdraga på føregåande side.
Ny vekststrategi, ny kommunikasjonsstrategi og revidert grafisk profil skal gjere det enklare, på alle nivå i organisasjonen, å formidle kva 4H er, kven vi er, og korleis vi kan bli større.
4H skal jobbe smartare digitalt og utvikle rutinar og malar som gjer det enklare å vere medlem, tillitsvald og tilsett i 4H.
Gjere det lettare å drive 4H
Landsmøtet vedtok ei endring i medlemskategoriane i 4H. No er alle 4H-medlem, og tilbodet er tilpassa den aldersgruppa medlemmen høyrer til. Dette gjer det både enklare å administrere medlemmane og lettare å melde seg inn i 4H.
Ny vekststrategi, ny kommunikasjonsstrategi og revidert grafisk profil skal gjere det enklare, på alle nivå i organisasjonen, å formidle kva 4H er, kven vi er, og korleis vi kan bli større.
Det blei også utarbeidd ein kanalstrategi med retningslinjer for digitale kanalar og verktøy i 4H. Den skal bidra til god samhandling og kommunikasjon internt i organisasjonen. Det skal sikre at tilsette, tillitsvalde og frivillige i 4H jobbar smartare og får ein enklare og meir effektiv kvardag. Det skal bidra til at vi samarbeider, deler og lærer på tvers av organisasjonen, og til at kvar enkelt er oppdatert, informert og opplever seg sjølv som ein del av det store 4H.
Arbeide meir aktivt med berekraft i 4H
Sjekkliste for berekraftige arrangement, som blei lansert i 2023, blei i 2024 teken ordentleg i bruk – særleg i samband med landsmøtet og landsleiren. Menyen på landsmøtet var sett saman av lokale råvarer, og delegatane blei oppmoda om å bruke kollektivtransport for å komme til landsmøtet. For deltakarane på landsleiren var det sett opp eit eige landsleirtog frå Oslo til Voss. Matkomiteen for landsleiren jobba målretta for å unngå matsvinn og sikre kjeldesortering.
Teknisk utvikling
For å kunne arbeide med det nye 4H-løpet blei prosjektplattforma og medlemsregisteret/Min side oppgradert med ny funksjonalitet og større integrasjon. Prosjektplattforma er ei digital plattform der medlemmane planlegg og følgjer opp 4H-prosjekta sine. Medlemsregisteret er eit verktøy for medlemsadministrasjon, registrering av verv og påmelding til store arrangement. Informasjon frå medlemsregisteret er tilgjengeleg når ein loggar seg inn på Min side på 4h.no.
Malar: gjennom revidering av den grafiske profilen, vart det utarbeida malar som er tilgjengeleg for både klubbane og fylka. Dette gjer det enklare å drive organisasjonsarbeid, samstundes som vi framstår som ein organisasjon.
4H Norge gjennomførte fleire tiltak for å nå det strategiske målet om å bli større, synlegare og smartare. Visuell framstilling og historieforteljing er viktig.
4H sin kommunikasjonsstrategi
Ein ny kommunikasjonsstrategi for 2024–2030 blei vedteken. Kommunikasjonsstrategien er eit felles grunnlag for formidling og synleggjering av 4H. Det er eit verktøy som skal bidra til at vi skal nå dei overordna strategiske måla våre, mellom anna å bli meir synleg. Kommunikasjonsstrategien fokuserer på kommunikasjon mot dei utvalde målgruppene våre med prioriterte bodskap.
Ny visjon
I arbeidet med å utarbeide kommunikasjonsstrategien vedtok vi ein visjon:
«4H jobbar for eit samfunn der alle barn og unge opplever meistring og tilhøyrsle.»
Sosiale medium
Arbeidet med å lage godt innhald på sosiale medium har halde fram. Gjennom innlegg, videosnuttar, «Stories» og «Takeovers» har vi synleggjort 4H-aktivitetar frå heile landet. Vi har vore særleg opptekne av å vise vennskap, samhald og meistring.
Kjelde: Google Analytics
Kjelde: Meta
Gode vennar: Amerikanske Julianna Lambert (t.v.) deltok på USA-utvekslinga sommaren 2024. Ho budde hos ein vertsfamilie i Buskerud, og fekk minner for livet og knyta gode vennskapsband.
