Fiskehandlar Svein Bruheim og bankmann for havbruk Roger Svarstad er einige om at gjensidig tillit og ein sporty lokalbank som torer å satse er grunnlaget for suksess.
Vi treng ein sporty bank Når ei ny bedrift skal etablere seg er fasen med oppstart og dei første par åra dei mest kritiske, seier Roger Svarstad som er bankmann for fiskeri- og havbruksnæringane i Sparebanken Sogn og Fjordane. Bravo Seafood såg dagens lys i 2008, etter initiativ frå Svein Bruheim, og då var det naturleg å vende seg til den lokale banken. Det som ofte møter oss med nyetableringar er budsjett som dessverre ikkje alltid er lik den realiteten som møter ein dei første driftsåra. Med Bravo Seafood var det annleis. Dei hadde lagt ned eit grundig arbeid med forretningsplan, var samansett av dyktige eigarar og drivarar, og leverte positive tal frå starten av. Samla gode krefter Svein Bruheim minnast den første fasen med etablering og oppstart som ei svært spennande tid. Han hadde ein draum om starte opp eit eksportselskap, og fekk i første omgang to partnarar med lang erfaring med på laget. På denne tida var oppdrettstorsken i skotet, og vi var svært fornøgde med å få INC med på eigarsida, og som potensiell råvareleverandør. Å ha ein solid og risikovillig bank i ryggen var avgjerande for å kunne satse. Tillit og atter tillit Det er ei kapitalkrevjande næring, med store verdiar i omløp der fallhøgda
kan vere stor, er dei to einige om. Kreditthandteringa må vere i førarsetet, og kredittforsikring er avgjerande for å overleve. Det må gjerast eit grundig arbeid, utan kjappe snarvegar, seier bankmannen. Dei første åra skal einetablere tillit hos både leverandørar og kundar, og då er det godt å ha ein bank som stolar på at ein har kontroll. Sparebanken Sogn og Fjordane er opptatt av det lokale næringslivet, og vårt forhold til kundane baserer seg mykje på tillit, smiler Svarstad. Verdien i selskapet er trass alt først og fremst personane som jobbar der. Utfordringar og felles fokus Gründeren meiner på si side at den tette dialogen med banken undervegs og det gode teamet til Bravo har vore avgjerande for å lukkast. Alle tilsette er medeigarar i selskapet, og har dermed eit felles fokus på inntening. Vi er samansett av ulike personar som utfyller kvarandre, med ulik kompetanse
Magasinet Laks i Flora: © A til Å Grafisk Design og Media - www.atilaa.no
og bakgrunn. Eg meiner det er sunt at vi kan utfordre kvarandre og av og til ta ein diskusjon om vegvala våre – det er slik vi kjem oss framover. Vi har også hatt våre diskusjonar med banken om rammevilkåra, men vi har alltid klart å bli einige om ei fornuftig løysing. Som fiskehandlarar har vi det nok litt i blodet at vi skal diskutere marginane. Sporty bank Svingande lakseprisar og ekstra volum har til tider gitt ekstra likviditetsbehov. Då har det vore godt å ha ein fleksibel og sporty lokalbank å springe til. I starten hadde Bravo stadig behov for auka rammer, og då dei kjøpte ut dei eksterne aksjonærane stilte banken opp. Etterkvart er vi blitt meir sjølvgåande, seier Svein Bruheim - men vi har heile tida ein visjon om vekst, og vi må heile tida minne oss sjølve på at vi jobbar med store tal, store verdiar og små marginar.
Les meir om Laks i Flora på www.laksiflora.no og www.laksikinn.no