2 minute read

STORLIA KRAFTVERK

- På jakt etter den grøne energien

Advertisement

STORLIA

KRAFTVERK

Storlia kraftverk vart offisielt åpna tysdag 31. mai, kraftverket ligg i Eidfjord kommune.

TEKST: VIDAR RIBER OG ØYVIND SANDSTÅ

Med beskjedne – kun 8,5 megawatt– er likevel slike kraftverk viktige. Ved å legge små nye anlegg til eksisterende vannkraftanlegg kan vi bygge ut mer strømproduksjon med moderate konsekvenser for miljøet sa statsråden i sin åpningstale.

Anleggene vart ferdigstilt og tatt i bruk for over eitt år siden, men i dag deltok Norges olje- og energiminister Terje Aasland på den offisielle åpningen. Aasland roste Statkraft for betre bruk av Norges naturressurser og oppfordret andre selskaper til å følge Statkrafts eksempel.

Statsråden takka alle involverte i prosjektet, fra planleggingsfasen til produksjon.

Arbeidet med Storlia kraftverk starta med tunneldriving og utsprengning av kraftstasjonshallen juni 2018, deretter har det for det meste pågått betongarbeid og montasjearbeid fram til juni 2020.

Statkraft har gjennomført prosjektet med AF Gruppen som hovedentreprenør og Rainpower som leverandør av elektro og mekanisk utstyr. Desse selskapa har brukt eigne ressursar på delar av oppgåvene, medan andre er utført av ein god del lokale bedrifter i Hardanger.

Prosjektet har i all hovudsak gått som planlagt. Arbeid med nytt inntak ved «Slaktarbrakka» var svært utfordrande, med til tider stor vannføring i Bjoreio og arbeid gjennom to vintrar, der den siste var svært snørik og med mykje ustabilt ver..

Tunneldriving av adkomsttunnel, stasjon og tilløpstunnel har naturleg nok ført til stor produksjon av stein. Desse tunnelmassane er ein god ressurs og har i all hovudsak vorte transportert ned i Sysendalen og nytta til anna infrastruktur som til dømes hyttetomter og vegbygging. I tillegg er det køyrt massar austover til blant anna ny avkøyring ved Tinnhølvegen og til utvida parkeringsareal ved Tinnhøldammen.

Samfunnsmessig meinar Statkraft at slike tilleggsutbyggingar er positive, der ein med relativt små synlege inngrep kan utnytte allereie eksisterande overføringar og tunnelar.

Prøvedrift av kraftverket starta 04.september 2020. Etter 3mnd prøvedrift og litt etterarbeid vil kraftverksgruppe Hardanger overta stasjonen og stå for vidare drift av kraftverket. Det er Statkrafts håp at dette kraftverket som produserer om lag ein og ein halv gong Eidfjord kommune sitt årsforbruk vil bidra med rein og grøn energi i mange 10 år framover.

Statkraft ynskjer å takka alle som har bidratt til å bygge Storlia kraftverk; leverandørar, innterne mannskap, grunneigarar, og Eidfjord kommune.

STORLIA KRAFTVERK. ADKOMSTTUNNEL UNDER RV.7.

STORLIA INNTAK. INNTAKSHUS OG TERSKEL OVER BJOREIO.