Også i 2024 var det ein stor auke i resultata for Facebook samanlikna med tidlegare år. Grunnen til auken er hovudsakleg meir betalt annonsering av innhald på denne kanalen.
Nettside
I 2024 var talet på brukarar av 4H Norge si nettside 196 148. Det er ein gledeleg auke på 11 %. Vi hadde ein tilsvarande auke i 2023. Talet på sidevisningar var 1 477 308. Dette gjev grunn til å tru at nettsidene blir sett på som ein nyttig kanal for informasjon, og at fleire bruker prosjektplattforma. Det stemmer godt overeins med tala som viser at «Mitt prosjekt» er den mest besøkte sida på 4h.no. Deretter kjem framsida.
Medlemsblad
AKTIViTET er 4H sitt medlemsblad. I 2024 heldt vi fram med to utgjevingar i året, med eit opplag på 9 500 eksemplar per utgåve. Bladet tilbyr brei dekning med alt frå reportasjar til intervju og gjev eit innblikk i 4H sine arrangement og prosjekt over heile Noreg. Det sentrale i bladet er medlemmane, som blir oppmoda om å bidra med personlege 4H-historier og bilete frå klubbane sine.
Aktivitetshefte
Det blei laga eit nytt aktivitetshefte som blei sendt til dei yngste medlemmane (0–9 år). Aktivitetsheftet hadde eit opplag på 2 000. Aktivitetshefta har ulike tema og gjev barn høve til å lære gjennom praktiske og varierte leikar,
Medlemsblad
AKTIViTET er 4H sitt medlemsblad. I 2024 heldt vi fram med to utgjevingar i året, med eit opplag på 9 500 eksemplar per utgåve.
Det blei laga eit nytt aktivitetshefte som blei sendt til dei yngste medlemmane (0–9 år). Aktivitetsheftet hadde eit opplag på 2 000 eksemplar.
presseklipp
Arendalsuka
4H Norge var representert på Arendalsuka ved styreleiar, nestleiar og fungerande generalsekretær. Torsdag hadde vi eit arrangement i frivilligheitsteltet. Der snakka styreleiar Martin Holmen og konsulent Tone Helene Angsund frå samarbeidspartnaren vår Trigger, om temaet «Korleis kan organisasjonen din få fleire medlemmar og jobbe smartare og i same retning?».
Vi viste fram det omfattande arbeidet med å spisse identiteten vår og byggje ei plattform som gjer det enklare for heile 4H å gå i same retning. Vidare delte vi verktøy og praktiske tips. Det blei ein god spørjerunde og diskusjon til slutt.
Vervekampanjar: To kampanjar på sosiale medium bidrog til auka synleggjering av 4H.
eksperiment, konkurransar og artige illustrasjonar. Årets tema var «Plantar», og det var den siste utgåva av fem planlagde hefte. Tidlegare tema har vore «Skogen», «Dyra», «Garden» og «Vatnet».
Informasjon til klubbane
Klubbservice er eit elektronisk nyheitsbrev som blir sendt til alle 4H-klubbar. Sjølve skrivet inneheld relevant informasjon som gjer det enklare for klubbane å skape lokal aktivitet og drifte klubbane. Klubbservice inneheld felles informasjon frå 4H Norge og aktuell informasjon frå klubben sitt 4H-fylke. Det blei sendt elleve utgåver av Klubbservice i 2024.
Presseoppslag
Totalt var det 900 treff/presseklipp i 2024 på 4H Norge sin profil på medieovervakingstenesta Infomedia. Dette er ein nedgang på 8,35% samanlikna med 2023. Dette kan ha samanheng med færre oppslag i lokale media under landsleiren, då det var færre fylkesmediekontaktar. 70 av oppslaga omhandla landsleiren, 62 omhandla fylkesleir medan 53 omhandla haustfestar.
Profileringsartiklar
Styreleiar Martin Holmen og Tone Helene Angsund
Nettbutikken vår sel mellom anna 4H-profilartiklar. I 2024 blei følgjande artiklar utvikla og lanserte: turbelte, klistremerke, tynn ulljakke og kniv. Profilartiklane blei valde ut på bakgrunn av ønske og innspel frå fylkeslaga. Profileringsgjengen blei nytta ved eitt høve. Norske 4H-alumnar fekk høve til å utvikle eit eige handlenett.
