Foto: Monica Kalberg
UTDANNING I NYE KINN KOMMUNE
Utdanning for framtida 70% av jordas overflate er dekt av hav. Med ei gjennomsnittleg havdjupne på 3000 meter utgjer havet ein enorm ressurs. Det er her vi i framtida skal hente ut mykje av det vi treng av mat, mineralar og energi. Regjeringa har som mål å seksdoble uttaket av ressursar frå havet fram mot 2050. Havbruk, mineralutvinning på havbotn, vindkraft til havs og miljøovervaking er område som kjem til å vekse sterkt i åra som kjem. I nye Kinn kommune er det gode mogelegheiter for å utdanne deg inn mot arbeid på og i havet. I Måløy kan du på vidaregåande skule utdanne deg inn mot Fiske og Fangst eller Akvakultur. Når du er ferdig utdanna vil du sitte med eit fagbrev som gjer deg attraktiv innan mange ulike delar av fiskeriog oppdrettsnæringa. Om du vil, kan du bygge på med ei fagskuleutdanning, og ta eit toårig løp på Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Måløy. Her kan du velje om du vil gå mot ei utdanning innan maskinoffiser (maskinist) eller dekksoffiser (styrmann). Fagskulen i Sogn og Fjordane arbeider no i tillegg med ei utdanning innan akvakultur. www.laksiflora.no
I Florø kan du bygge endå meir på utdanninga di, ved å ta ei bachelorgrad innan Havteknologi. På denne ingeniørlinja kan du velje om du vil gå mot tradisjonell petroleumsbasert undervassteknologi, eller om du vil rette deg inn mot havbruksbransjen. Oljeeventyret er på langt nær over, og subsealøysingar er den føretrekte utbyggingsløysinga på norsk sokkel no, og inn i framtida. Havbruksbransjen går godt, og blir stadig meir teknisk krevjande. Ikkje minst når ein etter kvart får avanserte RAS-teknologianlegg. (RAS = Recirculating Aquaculture Systems). Gjennom ei utdanning i Florø, vil du kunne vere med på
utviklinga av oppdrettsbransjen, både hos leverandørindustrien og ute på anlegga. Tilgang til energi vil vere særs viktig i tiåra som kjem, og då helst form av fornybar energi. Fornybar maritim energi vil høgst truleg spele ei viktig rolle. Vindmøller til havs, bølgjekraft og tidevasskraft er alle fornybare energikjelder som ein vil sjå meir av. Hydrogen som energiberarar, bl.a. for å legge til rette for bruk innan skipsfart, vil kunne bli svært viktig for å nå måla om redusert CO2-utslepp. Med kompetanse innan havteknologi, vil du kunne vere med på utviklinga! Det er i havet det vil skje i framtida! 29