Laks i FLORA og KINN

Page 3

Foto: EWOS

SOLVEIG WILLIS

Laksen den nye silda for Flora Florø er tradisjonelt ein sildeby, bygd opp under det rike sildefisket på Vestlandet på midten av 1800-talet. Framleis blir mykje pelagisk fisk landa her for bearbeiding og eksport, men i dag er det laksen som er blitt den nye silda for Flora og for regionen. Flora er rekna som laksehovudstaden i Sogn og Fjordane, med mykje oppdrett i sjø og på land, men og med mange havbruksaktørar i leverandør og tenesteytande næring. Statistikk og utrekningar syner at Flora kommune har ei verdiskaping frå oppdrett på meir enn 1 milliard kroner pr. år og 550-600 årsverk. Dette ville svart til 32 000 årsverk i Oslo - om ein ser det opp mot tal innbyggarar. Største matprodusenten Visste du at vi i Sogn og Fjordane produserer over 500 millionar laksemåltid kvart år? Laks er eit fantastisk råstoff, som er enkel å lage til, lett tilgjengeleg i butikkane og full av sunne omega 3 feittsyrer. Oppdrettsnæringa i Flora og i Sogn og Fjordane er svært viktige matprodusentar, og den største matprodusenten vi har i fylket og kommunen. Laksens Dag Nest siste helga i juni kvart år, går arrangementet Laksens Dag av stabelen under Himmel og Hav Kystfestival i Florø. www.laksiflora.no

Laksens Dag på laurdagen er eit folkeleg arrangement der heile familien skal kose seg i Strandgata og på kaiane, med konsertar, mykje liv og røre. Her får ein treffe laksenæringa og smake på deira produkt. Fredagen er det lakseseminar med interessante foredrag for dei som ønskjer å oppdatere seg på det siste om næringa. Laksens Dag er eit arrangement som er sponsa av oppdrettarar og leverandørar - ikkje berre frå heile fylket - men og frå heile landet. Solveig Willis Solveig Willis, frå Florø, jobbar i Pixelwerk AS, ein av mange leverandørar til havbruksnæringa nasjonalt. Solveig har vore leiar for Laksens Dag-arrangementet dei siste 5 åra, og vore med i arrangementskomiteen sidan Laksens Dag starta opp i 2011. Solveig starta si oppdrettskarriere på Svanøy på slutten av 80 talet, som røktar / praktikant på Svanøy Havbruk, og har jobba i næringa sidan. 3


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.