Aktivitetane innanfor mat og landbruk heldt seg stabile. Det blei gjennomført 1 158 aktivitetar med til saman 16 133 deltakarar, med tema naturbruk, skog, dyr og mat. Innanfor sjø- og kystkultur blei det gjennomført 231 aktivitetar med 3 232 deltakarar. I 4H-klubbane har totalt 3 912 personar vore på gardsbesøk.
Synleggjering og rekruttering til naturbruksnæringane
4H Norge har eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonar innanfor landbruk og skogbruk over heile landet. 4H informerer om utdanningstilbod relatert til land-, hav- og skogbruk. 4H i fylka og 4H-gardane arrangerer kurs for medlemmane med tema skog, landbruk, sjøbruk, dyr og mat.
4H-gårdspris: Anna kvart år kårar 4H Norge årets 4H-gard. Nominasjonane blir vurdert av ein jury.
Voll 4H-gård i Trondheim – heile byen sin 4H-gard – blei ein verdig vinner av prisen.
4H-gardsaktivitetar og samarbeid
I 2024 hadde vi 47 godkjende 4H-gardar og to godkjende 4H-setrar. Det blei registrert totalt 283 648 gardsbesøk. 4H-gardane og setrane er sosiale, lærerike og pedagogiske arenaer for barn, ungdom og ulike vaksne brukargrupper. Gardane tilbyr eit mangfald av aktivitetar som læringsarena for skule- og barnehageverket, arena for fritidsklubbar, open gard, SFO, kafédrift, ferieaktivitetar, turisme m.m. Gardane arbeider etter 4H sine verdiar og legg vekt på å lære ved å gjere og på inkludering og integrering. Alle besøka på 4H-gardane tyder på at svært mange får kunnskap om dyrestell og dyrking. 4H-gardane er med i 4H-gård Norge, som tilbyr nettverk, kurs, seminar og internasjonalt samarbeid.
Annakvart år deler vi ut 4H-gardsprisen. I 2024 gjekk prisen til Voll 4H-gård i Trondheim. Prisen bestod av diplom og pengegåve – 20 000 kroner til garden og 5 000 kroner til 4H Trøndelag. 4H-gardsprisen blei delt ut på Voll 4H-gård under styremøtet deira i juni.
4H-gård Norge er medlem av European Federation of City farms (EFCF). EFCF er eit nettverk for besøksgardar som legg til rette for involvering av barn, ungdom og vaksne. Kvart år blir det arrangert seminar og samlingar for både ungdom og vaksne.
I september var 4H-gård Norge vertskap for den europeiske besøksgardkonferansen EFCF Conference 2024. Konferansen fann stad i Tønsberg, og temaet var berekraft. Temaet gjekk som ein raud tråd gjennom heile arrangementet. Konferansen hadde 60 deltakarar frå åtte ulike nasjonar, inklusive seks deltakarar frå Japan og 13 frå Noreg.
Slakting: 4H-arane som deltok på slaktekurs på landsleiren fekk høve til å aktivt delta i slakting av dyr og lære korleis kjøtet skal behandlast for å verta gode kjøttrettar på middagsbordet.
* Demokratiopplæring; Instruktørkurs, Fylkestyreopplæring, Styreverkurs
Landbruk: Det vart gjennomført 1 158 aktivitetar med til saman 16 133 deltakarar, med tema naturbruk, skog, dyr og mat.
Samarbeidspartnarar
4H-klubbane, 4H-gardane, 4H i fylka og sentralleddet samarbeidde med fleire aktørar innanfor naturbruk og friluftsliv: faglaga i landbruket, landbrukssamvirket, naturbruksskulane, Statsforvaltaren og fylkeskommunane, kommunale landbrukskontor, Forum for natur og friluftsliv, miljøorganisasjonar, studieforbund, universitet, museum, fiskarlag, kystlag, husflidslag, sogelag, vikinglag, hagelag, innvandrarorganisasjonar og andre lokale lag og organisasjonar.
