DELOITTE
Havbruk i Kinn Havbruksnæringa speler ei sentral rolle i næringslivet i Kinn kommune. Kinn kan skilte med eit breitt spekter av lokale, nasjonale og internasjonale aktørar i heile næringskjeda, frå produksjon av rogn til marknad. I tilknyting til havbruksnæringa er det òg ei rekke leverandørbedrifter. Dette samspele av verksemder gir eit rikt næringsliv med svært mangfaldig kompetansebehov. Vi i Deloitte er opptekne av å bidra positivt i utviklinga av næringa. I vår kvardag er vi så privilegerte å få arbeide med mange av havbruksverksemdene i kommunen vår. Slik får vi eit unikt innblikk i deira utfordringar og moglegheiter for kvar verksemd åleine, men og på tvers i næringa. Med stort mangfald av bedrifter i og rundt næringa innan same arbeidsregion, er Kinn i ein særskilt situasjon. På Måløy vidaregåande skule har vi akvakulturlinja med eiga opplæringskonsesjon, som sikrar fagarbeidarar innan havbruk. Frå Fanøya i vest, til Barlindbotten i aust finn vi anlegg for produksjon av rognkjeks, berggylte, torsk, laks og ørret. Anlegga er både på land og i sjø, og kvar og ein sort krev spesialkompetanse for å sikre optimal trivsel og vekst. Midt i Florø har vi bedrifter som foredlar og eksporterer fisk og som produserer råvarer til næringa, tilsvarande i Måløy. Rundt denne næringa har ein ei rekkje teneste- og utstyrsleverandørar. På Svanøy foredlar dei den lokalproduserte fisken til eit produkt i verdsklasse. Lista over aktørar i og rundt denne næringa er lang. Dette mangfaldet av bedrifter i havbruksnæringa bidreg positivt til Kinn i form av arbeidsplassar, kompetanse og inntekter. Næringa tilset menneske innan ei rekkje fagfelt som teknologi, it, røkting, skipføring, elektro, rør, mekanikk, økonomi, leiing, jus, biologi, regulatoriske forhold, sal og marknad. Slik er næringa med på å gjere Kinn til
Hans Jørgen Kirkeeide Partner | Audit & Assurance | Deloitte AS
ein attraktiv stad å bu og arbeide for menneske med ulik bakgrunn. Ved å gjere dette betre kjent kan Kinn bidra til å tiltrekkje seg innbyggjarar og leggje til rette for vekst og nye arbeidsplasser innan næringa. Dei fleste bedriftene i havbruksnæringa i Kinn er lokalt eigde. Lokal eigarskap tryggjar lokale arbeidsplassar, lokale investeringar og sikrar at beslutningar blir fatta lokalt. Samstundes er det krevjande for våre lokale bedrifter å rekruttere same kompetanse på alle postar som deira globale konkurrentar. Næringa har sett potensiale i samhandling på tvers av tradisjonelle konstellasjonar. Ved å sjå sine konkurrentar, leverandørar, kundar og lokale premissgivarar som potensielle samarbeidspartnarar har ein opna opp for nye moglegheiter. Verksemda Salmon Group har tatt ei leiande rolle for auka samarbeid og kompetansedeling innan næringa. Eit anna eksempel på samarbeid på tvers av næringa er Godfisken. I Godfisken har fleire lokale oppdrettarar gått saman om å investere i ny teknologi for behandling av lakselus og nå nylig investert i eigen bløggebåt som skal driftast lokalt. Vi ser at ein med felles investeringar i ny teknologi kan redusere risiko og kapitalbyrde for den enkelte aktøren. Ved å bidra til etablering av møteplassar og vere ein aktiv bidragsytar og deltakar i felles aktivitetar i næringa, som for eksempel Laksens dag, kan Kinn bidra til auka sam-
Maria Blom Senior | Audit & Assurance | Deloitte AS
handling og styrking av havbruksnæringa i Kinn. Havbruksnæringa er ei stor og viktig næring i Kinn, næringa er attraktiv med høg verdiskaping og stort mangfald av arbeidsplassar for både kvinner og menn. At næringa er attraktiv betyr at våre lokale aktørar og Kinn konkurrerer med aktørar og andre kommunar om den same kompetansen og ønsker å gjere dei same investeringane for å skape produksjonsveksten som marknaden etterspør. Vi har ovanfor peika på to område der Kinn aktivt kan bidra til de utfordringane som havbruksnæringa står ovanfor. Vi har stor tro på aktørane i havbruksnæringa og Kinn kommune.
JERNVARE - VERKTØY - MASKINER - VERKSTED
Spør Malvin & Co ALT TIL PROFESJONELLE OG PRIVATE
PROFFPARTNER FLORØ Evjegata, 6900 Florø - Tlf. 57 74 15 40 salg@ppfloro.no - www.proffpartner.no www.laksiflora.no
5