1 minute read

ØYA KINN

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Noreg i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn.

På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen, bygd i romansk bygjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Kinnakyrkja er den eldste i Sunnfjord. Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.

Etter at du stig i land på Kinn kan du følgje vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg. Har du lyst på ein litt lengre tur, kan du gå rundt øya før du kjem tilbake til kaia der lokalbåten tek deg tilbake til Florø. Det er om lag 3 km frå kyrkja og rundt øya tilbake til kaia, og du kan rekne om lag 2 timar i gangtid. Turen rundt øya passar for både store og små, og går stort sett i lett terreng. For fleire turbeskrivingar, sjekk ut.no.

Guida Tur

For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt med Visit FjordKysten og Sunnfjord på mail@fjordkysten.no eller telefon 57 74 30 00. Guiding gjeld for min. 4 personar.

Lokalb T Til Kinn

Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til Kinn. Det går lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Kinn kvar dag. Det blir satt opp ekstra båtar på sommaren. For meir informasjon om rutetider sjå entur.no