Dengronneskolen.no er ei gratis ressursside med aktivitetar og pedagogisk opplegg innanfor landbruk, naturbruk og friluftsliv. Nettsida er i hovudsak retta mot lærarar og andre som ønskjer å gjennomføre pedagogiske aktivitetar for barn og unge, men ho inneheld også mykje nyttig og godt innhald for frivillige organisasjonar og pedagogiske aktivitetar som vil eigne seg på ein 4H-gard. Den grøne skulen er resultat av eit samarbeid mellom Norges Bondelag og 4H Norge.
Det blei utdanna 34 nye instruktørar innanfor styreverv og friluftsliv. På hausten begynte 33 nye instruktørar på utdanninga si.
I 2024 arrangerte vi for andre gong Insporama, som er ei inspirasjonssamling for vaksne frivillige i 4H. På samlinga lærte frivillige, klubbrådgjevarar og fylkesstyra om alt frå friluftsliv og viktige sider ved å sitje i fylkesstyret til leiing.
I USA er 4H tilknytt utdanningsprogram på ulike universitet. Vi hadde med to foredragshaldarar frå USA: Darlene Locke, leiar for Extension Programme ved Texas A&M AgriLife Extension Service, og Janis Brinn, MSU Extension Educator ved Michigan State University. Locke snakka om korleis ein kan skape gode minne for livet i 4H, medan Brinn hadde workshop om visuelle kunstbrev og høvet til å sende desse breva mellom land der 4H er representerte.
På fylkesnivå blei det halde styreverv- og friluftslivskurs over heile landet. Fylka har også gjennomført årsmøte, aspirantleirar, styrevervkurs, storkurs, senior- og alumnsamlingar, klubbrådgjevarsamlingar, plakettfestar, trivselsagentsamlingar, fylkesleirar og mykje meir. I klubbane har det vore variert aktivitet med alt frå matlaging til volleyballtreningar og swingdans.
Sekretariatet til 4H Norge er delt inn i fire regionar. Dei tilsette i kvar region har ein regionleiar. Som eit prøveprosjekt blei Region Nord og Midt slått saman under éin regionleiar; dette blei avslutta i april.
Dei fire regionane består av desse 4H-fylka:
– Region Nord: 4H Finnmark, 4H Troms og 4H Nordland
– Region Midt: 4H Trøndelag, 4H Oppland og 4H Hedmark
– Region Sør-Aust: 4H Akershus og Oslo, 4H Østfold, 4H Vestfold, 4H Telemark, 4H Buskerud og 4H Agder
– Region Vest: 4H Møre og Romsdal, 4H Sogn og Fjordane, 4H Hordaland og 4H Rogaland
Landsstyret handsamar overordna saker om utviklinga og prioriteringane til 4H. Det blei halde eit landsstyremøte i samband med Insporama og fylkesstyreopplæringa på Gardermoen i april. På møtet drøfta og handsama ein mellom anna revidering av kommunikasjons- og vekst-
4H Agder Åse-Guri Imeland
4H Akershus og Oslo
4H Buskerud
4H Finnmark
4H Hedmark
4H Hordaland
4H Møre og Romsdal
4H Nordland
4H Oppland
4H Rogaland
4H
4H
4H Troms
4H Trøndelag
Tonje Nordheim Larssen
Hege Pynttari
Kjetil Pedersen
Erik Markeng
Synne Røthe Sandal
Ragnhild S. Bjørkedal
Brage Nyheim
Pål-Arne Oulie
Peder Krokedal
Iselin Byggstøyl
Ragnhild Varmedal
Dagunn Onsaker Moum
4H Vestfold Mathilde Dahl Aske
4H Østfold
Espen Henriksen
I 2024 arrangerte vi for andre gong Insporama, som er ei inspirasjonssamling for vaksne frivillige i 4H. På samlinga lærte frivillige, klubbrådgjevarar og fylkesstyra om alt frå friluftsliv og viktige sider ved å sitje i fylkesstyret til leiing.
4H
* Nemder blir ikkje rekna som 4H klubb, men 5 stk Sommerklubber er med i klubbtallet til 4H Nordland. ** Teljande klubbar har +5 medlemmar og levert årsrapport for 2024 (tal pr 07.02.2025)
Landkreditt Bank Cup: Volleyball er 4H-idretten. Det er volleyballcupar på leirar og kurs, og nokre fylke har også eigne nattcupar.
strategi, rekneskapsløysingar, strategi for 2024–2030 til landsmøtet, fordeling av ressursar i organisasjonen og innspel til sentralstyret sitt arbeid.
