LEIAR
Vi trur på dei som vil skape noko, dei som bygger næringsliv og dei som bygger i lag. Vi trur på kysten! FLORA ER LAKSEHOVUDSTADEN i Sogn og Fjordane, fordi vi har naturgrunnlaget og dei rette folka på rett plass. På mange måtar er silda grunnlaget for laksenæringa. Då silda tok slutt og ting endra seg måtte vi finne nye næringar. Folk på kysten snur seg rundt og skapar nye verdiar. Ved sidan av oljebasen og verftet er fiskeri og havbruk dei viktigaste næringane i kystkommunen. Ewos ruvar bokstaveleg talt som eit fyrtårn i bransjen, med verdas mest avanserte fôrfabrikk. Oppdrettarar, eksportselskap og slakteri skapar store ringverknader. KOMMUNEN HAR I DAG rundt 12 000 innbyggarar. 550 – 600 årsverk er knytt til sjømatnæringa – mest til havbruk – noko som tilsvarar 32 000 årsverk i Oslo. Sjømatnæringa finn vi først og fremst i distrikta, og det betyr svært mykje for mange samfunn – ikkje minst for øyane våre. Samtidig betyr det store verdiar for storsamfunnet. Det er viktig for oss på kysten å framsnakka næringslivet vårt. Difor seier vi at Laks er viktig for kysten, Flora og Kinn. BLÅTT TAKTSKIFTE er namnet på Sjømat
“Alle som er knytte til havbruk er opptekne av lokalsamfunna sine og gir mykje tilbake til samfunnet” Norge sin strategi for å doble sjømatnæringa innan 2030. Næringa jobbar målretta for at veksten skal vere berekraftig ved å løyse utfordringane knytt til lus, rømming, fôr og dyrevelferd. Sjømat er den nest største eksportnæringa her i landet, etter olje og gass, og produserer mat med eit lite CO2-avtrykk. I Florø starta denne eksportnæringa med Skaarfish, og mange flinke fiskeseljarar gjekk i ein god skule der. HAVBRUKSNÆRINGA tenkjer nytt og er oppteken av miljø. Oppdrettarane i Flora elektrifiserer anlegga sine, driv lusekamp utan medisin, samarbeider om store ar-
beidsoppgåver og jamvel ein elektrisk hurtigbåt er under bygging. ALLE SOM ER KNYTTE TIL HAVBRUK er opptekne av lokalsamfunna sine og gir mykje tilbake til samfunnet, gjennom engasjement, direkte pengestøtte og ikkje minst ved å bruke lokale leverandørar og å handle lokalt. Sjå berre på Førdefjorden – her omset oppdrettsselskapa for ein milliard kroner og betaler bedriftsskatt for å halde skular og barnehagar i live, engasjerer seg i kultur og handlar på nærbutikken. ALLE NÆRINGAR HAR PIONERAR, og i Flora har vi mange. Vi vil spesielt nemne ein; nemleg Erling Karstensen frå Batalden, som starta opp i 1971 og ikkje visste kva dette skulle bety for landet og etterkommarane. Han starta med oppdrett fordi han mista ein annan jobb, og han er «oppfinnaren» bak bruken av reinsefisk. Slik er folk på kysten. Vi snur oss rundt og grip neste muligheit. I dag er det tredje generasjon Karstensen som er glødande interessert i fiskevelferd og i å produsere mat på ein miljømessig god måte – i fotspora til bestefaren.
Kos deg med magasinet – lokalt laga i Florø Utgjevar: A til Å Grafisk Design og Media i samarbeid med Havbruksnæringa i Flora www.atilaa.no - Strandgata 17, 6900 Florø - Tlf. 57 75 29 00
Anita Øygard
Malvin Horne
Vi utfører alle typer elektroinstallasjoner BOLIG - NÆRINGSBYGG - INDUSTRI SKIP - HAVBRUK - INTERNKONTROLL
SØNNICO ELEKTRO AS Evja Senter Florø - Tlf. 57 75 14 50 sonnico.flora@sonnico.no - www.sonnico.no 2
LAKS I FLORA