1 minute read

NORGES BESTE KAJAKKPADLING

Med tusenvis av øyar og skjer i ein vakker, urørt natur er FjordKysten og Sunnfjord eit eldorado for padling. Opplev sjarmerande fiskevær, kvite sandstrender og stupbratte fjell frå kajakksetet. Området er den ideelle staden for å oppleve Norge sin storslegne kyst – her er vegen kort ut på storhavet, samtidig som øyane gir ly for vind og bølgjer.

Har du lyst til å lære å padle kajakk? Bli med på eit grunnkurs! Her lærer du å handtere kajakken på ein trygg og effektiv måte. Undervegs i kurset får du oppleve eitt av dei mest attraktive padleområda i Norge.

Guida Kajakkturar Og Kurs

Har du lyst til å oppleve FjordKysten og

Sunnfjord sine skjulte skattar i lag med ein guide? Sognefjord Active (Norsk Kystkulturakademi), Norway Adventures, Sjøbris Adventure og Kvåleskajakk tilbyr guida kajakkturar og kurs i ein spektakulær, urørt kystnatur. Dei har turar som vil begeistre alt frå nybegynnarar til den mest erfarne kajakkpadlar.

Sognefjord Active / Norsk

Kystkulturakademi (Solund): sognefjordactive.no / nkka.no

Norway Adventures (Kalvåg): norway-adventures.com

Sjøbris Adventure (Måløy): sjobrisadventure.no

Kvåleskajakk (Jølster): kvaaleskajakk.online