__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 2

Røysefjorden

Kråkeneset

KART: ELLEN JEPSON

Skongenes

Vedvika

Barmøy

Setra

Silda

Mehuken

Kjerringa

Refviksanden

Venøy Ulvesund

Ytre Kvalheim

Flatraket

Raudeberg

Valheimsvika

Nordoppedalen

Ura

lle n

Færestranda

Veten

15

Kråkenes fyr

Hanekammen

Måløy 618

Deknepollen Holvika

Nygård

Husevåg

Eidevika

Vågsfjorden

Raudegga 15

Allmenningen

Evja

Husevågøy

Gangsøy Bremangerlandet

Oldeide

Foto: Visit FjordKysten

po

Foto: Visit FjordKysten

rd 618

Hamnen

Med Nordsjøen som nærmaste nabo får du ei oppleving som tek vinden pusten frå deg. Fyret er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjer som verst bankar bølger og sjøsprøy på vindauge for å gje deg beskjed om at det er best å halde seg inne. Fyret har eigen veirstasjon som sender data til Metrologiske institutt. Dette er kanskje ein av dei plassane i Norge det bles mest langs kysten vår.

Har du lyst til å oppleve ein frisk annarledes langhelg i da fri? Ta ein tur til Skongenes fyr på Vågsøy. Her kan du overnatte i fyrvokterboligen, kose deg på det lune tunet og oppleve eit eldorado av klipper, stier og spennande stader å oppdage. Skongenes fyr vart oppretta i 1870 og var viktig for båttrafikken på det værharde Stadhavet. Fyret ligg ein times spasertur over fjellet frå Halsør, dette er ein fin tur som passar for alle. På godværsdagar kan ein båt legges opptil moloen slik at besøkande kan gå i land. Er det det fjøre sjø så kan ein og gå langs sjøen tilbake til start. Dette er ei DNT-hytta som kan nyttast både av medlemmar og ikkje-medlemmar. På grunn av Covid-19 er det kodelås og ein må bestille på førehand.

Foto: Unni Lise Dahl

Foto: Espen Mills

Foto: Laila Anita Schønhardt

1 km

Ulvesund fyr

Skongenes fyr

Kråkenes fyr vert oppretta av Kystverket i 1906 og er eit led- og innseglingsfyr frå Stadhavet i Kinn kommune. Fyret blei automatisert i 1986 og er i dag utleid til Ytre Nordfjord Turlag som er underlagt Den Norsk Turistforeningen (DNT). Tross at Kråkenes fyr er kjent for sine stormfulle dager er det ein heilt spesiell oppleving å sitte ute, utan eit vindpust, medan du ser sola gå ned i havet.

Rugsundøy

Vågsberget Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Vågsberget er eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er i dag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att i Noreg. I dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadene i Noreg. Bygningane på staden er frå omkring 1800, men handelstaden har røter tilbake til 1600-talet. Eigaren på Vågsberget hadde handelsprivilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter midten av 1800-talet. Kystmuseet har ansvaret for drifta av Vågsberget og held ope her i sommarsesongen, med omvising i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen.

Refviksanden Den 1,5 km lange sandstranda ligg i enden av bygda Refvik, ut mot det opne hav. Stranda ligg ca 10 km frå Måløy og er med sin krittkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Nyt varme og fine sommardagar eller ei av dei mange hauststormane. Husa i Refvik har ein tjukk murstein på eine sida. Dette er for å hindre at dei skal bli blåst på havet av dei sterke hauststormane som blir pressa ned gjennom dalføret. Du finn kommunal campingplass med toalett og dusj ved stranda. Det er og høve til overnatting i telt, campingvogn eller bubil. Dei har og ein pod du kan overnatte i. Det er som eit lite hotellrom med alle fasiliteter.

Foto: Visit FjordKysten

No

Vågsøy

Hendanes

Dagsturhytta på Kletten For å gå til dagsturhytta må du enten gå over brua i retning Deknepollen, eller du kan køyre over brua. Det er tre forskjellige utgangspunkt for turen. Dersom du vel å starte frå Kulen, er det best å parkere ved Asvo og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. Turen tar ca. 15 minutter. Det er ein fin familietur med ei fantastisk utsikt over Måløy og omland når du kjem opp.

Veten Du kan enten gå heile vegen frå sentrum eller du kan køyre opp til Skramsvatnet ved Måløy Stadion. Parker ved Skramsvatnet. Måløy Stadion er eit fint utgangspunkt for mange turar av forskjellig vanskegrad og lengde. Merka DNT-sti til Veten med fin utsikt til alle kantar. Her ser ein mellom anna innover fjorden, Måløy sentrum, Kråkenes, Selje og utover Stadhavet. Veten er 613 meter over havet og er det høgste punktet på Vågsøya.

Ulvesund fyr ligg på Hjertenes nær Måløy i Kinn kommune. Fyret er eit av fire fyr som viser båtane trygt rundt Stadt, som er kategorisert som eit av dei hardaste havstykka i Norge. Omgitt av ein solrik hage ligg Ulvesund fyr lunt og stille til. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgonger. Ulvesund fyr leiger ut til både enkeltpersoner og til grupper. Her finn du ei sjarmerande fyrbutikk som gjestar kan kjøpe heimelaga saft, gelé, handarbeid og meir. Her kan du og bestille heimelaga mat og nykverna kaffe som blir servert i fyrkaféen, eller ute i fyrhagen.

Aktivitet Fiskerimuseet

Ope 19. juni – 14. august kl. 11.00 – 14.00, gratis inngang. fiskerimuseet.no

Trimløype

ved Måløy Stadion. Startpunkt for fleire flotte fjellturar.

Frisbeegolf

på Moldøen.

Bowling

Splitt Bowling, Gate 1 · 75. Bowling, burger og pizza. facebook.com/SplittBowling · tlf. 906 17 773

Moldøen

Turområde under brua, monoment frå krigen, benkar og bord.

Måløy bibliotek

for opningstider sjå www.kinn.kommune.no

Ytre Nordfjord Turlag for kommende turer og info sjå ytrenordfjord.dnt.no ANBEFALTE TURAR: Ytre Fure på Stadlandet, ein tur til der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Melnyken over Stallbrekka, eit smalt parti med fantastisk utsikt mot storhavet i vest. BUA Måløy har alt du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller på stranda. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som jobbar for at barn og unge skal få moglegheit til å vere aktive. Dette gjer vi ved å låne ut utstyr til sport og friluftsliv – heilt gratis. Du kan låne fiskestenger, telt, redningsvestar, hengekøyer, SUP og syklar med meir. Adresse: Ytre Kulen 1, Deknepollen. Ope onsdagar 13.15 – 15.00.

MÅLØY TURISTINFORMASJON – Gate 1 · 88, 6700 Måløy • Tlf. 909 12 480 Ope 14. juni – 22. august, man – fre 09.00 – 18.00, laur – sun 10.00 – 15.00

Profile for Visit FjordKysten

Kartguide Måløy  

Kartguide Måløy  

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded