Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. Når han er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er. I boka "Ingenstad" tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Vi kjem tett på menneska og møter mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen.
I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eiga, men som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner.
Innbunden, 416 sider, 17,0 x 22,9 cm, ISBN 9788279592907, NOK 399,-