Sentralstyret
Sentralstyret hadde ti styremøte. Dei har handsama 60 saker, mellom anna tildeling av landsleir i 2026, stad for landsmøte i 2026, strategi og handlingsplan 2024–2030, saker til landsmøtet, evaluering av ulike tiltak og styreperioden, fylkesstyreopplæring, økonomi og medlemstal.
Kvart 4H-fylke hadde ein fast kontaktperson i sentralstyret gjennom året. Sentralstyret og landsstyret har òg arbeidd i utval og arbeidsgrupper mellom styremøta.
Landkreditt Bank Cup
Volleyball er 4H-idretten. Det er volleyballcupar på leirar og kurs, og nokre fylke har også eigne nattcupar. Mange 4H-klubbar har volleyballaktivitetar på medlemsmøta sine. I 2024 blei det arrangert 815 volleyballtreningar og 311 turneringar rundt om i klubbane og fylka. Det blei arrangert volleyballcup på landsleiren på Voss. Totalt 6 197 medlemmar har vore med på minst éin volleyballaktivitet i løpet av året. Landkreditt Bank held fram som sponsor for volleyballcupane i 4H.
Styret i Norske 4H-alumner (N4HA) består av engasjerte medlemmar som er valde av årsmøtet. Styret jobbar for å auke engasjementet blant alumnar over hele landet og for å styrkje alumnane sin posisjon i 4H. N4HA arrangerer også engasjerande aktivitetar for alumnar, som til dømes Vinterhelga i februar og Aktivitetshelga i september. Vinterhelga var eit nytt arrangement i 2024 og hadde 23 deltakar, som kombinerte snøaktivitet i ski- og akebakken med roleg atmosfære på hytta på Sjusjøen. Aktivitetshelga i september var i Valldal. Aktivitetshelga er eit ope arrangement for både alumnar og årets plakettmottakarar. I 2024 var det 27 som deltok, og dei kunne velje mellom juving eller kajakk som hovudaktivitet.
N4HA samarbeider med 4H Norge om vaksenleiarkurs, som er eit kurs for nye og meir erfarne leiarar på leir. Målet for kurset er å gje deltakarane kunnskap og tryggleik i å kunne takle utfordingar som dei kan møte som leiar på 4H-arrangement. I 2024 deltok 30 personar på vaksenleiarkurset, og dei nytta den nyutvikla læreplanen.
Norske 4H-alumner: Fram til Norske 4H-alumner (N4HA) heldt sitt årsmøte i juli 2024, var Iris Merete Natten Frydenlund leiar for N4HA. Ho er student og har 4H som sin største hobby. – Det å vere leiar i N4HA er veldig givande. Eg lærer mykje på kort tid og har gleda av å jobbe med utroleg flinke folk. Spesielt gir det meg mykje glede og energi å sjå kor vellykka det vi driver med blir. Eg er utroleg stolt av å kunne være leiar for eit styret som får til så mykje bra, uttalte Iris i medlemsbladet AKTIViTET.
N4HA hadde årsmøtet sitt 7. juli med 30 delegatar. Då det ikkje var mogleg å fylle opp alle ledige styreverv, var det eit ekstraordinært årsmøte 24. september med 19 delegatar. Styret mangla framleis sekretær, men oppgåva blei fordelt mellom dei andre styremedlemmane.
Landsleiren på Voss samla 800 ungdommar til ei veke fylt med glede og samhald. Temaet for leiren var «ekstremt», og slagordet var «Våga du, våga me». Det blei ei veke fullpakka med aktivitetar, utfordringar og spenning for 4H-arar frå heile landet.
Voss, kjend som ekstremsportbygda, baud på aktivitetar for alle. For dei mest eventyrlystne var det rafting i Strandaelva, for ikkje å snakke om fallskjermhopp frå 4000 meters høgd! Men leiren var ikkje berre for dei som søkte spenning; deltakarane kunne òg prøve seg på rolegare aktivitetar som nålefilting, swingkurs, tradisjonsbakst og line dance.
Det blei arrangert både volleyballturnering og tautrekkingskonkurransar. Deltakarane kunne òg utfordre seg på andre måtar – til dømes med å vere med på smalahovemiddag.
