SVANØY HAVBRUK
Annleisoppdrettarane produserer
rogn til avl og konsum Det som er spesielt med oss er rett og slett at vi er litt annleis enn dei andre oppdrettarane i distriktet her, fortel produksjonssjef Frode Sandvik. Svanøy Havbruk er ein av få oppdrettarar i Norge som berre produserer regnbogeaure, og den einaste i Flora. I tillegg er dei stamfiskprodusent og held på med eit nyskapande FoU prosjekt (Forskning og Utvikling), der dei leverer kaviar til den Japanske marknaden. Svanøy Havbruk har og ein litt anna eigarstruktur enn dei fleste familieeigde oppdrettselskapa i kommunen. Linda Helgås, som er kvalitetsleiar fortel at dei er eigd av fleire lokale selskap. Florø Fisketransport er største aksjonæren, så følgjer Skanor, Bruhøgda Invest v/Ove Inge Vågen, Skaar Norway og Ola Sveen. Svanøy Havbruk har sitt utspring frå Svanøy Stiftelse, og har hatt ulike eigarar fram til Ove Inge Vågen og Ola Sveen overtok i lag med lokale investorar i 2005. Sikrar framtidige genar Konsesjonane våre med stamfisk og FOU-konsesjonen med produksjon av kaviar, føreset at vi driv annleis enn dei andre oppdrettarane i distriktet. Frode Sandvik fortel at dei er sikringsstasjon for Aqua Gen, som er eit avlsselskap som utviklar og leverer rogn og genetisk avlsmateriale til heile verda. Som sikringsstasjon må vi ha stamfisken i beredskap ekstra lenge, i tilfelle noko skulle gå gale og AquaGen treng meir. I tillegg blir det stryke rogn til produksjon av ny fisk.
Svanøy Havbruk produserer stamfisk av regnbueørret og har fisken ekstra lenge fordi dei er sikringsstasjon for AquaGen. Dei leverer ørretrogn til produsentar i heile Norge i tillegg til utlandet. Driftsleiar Monica Kalberg med eit flott eksemplar av Svanøy-ørret. Foto Ola Sveen.
Kaviar frå Svanøy til Japan I FoU-prosjektet vårt søker vi å finne det optimale tidspunktet der vi framleis kan nytte fiskekjøtet og samtidig ta ut rogna til kaviar. Difor har vi - som den einaste i Norge - starta med kaviarproduksjon av regnbogeaure. Med FoU-konsesjonen vår har vi muligheit til å prøve og feile litt og lære oss korleis utnytte absolutt heile fisken – gjennom heile livsløpet. Ikkje minst er det viktig å lære seg kva marknaden etterspør. Skaar
Svanøy Havbruk er lokalisert på Svanøy og er øyas største arbeidsplass med heile 15 tilsette: Foto O. Sveen. 20
6914 Svanøybukt Telefon: 57 74 87 47 www.svanoyhavbruk.no LAKS I FLORA