2 minute read

MED BLUES I HARDANGERFJORDEN

Festmat frå dypet Piggvar og rødspette Ikkje rype. På naustet om 30 min. Sjømat på bordet Hilsen Tore ved roret

Slike sms'ar får stadig Tore sine kundar. Slik veit kundane kva tid det er noko å få.

Advertisement

Tore er kunstnar, ein eminent entertainer og bluesartist. Når han finn fram munnspelet blir det stemning. Mange kjenner Tore frå reklamebransjen der han var aktiv i Kvinnherad i meir enn 20 år.

ALLE FOTO TEKNE AV FISKAREN SJØLV TEKST: SIGURD VIKØREN

Kvalfangarsonen frå Sandefjord fann kjærleiken med Inger frå Rosendal. Fyrste gongen han møtte Hardangerfjorden vart Tore på nytt forelska. Her fant han rikeleg med gode fiskeplassar, noko som låg Tore på hjarta.

I 2004 gjorde han sin store hobby om til levebrød og vart fiskar på heil tid. Opp gjennom tida har Tore fått mange gode tips frå generasjonen før og deira erfaring med fiske i fjorden. Mykje på bakgrunn av det driv Tore i dag forskjellig fiske til ulike tider på året. Med hummerfiske på hausten og to månader i Lofoten på skreifiske som innlagde høgdepunkt. Tore fiskar også kreps.

Tore har oppdrag for Havforskingsinstituttet, noko som er interessant og gjev ein meir variert kvardag.

Når vi treff på fiskaren for å snakka om plast og forureining av fjorden, er Tore oppteken med å snakka om grønfargen på fjorden. Det er den harmlause kalkalgen Emilian huxleii som har farga Hardangerfjorde turkis. Satellitt bilete frå NASA viser at du kan sjå fenomenet frå verdsrommet.

Bortsett frå at vatnet blir uråd å sjå gjennom og at fisken kan flytta på seg for å finna mat, er dette eit naturleg fenomen. Verre er det då med plast som forureinar fjorden. Kanskje det farlegaste er mikroplast som vi ikkje ein gong ser. Men gjennom åra har kvalfangarsonen sett mykje rart flytande i sjøen. Havarerte plastbåtar som knekk saman og forsvinn ut i fjorden, hagemøblar, trampoline og svært mykje meir.

Vi bur i eit område der det frå tid til annan er sterk vind med heftige vindråser. Etter ein sydaust-storm flyt det mykje forskjellig rundt i fjorden. Bevis for at mange av oss er lite flinke til å sikra ulike verdiar, då hamnar dei til slutt i fjorden.

-Eg har intrykk av at det for tida er mykje skit i fjorden, seier Tore. Det ligg nok store mengder avfall på botn av fjorden, også plast. Fram til for 10 år sidan heiv vel dei fleste av oss mykje på sjøen. Då det var ute av syne, så var det gløymt. Tore meiner at ting trass alt er blitt mykje betre dei siste åra her hos oss.

Litt same haldningane som med røyk. Etter at vi fekk kunnskapen om helsefaren, har dei fleste slutta å røykja. Slik er det med plast og, etter kvart som kunnskapen om all skaden vart synleg og kjent. Etter at plast vart funne i magen på kval og sjøfuglar. Truleg er all plasten øydeleggjande for alt liv.

Tore helsar aksjonen velkomen. Ikkje minst at fellesskapet tar ansvar. Å rydda opp vil krevja mykje av oss lenge. Men grunnleggjande kunnskap om problemet og kjennskap til kva som må til gjev oss framtidshåp.