4H Norge sitt landsmøte blei halde på Bømoen leir på Voss 5.–6. juli 2024. Dei unge var i fleirtal, og engasjementet var stort. Gjennom demokratisk deltaking, engasjement og ansvar får ungdommen høve til å påverke og ta del når viktige vedtak blir fatta.
Den yngste delegaten, Birk Andreas R. Maurtvedt (14 år) frå 4H Akershus og Oslo, nytta høvet til å fronte saker han meiner er viktige for 4H.
Martin Holmen fekk fornya tillit og blei attvald som styreleiar. I den nye strategien som landsmøtet vedtok, er måla at 4H skal bli større, smartare og synlegare, og at organisasjonen skal jobbe saman for å nå desse måla.
Tor Martin Stenseng, Tor Brekke og Siri Myhre Otterlei blei utnemnde til æresmedlemmar.
Landsmøtet vedtok også mellom anna to fråsegner:
• 4H tar demokrati- og beredskapsansvar.
• Politisk fråvær i skulen
Medlemsdemokrati: Landsmøtet i 4H Norge har landets yngste landsmøtedelegater. Gjennom demokratisk deltaking, engasjement og ansvar, får ungdom moglegheita til å påverke og ta del i viktige avgjerder.
Sentralstyret 2024–2026: Nytt sentralstyret blei vald. Sentralstyret er styringsorgan for 4H Norge i samsvar med 4H Norge sine vedtekter og vedtak fatta av landsmøtet. Sentralstyret består av syv medlemmer med stemmerett. Martin Holmen blei attvald som styreleiar.
Yngst: Birk Andreas R. Maurtvedt frå 4H Akershus og Oslo, var den yngste landsmøtedelegaten med sine 14 år. Det viser at ungdom har ein stemme og moglegheit til å påverke i 4H.
Friluftsinstruktørar
I 2024 blei det utdanna åtte nye friluftsinstruktørar. Samstundes gjekk vi i gang med å utdanne sju nye instruktørar.
Friluftsinstruktørane skal lære opp 4H-arar til å bli friluftsheltar. Etter avslutta utdanning kan friluftsheltane mykje om friluftsliv, og dei er gode rollemodellar i klubbane på området friluftsliv.
Spektakulær tur
På hausten gjennomførte vi «Spektakulær tur» for andre gong. Turen var eit samarbeidsprosjekt mellom WildX og 4H Norge. 4H-arar frå heile landet fekk oppleve noko heilt unikt, nemleg livet på sjøen på seglskipet Christian Radich. Turen gjekk langs Helgelandskysten, frå Bodø til Kristiansund, og baud på flotte naturopplevingar. Til saman 34 ungdommar frå dei to organisasjonane var med på turen.
IFYE er 4H sitt utvekslingsprogram for ungdom i alderen 18–30 år. Målet er å fremje internasjonal forståing, toleranse og fred gjennom kunnskap om andre kulturar og menneske og ved å bu og leve saman med vertsfamiliar. I 2024 blei det bestemt at 4H Norge skal rullere år for når vi tek imot og sender ut deltakarar. I 2024 drog to deltakarar på utveksling – éin til Tasmania og éin til Nord-Irland.
RYE arrangerer kurs og seminar for ungdommar i 4H og bygdeungdomslagsliknande organisasjonar i Europa. To 4H-arar deltok på eit seminar der temaet var å inkludere bygdeungdom gjennom frivilligheit og samfunnsbygging. To andre 4H-arar deltok på eit seminar som fokuserte på gründerkompetanse for bygdeungdom som eit tiltak for berekraftige lokalsamfunn.
I partalsår kjem amerikanske 4H-arar til Noreg for å delta på vår gjensidige utveksling. Sommaren 2024 deltok 18 4H-arar og to vaksne reiseleiarar på utvekslinga. Noregsopphaldet varte i nesten fire veker. Under opphaldet fekk deltakarane mellom anna oppleve landsleiren på Voss.
Vertsfamiliar
22 vertsfamiliar frå heile landet tok imot dei amerikanske ungdommane. Vertsfamiliane gjer ein viktig jobb og speler ei sentral rolle i å forme opphaldet til deltakarane. Familiane bidreg til at ungdommane lærer om og blir kjende med norsk kultur og kvardagslivet i norske familiar.
