1 minute read

SENIORUNIVERSITETET I FLORØ

VÅRSEMESTER 2023

Advertisement

Kl. 11.00

9. februar - Vann og sivilisasjon på vannets planet Professor ved UiB og forfattar, Terje Tvedt, held førelesinga. Tvedt har skrive både bøker og artiklar om dette temaet, det er bare å gle seg! Kanskje røper han også noko frå boka om Norgeshistorie som han held på med? Tvedt skal til Svanøy folkeakademi om kvelden, bli gjerne med dit også.

9. mars – Blomstrande næringsliv i Florø

Konserndirektør i INC, Beate Solheim

Grønnevik og FOU og stamfiskansvarleg ved Svanøy havbruk, Solveig Willis, gir oss innblikk i noko av det som har skjedd av næringsutvikling lokalt, og kva som er visjonen framover.

13. april – Å lese er ei trening i å leve

Litteraturformidlar og kunstnarleg leiar for Rom for ord – litterære møtestadar i distrikta, Janne Karin Støylen, deler leseopplevingar og boktips med oss.

11. mai - Archeology at Home

I mai avsluttar vi semesteret med Florø-guten, arkeologen og professoren Hein Bjartmann Bjerck. Han tar utgangspunkt i boka si, Archeology at Home. Det er tinga frå faren og onkelen sine hus som blir brukt som døme.

Betalingsinformasjon

Kroner 300 for alle fire samlingane.

Kontonummer for innbetaling: 3705 50 70238

Bli Med I Lag Og Organisasjonar

Florø frivilligsentral har laga ei oversikt over lag og organisasjonar i Florø og omland, som har kultur- og aktivitetstilbod retta mot vaksne.

For meir informasjon om aktivitetane, gå inn på Florø frivilligsentral si nettside (lista finn du under «aktivitetar»).

www.Floro.frivilligsentral.no

Meir moro i 2023

Kinn kommune v/Florø frivilligsentral har i år fått midlar frå Gjensidigestiftinga, noko som gjer at vi i 2023 kan tilby gratis transport og mat på ulike arrangement. Det blir også arrangert 10 dagsturar med fokus på sosialt fellesskap. For meir informasjon sjå Florø frivilligsentral si nettside/facebookside.

This article is from: