NETT NO - ÅRG 2 / UTG 1 / 2014

Page 59

KOM, SÅG: Og gjorde noko med det. Jesper Melin Ganc-Petersen kom til Gloppen legekontor for åtte år sidan. - Vi har frigitt 500 årsverk, og det er eit forsiktig anslag, seier innovasjonsdokteren. Foto: Melin Medical

MELIN MEDICAL AS

Melin Medical AS vart etablert i 2010. Lege, gründer og hovudaksjonær Jesper Melin Ganc-Petersen i Gloppen har utvikla ei ny betalingsløysing for helsevesenet. Betalingsautomatane står i dag på 800 norske legekontor og omfattar 5.500 legar. Selskapet er i full gang med å utvikle liknande løysingar for tannlegar, kiropraktorar, fysioterapeutar og psykologar. Melin Medical har kring 50 tilsette, med hovudkontor på Sandane (10), sal, kundeservice og IT-avdeling i Oslo (30) og åtte tilsette i dotterselskapet Melin Collectors på Hønefoss som følgjer opp og krev inn ubetalte rekningar. Selskapet auka omsetnaden frå ein million kroner i 2011, til 31 millionar i 2012 (med eit lite overskot) og dobla inntektene ytterlegare til over 60 millionar kroner i 2013. Melin Medical fekk Sparebanken Sogn og Fjordane sin nyskapingspris i fjor og er innstilt til Signal-prisen frå Innovasjon Norge.

«Viss det går vår veg, kan vi bli 50-60 tilsette på Sandane.» JESPER MELIN GANC-PETERSEN

N E T T N O I N N O VA S J O N

59


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.