Automatiseringssystem 2
Figur 13.27 Sikkerheitsbrytar som er
Kapittel 13 Person- og maskinsikkerheit
Magnetbrytar
kopla til dekselet på ei maskin.
Permanentmagnet
Figur 13.28 viser eit døme på bruken av sikkerheitsbrytarar. Døra fører inn til ei arbeidscelle med ein robot. På grunn av sikkerheita skal ikkje døra opnast når roboten er i drift. Ein sikkerheitsbrytar blir derfor montert på døra, slik at roboten stoppar dersom døra blir opna. Figur 13.28 Sikkerheitsbrytar på ei dør.
Sikkerheitsbrytar med interlock Interlock er eit omgrep du kan støyte på i samband med maskinsikkerheit. Men kva er interlock? Her er eit enkelt døme: I bilar kan det installerast ei innretning som hindrar at bilen kan startast dersom sjåføren er påverka av alkohol. Denne innretninga blir kalla for ein tenningsinterlock og er kopla til startsystemet til bilen. Når sjåføren set seg i bilen, blæs vedkommande inn i eit instrument som analyserer lufta frå lungene. Tenningsinterlocken er installert slik at startsystemet til bilen blir kopla ut
27