IFYER-er: Siril Jensen (25 år) frå Levanger i Trøndelag reiste på utveksling til Tasmania. Som IFYE-er bodde ho hos ulike vertsfamiliar, og fekk opplevingar ho seint kjem til å gløyme. Mellom anna fekk ho eit hyggeleg møte med ein kenguru, som ho også mata.
God utvikling: Gambia 4H er i vekst. Dei er godt synlege gjennom aktivitetar, og dei har ei tydeleg og sterk stemme i samfunnsdebatten.
Norske IFYE-alumnar (NIFYEA)
NIFYEA er alumnklubben for alumnar som har vore på IFYE-utveksling. I 2024 arrangerte NIFYEA mellom anna utreisekurs for dei som skulle delta på IFYE-utveksling. Dei var også aktive med å følgje dei opp i etterkant.
Gambia
Gambia 4H er i vekst. Dei er godt synlege gjennom aktivitetar, og dei har ei tydeleg og sterk stemme i samfunnsdebatten.
Sentralstyret vedtok å auke prisen på landslodd og doble delen som går til Gambia 4H. Det blei samla inn over 50 000 kroner til bygging av nytt 4H-kontor i Gambia, derfor blei det ikkje prosjektoppfølging i 2024.
Planlegginga av studietur 2024/2025 blei sluttført, og deltakarar blei rekrutterte. Det blei gjennomført eit utreisekurs før turen og ein ungdomskonferanse undervegs på turen. Målet var å kurse norske og gambiske berekraftsagentar. Dette var mogleg gjennom støtte frå Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) og Studieforbundet natur og miljø.
I 2024 innleia vi eit samarbeid med Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec). Målet er gjensidig utveksling slik at vi oppfyller alle måla i samarbeidsavtalen.
Styringsgruppa for Gambia-samarbeidet starta arbeidet med å ta vare på vår felles historie, som skal vere klar innan 40-årsmarkeringa i 2027.
Nordisk samarbeid
4H Norge inviterte generalsekretærane i Sverige 4H, Finlands Svenska 4H, Finland 4H og 4H Danmark til eit møte i Oslo. Tema for møtet var samarbeidsmoglegheiter, felles utfordringar, rammer og leirreglar for nordisk leir. Dei nordiske 4H-landa har eit felles ønske om å revitalisere nordisk leir og få til meir samarbeid i framtida. Fleire felles Teamsmøte blei gjennomførte for å ferdigstille rammene og anna materiale tilknytt nordisk leir. Det blei òg oppretta ei ressursgruppe, med éin representant frå kvart land, som skal støtte arrangøren av nordisk leir. Fungerande generalsekretær Stine Pernille H. Kjos representerte dei nordiske 4H-landa på Finlands Svenska 4H si 95-årsmarkering, der ho heldt ein tale.
USA-utveksling: Luke Walker (15 år) (t.h.) frå Kansas i USA var på utveksling i Norge sommaren 2024. Han budde hos ein vertsfamilie i Sogn og Fjordane. Gjennom det 4 veker lange opphaldet fekk han mange fine naturopplevingar. Her er han med vertsbror Johannes Paulides.
og lær i naturen
Gjennom prosjektet «Leik og lær i naturen» skal barn og unge bli inspirerte til å bruke og utforske nærnaturen. Gjennom lærerik leik er målet at barn og unge skal få meir kunnskap om friluftsliv og auka ansvarskjensle for naturen.
Det blei delt ut over 620 000 kroner til klubbar, 4H-gardar, fylkesstyre og 4H-fylke over heile landet til friluftlivsrelaterte aktivitetar. Totalt 2 807 medlemmar tok del i arrangementa.
• Kurs/aktivitetar: 4
• Dagsarrangement: 11
• Arrangement med overnatting: 24
• Arrangement som gjekk over fleire dagar: 37
auka ansvarskjensle for naturen.
Grøn inkludering på 4H-gard
Fem 4H-gardar har vore med i prosjektet, som blei starta i 2024. Det er Medtigården 4H-gard (Nordland), Setran
4H-gard (Trøndelag), Snurrevarden
4H-gard (Rogaland), Ramnes Søndre
4H-gard (Vestfold) og Vestgarn Wien
4H-gard (4H-fylket: Oppland).
