Minigrammatikk nyn

Page 2

Minigrammatikk 1 Substantiv Substantiv kallar vi dei orda som er personar, dyr eller ting, for eksempel mann, jakke og hus. For å finne ut om eit ord er substantiv, kan du setje ein, ei eller eit framfor: ein mann, ei jakke og eit hus. På tysk får alle substantiv stor bokstav, sjølv om dei står midt i ei setning: der Mann (mannen), die Frau (kvinna), das Kind (barnet).

1.1 Bunden og ubunden artikkel

Legg merke til at på tysk står der, die og das framfor substantivet når vi har bunden form. Desse tyske orda kallar vi den bundne artikkelen. På engelsk set dei den bundne artikkelen the framfor substantivet: the man. På norsk legg vi til ei ending for å få fram bunden form: mannen.

norSk Ubunden Bunden form form Maskulin ein mann mannen Feminin ei sol sola neutrum eit barn barnet Plural menneske menneska

tySk Ubunden Bunden form form ein Mann der Mann eine Sonne die Sonne ein kind das kind Menchen die Menchen

For å vite kva for ein bunden artikkel eit substantiv skal ha, dvs. for å vite kva for eit kjønn substantivet har, kan vi slå opp i ei ordbok. I ordboka står det m, f eller n bak ordet.

152

hundertzweiundfünfzig

m = maskulin = hankjønn f = feminin = hokjønn n = neutrum = intetkjønn

der die das

Ein, ei, eit heiter ein eller eine på tysk og blir kalla ubunden artikkel.

Hankjønn Hokjønn Intetkjønn

Bunden artikkel (sg.) der die das

Ubunden artikkel ein eine ein

1.1.2 Bunden artikkel i fleirtal Når orda står i fleirtal (plural), får alle substantiv die som bunden artikkel i grunnforma. Det speler inga rolle kva for ein artikkel ordet har i eintal (singular). Bunden artikkel (sg.) der Mann die Frau das Kind

Bunden artikkel (pl.) die Männer die Frauen die Kinder


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Minigrammatikk nyn by Fagbokforlaget - Issuu