Laks i FLORA og KINN

Page 10

STEINVIK FISKEFARM

Pioner i oppdrettsbransjen Steinvik-gruppa driv matfiskproduksjon av laks og aure på 7 lokalitetar i Flora og Askvoll. I tillegg produserer dei settefisk og rognkjeks i Flora og Bremanger. Lokaliteten ved basen på Steinvik er ein visningskonsesjon, knytt til Visningssenteret på land. Vi vil vere ein viktig distriktsutbyggar, og er medeigar i fleire ulike selskap, fortel gründer og dagleg leiar Alex Vassbotten. Familien Vassbotten er ein av pionerane i oppdrettsbransjen, og har etter mange års hardt arbeid og store investeringar opparbeidd ein stor arbeidsplass med totalt 45 tilsette. Der det trengs samarbeider vi med dei andre lokale oppdrettarane, seier Alex og viser mellom anna til selskapet Godfisken AS og Salmon Group. Steinvik er og

aktiv medeigar i båt- og flåteprodusenten Havsterk, salsselskapet Seaborn og dykkarselskapet Aqua Dykk. Open fiskefarm Familien Steinvik er opptatt av lokalsamfunnet dei er ein del av, og er ein viktig støttespelar for lag og organisasjonar. Kvar

vår arrangerer dei open dag på Visningsanlegget sitt, der folk strøymer til og får ein unik sjanse til å møte oppdrettsnæringa på nært hald. Dei tek i mot skuleklassar og andre som er interesserte resten av året også – men den opne dagen er blitt spesielt populær, der folk mellom anna får køyre båt, ete laks og prøve fiskelukka.

STEINVIK RENSEFISK

Robust rognkjeks i Svelgen Kvar rognkjeks er ikkje større enn 45–50 gram, men dei gjer ein stor jobb med å reinse oppdrettsfisken for lus. Kjartan Sverre Wiik - som er driftsleiar på Steinvik sitt landanlegg i Breivika i Svelgen - fortel at dei i 2018 produserte 3, 1 millionar av den vesle luseetande fisken. Dei tilsette har lang fartstid frå havbruksnæringa, og har kunnskap og erfaring som må til for å få fram den optimale lusereinsaren. Det er like krevjande å få fram gode og robuste luseetarar som matfisk, fortel Wiik. Frisk og topptrena fisk For oss som produserer reinsefisk er det viktigaste å utvikle ein frisk fisk som tåler det miljøet den skal jobbe i. Vi har svært høg overleving på fisken – frå startfôring til utsett - og det har sin bakgrunn i at oppvekstmiljøet er godt tilpassa dei ulike utviklingsstadia til fisken. Fôret må vere av svært god kvalitet og ikkje minst er det viktig å halde seg til eit strengt vaksineringsprogram, presiserer Kjartan Sverre Wiik. Stor utskifting av vatn og «trening» med rette straumforhold i kara er og avgjerande faktorar for at Steinvik Rensefisk har lukkast. Stor auke i nytt anlegg Med den nye utbygginga som er på gang vil vi produsere endå meir rognkjeks, og dra nytte av samarbeidet med det nye smoltan10

Rognkjeks

Breivika Svelgen: legget som kjem i same bygget. Konsesjonen på rognkjeks er på 10 millionar fisk – og er blitt ein meir og meir viktig del av drifta til Steinvik. Når nybygget er klart vil rognkjeksproduksjonen starte i den nye delen medan påveksten vil føregå i eksisterande anlegg.

• • • • •

Tal tilsette: 12 Konsesjon smolt: 4,5 millionar smolt. Konsesjon rognkjeks: 10 millionar individ. Driftsleiar rensefisk: Kjartan Sverre Wiik Driftsleiar smolt: Reidar Haugen LAKS I FLORA


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Laks i FLORA og KINN by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu