Storebror Terje.
og lytta i går kveld også. Ho venta og venta. Dei hadde sagt på radioen at framande skip var på veg mot Noreg. Når sirena uler, betyr det at det er fly som kjem, fly som skal bombe. No uler det høgt gjennom huset. Jorun spring med nakne føter over golvet mot soveromsdøra til mamma og pappa. Døra står på gløtt. Jorun stoppar og skubbar ho heilt opp. Det kjem kald luft imot henne. Ho ser kvifor. Vindauget der inne er ope. Pappa har opna det. Han har halve kroppen utanfor. Han ser opp mot himmelen. Dei lange ula frå flyalarmen er borte. I staden er det ein annan lyd i lufta, ei mørk og trugande during. Lyden blir høgre og høgre.
3. september 1939: England og Frankrike erklærte krig mot Tyskland – og den andre verdskrigen starta 3. september 1939. Då hadde Tyskland allereie angripe Polen, Austerrike, delar av Litauen og eit land som heitte Tsjekkoslovakia. Den politiske leiinga i Tyskland, med Hitler som førar, meinte at Tyskland trong og hadde rett på større plass. Mange i Tyskland hadde opplevd det som urettferdig at landet måtte gi frå seg både pengar og store landområde til sigerherrane etter den første verdskrigen.
10
Røyset_m2.indd 10
27.02.2017 21.45