Maritimt Forum rapport 2017

Page 42

42

Maritim rapport 2017

Slik ser ei klynge ut! Deltakarar i NCE Maritime CleanTech samla.

Saman er ein mindre aleine om maritim miljøteknologi NCE Maritime CleanTech opplever sterk vekst, og i fjor fekk klynga den nasjonale Sivaprisen for sitt gode innovasjonsmiljø. Kva er det som skaper eit slikt innovasjonsmiljø?

I regionen vår opplever næringsklynga NCE Maritime CleanTech stor pågang frå verksemder som vil samarbeida om å utvikla nye miljøteknologiske løysingar. Hovudvekta av dei over 60 deltakarverksemdene høyrer heime mellom Stavanger og Bergen, og berre i 2016 kom det til 18 nye i klynga som samlar deltakarar frå heile den maritime verdikjeda. Samarbeid som motor for smart og grøn omstilling - Klyngesamarbeid er avgjerande for å driva fram grøn innovasjon. Gjennom slikt samarbeid løyser ein konkrete samfunnsutfordringar, seier berekraftsdirektør Bjørn K. Haugland i DNV GL. I desember deltok Haugland på årskonferansen i NCE Maritime CleanTech. Konferansens hovudtema var ”smartare og grønare løysingar”, og Haugland viste mellom anna til korleis FNs berekraftsmål kan omsetjast til konkrete forretningsmoglegheiter for vår regionale maritime klynge. Konkrete løysingar viktig i nyskaping Då NCE Maritime CleanTech blei heidra med Sivaprisen for innovasjonsmiljøet sitt, var det særleg arbeidet med konkrete løysingar som blei trekt fram. Gjennom nye batteri- og hybride system i både ferje- og offshoreflåten, har klynga vist særlege kvalitetar innanfor nyutvikling.

- Det har vore viktig å gjennomføra fullskala demonstrasjon av ny teknologi i eksisterande drift, slik det for eksempel er gjort på ferja MS Folgefonn i rute mellom Stord og Tysnes. ”Seeing is believing” gjeld i denne bransjen. Når teknologien er demonstrert oppstår det tillit i marknaden. Samtidig er det vanskeleg som enkeltbedrift å realisera nyvinningar heilt aleine. Her har klyngeorganisasjonen ei viktig rolle for å kopla aktørar saman i prosjekt, samt bidra til å sikra finansiering, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech. Havnæringar i vekst – samarbeid på tvers OECD spår at havnæringane kjem til å veksa stort framover. Det kan sikra både verdiskaping og sysselsetting i Noreg, ikkje minst i regionen her i vest. - Me samarbeider difor tett med andre havklynger innan subsea og havbruk. Ved å delta aktivt i samarbeid blir ein betre rusta til å løysa nye oppgåver, seier Økland.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Maritimt Forum rapport 2017 by Maritimt Forum - Issuu