8 minute read

EMILIE ENGER MEHL

Emilie Enger Mehl

EMILIE:

Advertisement

- KVINNHERING - ROSENDELING - MEHLAR

Det er tidleg på dag, 16. mai, så tidleg at mange vil kalla det morgon. Eg har avtale om å møta Emilie Enger Mehl, Noreg sin Justis- og beredskapsminister, heima på slektsgarden på Mehl i Rosendal.

Sjølv om eg på ein måte kjenner ho frå fjernsynsskjermen og aviser, der ho ofte er å sjå, gler eg meg litt ekstra. Tenkjer det blir spennande å møta Emilie, bli litt kjent med ho, oppleva kven ho er. At Emilie har fått den posisjonen ho har i så ung alder, ber bod om at "det er noko med ho."

Ikkje kven som helst som i ein alder av 28 år blir spurt om å bli Justis- og beredskapsminister. Då skal du "ha noko med deg," samstundes som du har spelt korta dine godt. I tillegg til at Statsministaren og andre leiande personar i landet har tillit til deg, må du vere tøff sjølv, for å seie ja til ein slik uriaspost.

Emilie Enger Mehl er den yngste Justis- og berdeskaps-ministaren nokon gong. Sjølvsagt eit enormt ansvar, men og ein enorm tillit. Statsministaren og leiaren i Senter-partiet, var samde om at det var jenta frå Mehl dei ville ha som sin statsråd for Justis- og beredskap.

Vi hugsar vel alle den eld-dåpen Emilie fekk, då tragedien på Kongsberg sjokkerte oss alle, kvelden før Emilie overtok ansvaret som statsråd. Plutseleg var denne forferdelege tragedien hennar ansvar.

-Det understrekar på mange måtar kva denne jobben inneber, seier Emilie. Du må til ei kvar tid vera budd på at ting kan skje. Samstundes gav hendinga ei god kjensle av korleis Noreg som land handterer ein slik katastrofe midt under eit regjeringsskifte. Statsminister Erna Solberg tok kontakt med Emilie om kvelden og orienterte om kva som var under utvikling på Kongsberg.

-Eg har alltid vore fokusert på å vera til stades her og no, uansett kva eg drive med. Å vera justisminister er ei oppgåve som eg er enormt takksam for at eg får lov til å løysa, det er spennande og alvorleg. Du må alltid vera budd på at noko kan skje når som helst.

Då må du ha tryggleik i deg og ha ro i det du skal gjera. Halda hovudet kaldt og ikkje bruka energi på uvesentlege ting. Du må bruka all energi på det som er viktig. Du er ansvarleg i ei krise og må ta gode avgjerder, sjølv når presset er størst.

Filosofien min er å byggja opp laget rundt deg. Både med statssekretær og politiske rådgjeverar. I departementet har vi i tillegg fast tilsette som er politisk uavhengige, men fagleg sterke og gode. For meg er lag-bygging svært viktig, å vera del av noko som er større enn seg sjølv. Vera med og utvikla Noreg og gi tryggleik til folk er veldig givande.

-Kan dine haldningar om å vera til stades her og no vera årsak til at du vann både Anno og Kompani Lauritsen på TV? -Ja, eg har alltid vore nyfiken og opptatt av å læra nye ting. Anno var ei reise attende i tid, for og utforska å forstå korleis livet var før, historieundervisning i praksis. Fantastisk spennande å læra om gamle handverk. Eit av handverka som stod sentralt var bødtker. Seinare på museum og liknande har eg hatt stor gleda av å studera ulike typar tønner og observera om dei er laga slik vi lærde.

Kompani Lauritsen var meir utfordrande både fysisk og psykisk. Det var lagt opp slik at problema hopa seg opp, og du fekk mest lyst til å gi opp. På meg verkar slike utfordringar heilt motsett. Lærte mykje av utfordringane vi møtte i høve til å løysa ei og ei oppgåve, etter tur. Mange erfaringar frå slike konkurransar har heilt klart overføringsverdi, sjølv om dei er ulike dei problem eller utfordringar eg er sett til å løysa som statsråd.