Det blei gjennomført i alt 15 opne inkluderingsarrangement der fokuset var tiåringar og familiane deira. Alle arrangementa var gratis. Prosjektet er støtta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
Sekretariatet
Administrasjonen til 4H Norge er organisert gjennom eit sekretariat. I 2024 blei det arrangert to samlingar for tilsette. Målet var å skape inspirasjon og samhald, og endå betre samhandling. Fylkeslaga til 4H er organiserte i regionar som samarbeider på tvers, både fylkesvis og mellom regionane. Regionleiarane sit i leiargruppa i 4H. Det er eit viktig tiltak for å gjere samhandlinga mellom dei ulike delane av 4H endå betre.
I mai flytta hovudkontoret til nye lokale i det nystarta «Frivillighetens Hus» sentralt i Oslo. Huset består av eit mangfald av organisasjonar som arbeider innanfor frivilligheita. Her kjem 4H tett på både eksisterande samarbeidspartnarar og potensielle nye organisasjonar å samarbeide med.
Økonomi
Omsetninga i 2024 var på 31 163 122 kroner, og årsresultatet viser eit underskot på 1 119 856 kroner. Dette blei 2 427 931 millionar kroner betre enn budsjettert, med revidert budsjett på 3 547 787 kroner i underskot.
Generalsekretær
Sekretariatet blir leia av ein generalsekretær. Generalsekretæren er Randi Versto Kaasa. Då ho gjekk ut i permisjon i midten av mai 2024, gjekk fagleiar Stine Pernille H. Kjos inn i stillinga som fungerande generalsekretær.
Medarbeidarar
4H Norge hadde 47 tilsette ved utgangen av 2024, mot 51 i starten av året. Talet inkluderer fast tilsette, prosjekt-
stillingar, vikariat og andre midlertidige tilsetjingar, og dessutan tilsette som er ute i permisjon eller borte frå jobb av andre årsaker.
4H er ein desentralisert organisasjon der størsteparten av aktivitetane skjer lokalt. Vi er derfor opptekne av å ha tilsette over heile landet, samstundes som vi skal gje dei tilsette eit arbeidsmiljø med kollegaer og ei kjensle av å høyre til på lokalkontor i regionane. Vi har tilsette i alle fylka, og ved årsskiftet utgjorde det 29 personar. Av sentralt tilsette har ti arbeidsstad i Oslo, medan åtte har kontorplass ute i fylka.
Gjennom året blei det utført 36,7 årsverk. Av dette var 20,3 årsverk knytte til fylka, medan 16,4 årsverk var knytte til sentralleddet.
Arbeidsgruppe medlemskategoriar: Jobba fram forslag til nye medlemskategoriar som blei vedtekne på landsmøtet i 2024.
Arbeidsgruppe vaksenleiarar: Etablert i 2024 for å jobbe med å tydeleggjere vaksenleiarrolla på leir. Arbeidet skal vere ferdig i 2025.
Arbeidsgruppe kontrollnemnd: Landsmøtet bad om at det blei oppretta ei arbeidsgruppe som skulle vurdere behovet for ei kontrollnemnd. Saka skal opp på landsstyremøtet i 2025.
Sponsorutvalet: Etablert i 2024 og starta arbeidet med å skaffe midlar i form av varer, tenester og kapital til organisasjonen.
Økonomiutvalet: Jobbar med innspel til budsjett og økonomiplan og diskuterer strategiske og økonomiske spørsmål. Fungerer som ei ressursgruppe for sentralstyret og leiinga.
Lobbygruppa: Representantar frå sentralstyret som jobbar med politiske saker.
Tilskot
4H sentralt takkar for avgjerande økonomisk støtte frå: Landbruks- og matdepartementet, Kulturdepartementet, Miljødirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Landsrådet for Norges barne-og ungdomsorganisasjoner (LNU), Studieforbundet natur og miljø og Norsk landbrukssamvirke
Administrasjonen: Tilsette var samla til tilsettsamling i Frivillighetens Hus. Målet var å skape inspirasjon og samhald, og endå betre samhandling.
Besøksadresse: Christian Kroghs gate 10, 0186 OSLO
Postadresse: Postboks 9336, 0135 OSLO Telefon: 64 83 21 00 | Nettside: 4h.no