NORWELL
Meir samarbeid og gode relasjonar Vi i Norwell er til for oppdrettarane - og er deira salsorgan. Så enkelt er det, seier Ingrid Kassen, som leiar bedrifta som har selt laks sidan 1996. Samarbeid er eit viktig stikkord for drifta vår, og vi er opptatt av å bygge gode nettverk både mot oppdrettarane som vi kjøper fisken av og mot kundane ute i verda. I 2019 reknar Norwell med å selje 30.000 tonn fisk, og vi satsar på framtida ved å styrke salsteamet vårt med 2 nye medarbeidarar Vi jobbar kontinuerlig med å nå fram til nye kundar og nye marknader, og no er vi klare for å handtere eit større volum. Med verdiane ærleg, raus og kompetent i botnen har vi heilt sidan starten jobba for å auke verdiskapinga for oppdrettarane. Alle dei tilsette – som no tel 15 personar – har lidenskap for næringa og er fagleg dyktige. Vi må alltid vere tilgjengelege og vi må vere tett på både oppdrettar og kunde. Det er avgjerande for å lukkast i ein konkurransesituasjon som stadig blir hardare.
“Relasjonsbygging og god kjemi er viktig i vår marknad, det har vi lagt vekt på heile vegen” Samhandling i heile verdikjeda Relasjonsbygging og god kjemi er viktig i www.laksiflora.no
vår marknad, det har vi lagt vekt på heile vegen. Det er oppdrettarane og slakteria vi sel til kundane våre ute i den store verda, og det er ein stor styrke at vi har oppdrettarar på eigarsida og at vi er medeigarar i slakteri. Kundane våre – som er både røykeri, sushirestaurantar og store matvarekjedar - kjenner oss og veit at vi leverer jamn kvalitet og eit stabilt volum. Bindeledd mellom produksjon og marknad Det vi og kundane våre set aller mest pris på er å få besøke oppdrettarane. Dei utanlandske kundane våre er overraska over at forholda i Norge faktisk er like bra som reklamebilda viser. Mange av eigarane våre er familieigde sjølvstendige oppdrettarar som har halde på sidan tidleg på 80-talet. Dei har opparbeidd seg viktig kunnskap og erfaring, om produksjon av fisk i reine norske fjordar. Samtidig legg vi vekt på å utveksle kunnskapen vår om kva krav kundane har. Vi er heldige som får vere eit bindeledd mellom produksjon og marknad. Samarbeid og effektivitet Florø – og etterkvart Kinn – er ein ideell stad å vere plassert i lakselandskapet, mei-
ner sjefen på Norwell. Det er kort veg mellom oppdrettarar, slakteri, flyplass og fôrfabrikk. Potensialet er stort for endå meir samarbeid enn det vi ser i dag. Vi er fornøgde med dagens drift, men vi ønskjer å utvide samarbeidet, og vil gjerne ha fleire oppdrettarar med på laget. Det er viktig for oss å ha fiskeoppdrettarane med på eigarsida, og samtidig er det viktig at vi kan samarbeide om felles utfordringar. Samarbeid og effektivitet heng tett saman.
Norwell: • 70% eigd av oppdrettarar • 30% eigd av dei tilsette • Omsetnad på 1,7 milliardar
Fugleskjærgata 8, 6905 Florø Telefon 57 75 20 00 post@norwell.no 41