Page 1


FOSSENSYLV -tradisjon frå Hasla I 1982 starta Ørnulf Hasla og Grete Fossen verksemda si i heimen sin på Fossen, Helle i Setesdal . Produksjonen vaks ut av kjellarstoga, og i1984 bygde vi verkstad med butikk i Valle. Der held vi framleis til. Bunadsylv har lange og sterke tradisjonar, og med utgangspunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet til mange av våre bunader. Vakre smykke er også blitt til, inspirert av natur, kultur og tradisjon, samt våre frodige bunader. Den solide fagkunnskapen og kompetansen vi har tileigna oss, er vår styrke i vidare utvikling mot ei spanande framtid. Fossensylv fører tradisjonen inn i framtida.

Kvinnebunad frå Aust-Agder Bunaden frå Åmli, også kjent som Aust-Agder bunaden, har vore i bruk sida midten av 1920 talet. Sylvet ein brukar i dag er mansjettknappar og halsknapp til skjorta. På uppluten, som er sauma fast i stakken, vert det brukt 6 maljer. Desse vert halde saman av eit trekkeband med spjot. På maljene skal det vere gylte lauv, med blank eller gylt botn. På beltet skal det vere ei beltespenne, gravert eller filigran. Det mest vanlege er å bruke to søljer, for eksempel ei lita bolesølje øverst og ei stor lauvsølje, eller hjartelauvsølje under. Ein kan også bruke halsringar (borgring), i blankt eller gylt sylv, og ei stor sølje under denne. Den minste sølja/halsringen skal alltid vere øverst, rett under halsknappen. Det er to ulike jakker til Aust-Agder bunaden, “Fiskevatn” og “Dølemo”. Sylvet ein brukar til jakka er knappar og spenner. Desse kan vere gravert eller i filigran.  “Fiskevatn” brukar 14 stk knappar, og “Dølemo” brukar 18 stk. Jakka vert halde saman av spenner, graverte eller filigran. Det skal vere to ulike spenner, ei stor og ei lita. Dei graverte spennene er kopiar av gamle modellar, og navnet på spenna fortel kva for distrikt i Aust-Agder den er frå. Eit alternativ til det vevde beltet, er sylvbelte. Her kan ein velge mellom Eppelandsbelte og Hillestadbelte.

Mannsbunad frå Aust-Agder Herrebunaden frå Åmli, også kjent som Aust-Agder bunaden, er laga etter gamle draktplagg frå mideten av 1800-talet. Sylvet ein brukar i dag er halsknapp og mansjettknappar til skjorta. Under halsknappen skal der vere ein horning, og her kan ein velge mellom tre ulike typer; hornring med løve, hornring med andlet eller filigran.  Det skal vere 32 små graverte knappar til bunaden. Eit alternativ er å kombinere store og små, dei vert då fordela slik:  Vesten: 10 små knappar, 8 framme og 1 på kvar lapell. Jakka: 12 store knappar, 8 framme og 2 på kvart erme. Buksa: 2 store lokknappar på sidene, 3 stk. store i midten. Knebukse: 3 små knappar ved kvart kne. Langbukse: 2 store lokknappar på sidene, 3 stk. store i midten. Herrebunaden kan også ha klokkeband og kniv, det skal vere 1 stk knapp til kniven. Alt sylvet skal vere blankt.


Profile for Fossensylv

AUST-AGDER  

AUST-AGDER  

Profile for hasla

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded