Tørst høst 2015 norsk

Page 12

stedet

Det usynlege Roma I kyrkjeboka til Sant’ Egidiofellesskapet, blir livet til dei namnlause skrive opp. TEKST ANN KRISTIN VAN ZIJP NILSEN FOTO TONE LEKSBØ WALGERMO

EIN SOM ER HEIMLAUS TRENG MANGE TING: mat, klede og tak over hovudet. Men denne personen treng også nokon som kjenner namnet hans, seier Leonardo Emberti Gialloreti. TRAGEDIEN. Lønna si tener han som professor i medisin på eit statleg universitet i Roma. På fritida er han ein av leiarane i Sant’Egidio, eit fellesskap av katolske lekfolk, som legg vekt på «vennskap med fattige». Han står inne i den vesle Sant’Egidio-kyrkja, midt bydelen Trastevere med tronge gater og mange turistar. På eit sidealter, framføre ei stor og litt rotete samling med krossar frå heile verda, ligg ei grøn bok. – Mange heimlause sin store tragedie er at ingen vil hugsa dei når dei døyr. I denne boka skriv me ned historia til kvar av dei, fortel Emberti. Alle medlemmar av Sant’Egidio har ei friviljug teneste, og professoren er med og deler ut mat til heimlause ved togstasjonen. Men den personlege relasjonen er det viktigaste. – Det handlar om å gi folk på gata namnet sitt tilbake: At du veit at namnet ditt har ein plass i hjarta mitt. Det kan berre skje gjennom utvikling av vennskap. Nokre av vennene på gata har han hatt i over tjue år. SPIRITUALITET. Kvart år arrangerer fellesskapet ei stor minnegudsteneste i den store basilikaen nokre kvartal bortanfor, Santa Maria in Trastevere. Der minnest ein alle menneska på gata som døydde dette året. – Det kan vera eit par hundre namn me les opp, og eit lys blir tent for kvart einaste. Viss det har døydd 25 som heitte Maria, les me «Maria» 25 gonger. Den same kyrkja fyller dei med langbord kvar 25. desember. Alle kuvertane har bordkort med namn

12 tørst HØST 2015


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.