Nye vegar til nynorsk

Page 7

formverket

7

Substantiv Ein del bøyingsendingar er ulike for substantiva i nynorsk og bokmål. Det er også ein del ord som har ulikt kjønn i dei to skriftspråka. Desse skilnadene skal vi sjå nærmare på. Hankjønn

Dei fleste hankjønnsorda får -ar og -ane i fleirtal (gutar – gutane). Det gjeld også ord som endar på -ar i ubunden form eintal (lærar). Her skil nynorsk seg frå bokmål (nyno.: lærarar, bm.: lærere) For nokre ord kan ein velje mellom -er og -ene og -ar og -ane. Eksempel: gjest – gjesten – gjester/gjestar – gjestene/gjestane benk – benken – benker/benkar – benkene/benkane bunad – bunaden – bunader/bunadar – bunadene /bunadane sofa – sofaen – sofaer/sofaar – sofaene/sofaane

Dei fleste hankjønnsord med omlyd i fleirtal får fleirtalsformer på -er og -ene. Eksempel: fot – foten – føter – føtene

Nokre hankjønnsord har uregelrett bøying. I skjemaet nedanfor står ei oversikt over dei vanlegaste. Eintal

Ubunden

Fleirtal

Bunden

Ubunden

Bunden

bror

broren

brør

brørne

far

faren

fedrar

fedrane

mann

mannen

menn

mennene

sko

skoen

sko/skor

skoa/skorne

ting

tingen

ting

tinga

Oppgåve 1

Bøy desse hankjønnsorda i ubunden og bunden form, eintal og fleirtal:

båt, gut, elev, heim, reiskap, arbeidar, politikar, lærar, lagnad, marknad, villa, bonde, son, mann, fot

Nye vegar til nynorsk.indb 7

03.10.13 14:53


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.