2 minute read

LENE PILSKOG

presenterer Invest In Sunnhordland

Namn: Lene Pilskog Aktuell som: Ny leiar for Invest In Sunnhordland Familie: Sambuar og to gutar på 9 og 12 år Les: Bøkene til Yuval Noah Harari Ser på: Dagsrevyen, Dax18 og diverse reality Høyrer på: Podcast, Spotify og P1 På fritida: På fjellet om vinteren og ved sjøen på sommaren

Advertisement

Med rett til å skape reell verdiskaping i Sunnhordland

Lene Pilskog skal leie Invest In Sunnhordland. Målet er å gjere Sunnhordland meir attraktiv for nasjonale og internasjonale bedrifter og investorar.

Attraksjon Sunnhordland er blitt til Invest In Sunnhordland. Kan du gje oss ei kort forklaring på kva dette initiativet er og bakgrunnen for namnebytet? Invest In Sunnhordland er etablert for å legge til rette for auke i den lokale verdiskapinga, - samt gje grobotn for nye arbeidsplassar med utgangspunkt i den kompetansen og dei gitte føresetnadane Sunnhordlandsregionen har. Namneendringa frå "Attraksjon" til "Invest In"- kjem av at dette blei eit meir beskrivande namn for føremålet.

Kven står bak dette initiativet? I første omgang er det dei fire Sunnhordlandskommunane Kvinnherad, Fitjar, Bømlo og Stord som i lag med Vestland fylke og næringslivet har gått saman om etableringa. Det regionale næringsselskapet Atheno AS administrerer prosjektet. Og så håpar me sjølvsagt at dei fire andre Sunnhordlandskommunane kjem med på sikt.

Du skal leia dette arbeidet. Kva vert dine viktigaste oppgåver? Det blir å kartlegge og beskrive nøkkeldata som er relevant for nyetableringar, - og etablere fokusområder for kvar enkelt kommune og regionen totalt. I tillegg skal eg arbeide med å marknadsføre og posisjonere regionen, og støtte kommunane i næringsarbeid. Kvifor trur du at du vart valt til denne jobben? Eg håpar og trur det er fordi eg har ei variert erfaring frå blant anna industrietablering, politikk og offentleg forvaltning. Og at eg har dei rette personlege eigenskapane. Eg har ei genuin interesse for regionsutvikling, og då spesielt utvikling av eit variert og framtidsretta arbeidsliv.

Kva ambisjonar har du for Invest In Sunnhordland? Både mitt og styringsgruppa sitt mål er at regionen skal stå fram som attraktiv for nasjonale og internasjonale bedrifter og investorar. Ambisjonen er å syte for berekraftige og sirkulære nyetableringar som skapar reell verdiskaping.

Kva tenker du er regionens styrker? Det er mange. Men spesielt for vår region er høg og variert kompetanse og aktivitet innan industrien, - og maritim- og marin teknologi. I tillegg ligg me geografisk nært til verdifulle havområder. Og me har eit miljø for suksessfulle klynger.

Kva gler du deg mest til? Eg har allereie treft mange aktørar som er engasjert i moglegheitene Invest In Sunnhordland gir. Eg gler meg til å arbeide vidare med folk som vil noko på vegne av bransjar og regionen. Det gir energi og glede i arbeidskvardagen!

LENE PILSKOG