Laks i FLORA og KINN

Page 8

SLAKTERIET AS

Har slakta laks i 30 år Slakteriet i Florø lever i beste velgåande etter 30 år – på trass av mørke spådommar. 6. mars 2019 var jubileumsdagen, og det var stort, fortel dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen. Det er mange som har vore med nesten heilt frå starten av – og det er takka vere flinke tilsette at vi framleis er her i dag. Tidlegare var det mange små slakteri rundt om i distrikta, men dette tok slutt for 15 – 20 år sidan. Det var omtrent på den tida Slakteriet vart redda av dei tilsette. Då det i 2005 såg ut til å bli slutt på slakting i Florø fekk Ole Eilertsen med seg dei tilsette og overtok bedrifta. Det vart dømt nord og ned, og då er det ekstra stas å kunne feire 30 års-jubileum. I 2006 blei Slakteriet i Brekke oppkjøpt og vart ein del av oss. Rivande utvikling Etter eigarskifte i 2005 har det stort sett gått oppover for Slakteriet. Vi har klart OK resultat, slik at vi ha hatt rom for utvikle oss og følge med på utviklinga. Det er store krav til oss som skal produsere trygg mat, og fokuset på fiskevelferd, hygiene og kvalitet er mykje større enn tidlegare. Det er framleis eit handverk vi balar med, men samtidig har teknologien og effektiviteten endra seg mykje. Kristin fortel at då slakteriet starta i

1989 tok dei unna 20 tonn laks per dag. I dag - 30 år etter klarer dei 16-17 tonn per time – med færre personar i arbeid. JA bedrift Vi er ei servicebedrift og vil gjerne hjelpe alle med ei god slakteplan. I utgangspunktet seier vi ja til alle, og så finn vi ei løysing etterkvart. Leverandørane våre er langsiktige og tru mot oss, og vi er opptatt av å vere fleksible og strekkjer oss langt – og ønskjer sjølvsagt at flest mogleg av oppdrettarane skal slakte fisken sin lokalt. Det er eit stort havbruksmiljø i Flora, og vi samarbeider godt med både oppdrettarar og eksportørar. Om nokre har spesielle krav, som til dømes slakting av stor stamfisk eller produksjon av kavaiar, så snur vi oss rundt og ordnar det, smiler slakterisjefen. Leiar- og gründerkompetanse Kristin Bergstøl Hansen kom til Florø som

nyutdanna kjemikar våren 1996, og starta karriera si med ein sommarjobb på fôrfabrikken Ewos. Etterkvart vart ho laboratoriumsjef der. I 2004 var ho ein av gründerane bak Havlandet Forskningslaboratorium (HFL). Ho meiner at gründer- og leiarerfaringa er noko av den viktigaste kompetansen ho har med seg derifrå, i tillegg til arbeidet med kvalitetskontroll. På HFL jobba vi tett med både oppdrettsnæringa og Slakteriet, og hausten 2014 gjekk ho frå leiarstillinga i HFL til Slakteriet. Slaktekompetanse Det er heilt andre krav til slaktekompetanse i dag enn for 20 år sidan, og vi brukar store ressursar på dokumentasjon overfor Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Kvalitetsstandardar og kundekrav. Kristin fortel at ho er spent på korleis det blir med dei nye bløggebåtane som er på veg inn på marknaden. Vi oppfordrar oppdrettarane til å ta oss med på råd, slik at vi saman kjem fram til gode løysingar. Det er alltid spennande

Kristin Bergstøl Hansen er dagleg leiar på Slakteriet AS, og har bakgrunn som gründer og leiar frå Havlandet Forskningslaboratorium (HFL). Det er viktig å halde det enkelt, og halde seg til saka når ein jobbar med kvalitetskontroll, smiler ein fornøgd sjef som er stolt over bedrifta som har slakta laks i Florø i 30 år. 8

Hamregt. 1, 6900 Florø Telefon 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no

LAKS I FLORA


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Laks i FLORA og KINN by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu