MOWI FLÅTEGRUNNEN
MOWI satsar på kompetanseheving På eit av dei mest vêrharde oppdrettsanlegga i kommunen er det Ingebjørg Reksten som styrer skuta. Langt vest i Skorpefjorden – mellom Skorpa og Reksta – med storhavet inn frå vest, ligg MOWI Flåtegrunnen. Dette er den største oppdrettslokaliteten i kommunen, og den einaste i MOWI sitt eige. - Vi er eigd av eit stort konsern, men kjenner oss som ein stor familie, smiler driftsleiaren. MOWI Flåtegrunnen er eit av dei mest vêrutsette lokalitetane til MOWI, der den ligg langt vest i Skorpefjorden – med storhavet inn frå vest.
Lakseoppdrettet starta i si tid ved landbasen, og var eigd lokalt. Etter 35 år, med ulike eigarar undervegs, sysselset anlegget i dag 8 personar - i tillegg til ein del lokale ungdommar som tar ekstravakter. Drifta blir styrt frå landanlegget på nordsida av Reksta, og fleire av dei tilsette bur på øya. Somme av dei har vore med heilt frå starten i 1984. Satsar på utdanning Driftsleiar Ingebjørg Reksten har ikkje så lang fartstid i bransjen, men fortel at ho har med seg ei god blanding av godt erfarne medarbeidarar og nyutdanna fagarbeidarar. Alle tilsette hos MOWI får tilbod om å ta fagbrev i aquakultur, og i tillegg er vi fleire frå Flåtegrunnen og Gulestø som held på med eit årsstudium i Havbruksdrift ved Universitetet Nord. Ingebjørg er glad for at dei har ein eigar som satsar på fagleg utvikling av dei tilsette. Samarbeid mot nord MOWI arrangerer felles samlingar, som gir god fagleg påfyll og ikkje minst utveksling av erfaringar. Flåtegrunnen høyrer til Sogn og Sunnfjord-regionen, medan Gulestø høyrer til Nordfjord og Sunnmøre, men for vår del er det MOWI Gulestø som er den viktigaste samarbeidsparten lokalt. Vi utvekslar arbeidskraft når det er større operasjonar som skal gjennomførast. Det er kort veg og lett å samarbeide om felles utfordringar. Attraktiv arbeidsplass Sjølv om det ikkje er så mange kvinnelege leiarar innan havbruk, fortel Ingebjørg at kvinnene er på full fart inn i næringa – på alle nivå. Eg trivast godt med å jobbe på mannsdominerte arbeidsplassar, fortel driftsleiaren, som starta som røktar på anlegget i 2015. Det er veldig kjekt å sjå at 18
det generelt er stor interesse for næringa. Vi blir stadig kontakta av folk som ønskjer seg jobb eller praksisplass. Den siste lærlingen vår har fått fast jobb her, så vi er snart klare for ny lærling. MOWI har ein felles
sentral inntaksportal, som vi viser folk til. På Flåtegrunnen er det ein stabil arbeidsstokk, og det er ekstra kjekt at vi sysselset mange lokalt.
Sentrale men lokale På både Gulestø og Flåtegrunnen er dei opptatt av å bruke lokale leverandørar. Sjølv om MOWI på mange område er sjølvberga, både med tanke på slakteri og fôr, så er det mange andre ting som må til. Vi nyttar til dømes lokalbutikken når vi skal handle inn varer, lokale handverkarar når det passar slik og lokale leverandørar av reinsefisk. I tillegg støttar MOWI opp om tiltak og arrangement i nærområde. Vi har mellom anna stilt med båtar ved strandrydding og hjelper til når folk treng hjelp av ein liten krane-
båt eller transport. Lokalmiljøet er viktig for oss, sjølv om vi er ein del av eit stort konsern.
Flåtegrunnen og Gulestø: •
• •
Konsesjon MTB (maksimalt tillatt biomasse) 5460 tonn på begge anlegga 8 tilsette + ekstrahjelp på Flåtegrunnen 7 tilsette + TAF-elev på Gulestø
På MOWI Gulestø er dei 7 tilsette og ein TAF-elev. Til saman har dei 100 års driftstid i havbruksnæringa. Her representert ved frå venstre Åge Sundsøy, Bjørnar Aga Larsen, Trond Lyngbø og Roy Atle Igland. I tillegg jobbar Ove Nybø, Øyvind Buch, Hans Christian Tveito og Idun Ånneland her. LAKS I FLORA