5 minute read

STEIN TORLEIF BJELLA

FOTO: LARS K. LANDE Etter ein god prat med Stein Torleif Bjella, tenkte eg at dette var jammen triveleg. Eg tenkte at han er ein jovial kar som var lett å snakka med. For å vera sikker måtte eg googla jovial for å sjå om det var dekkande for slik eg opplevde praten vår?

Advertisement

Å vera jovial betyr å vere glad, munter, gemyttleg, generøs og godsleg. Alt i middelalderen hevda astrologar at Stella Jovialis, gav einskilde eit slikt sinn. Google gav såleis ei presis skildring av kjensla eg hadde etter praten med Bjella. At dette var planeten Jupiter si forteneste var ny informasjon.

Stein Torleif Bjella sine solo-plater er Heidersmenn frå 2009, Vonde Visu 2011, Heim for å døy 2013, Gode liv 2016, og Jordsjukantologien frå 2018. Den siste plata er Øvre-Ål Toneakademi. Plata vart lansert på sjølvaste lockdown-dagen i 2020.

-Når eg les albumtitlar og nokre av låtane dine: som Helsing Judas, Ubrukt liv og Vonde Visu, er det kanskje ikkje berre jovialitet som kjenneteiknar musikken din? -Du kan ha rett i det. Det kan nok vera dagen om det, svarar Bjella kort.

-Du debuterte som solo-artist i 2009, då var du godt vaksen. Kvifor tok det så lang tid å koma i gang? -Det er naturleg for meg å vera seint ute, det har eg vore i dei fleste samanhengar i livet. Men eg hadde då spelt i band, som bassist og hadde skrive musikk. Det var meir ein slags modningsprosess, fram mot solo-debuten.

Etter nokre magre år, blir vel 2022 ein ny vår, også for dei som likar å opptre og spela konsert med publikum. -Ja, eg gler meg mykje no, ikkje minst til ein tur til vestlandet. Det skjer noko med meg når eg kjem over vasskilje og nærmar meg det vakre fjordlandskapet, og det blir ekstra storslått når Baroniet er målet. Det blir ikkje mykje betre for ein kar frå Øvre-Ål. Stein Torleif gjev ut musikken sin på ØvreÅl Toneakademi. Den joviale hallingen har og gitt ut ei diktsamling, Jordsjukantologien Nr. 1. Det er tekstar herifrå som er på plata med same namn. I 2021 tok Stein Torleif eit steg vidare på den litterære fronten då han gav ut romanen Fiskehuset.

Her møter vi gamle onkel Ivar og onkel-ungen Jon. Dei er på haustfiske, Ivar prøver å danne Jon til å ta over aurevatnet Storsenn. For som Ivar seier: «Neste år må du klara alt sjølv.» I ein scene då Ivar er sjuk og ligg på heimen, seier han til Jon at straks han no blir frisk att, skal han ein tur vestover: «Då e kjem meg på føto, ska e te Hardanger. E ska te Baroniet i Rosendal. E var der ein gong. E kjende meg heime,» seier han til Jon.

-Det er både spennande og interessant at gamle Ivar, frå enkle kår i ei fjellbygd, fort finn seg til rette og heime i storslåtte vakre salar, nydelege parkanlegg og himmelsenger. Det seier noko om Ivar og oss alle. Og det seier noko om Baroniet i Rosendal, seier Bjella.

-Då er det kanskje minst to hallingar som gler seg til å koma til Baroniet? -Ja, eg er definitivt ein av dei som ser fram mot å møta publikum på Baroniet att, gler meg stort til Ridder-salen. Noko av det beste Bjella sjølv veit, er å vera, nettopp på, konsert.

-Det er ein stor ting å stå å følgje med på det som skjer rundt scena, om det er band eller solo. Dele ei stund med folk eg ikkje kjenner. Gå gjennom heile kjensleregisteret på halvannan time. Plutseleg berre skjer det noko som bit seg fast. -Etterpå er det berre me som var der, som kan fortelja og tenkje attende på det. Du kan filme så mykje du vil med telefonen din, du kan prøve å gjenskapa, men det var der og då det skjedde, og det er det aller finaste av alt.