-Emilie, du var i ferd med å etablera ein jurist-karriere. Kvifor valde du politikk? Det var eigentleg heilt tilfeldig at eg vart politikar, kanskje valde politikken meg? Rett nok gjorde oppveksten min på ein gard at eg var ganske målmedviten om viktige politiske val. Men vegen fram til der eg er no er tufta på mange tilfeldigheiter.

-Vi må ta i bruk heile landet. Noreg er mange små stadar mellom større senter og byar. Skal vi utvikla distrikta så må det liggja målmedvitne politiske val bak, seier senterpartipolitikaren. Emilie vart vald inn på Stortinget i 2017, og fekk fornya tillit i 2021.

-Vi er heldige som lever i eit demokrati og i ein velferdsstat. Eg kjenner likevel på ei glede av at eg har vore med på livet på ein gard. Kjenner meg heldig som har vakse opp med å læra ting som å hesja. At du må opp om morgonen for å få jobben gjort, ser eg på som ein stor fordel for meg sjølv, at eg har lært meg. Å kunna laga mat og å snekra litt er ein god verdi å ta med seg, du veit aldri kva tid du kan få bruk for praktisk kunnskap.

-Vakse opp med nært forhold til lokal historie, kultur og tradisjon har eg eit ansvar for å levera det vidare. Kjenner meg som berar av ein viktig historie. Nær knytt til Baroniet, har eg kunnskap om adelsfolk og alt dei hadde med seg. Samstundes er alle verdiane småkårsfolk har etterlete seg ein grunnleggjande viktig del av vår historie. Dette er med og gjev meg grunnlag for og jobba politisk mot eit samfunn med lite skilnad mellom folk. Vi må sikra at ikkje nokon få eige alt. Vi skal alle ha rett til eigedom og respekt. Slike haldningar har ikkje minst mi nære historie på Mehl som leiglending under Baroniet lært meg. Seinare har samfunnet opna for at leiglendingar kunne kjøpa ut bruket sitt.

Kultur og tradisjon med rosemaling, bunader og handverk, er skikkar som eg er veldig opptatt av. Korleis folk levde, korleis dei foredla matvarer gjennom og salta å røykja mat. Laga smør, jomma-graut, og mange, mange andre smarte variantar. Estetisk gjorde folk seg flid med ting, møblar frå 1900-talet brukar mange enno.

-Eg synest det er veldig interessant å lesa Kvinnherad-soga. Det gjev meg ei kjensle av nære relasjonar til gamle slektningar, sjølv om dei for før eg kom er her. Det gjev ei kjensle av at vi høyrer saman og at vi alle er forvaltar av naturen i vår tid. For meg er det viktige verdiar, å bidra til å ta vare på naturen, driva gard og leva i samspel med naturen, gjennom årshjulet. Samanhengane gjennom historia er viktige, både for å forstå kven vi er, og avgjerande for kvar vi i framtida vil.

-At vi er frå den vakraste staden i Noreg er sjølvsagt eit ekstra krydder. Eg er her masse heile tida, så mykje som eg kan, seier Emilie. -Dei som får oppleva Hardangerfjorden er heldige. Å ha fjorden i sjela gjev ro og styrke. -Når eg kjem køyrande over Haukelifjell eller Hardangervidda stig pulsen. Når eg kjem på vestsida og kjenner suget frå fjorden er kjensla den same, kvar gong. -No er eg snart heima! Kvar eg er i verda er alltid mitt hjarta i Rosendal. Det hender når vanskeleg val må avgjerast, at eg tenkjer: «Lurer på om det er sol på Melderskin i dag?» Styrken i livet er evna til å gleda seg over dei små ting.

Når kjærleiken er djupt forankra i genene, kjenner du det gode i å ha noko som du er så glad i. Heilt frå barndomen kjenner eg på små ting frå turar for å finna kjerringrokk til å koka te. Eller å ro ein tur på Myrdals-vatnet å sjå på Kletta-bessen.

