3 minute read

SALMON EYE

FOTO: KLOVNING DESIGN Foto:KvorningDesign

Foto:KvorningDesign

Advertisement

SondreEide,EideFjordbruk Foto:AndreasKleiberg/HestAgentur SONDRE EIDE, EIDE FJORDBRUK FOTO: ANDREAS KLEIBERG / HEST AGENTUR

SondreEide,EideFjordbruk Foto:AndreasKleiberg/HestAgentur SebastianLTorjusen,SalmonEye

Foto:TobiasLTorjusenSEBASTIAN L. TORJUSEN, SALMON EYE FOTO: TOBIAS L. TORJUSEN

SebastianLTorjusen,SalmonEye Foto:TobiasLTorjusen Senteret er igangsett Sondre Eide einnaturligforlenging årige arbeidet selskapethar sjømatproduksjon. «Viynskjerå produsere avtrykk, lage meirav verdas fyrstekarbonnøytrale vårt eige teknologiselskap standarden forhavbrukog å finnenye fôrråvarer framtid. Det har gittgode nøgde.Med Salmon og pushefokuset vår berekraftigmatproduksjoni menteringavnyeløysingar»fortel Salmon Eye har mål inspirasjonog uavhengig duksjon,samtidig som drivkraft for nye løysingar oghav. «Vår oppgåve erå inspirere dringane og moglegheitenesomliggi produksjon.Detåutfordre tenkenytteravgjerande. inspirasjonverdakan liggunder overflata» Torjusen.

Sjølv om ideen, investeringa Salmon Eye kjem fråEide uavhengig og sjølvstendig.

OPNAR AUGA

Om kort tid opnar Salmon Eye i Hardangerfjorden. Senteret har ambisjonar om å bli ein drivande kraft for utvikling og kunnskap rundt berekraftig sjømatproduksjon.

Senteret er igangsett av Eide Fjordbruk, og er ifølge Sondre Eide ein naturlig forlenging av det mangeårige arbeidet selskapet har gjort innan berekraftig sjømatproduksjon.

«Vi ynskjer å produsere meir sjømat med mindre avtrykk, lage meir av mindre. Det var derfor vi blei verdas fyrste karbonnøytrale lakseoppdrettar, starta vårt eige teknologiselskap med fokus på å resette standarden for havbruk og har vårt eige selskap for å finne nye fôrråvarer som er betre for fisk, fjord og framtid. Det har gitt gode resultat, og vi blir aldri nøgde. Med Salmon Eye skal vi vere med å utfordre og pushe fokuset vår næring og forvaltning har på berekraftig matproduksjon i sjø og tempoet for implementering av nye løysingar» fortel Sondre Eide.

Salmon Eye har mål om å bli ein leiande aktør for inspirasjon og uavhengig kunnskap om sjømatproduksjon, samtidig som de skal vera ein fasilitator og drivkraft for nye løysingar for matproduksjon i fjord og hav.

«Vår oppgåve er å inspirere og informere om utfordringane og moglegheitene som ligg i maritim matproduksjon. Det å utfordre næringa og politikarar til å tenke nytt er avgjerande. Det er gjennom kunnskap og inspirasjon verda kan få glede av moglegheitene som ligg under overflata» seier dagleg leder Sebastian Torjusen.

Sjølv om ideen, investeringa og innovasjonen for Salmon Eye kjem frå Eide Fjordbruk, vil senteret være uavhengig og sjølvstendig. Det er oppretta eit rådgjevande styre med nokon av dei fremste personane på sine felt frå forvaltninga, forskinga, næringa og miljørørsla.

Salmon Eye hadde ikkje blitt til utan Eide og at senteret er uavhengig viser stor sjølvtillit frå Eide si side når det gjeld til utviklingsevne. Vi skal vere ei drivkraft for heile næringa og kjem til å pushe på for å få på plass betre løysingar, også Eide Fjordbruk fortsett Torjusen.

Sonde Eide meiner Salmon Eye skal bidra til at verdas matbehov kan dekkast, samstundes som klimagassutslepp og påvirkning på hava reduserast.

Meir mat må komme frå havet, men samtidig må me ta vare på havet. Derfor er det viktig at vi finner nye løysingar som gjer at vi kan høste meir av havets ressursar og samtidig reduserer avtrykket vårt. I Eide bruker vi omtrent all vår vakne tid på ny teknologi og optimalisering av biologi. Gjennom etableringa av Salmon Eye ynskjer vi å være en katalysator for matproduksjon i sjø og myndigheitene sin tilrettelegging for at meir berekraftig mat skal komme frå havet.

Salmon Eye opnar allereie i haust, og vil ifølge Torjusen bli spektakulært, både på utsida og innsida.

Verken Norge eller Verden har sett noko liknande tidlegare. Eg gleder meg til å opne dørene og visa folk kva vi har jobba med. Det er mykje eg har lyst til å fortelje allereie no, men eg må halde litt igjen til opninga. Eg kan i alle fall garantere at det vil vere verdt turen til Salmon Eye når vi har opna, avsluttar Torjusen.