Stein Torleif kjem åleine med gitaren sin til Riddarsalen og vonar på ei god stund saman med deg. -Eg skal i alle høve spela så godt som eg kan, lovar Bjella.

For deg som er moden for litt magi, og likar ein halling med sjegg, er dette absolutt kvelden.

Velkomen Stein Torleif!

Sigurd

BARONIET ROSENDAL

30.april - 11. september 2022

Omvisning på Rosendal Slott og i Rosendal Have Hagecaféen i Kjøkken & Urtehaven serverer varme og kalde lunsjretter og hjemmelagede kaker. I Riddersalen vises filmen om Baroniet Rosendals Historie og videoinstallasjoner fra Rosendal Slott. Rosendal Gård & Fruehus tilbyr overnatting og pakker inkludert konsert, middag og overnatting. Info åpningstider: www.baroniet.no

Lørdag 30. april

Lørdag 14. mai

Fredag 20.mai

Lørdag 21.mai Tor 5.-søn 10. juli Tirsdag 12. juli Onsdag 13. juli Torsdag 14. juli Fredag 15. juli Lørdag 16. juli Lørdag 16. juli Tirsdag 19. juli Onsdag 20. juli Torsdag 21. juli Fredag 22. juli Tirsdag 26. juli Onsdag 27. juli Torsdag 28. juli Fredag 29. juli Lørdag 30. juli Tirsdag 2. august Onsdag 3. august Torsdag 4. august Fredag 5. august Lørdag 6. august Fredag 12. august Lørdag 13. august Lørdag 20. august

kl 18.00 «Vår Konsert» Rosendal Musikklag og Cantus Firmus kl 18.00 «Livet på Jorda snakkar ut!» Ei forteljing om historia til livet kl 20.00 Konsert & Utstillingsåpning: Leif Ove Andsnes, Audun Sandvik, Øyvind Bjorø, Olav Christopher Jenssen, Gunnar Danbolt kl 11.00 Omvisning i kunstutstillingen Rosendal Kammermusikkfestival kl 19.00 Ingebjørg Bratland m/musikere kl 19.00 Ingebjørg Bratland m/musikere kl 19.00 Minor Majority kl 18.00 “A Midsummer Night’s Dream”, Festival Players kl 13.30 “A Midsummer Night’s Dream”, Festival Players kl 18.00 Thomas Dybdahl kl 19.00 Bjørn Eidsvåg m/band kl 19.00 Bjørn Eidsvåg m/band kl 19.00 Bjørn Eidsvåg m/band kl 19.00 Stein Torleif Bjella kl 19.00 Kari Bremnes m/band kl 19.00 Kari Bremnes m/band kl 19.00 Ingrid Andsnes og Håkon Kornstad kl 19.00 Trygve Skaug kl 18.00 Ketil Bjørnstad kl 19.00 Susanne Sundfør m/musiker kl 19.00 Susanne Sundfør m/musiker kl 19.00 Vamp kl 19.00 Vamp kl 18.00 Vamp kl 19.00 Karoline Krûger, Sigvart Dagsland kl 18.00 Ephemera kl 17-19 A. Dietze Schirdewan: Restaureringsprosjekt i Rosendal Have J.Ø. Sunde: Kristoffer Rustung (1540-1625) og etterkomerane hans. Søndag 11. sept. kl 16.00 Sissel Kyrkjebø m/musikere

Billetter og informasjon: www.baroniet.no / tel 53 48 29 99 / info@baroniet.no Daglige båtruter fra Strandkaien i Bergen til Rosendal

Slottet frå 1665 mellom fjord, fonn, fjell og fossefall

Renessansehagen med et vell av roser.

Hattebergsfossen er en del av Rosendal Have. Rosendal Drivhus Hagecafé & Butikk.

Baroniet Rosendal Avlsgård&Fruehus. Overnatting med frokost og tilbud om treretters middag i romantiske omgivelser.

Slottet fra 1665.

www.baroniet.no

Baroniet Rosendal / Den Weis Rosenkroneske Stiftelse i samarbeid med UiO.