Eg trur at når justisministaren vår ser verdien i historia, så veit Emilie kven ho er. Når ho kjenner styrken i ro-turar for å sjå på Kletta-bessen, har Emilie tryggleiken til å ta gode avgjerder, sjølv i krevjande saker.

Emilie set i Kongens råd, ho er reflektert, målretta og ikkje minst folkeleg.

Takk for ei triveleg stund.

Sigurd

KRYSSORD

AV STEINAR SMITH I JONDAL Vi tenkte det kunne vera spennande å prøva seg med eit kryssord, som har mange lokale namn frå området rundt Hardangerfjorden.

STÅR BAK STRANDRYDDEAKSJONEN MOTTO FOR AKSJONEN SKRIFTLEG TILBOD ROTVEKST

RENOVASJONSSELSKAP I BERGEN OG OMLAND STORMANN, HERSKAR DESILITER REST ETTER SAGING TILHENGJAR AV KONGEN

Når du har løyst kryssordet, tar du berre eit bilete med telefonen og sender det på e-post til sigurd@vikorenmedia.no

3 vinnerar får spenningsboka "Blod er tjukkare enn vatn".

STENGJER ODDE PAR

VERE LÅTTMILD

MULTIPPEL SKLEROSE SELSKAP

FRANSK MÅLAR 18411919

LITEN BÅT

KOM FRAM I TIDE

"JA VI ELSKER" LAND I ASIA VERDI I SEG SJØLV

VED SØRFJORDEN

TIL DEN STADEN GARDSGUT ARTIKKEL

AKSJON I SEPTEMBER SLAGSTAD HUMRE EDELT METALL MORENE PAPPA

TO LIKE TARIFF

KYNNARANE

MOROSAM

TO LIKE

FINST PRYD

POSITIVE MELDINGAR (FACEBOOK) REISE KRISTENT SYMBOL BJØRNEBUSTAD NEDBØR STØYT

VOLTAMPERE (FERIE)HUSVÆRE

HUSDYR

KALD TERNING FOTSTYKKE PÅ GLAS

TEKNISK VEKEBLAD

STÅR BAK STRANDRYDDEAKSJONEN

SKADE, OG REDUKSJON

SVOVEL

STRIDSTEMA I HARDANGER FOR 10-12 ÅR SIDAN UTDATA

TAL RADON

BØYELEG LEIDNING

AKSJON I SEPTEMBER

SLEIKJEORGANET DALSIDE

STATENS KARTVERK FØR 1986 NUMMER SPIRER KOLONISERING

TOALETT

MÅLTID GJØDSELPRODUSENT

SNØGGE FLUOR

OG (ENGELSK) BROM BERGHYLLA

KRØKJE SEG HOVUDSTAD OG JENTENAMN

KJÆRASTEN TIL MÄRTHA LOUISE FESTDRAKTER

LITA STUND

RETNING TO LIKE FOLKEVOND HYL

SAMANLIKNINGSORD UKRAINAS TOPPDOMENE

FOR HØG RENTE EIN JUSTER FERSK

EI HAMMERSENGEDIN

HORISONTALT LAG KRIGSMAKT MJØLKEORGAN

IKKJE LISTIG, OG BLUND LIKE

NYTTIG SOPP

PLOGEN

INNEHAVAR

KJØTSUPPA URAN

VRIEN, OG BLÅST

SJØFUGLAR HELTEDIKT

FOTO: SVEIN ULVUND

KLOKKE

STUNDA VASS- OG SUMPPLANTE LAKKE

VED SØRFJORDEN FORFEDRAR

SLEPE BY I GEORGIA

BOR PRONOMEN

TYNNE UT

DATAUTTRYKK

PÅ DENNE TIDA NITROGEN 3,14

DRIKKEPENGAR HYDROGEN

SELEN ROMERTAL FIRE HESTERASE