Tuba Luba 1-2 lesehefte B (NNO)

Page 94

AR

PL

Hugs at kvart omgrep som blir brukt, skal vere grundig gjennomgått og forklart på førehand. Nedanfor følgjer forklaring til dei små trykkbokstavane. Når vi snakkar om lita høgd, meiner vi høgdeskilnaden i forhold til bokstavane b, d, f, h, k, l og t. Dei har stor høgd jamført med dei andre bokstavane i alfabetet. Bokstavane g, j, p og y har i tillegg til lita høgd også ein del av bokstaven under linja. Dei fem bokstavane som blir gjennomgått i Lesehefte B, – i, b, m, r, f, u og k – er forklarte nedanfor.

VU

R

D

ER

IN

G

SE

• Når elevane skal lære ein ny bokstav, bør det skje etter eit fast mønster. Utgangspunktet bør vere at barna får sjå konkrete ting som har namn med den aktuelle bokstaven på plass først. (Ved innlæringa av bokstaven o/O kan det for eksempel vere ein osteskjerar, ein ostebit, ein liten figur av ein okse.) Kjende songar, eventyr og segner bør òg brukast. • Tren på korleis vi seier språklyden, finn ut kva form- og stillingsdelar bokstaven er samansett av, og øv på å skrive bokstaven. Her er bokstavkorta til god hjelp, og eg tilrår at kvar elev har eit sett til disposisjon. Korta kan òg brukast til å repetere bokstavane, til å leggje ord osv. Bokstavkorta kan kjøpast i ein konvolutt som inneheld ni sett. • La elevane få ei lita smaksprøve med noko som har den aktuelle bokstaven på plass først, for eksempel ein bananbit når dei lærer bokstaven b, rosiner for bokstaven r, fruktsalt for bokstaven f, urtedrops for bokstaven u, karamell for bokstaven k osv. • Elevane bør òg lære om og kvifor bokstaven er ein konsonant eller ein vokal. I leseboka er raud farge brukt som symbol for vokal og blå farge som symbol for konsonant. Her bør også bokstavkorta brukast ved at elevane fargelegg bokstavane sine med dei same symbolfargane. Hugs å presisere at

Forklaring til dei sju bokstavane i Lesehefte B ved hjelp av omgrepsinnlæringsmodellen

EM

Innlæring av ny bokstav

bokstaven er ein vokal eller ein konsonant, det er ikkje ein raud eller blå bokstav. • Bruk arbeidsoppgåvene i oppgåveheftet til skriftleg trening.

KS

• Dei bokstavane elevane skal lese eller skrive, skal vere grundig gjennomgått og innlærte. Men somme gonger blir bokstavar tekne i bruk før dei er innlærte. Da tener dei anten som symbol for visse oppgåvetypar (S og U for orda sant og usant), som heilord, eller som naudsynte ord i ein tekst.

92

Bokstaven i har plass på linja. Han har lita høgd. Han har to delar: ei rettlinja form i loddrett stilling og ei lita, rund form som har plass over den rettlinja forma. Bokstaven i er ein vokal fordi han har same språklyd som bokstavnamn. Bokstaven b har plass på linja. Han har stor høgd. Han har to delar: ei rundt form og ei rettlinja form i loddrett stilling. Den rettlinja forma har plass på venstre side av den runde forma. Bokstaven b er ein konsonant fordi han har forskjellig språklyd og bokstavnamn. Bokstaven heiter «BE», men språklyden er «b». Bokstaven m har plass på linja. Han har lita høgd. Han har tre delar: ei rettlinja form i loddrett stilling og to bogeformer. Den rettlinja forma har plass på


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.