4 minute read

UTNE HOTEL - OMSORG I 300 ÅR

Utne hotel

OG JEPPE PÅ BIERGET

Advertisement

Visste du at Utne hotel og Jeppe på Bierget er 300 år i år? Og at begge har bakgrunn i den store nordiske krigen? Lat meg fortelja. Krigen som slutta i 1720 var ein økonomisk katastrofe for kong Fredrik 4. Statskassen var botnskrapa for skilling og det militære befalet fekk difor aller nådigst vertshusløyve som løn og takk for innsatsen.

I komedien til Ludvig Holberg høyrer me at Jeppe og vertshushaldaren Jakob skomakar, var krigskameratar. I den same krigen som sersjant Peder Larsen Børsem. Han som fekk det fyrste vertshusløyve på Utne i Hardanger den 29. oktober 1722. Løyvet var på livstid, men like til i dag har Utne Hotel ubrote gjeve mat, drikke og huslyd til reisande.

Utne var i lange tider einerådande med slikt tilbod i fjorden. Gjestebøkene kan gjennom 300 år fortelja at her kom både kjende og ukjende, og mange prisar hotellet som eitt av dei aller beste losji i heile landet. Kanskje eit resultat av at her sto det dyktige kvinner bak? Blandt anna Mor Utne (Torbjørg Johannesdatter Utne), som styrde hotellet med stø hand i 70 år! Eilif Petersen måla henne og orginalmåleriet heng i dag i Nasjonalgalleriet. Ein engelsk konsul skriv: "dette er det beste quarter i landet". Målaren Adolp Tidemand var: "meget tilfreds", og Ole Bull skriv at: "her er et hav av gode Sager". Den som løftar arven etter Mor Utne er Gurid Larsdatter Aga, som var gift med overrettssakførar Lars Aga. I deira tid vart hotellet utvida blandt anna med nytt kjøken og den sers vakre matesalen, teikna av arkitekt Torgeir Alvsaker. Den som kom til å føra hotellarven vidare etter dei var dottera Birgit Hildegun Aga Blokhus. Med solid hotellutdanning og sterk sans for tradisjonar og kvalitet kom hotellet i dei beste hender. Ho evna oppgåva å samordna den gamle hardingkulturen og moderne hotelldrift.

Alltid til stades for gjestene, og i bunad og skaut vart ho den beste representant både for hotellet og Hardanger. Standaren var sers høg. Nystrokne kvite dukar og kaffi frå sølvkanner. Ikkje rart at kongelege både frå inn og utland fann vegen. Hotellet fekk blandt anna bad på alle rom, ei stor utfordring i ein gammal ærverdig historisk bygning og hotellet vart med i kjeda "Historiske hotel". Kring århundreskiftet såg det mørkt ut for mange av desse kulturhistoriske hotella. Fleire av dei brann opp, andre vart strippa for verdiar. For å berga Utne hotel vart det oppretta ei stifting då Birgit Hildegun Aga Blokhus gav seg som hotelleigar. Seinare vart hotellet selt til Sjur Kjell Haustveit.

Hotellet gjennomgjekk då ei omfattande restaurering og står i dag fram som ei unik freda historisk perle. Med den nye eigaren Margaret Hystad kom Utne hotel atter i kvinneleg varetekt og er klar for nye hundreår som formidlingsstad på høgste nivå for norsk og hardangersk kulturarv. "Singot" seier Jakob skomakar når han ynskjer Jeppe alt godt på ferda.

I dag seier me: Lukke til vidare.

TEKST: GUTTORM A. ROGDABERG - ALLE FOTO: IDA MARIE SKEIE

Singot: Plattysk forkorting av "Signe gud deg på ferda".

Vi gratulerer

Ullensvang Kommune

Utne hotel, omsorg i 300 år

Som å bu i ei historiebok

TEKST: IDA MARIE SKEIE

Utne Hotel er eit smykkeskrin, fult av historie og tradisjonar gjennom 300 år. Ny eigar, Margaret Hystad har planar om å ta vare på alt dette. Ho vil drifte hotellet heile året, for slik å sikre kompetanse og bidra til heilårs arbeidsplasser. Ei drift som vil gje fleire ljos i vindaugo i Utne bygda. Margaret er oppteken av lokal forankring og verdiskaping.

I låg-sesongen ynskjer vi mellom anna å invitera grupper og bedrifts-marknaden til julebord og andre arrangement. Gjerne "Leig ditt eige hotell." Den nye eigaren gler seg til å føre vidare norsk kulturarv, som ho er svært stolt av å vera ein del av.

Kulinarisk Matoppleving Jon Aga, ny drivar av Utne hotel, har ein imponerande bakgrunn og har mellom anna bygd opp Vega Havhotell til å verta eit landemerke i havgapet på Helgelanskysten.

Jon er ein ekte harding som no gler seg til å setja stemninga med mellom anna menyen sin. "Eg er glad for å koma heim!" seier Jon. Har alltid hatt ei visse om at eg ein gong skulle reisa heim att, fortel han.

Jon Aga har ei genuin interesse for lokal mat og ser fram til å bli kjent med alle dei lokale produsentane. "På Utne bur vi midt i matfatet med fantastiske produkt som lam, storfe og vilt. Vi har frukt og bær i sesong som vi lagar sider og syltetøy av." Jon brenn for at du som gjest kan senke skuldrene, finne roa og nyte gode mat-opplevingar i vakkert fjordlandskap.

Vi ynskjer verda velkomen inn og folk velkomne heim!